Gå til innhold

Dagbok


Rskre

Anbefalte innlegg

Det gode vårvêret som det stend so mykje fint um i Kongspegelen svik oss ikkje. Ljose lette dagar, med litt vind. Me dreg på ris og brenner det på åkeren.

Les uppatt Inferno. Strindberg held på med seg sjølv. Men er det ikkje ein sjølv som høyrer, ser, luktar, kjenner, - kven andre har ein å gå ut ifrå? Det er difor det han skriv, er so levande og verdt å lesa i dag, det er friskt, upplevd. Små daglegdagse ting, javel, men alt tyder noko, er noko for han, smått som stort.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

I ettermiddag kom eg på eg skulde koka graut av byggryn. Eg hadde sett dei i vatn i går kveld. Fyrst koka eg dei i vatn til vatnet eima burt; so spedde eg gryni med søtmjølk òg lét dei småkoka, putra ei god stund, med eg sette til litt mjølk etter kvart eg rørde. Det var framifrå graut. Og so lenge han sat i livet, eg har ikkje kjend meg svolten. Romarane heldt bygget for den maten ein laut eta, skulde ein mann verta sterk; difor vart gladiatorane nøydde å eta byggbrød, ikkje kveitebrød.

Tor åt havrebrød og sild, stend det i Edda, det var no mat med nerk i, det òg. No et ikkje nordmennene byggraut lenger, det vert ikkje male grjonmjøl lenger, det var det som var grautmjølet. Men so er dei skrale til helsa òg. Eg vart oppalen på vassgraut; den kokte dei av grjonmjøl (grovt byggmjøl).

Endret av Rskre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vaknar tidleg. Upp, slepp ut kattane. Kjetlingen er vaksen kar no,han gjer det ikkje inne lenger. Kjetta, som me arva etter grannen, ligg sjeldan inne um natti. Me slepp henne ut um kvelden, og so gjeng ho burt på garden og held til hjå kyrne; der var ho van liggja; um morgonen kjem ho att. Kjetlingen tek seg òg turar i skogen, men han hittar heim att. Han er buskut som ein skogakatt, kliv i tre som eit ikorn, vil vera ute og granska heile dagane um vêret ikkje er for grovt. Kjetta søv. Ja, katten, slå katten i å sova, det gjer ingen. Men like mjuk og ledug er han.

Strindberg talar i Ensam um sine "heliga böcker". Ensam har vorti slik ei heilag bok for meg. Når Strindberg støyter på eit latinsk vers i lesnaden, skynar han det, og gled seg over at han har "bildning", segjer han. Eg, stakkar, er som Vogg, nøgd med lite.

I dag sol, fint. Litt utearbeid. Gjer godt, skirnar hovudskolten.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Seint uppe, litt regn. Laga meg frukost. Gikt i hovudet, men ikkje verre enn at eg stel meg til å lesa litt i Iliaden. Hölderlin lokka meg til å lesa Homer og det skal han ha takk for. Eg synest eg skynar versi hans betre no, det er greit at båe har lese Homer vel og lenge, og er kjend med biletbruk og ånd betre enn dei fleste. Sjølvsagt las han originalen, han. Men Vandvik greier seg, ja, eg trur han er makelaus.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Forkjølingi. Hoste, harking, snørr; fær ikkje sova. Stel meg til å lesa litt. Holberg sine memoarer. Javel, klok mann. Baron og rik. kjend i vide verdi. Bur seg på å døy, gjer seg ferdabudd, reiseklar, som han segjer (meir mot i Goethe på sine alderdomsdagar!). Han har vore sjuk alltid, segjer han i sjølvbiografien, difor vert han venteleg gamal. Plaga av hovudverk og treg mage. Men for ein målmedviten vilje! Ein time kvar dag med greske klassikarar, heilt til det siste. Men so les han no gresk like godt som latin, legg han til.

Merknad til Voyelles av Rimbaud. Heile sonetten er eit døme på synestesi, inntrykk av mange sansar, i eit samspel.

Å kjenna att folk som du har møtt for lenge sidan, skal du vera gløgg og minnug for å gjera. Stussar du, vert gjerne sume fornærma, ja endåtil snubba, det er som dei fleste tenkjer; han lyt då hugsa meg. Soleis fær du gjerne uvener for livstid. Kona til Dostojevskij fortel at han hadde so vanskeleg for å hugsa folk han hadde møtt, kjende forfattarar endåtil. Soleis fekk han mange fiendar, skriv ho.

