Gå til innhold

Majas verden


@Maja

Anbefalte innlegg

Alle prøver vell å bli litt bedre, på kvar sin måte. Eg er vertfall slik, vil bli sprekere, leve sunnare, vere eit bedre menneske, bli flinkere på både det eine og det andre, vere meir økonomisk etc

For tia prøver eg å vere grei med kroppen min. Det er snart to måneder sia røykeslutt. Eg har vore to veker uten koffein. Og i forgårs slutta eg med sukker! :)

Eller, det med sukkerkutt var meir tricky enn eg hadde trudd. Har blitt forkjøla og skulle kjøpe halsdrops på vei til jobb i går - det er så klart sukker i halsdropsa eg raska med meg i farten. Og chipsen eg kjøpte har sukker i krydderet. Det tar vell lit tid å venne seg til alt som må sjekkes, men håper det er så lite at kroppen blir sukkeravvent likevell :-)

Er av den tru at trening også er å vere snill mot kroppen, sjølv om enkelte andre meiner noko anna. Har vore fast innslag på treningssenteret siste tre månedane, eller ein lengre pause. Hadde aldri trudd eg skulle trene med manualer på treningssenteret :-) Må bare få ordna ein time med medlemstrener, så eg veit kva eg holder på med...

Liten pause i dag bare, for å ligge på sofaen og pleie sår hals og feber.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Klarer sjøl!!! :danse:

Enkelte dager er det veldig upraktisk å bu aleine, vertfall når det ikkje er nokon i umiddelbar nærhet som kan hjelpe med småting. Men då er det veldig godt å oppleve at ein klarer seg sjølv likevell. Klarte hente dei store utemøblene frå garasjeloftet, til og med putekassen. Og eg klarte lit slutt (etter ørten forsøk og ein god del frustrasjon) å få start på den umulige plenklypparen.

Så no har eg nyklippa plen og er klar for å nyte sola resten av helga. :sol: Det var igrunn nok aktivitet, med tanke på at eg heller ikkje i dag var frisk nok til å gå på jobb...

Men desse sofadagene har gitt meg god tid til å lese altmulig om lavkarbo, lagre oppskrifter og tenke over korleis det skal bli praktisk mulig å leve på lavkarbo. Prøver å teste ut mest mulig nå eg bare rusler rundt heime, så eg er litt forberedt til det er kvardag igjen! :-)

Ser på magen at eg godt kan gå ned nokre kg. Vertfall ned 5 kg, til 65. Kanskje ned til 63, men ikkje meir, ska jo ha på litt muskler og! :trene:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mulig det er været som lurer meg, men i dag føler eg virkelig at eg har komme litt ovenpå.

Nesten fælt å sei det, men det gjorde godt å vere litt sjuk eit par dager. Altså, aldri gøy å vere sjuk, men når formen ikkje tillater trening har eg fått gjort alle dei småtinga eg ikkje har fått tid til i det siste. No har eg lest bladet eg kjøpte til pinse, fann til og med ei bok i hylla eg ikkje hadde begynt på som eg har lest ute i sola. Mulig eg kjøpte den i fjor sommar.... Og så rakk eg ramsløken i år!! :-) Har tørka, laga ramsløkpurè og ramsløksmør. Og så har eg laga lavkarbo ostemuffins. Dei smakte dessverre ikkje særlig godt :(

I tillegg har kroppen fått rikelig (!) med sol - som gjer godt for kropp og sjel! Eg har komme i gang med strikkeprosjektet (det blir snart fødd ein liten mann som må få gave), og eg har fått neglelakk på for første gang i 2013 :icon_lol:

Har vore 6 dager uten sukker, og det heilt uten problem :plystre: Litt bær og sukkerfri lavkarbois har vore nok til å dekke søtsuget. Men er spent på korleis det blir med lavkarbokosten til lunsj på jobb. Orker ikkje forklare eller diskutere, så blir ei lita skive. Men skal prøve holde det til bare ei!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Status: 60 dager uten røyk, 20 dager uten koffein, 10 dager uten sukker og 7 dager på lavkarbo.

