Gå til innhold

Nynorsk formverk


AnonymBruker

Anbefalte innlegg

"Eg er vorten glad i nynorsk og synest det er kjekt å undervise på dette målføret"

Kvifor seier ein er vorten og ikkje har vorten? Eg er klår over at det skriv seg frå perfektum partisipp, men kvifor er og ikkje har. Det kling ikkje rett i øyra mine.

Anonym poster: 8775110fc321578aeed104a39dd343e6

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Eit anna døme:

Nokre namn på programpostar i radio og fjernsyn er nærmast vortne til samnamn.

Anonym poster: 8775110fc321578aeed104a39dd343e6

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

Norsk referansegrammatikk (Universitetsforl.,1997), tek føre seg skilnaden mellom hjelpeverba ha og vera på føredømeleg vis i bolkane 7.1.2.2.2 (side 471-474) og 7.2.4 (side 520-523).

I korte trekk:

Det vanlegaste hjelpeverbet er ha. Det kan nyttast ved alle verb i moderne norsk. Vera kan nyttast ved intransitive verb og her særleg vanleg ved fire slags verb:

a) Ved rørsleverb med ikkje-durativ aksjonsform;

Ho er nyleg komen attende frå Amerika

Han er reist

Ho var gått tidlegare på dagen

Ho var faren då eg kom

Då Moskvaprosessane sette inn frå 1936, var eg flytta til Bergen

Er hovudverbet durativt, lyt ha nyttast: Han har reist mykje i livet sitt: Ho hadde gjenge i fleire timar; Ho hadde fare vide omkring.

b) Ved overgangsverb som t.d. bleikna, bli/verta, råtna, falla, siga, slokna, sovna, veksa, visna, auka:

Det er blitt/vorten vår

Ljoset er slokna

Temperaturen er auka

Blomen er visna

Guten er vaksen

Ved desse verba kan det vera ein tydingsskilnad slik at dei samansette formene med vera gjerne markerar ein tilstand eller eit resultat, medan formene med ha leggjer større vekt på sjølve handlinga eller handlingsgongen.

Samansette former med ha kan difor taka adverbial som varslar lengde, noko dei samansette formene med vera ikkje kan, samanlikn t.d.:

Vatnet er stige - Vatnet har stige i heile dag

Snøen er minka - Snøen har minka sterkt dei siste dagane

Prisane har auka - Prisane har auka jamt sidan i fjor

c) Ved verb som varslar byrjing eller slutt på ei handling eller ein tilstand, dvs. verb som kan uttrykkje ingressivt eller egressivt aspekt: t.d. bukka under, byrja, fordampa,. forsvinna, slutta, taka til:

Bilen er forsvunnen.

Hun var slutta å amma

Med eitt slag er alkoholen fordampa

d) Ved verb som varslar at noko skjer, finna stad, henda, passera, skje:

Fyrst trudde me det var skjedd ei ulukke, men .......

Det er eit nært samband mellom dei to fyrste verbgruppene, då rørsle frå ein stad til ein annan kan seiast å medføra ein overgang. Det same gjeld i overført tyding: Ho er komen seg etter sjukdomen; Han er klatra opp på toppen av rangstigen. Det same gjeld ogso verb i gruppe c). Byrjing og ende kan sjåast på som to ulike fasar i ein overgangsprosess. Verbet i gruppe d) skil seg noko ut frå dei tre fyrste gruppene, men skildrar ei momentan, ikkje-durativ handling. Om det er snakk om intransive verb med durativ aksjonsart, kan berre ha nyttast.

Korleis ein nyttar hjelpeverbet vera er soleis bestemt av både tydinga og aksjonsarta til hovudverbet.

Endret av Rskre
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...