Endret av Rskre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så hyggelig å se deg tilbake her igjen.....og god bedring! :tommelopp:

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Regn, regn. Surt, kaldt. Har halde sengi nokre dagar; vond hals. Såg ei tysk innspeling av dei siste åri av Prousts liv, bygd på boki som Celeste skreiv, den dama som stelte honom. Ei særs fin og sympatisk innspeling, ja det var gjort med stor kunst og varme.

Eg ser framstillingi mykje godt stemmer med skildringa Maurois gjev i den framifrå biografien han skreiv um Proust. Eg las den boki for gode tjuge år sidan, og eit merkeleg liv var det.

Wellek segjer at det fyrste kravet til stor litteratur er "complexity and coherence". Eit godt krav, men gjeld det all kunst? Eit dikt av Mallarmé, lat oss ta sonetten um svana som er frosi fast i isen, "Le vierge, le vivace et le bel aujourd'hui", kan det høva, den har både mangfald og samanheng, - i alle høve syner Kittang det i sin meisterlege analyse, men gjeld det alle dikt?

Norske diktarar flest har vel vore skrale teoretikarar, i alle høve jamførde med slike som Mallarmé og Yeats. So ein grunnlærd mann som Kittang har vel lite å kvessa klørne på her heime. Sjå kva han kan få ut av ein analyse av eit dikt av Mallarme! Det er noko for han!

Endret av Rskre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det slær meg at det er stor likskap mellom kinesisk og gresk lyrikk, særleg når dei tenkjer på dei greske epigrammi. Dette har eg ikkje tenkt på før. Høg stil, emni kvardagslege. Det er særmerke for dikti til Leonidas frå Tarent. Med kvardagslege emne, kva meiner du med det? Er dei ekte, er dei store nok og ekte. Då fortener dei høg stil.

Forfattarens siste sjanse å verta miskjend. Barthes.

Gå å svelta utanfor, det kan vera eit slott eller ein gard, det er det du gjer, du som ikkje kan eit språk som er porten til herlegdomane. Du kan ikkje gresk, du kan ikkje latin heller, skynar du kva du er utestengd frå?

Garborg tok til å lesa sanskrit då han var 70; Tolstoj tok til med gresk då han var 60. Dei slutta aldri å læra.

Ord i ei tid då litterær teori stend høgt i kurs: "L'auteur de Ada et Pale Fire jugeait un écrivain perdu dès lors qu'il s'intéressait à des questions telles que : qu'est-ce que l'art ?, quel est le devoir de l'artiste?"

Sårande ord har svarte skuggar.

Endret av Rskre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ta og legg ut den bygg-graut oppskrefta di. Det må eg prøvja.

Den kjende stortingsreprsentanten Aani Rysstad d.e. frå Setesdal var særleg glad i byggraut. Fleire i lokalmiljøet lurte på korleis han skulle greia Oslo-opphaldet utan denne spesielle grauten. Men stortingsmannen løyste vanskane ved å taka med seg bygg frå dalen og laga graut på hybelen.

Framleis lyt stortingsrepresentantane greia seg gjennom regjeringskriser og utanriksdebattar utan graut å styrkja seg på i Stortingsrestauranten. Ingen graut til frukost der i garden, ikkje til middag, ikkje til kvelds. Berre mot slutten av sesjonen kjem grauten på matsetelen, raumegraut med spekemat, og då berre ein dag i ny og ne. Men den finske Riksdagen har skyna poenget. Der kan dei folkevalde få kjøpt graut kvar morgon i restauranten. Dei kan sitja med utsyn over inste del av Mannerheimvegen og nyta god varm havregraut med mjølk på, og kjenne korleis både kropp og tankar vaknar og får ny styrke.