Spiser ei lita skive i lunsjen på jobb. Men dytter til gjenngjeld oppå med masse ost, skinke, cottage cheese og grønsaker. Og så passer eg på å velge ei av dei minste skivene. Er ikkje akkurat ketose-modus dette her, men vekta tikker rette veien og då er eg fornøyd! :danse:

Hadde ein liten sukkerglipp med å ha tyttebærsyltetøy i gryteretten, dessverre av typen som er tjukkfull i sukker. Men no har eg bær i frysaren til neste gang, smaker dessuten mykje bedre uten alt sukkeret. Har så langt vertfall ikkje vore problem å finne på mat og spise, er heller slik at det er altfor mykje godt å velge mellom så rekk ikkje over alt.

På lørdag blir det sommarens første festival. Blir nok at eg skeier ut med eit par øl, men litt skal ein jo kose seg. Spørs bare om eg klarer holde meg unna snopeskapet på søndag... Ska passe på å lage lavkarbosnop sånn at eg har i beredskap! Og så har eg endelig klart å avtale time med medlemstrener, så neste veke skal eg få litt system i styrketreningen! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Første ordentlige prøven for viljestyrken i dag. På fredager er det alltid vafler til lunsj. Det er bare såååå godt med vaffel og bringebærsyltetøt! Men klarte holde meg unna. Uff, og det der må eg klare kvar fredag. *sukk*

Men så lenge eg ser resultater, så er det vertfall verdt det! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Status: 60 dager uten røyk, 20 dager uten koffein, 10 dager uten sukker og 7 dager på lavkarbo.

SUPERFLINK er du!!!! :strix:

Skal prøve å titte innom av og til så jeg også får inspirasjon til å bli like flink:)

(Røyker ikke og drikker ikke kaffi, MEN sjokolaaaaaade er farlig godt....!!) :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

SUPERFLINK er du!!!! :strix:

Skal prøve å titte innom av og til så jeg også får inspirasjon til å bli like flink:)

(Røyker ikke og drikker ikke kaffi, MEN sjokolaaaaaade er farlig godt....!!) :)

Mange takk! :kyss2: Mestring gir meg motivasjon, om eg kan inspirere i tillegg så er det bare supert!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare ett trekk, bare ett altså... omg så unødvendig!! :sjokkert:

I går var første ordentlige festen etter røykeslutt. Savna egentlig ikkje røyken i det heile. Men savna litt å vere med ut på trappa og røyke. Trur det er noko med at når det blir mange mennesker, så er det kjekt å kunne gå utenfor og bare vere eit par stykk. Men det gjekk altså heilt fint. Likevel så måtte eg bare teste eit trekk :smoke: Det smakte ikkje godt i det heile (heldigvis)! Moralen er vell at litt meir fornuft og litt mindre alkohol kan vere ein god ide :opplyser:

Eg har sikkert fått vekesdosen og vell så det med karbohydrater :ol: Men kjekt var det, og gøy med konsert! :bond:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er litt tricky dette å slutte med saker og ting. Det dukker stadig opp effekter som eg ikkje var forberedt på. Som at kroppen tåler mindre alkohol på lavkarbo, og mindre etter røykeslutt. Skulle gjerne vist det før helga :fnise: Og så er eg pluselig blitt A-menneske. Våkner tidlig på morningen, og nesten ingen problem å komme seg tidlig opp av senga. Sjølv om energien totalt er høgare, så er eg jo meir trøtt om kvelden :natti: . Godt å legge seg og bare sovne

Var å kjøpte meg ketostix her om dagen. Har heile tia sagt eg ikkje prøver å oppnå ketose, men så blei eg rett og slett litt nysgjerrig og måtte teste. Tenkte kanskje eg kunne oppnå ketose i helga, sia eg eter brødskive til lunsj i vekene. Men med ei brødskive kvar dag, og med øl i helga, så har eg fått utslag på stixene frå fredag av. Veit ikkje kva det betyr i praksis, å vere i ketose eller ikkje, men synest det er litt artig at eg tåler så masse karbohydrater.

