Jump to content
Sign in to follow this  
@Maja

Majas verden

Recommended Posts

@Maja

Paleo dag 9:

Frukost: smoothie og nøttemiks

Lunsj: salat

Mellommåltid: banan

Middag: lammegryte

Stressa dag, både på jobb og ettermiddag. Husker ikkje om fet blei kvelds engang. Men fornøyd med vekta i morges, er det lavaste den har vore etter røykeslutt. Sjøl om vektnedgang ikkje egentlig er målet, så er det ein hyggelig bivirkning.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Fortsetter under...

@Maja

Paleo dag 10:

Hotelldag i dag, så litt "så som så"med kosten.

Frukost: omelett

Lunch: frå buffet, div eggerøre, salat ol.

Mellommåltid: nøtter og litt rosin

Middag: tapas (smakte likegodt på alt)

Var i tillegg så dum at eg smakte dessert etter lunch. Blei umiddelbart skrekkelig trøtt,men ingenting anna akutt galt. Blitt nåken glas rødvin og, blei tross alt spandert;-)

Edited by @Maja

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

Paleo dag 11:

Hotellmat heile dagen, så husker ikkje heilt kva det blei spist. Egg og bacon til frukost vertfall, og salat ++ til lunch. Har nok snike seg innom littegranne brødmat, men styrt fint unna alt av kaker og boller.

Mulig min mangel på disiplin med hotellmat har ødelagt prosjektet litt. Men om min teori er rett så er det ikkje krise. Eg trur nemlig ikkje eg er veldig overfølsom for noko spesielt, men at totalen av carbo/omega6 påvirker kroppen min over tid. Og så blir dette litt sånn detox, og kan likevell ha effekt. Og så har eg jo igjen fått bevist at feil kost gjer at eg blir veldig mykje fortare trøtt, sjølv om dager fulle av foredrag ikkje akkurat er beste målestokken på slikt.

I måro eg det styrketrening igjen, etter maaange vekers pause. Det må jo bare bli bra! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

Har komt ut av tellinga her, men trur i dag er nr 13, så då blir i går dag nr 12 :)

Frukost: Glutenfrie knekkebrød med ost (begge dager)

Lunch: Knekkebrød med ost/salat/omelett

Middag: Lammegryte i går, tacosalat i dag

Div frukt til mellommåltid.

Gjorde noko så totalt upaleo som å kjøpe meg ein cola zero i dag. Ikkje fordi det er så fantastisk, og strengt tatt hadde vell juice vore eit bedre valg. Men får ikkje heilt i meg nok drikke, orker ikkje drikke nok vatn, og då er cola det enklaste. Heilt feil i forhold til paleo- challenge, men det blei viktigare å få i seg veske akkurat i dag.

Ingen stor bedring av betennelse i armane, burde vell ta til vett og be legen om eit kvart som tar knekken på slikt. Men formen generelt er bedre, mindre vondt i kroppen på jobb. Og så lenge eg styrer unna sukkerfristelsane så er ikkje energien så verst heller.

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

Litt ute av tellinga fortsatt, men har rekna meg fram til at det er dag 17.

Går ganske bra. Føler kroppen har godt av kostholdet, og begynner å føle meg klar for meir trening og klarer bruke armane meir uten at det blir vondt. Bare vanskelig å ikkje overdrive når eg først er i gang.

Har ikkje heilt kontroll på maten, men har hatt smoothie og nøtter til frukost nokre dager. Omelett el.l. + salat til lunsj. Fisk/kjøtt og grønsaker til lunsj. Og så litt frukt innimellom. Kveldsmaten blir vanligvis smaksprøve på frukost eller lunsj til neste dag.

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

Det blei 18 dager med paleo forsøk. Sjølv om prinsippene i paleo er heilt etter min smak, så er eg ikkje laga for å leve med den strenge varianten. Men so var jo poenget å finne ut om kroppen har det bedre uten enkelte matvarer. Så no eter eg litt brød igjen, for sjå korleis det slår ut. Lurer litt på om det er tilfedig at eg våkna med kink i skulder og nakke to dager etter eg begynte med brød igjen. Det kan jo så klart også skyldes lange dager på kontoret. Har vondt både her og der :(

Men sia eg ikkje klarer kutte ut alt som skal testes på ein gang, så får eg prøve ein periode uten egg og ein periode uten melkeprodukt. Men denne helga spiser eg det eg vil ha! :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

@Maja

Trøtt, trøtt, trøtt!!! Det kan jo så klart vere tilfeldig. Eller det kan ha sammenheng med at eg har innført brød i dietten igjen. Vanskelig å tenke fornuftige tanker når ein er so trøtt.