Historia Snorre fortel um Tormod Kolbrunarskald er illustrerande for vikingane sitt syn på graut. Tormod fekk banesår på Stiklestad i 1030 då ei pil råka han i hjarta. I si naud søkjer han lækjarhjelp og hamnar mellom bønder. Ei bondekone lagar ein graut av stampa lauk og andre grassortar som ho ofte nytta å la såra folk eta. Då kunne ho finna ut um innvolane var skadde, for i så høve kjende ho lauklukt av såra. Denne grauten vil ho at også Tormod skal eta. Men han trur at han vert servert mat. Som den ekte vikingen han er, har Tortmod Kolbrunarskald berre forakt til over for den slags kost og mæler desse ordi: "Ta burt dette, kjerring; eg har ikkje grautsott!" Som for å streka under poenget sitt dreg han dinest pila or hjarta, ser nøgd på pilspissen, der mothakane bugnar av hjartetæger, både raude og kvite, og seier: "Godt har kongen født oss; enno er eg feit um hjarterøtene." Og med gode minne um rikare kost enn simpel graut ved kongens bord døyr Tormod.

Men vanlege, fredelege folk levde hovudsakleg på graut også i vikingtida. Det gjekk sikkert mykje på vassgraut då som seinare, men i sagalitteraturen møter vi surmjølksgrauten, laga av skjør (i dag tyder skjør helst saup, kjernemjølk.). Det var hovudmåten å lagra mjølk på langt upp mot vår eiga tid. På storgardar kunne dei ha veldige mengder ståande. Det vert fortald i Njålssoga at då fiendane åt Njål i 1011 sette fyr på garden hans så både han og sønene hans brann inne, vart det gjort freistnad på å sløkkja brannen med skjør. I 1880 grov arkeologane i branntufta på Bergthorskvål der skålden til Njål hadde stått, og dei fann faktisk restar av skjør etter nesten ni hundre år!

Grauten stod høgare i kurs på Island enn i Noreg, og var soleis høgt skatta av folket på sagaøya. Dette vitnar um høg kultur og god smak, men førde også til at islendingar som kom til det norske hoffet vart utsette for nordmennenes spott.

Vassgraut med sirup, det står for mange av dagens vaksne som både gode uppvekstminne og ein matrett å gle seg til. Andre skryter av vassgraut utan noko på, anna enn eit smørauge. Forresten vil krangelen fort gå høglydt når to vassgrautelskarar diskuterar korleis grauten skal etast; med eller utan sukker, sirup, smørauge, mjølk, steikt flesk, osv. Frå gamalt av finst det tallause variantar.

Men vassgrauten har i alle høve berga økonomien til mang ein pengelens student, inkludert underteikna, upp til denne dag. Då har dei nytt godt av matskikken heimanfrå. For grautetarar er billige i drift også.

Retteleg vassgraut frå Gudbrandsdalen vert kokt på spissa byggmjøl. Det er byggmjøl som er male på steinkverner med ein utmalingsgrad på um lag 80 prosent. Steinmale, grovt byggmjøl - grjonmjøl, også nytta i flatbrødbaking - har kome i handelen att har eg skyna. Mjølet har mykje smak, for det inneheld kli. Det vanlege byggmjølet har ein utmalingsgrad på um lag 50 prosent. Det inneheld mest berre kimen av kornet og vert nokså klissete ved koking.

Men sjølv um uppskrifta ser enkel ut, kan det vera litt av ein kunst å koka god byggvassgraut. Ein kokar upp vatn med litt salt i, strør over byggmjøl som ein røyrar inn med ei tvore eller i våre dagar med ein visp, og lar grauten koka ei god stund. Det er heilt ypparleg å nytta elektrisk visp når du har i mjølet. Då slepp du å slåst for å unngå klumpar, slik dei laut før, før byggmjølet er ekstra vanskeleg å ha med å gjera. Men med ein elektrisk visp kan du få grauten så hard du berre vil og likevel heilt jamn! Prøv å by han fram med kald surmjølk attåt, før du set fram saftmugga.

Byggvassgrauten i Gudbrandsdalen var heilt til på 1950-60-talet vanleg dugurds- og kveldsmat um sumaren; varm graut til dugurds og kaldgraut til kvelds. Men på byggrauten hadde ein ikkje sukker eller sirup, i alle høve ikkje i norddalen. Vassgraut med mjølk eller øl var sett på som lett og god mat i sumarvarmen. Når hausten kom, koka ein upp mjølk med bitar av vassgraut uppi. Måltidet varma godt etter ein dag i haustkulda.

Graut av mjøl kokar du lettast ved å laga jamning av mjøl og havlparten av væska, varma upp jamninga og så spe på vidare med resten av væska. Pass på å røra så grauten ikkje får klumpar (men det finst òg dei som tykkjer nerttopp klumpar lyt til for å få ein god graut!). Salt grauten like før servering.