Litt gøy å oppleve at familien støtter kostomlegginga. Hadde rekna med stor skepsis og kritiske spørsmål, som vanlig. Men dei var meir nysgjerrig og fasinert, og virka nesten litt misunnelig. Fortsatt ikkje blitt "avslørt" på jobb. Dei synest eg er merkelig nok som plutselig ikkje drikker koffeinkaffe :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Endelig er eg i gang igjen med trening! :trene:

Det tok nåken veker å komme i gang att. Men i dag har eg vore å testa ut nye treningsprogrammet mitt. Har fått program av medlemstrener på senteret. Litt overraska at eg klarte gjennomføre me dei vektene har hadde satt opp, hadde eg ikkje trudd. Men kan love det var tungt nok! No har eg ordentlig vondt både her og der, og værre blir det vell :sjokkert:

Og så har eg endelig hatt kajakken på sjøen igjen. Bare heilt fantastisk å gli avgårde rett over vassoverflata, godt for både kropp og sjel. Og i måro har eg avtale om fjelltur. Tenkjer det skal bli ein rolig tur der me bare nyter været og koser oss :sol:

Går fortsatt bra med kosten. Litt upraktisk eg det jo å ikkje kunne dytte nedpå kva som helst slik eg er vane med. I dag spiste eg faktisk to rundstykker til lunsj, var i møte og hadde ikkje planlagt nåke alternativ. Lurer litt på kva konsekvens det måtte ha. :omg: Mesteparten av tida har eg mest lyst på lavkarbomat. Ein og anna gangen melder sjokoladelystene seg, men savner verken brød eller pasta. :takke: Og så koser eg meg med å lage ordentlig mat, frå bunnen av, og å prøve nye retter.

Snart skal det pakkes, for å flytte i ny leilighet. *gleder meg* Men i kveld er det sofaen som gjelder! Overtidsjobb + trening = @Maja trenger å kvile litt :sovne:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Travle dager for tia. Jobb, studier, trening og forberedelser til flytting... svisj så er dagen vekk! :bond:

Gjekk utrulig fort å venne seg til ny styrketrening. Prøver å få inn tre økter i veka. Er allerede i ferd med å auke vektene :trene: Lurer bare litt på om eg burde ha trent cardio i tillegg, men trur det rett og slett blir for travelt.

Hadde ei super helg. Veldig kjekk fjelltur på lørdagen, med hyggelig selskap og flott padletur med ein kammerat eg ikkje har møtt på lenge på søndagen.

Vekta derimot har bestemt seg for å stå stille, dvs. vipper opp og ned rett over 68 kg. Det er jo ikkje ille, men litt irriterande. Skulle gjerne fått av vertfall 3 kg til. Har ein tanke om kva som kan vere syndaren. Eg har lagt meg til uvanen med å ete proteinbar mellom lunsj og middag, dei dagene middagen blir litt sein. Det er jo så praktisk, då kan eg gå rett frå jobb og trene før middag. Men så inneholder vist desse litt sukker...

Føler utfordringane står i tur framover. Skal på revy til helga, i bursdagsfest neste helg og så på festival med besøk. Og til veka skal eg på besøk og kurs. Slipp unna rundstykkene på kurset, skal få salat i staden. Men vil helst unngå å vere til bry når eg er på besøk, så litt usikker på korleis det går med kosten dei dagane. Men for eit par dager med min kjære bror og hærlige tantejenta så er det jo verdt det :rodmer:

I kveld har eg laga amerikanske pannekaker. Gleder meg til å smake!! :sikle:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Må bare fortelle at pannekakene blei heilt supre, ordentlig nam-nam med kesam, jordbær og blåbær på. Steikte dei som lapper. Åt restene sammen med ein kammerat på fredagskvelden, og dei falt i smak også hor høg-karbo kompisen :-)

Og den vekta som stod stille, hehe... Var vist klaging uten grunn. Etter å stått stille i over ei veka så hoppa den ned nesten ein kg på to dager. Til tross for utskeiing med eit par øl (som eg fortsatt tåler usannsynlig lite av) på revyen i går.

Sola skinner og eg skal snart ut og fly.... Håpar alle har hatt ei flott helg! :sol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blei ordentlig skeie-ut-dag i dag... :sjokkert:

Var for første gang på ca 3 veker ute av ketose utan alkohol i går. Har ikkje vore heilt nøye med middagsmaten, og så trur eg det skal ein del mindre til når det går mange dager uten ordentlig trening. Og i dag var det blitt litt kluss med lunsjen min på kurset, og eg gadd ikkje styre med å få rett mat så spiste brødskiver. Og deretter gav eg litt f*. Blei baguett, is, sjokolade og ostepop mens eg venta på flyet heim. Kjende magen bare este ut med ein gang, og er full av luft. Blei trøtt og småslakk, og satt og duppa heile flyturen.