Får gje det eit par dager, og so kanskje kutte brødet igjen om d ikkje kjem seg. Eller bestille legetime, for å få bekrefta at det fortsatt ikkje er noko gale med meg...

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

Mellom 8 og 11 time søvn siste nettene, og fortsatt er energi mangelvare. Kjennes ikkje ut som at eg har sove for mykje heller. Fått gjort litt i dag, men det er veldig begrensa i forhold til normalen.

Tenkte ei stund det sikkert var forkjøling, det er jo so masse som går for tida, men får det ikkje heilt til å stemme. Så då er det ut med sukker og kveitemjøl igjen, frå i måro av. Har jo ikkje nett lyst til å måtte passe kosten resten av livet, men heller det enn å gå rundt og vere sjuk og slakk. Skal få bestilt meg legetime og, sjekke om eg manglar noko og forhåpentligvis få litt tips rundt det med kosten.

Sympomer (huskeliste til meg sjølv): Stort søvnbehov, slapp, høg puls, konsentrasjonsproblem, vansker med ord. Eh, og so huska eg ikkje resten...

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

No har eg vore sørpe forkjøla siste dagane, so ikkje godt og sei korleis formen egentlig er.

Har holdt med heilt unna sukker. Men har nok blitt ein del kveitemjøl. Resignerte pga elendig matlyst, og då spises det ein orker spise...

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

Ingen hjelp å få hos legen, og ingen svar på kva som er galt ut frå blodprøvene... Fortsatt trøtt og sliten, sliter med å ha energi til det som skal gjeres i kvardagen (huset ser ut deretter). Og er drittlei av å sutre og klage! Har lyst at alt skal gå bedre, og kunne servere gode nyheter

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

Får prøve oppdatere litt, sjølv om det ikkje er mykje å skryte av for tida...

Fortsatt ingen svar på kva som er gale med kroppen, men har tatt ein haug med blodprøvar so håpar dei finn eit kvart snart. Er så ufattelig opp og ned med formen. Har vore i super form dei siste 2 dagane, dvs eg fungerer nesten som normalt. Men så plutselig i løpet av eit par timer så er det bare heilt tomt. Har så lyst å få gjor ting. Ordne i huset, vere sosial, holde meg i aktivitet og trene. Men med så ustabil form så er det jo ikkje vits å prøve å planlegge noko. Dei gode dagane så lurer tanker om oppussing, turer, trening osv i hodet. Så kjem dei dårlige dagane, og då gjer slike tanker meg bare lei :/ Kjenner på tårene, er ikkje mykje som skal til.

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

Vente, vente, vente. Ein ting er at formen er dårlig, og eg ikkje har peiling på kva som eg galt eller nåk eg får bli frisk. Men det at alt i livet liksom blir satt på vent, det tærer i lengden. Orker ikkje involvere meg med nåken, ville uansett ikkje vere noko poeng når eg ikkje er i nærheten av å vere meg sjølv om dagen. På jobb gjeres det som må gjeres, men alt av engasjement for nye oppgaver og utvikling er som blåst vekk. Huset blir vaska og rydda nok til at det ikkje blir ekkelt og er ok å vere der, men alle planer om oppussing er lagt på is. Og kropp og fysisk form er eit sorgens kapittel. Det blir ein og anna gåtur, bare for å holde seg litt gåande og hente litt frisk luft, men alle opptrente og sårt trengte muskler er etterkvart forsvunne.

Er med andre ord krisemodus og unntakstilstand. Slikt går greit for nåke veker, men måneder og livet står på vent er ikkje gøy! Vil vidare no...

Share this post


Link to post
Share on other sites
@Maja

Diagnose: Vinterdepresjon. Strengt tatt er det ikkje så mykje direkte depresjon, men totalt fråvær av konsentrasjon og energi. Verden er langt frå på plass igjen, sjølv om me sannsynligvis har funne problemet. Er likevell såpass over det verste at eg klarer gjere litt for å bli bedre, som å komme meg ut i dagslys og få i meg litt meir mat. Håper så inderlig at dette er begynnelsen på veien opp og fram :-)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Annonse

Guest
Svar på dette emnet

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Vi setter stor pris på at du deltar i debatten. Unngå brukerangrep og sjikane og prøv heller å forklare hva du mener og hvorfor. Husk at du selv er ansvarlig for alt du skriver på nett. Takk for at du bidrar! Her finner du reglene.

Sign in to follow this  

Artikler fra forsiden

×
×
  • Create New...