Mjølgraut kan du koka både på heilmjølk, lettmjølk eller skumma mjølk. Men han kan svært gjerne kokast på vatn òg. Vil du ha vassgraut, nyttar du litt meir mjøl i uppskrifta. Slik graut serverar du med mjølk eller fløytemjølk.

Vil du ha grauten ekstra grov, kan du anten røyra inn inn eit par spiseskeier kli i grauten medan han kokar, eller du kan røyra kli inn i grauten på tallerkenen.

Eit godt grautbord lyt ha framsett sukker (gjerne brunt sukker) eller myrk sirup, kanel eller syltety. Og smørauga er godt!

Byggraut

(tri personar)

2 1/2 dl byggmjøl

1/2 liter søtmjølk

1/2 liter kefir/kulturmjølk

1 ts salt

Visp godt saman byggmjøl og mjølk. Kok upp under røring og spe med surmjølk til grauten er høveleg tjukk. Lat det småkoka i cirka 10 minuttar og smak til med salt.

Vassgraut

(tri personar)

1 liter vatn

3 dl byggmjøl

1 ts salt

Lag jamning. Kok i 10 minuttar. Ynskjer ein grauten ekstra fast, kan ein røyre inn 1-2 ss byggmjøl etter at grauten er ferdigkokt.

Endret av Rskre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest Skogmann

Høres godt ut, og takk for historien. Når er det riktig å spise den? Frokost, lunch, middag eller kvelds? Jeg regner med at det blir riktig å spise den etter en hard arbeidsdag eller lang fisketur?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres godt ut, og takk for historien. Når er det riktig å spise den? Frokost, lunch, middag eller kvelds? Jeg regner med at det blir riktig å spise den etter en hard arbeidsdag eller lang fisketur?

I gamledagar fekk ein grautamat til dugurds (kl. 10), medan no som ein har færre måltid høver det betre å eta graut til frukost.

Endret av Rskre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Skogmann

Allright. Skal prøves. Er veldig glad i havregrynsgrøt, rømmegrøt og fløyelsgrøt, så det blir sikkert bra.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Jeg vokste opp med vassgraut som sommermat. Vassgraut med melk og sukker var herlig mat på en varm sommerdag. Fløyelsgrøt var også vanlig hverdagskost. Ellers hadde vi ofte polentapudding med rød saus til dessert. Det lager jeg rett som det er, her i heimen og det er alltid populært. Semulegrøt/pudding spises også med et smil! Russedessert gir også glede rundt bordet!

Jeg har tatt med meg mange herlige mattradisjoner fra Hedmarken inn til tigerstaden, slik som klubb og duppe, fleskepannekake og rasp pannekake. Rakfisken smaker best når jeg får ertebrød til! Myssmørsuppe, og sild og poteter m/løk og rødbeter smaker også godt!

Endret av Havbris
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I natt fekk eg ikkje sova. Det vil segja eg sov eit par timar. Men so - kl. 3 stod eg upp og laga meg kamillete, åt eit par skivor med gamalost, og gjekk og dreiv ei stund på golvet medan eg venta på teen skulle trekkja.

Det laut vera nymåne, for bygdi er myrk, eg høyrde vinden peip um nevene, men stridregnet hadde halde upp. Det regna stridt frå vest i heile går. I går gjekk eg burt og høyrde korleis det stod til med grannen. Jau, han gjekk og reika med stokk på golvet, snakket hans er um lag som fyrr, det er den vinstre handi og fingrane som ikkje vil lyda. I alle høve har han kome seg storveges på desse 14 dagane sidan han fekk slaget. For høgt blodtrykk, hypertoni, i mange år, utan å gjera noko med det, det er grunnen.

Eg er gamal, men endå kan eg verta fengd av elden og ofsen til Aukrust, gleda meg yver målet hans, rytmen, ordi, songen. Og fyrst og fremst kor han skildrar, fjellet, bygdi, til alle årstider, i alle skiftingar, kor gløgt han ser, sansar, det store som det små i alle ovringar. Jau, han var makelaus! Slike skaldar har me ikkje mange av, me har ingen som han.

Jau, vinden tyt. Det slit på snjoen alt dette mildveret med regn og vind dag etter dag.

Endret av Rskre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Les Locus Solus av den franske forfattaren Raymond Roussel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...