Er godt nok bevis for meg at kroppen har det best med lavkarbo. Eg tilbake på rett vei no, og spent på kor lang tid det tar å komme i ketose igjen. Glede meg til å ha kontroll på maten heilt sjølv! :biggrin: Og er litt luren på kva vekta seier i måro.

Btw. Baguetten var jo god, blir sikkert ikkje siste gang. Men isen og sjokoladen kunne eg fint vore uten. Smaka ikkje vondt, men absolutt ikkje verdt å ha ballongmage for!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Lurer på om kroppen min er litt forvirra for tida. Er i ketose ca annakvar dag.Gjekk opp 2,5 kg etter den vesle utskeiinga mi, dei er enno ikkje komt av. Er vist ikkje allverdens som skal til for å komme heilt utav balanse.

Skal bli godt å komme seg på trening igjen i måro. Men blir ikkje normal veke no heller, bli flytting, besøk og festival. Skal bli veldig kjekt alt sammen, men også nye utfordringer med mat og drikke...

Synest det er litt stress å gå ut for tida. Får så mange reaksjoner på at eg drikker veldig lite alkohol. Ikkje at eg har vore noko stordranker, men gjerne tatt eit par drinker på byn. Men med lavkarboen så tåler eg så lite, dessuten er det så masse sukker i alle drinkene, at eg ikkje våger å drikke. Kan fint for min del ta 2-3 glas vin og så drikke vatn resten av kvelden. Vanskelig å gje uttrykke for kostendring og vektnedgang når minst halvparten rundt meg er ein god del større enn meg. Men uten "gyldig" grunn, så har mange problem med å akseptere det. Føler ikkje eg kan ta heile leksa om lavkarbo heller, det blir neppe tatt godt opp. Får mange spørsmål, og får gjerne bare ein drink i handa uten at eg vil ha. Folk vil jo bare at eg skal ha det hyggelig, men synest det er slitsomt! :glare:

Men for å vere litt positiv og då: Har stabla klar litt kasser og div som skal flyttes på onsdag, og eg kjenner det at styrkertreninga har hatt effekt. Ting eg hadde problem med å løfte aleine før går heilt greit no! :trene:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har komt til ein liten erkjennelse, som sikkert er stor del av svaret på at vekta ikkje vil nedover igjen:

Veit ikkje om det er kos, stress, kjedsomhet eller noko anna som gjer det, men kroppen min (eller hodet) ønsker å spise mykje oftare enn eg har behov for. Blir ofte fysen, ofte på samme tid eg eg vane med at eg var sulten tidligare. Klarer å kjenne etter, og ofte skille mellom om eg er sulten eller fysen, men har vanskelig for å ikkje ete likevell.

Har lyst på mat før lunsj, ofte i halv ti- tida. Då pleide eg før begynne å bli sulten. Denne klarer eg å få til å passere, men er heller ikkje vane med å spise på denne tida. Værre er på slutten av arbeidsdagen. Tar ofte ein atkins- bar dei dagene eg drar rett frå jobb og på trening, men om eg har ein bar tilgjengelig så blir den vanligvis spist når eg ikkje skal på trening og ikkje er spesielt sulten heller. Og så er det kvelden, då har eg lyst på altmulig sjølv om eg veit eg ikkje treng meir mat.

Denne helga blir det besøk, flytting og festing. Har bestemt meg for å ikkje styre så mykje med kostholdet resten av veka. Dvs eg skal fortsatt spise lavkarbo, men tar det ikkje så tung om det blir litt utskeiing. Det kjem til å bli eit par øl, og det kan fort bli lettvindte matløysinger utpå kvelden. Men slik får det bare bli! Så frå mandag av så skal eg bli strengare, kutte alle dei unødvendige karboene og skrive ned kva eg spiser så eg har litt kontroll.

Har forresten begynt å trene litt cardio i tillegg til styrketreninga. Blei ei intervalløkt denne veka, pluss ein fjelltur. Går mykje tid til studier neste veke, men skal prøve å få minst to økter + styrke.

Myyyykje gode planer! :laugh:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Det tar tid å komme seg ovenpå etter festivalhelg! Er blitt sylta forkjølt og, det hjelper jo lite. Så treningen denne veka har det naturligvis gått litt skeisen med. Men med flytting og bæring så er det jo ikkje heilt fritt for aktivitet heller.

Det ser ut som vekta kryper riktig vei igjen etter utskeiingane i helga. Blei litt mykje karbomat, pluss øl tre kvelder på rad. Har ikkje testa for ketose enno, men har vertfall komme nokolunde på rett spor med kostholdet. Ikkje så farlig med ketose heller, så lenge vekta går nedover igjen. Og bare så det er sant, hadde det heilt suuupert heile helga. Travelt, men veldig kjekt!!

Var forresten på venninnebesøk og spiste kake og boller i går :fnise: Og drakk kaffi med koffein, for første gang på nesten to måneder. Det er jo absolutt ikkje etter boka, men det var eit litt spesielt besøk (long story). Og tenker at siden dette skal vere eit varig kosthold so må eg kunne synde litt ved slike anledninger, sjølv om det blei litt mykje på kort tid denne gangen.

Når eg bare kjem litt meir ovenpå med verden rundt meg så skal eg skrive ned kva eg putter i meg. Lurer litt på korleis det ligg ann med karbo og kalorier. :vetikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Kjenner eg liker best å skrive når det er gode dager, og er har bare positivt å komme med. Har vore ein del litt tunge og kjipe dager i det siste. .. :trist: Mista både matlyst, matglede og motivasjon på veien :( Nådde heldigvis "bunnen" på lørdag. Begravde meg sjølv i arbeid heile dagen, til eg nesten stupte i seng på kvelden. Så har det heldigvis gått bedre frå søndag av :)

Det tar på når ein stadig ikkje rekk over alt som burde vore gjort, og såkalte venner i tillegg bidrar til å dra deg ned. Blir så fort at ein ikkje ser lyspunkta i kvardagen då. Tungt å trene er det og, sikkert kombinasjon av forkjøling og slurvete kosthold.

No går det altså på opp igjen! Har dessverre gått på opp med vekta og, den er i dag på feil side av 70-talet. Men kostholdet har vertfall vore på plass igjen sia i går. Sliter litt med at eg er "gomlesyk" og stadig har lyst på noko uten å vere sulten. Det er kanskje naturlig etter ein periode med utskeiing, og når kroppen og hodet er sliten.

Målet no er å få inn vanane igjen og få stabilisert kostholdet før ferien, og holde det så godt som mulig i ferien. Skal bl.a. på ein lengre fjelltur, då ryker eg nok på ein del karbo. Men med 4-8 timer gange kvar dag so går det kanskje greit likevell :) Og så hadde det vore fantastisk om magen krympa eg litt nærmaste måneden, sia ferien avsluttast med venninnetur til varmare strøk :sol::sol:

Har ikkje orka lage oversikt over kva eg eter enno, det får heller vente. Men har begynt på cardiotreningen. Trur det må bli ein prøvetur på fjellet til helga, teste at kroppen takler det før det blir alvor :sjokkert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er det mange rare betraktninger som surrer i hodet...

Har nettopp prøvd kjøler, altså kjoler som hang i skapet mitt. Dei går jo på, men det er noko ekstra padding på sidene som gjer at det ser ikkje akkurat så pent ut som når kjølane var nye. Å kor eg sku ønske at det ekstra der kunne forsvinne i løpet av den neste månaden. Skal til syden i om måned, vil gjerne vere komfortabel i både kjole og bikini.

Då spørs det då, om kanskje ei veke i fjellheimen hjelper. Så har eg begynt på 30 day's glute challenge :fnise: Er jo ikkje spesifikt for hofteflesket akkurat, men forbrenning er forbrenning! Og så kjem det jo i tillegg til den vanlige treninga. Hadde gått ned lusne 100 g på vekta frå i går til i dag. Men ved nærare ettertanke så kom eg jo fram til at 100 g per dag i ein måned blir jo 3 kg, og då nærmar det seg jo litt ok :)

Tenker ein del på personlighet og relasjoner for tia. Har fått høyre litt om meg sjølv som eg ikkje setter heilt pris på. Kanskje eg er vanskelig og tverr av meg? Men trur ofte eg er missforstått. Og i perioder eg er sliten, så klarer eg ikkje bidra så mykje for dei rundt meg. Har vell gjort tabben å prøve å vere sosial også i dårlige perioder (det hjelper jo på å holde spiriten oppe), men ender fort opp med å ikkje vere god nok.

MEN, det ligger litt positivt i desse tankene og. Eg har fått fleire nye venner, og fått nærare vennskap med fleire dei siste månedane. Samtidig har eg "bare" mista ein. Er utrulig korleis eit menneske sine ord kan sette seg fast og såre, sjølv kor mange gode argument eg har for å slå i hel det han påstår. Prøver å fokusere på det eg har fått, og akseptere og legge bak meg det som er tapt. :klem1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har ikkje rukke innom treningssenteret sia onsdag, men trur ikkje de er så farlig. Eit par timer med delvis veldig intensiv padling på fredag, og ein laaaang fjelltur i dag. Alle burde prøve å padle, det er fantastisk gøy! Fekk oss ein flott tur med blanding av rolig vatn der vi kunne sige langs land og nyte naturen, og kryssing av fjord med ordentlig med bølger så det spruta og skvulpa rundt oss. Krevende og litt overmodig tur, men super trening og eit godt minne! :)

Fjellturen i dag blei på 7 timer, derav kanskje 15-20 minutt pauser. Gjekk ein del feil, derfor blei turen lengre enn planlagt. Men i følge appen har eg vistnok forbrent nesten 1500 kcal. Var tåke og lite utsikt, men når eg endelig kom meg heim og fekk slappa av så synest eg det var ein bra tur. Sjølv om det absolutt ikkje var kjekt å virre rundt og ikkje finne igjen stien!

Ketosen er på plass og vekta tikker nedover. Bare måtte ha sjokolade på lørdag, så drog på butikken og kjøpte atkins-sjokko. Det funka faktisk, kroppen gav seg med maset etterpå. Ellers har snopet i helga kun bestått av litt peanøtter og eit glas vin. Synest eg har vore flink eg :)

Måtte utsette øvelsene i glute challenge i dag, beina takla ikkje meir etter turen. Så då blei det kviledag ein dag før skjema, tar det igjen i måro og så er eg i rute igjen. Styrketrening og igjen i måro, gler meg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenkte eg rett og slett skulle skrive kva eg har spist siste to dagane.

I går:

Frukost: To fiberrik knekkebrød med majones, vossafår og ei tjukk skive graddost på.

Lunsj: Grov baguette med kylling, bacon og masse salat på.

Mellommåltid: Ein Atkins bar.

Middag: "Pasta" carbonara, med squah pasta. Laga halvparten av denne oppskrifta, og spiste ca halvparten.

Kvelds: Ei skål med ca to ss cottage cheese og to ss gresk yoghurt og ca like mykje bær (jordbær, bringebær og blåbær).

+ enno ein atkinsbar :/

I dag:

Frukost: Pannekake (fiberhusk i stadenfor havregryn) med gresk yoghurt og litt bær på.

Lunsh: 3 halve skiver grovbrød med makrell i tomat og majones, majones ost og skinke, og ei med rekesalat. + litt salat.

Mellommåltid: Atkinsbar.

Middag: Bakt laks, halvparten av denne, men uten asparges. (+ gomla eit par flak baconsvor mens eg laga middag).

Kveldskos: Rømmepudding med bringebær (1/3 av oppskrifta).

Drikker bare vatn, pluss 1-2 kopper koffeinfri kaffe på jobb.

Uff, ser mykje meir ut enn eg trudde når eg frå det på papiret. I går trena eg ein drøy time styrke, men i dag har eg ikkje gjort så mykje. Har eit mål om å kutte ut atkinsbarene og redusere brødinntaket. Men det er stort sett bare brødmat tilgjengelig til lunsj, og eg trener ofte før middag og middagen blir fort så seint som sju-åtte tida. Trenger ein bedre plan, men har ikkje lyst å lage noko styr ut av den lunsjen. Men er snart ferie, så då kan eg jo styre litt bedre sjølv nokre veker... Er forresten i ketose med denne kosten her, med det er jo ingen garanti for vektnedgang.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...