Gå til innhold

På vei til ein betre verden


@Maja

Anbefalte innlegg

Dette blir min første dagbok her... nesten litt skummelt, og blir heilt sikkert litt rotete. Men no er eg fast betemt på å ordne kvardagen til det bedre, på så mange måter. Og det treng eg få ned på "papiret".

Eg skal stable meg på beina og forsøke igjen å ordne verden sosialt. Skal finne meg hobby/ aktiviteter å vere med på. Begynne å trene og komme i form igjen. Slutte å røyke (igjen). Spise ordentlig, og bli så økonomisk som bare mulig.

Målet:

Ein kvardag med innhold i fritida og noko å sjå fram til etter jobb. Ein sunn og frisk kropp, med såpass fysisk form at eg ikkje kvier med for å bli med på fjellturar og andre aktivitetar. Økonomi som gjer det mulig med kjøp av eigen bustad, og samtidig rom for enkelte aktiviteter/ ferieturar innimellom. Og ikkje minst roen og trua på at dette går greit, og at min lykke og suksess i verda ikkje avheng av enkeltmennesker....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Sluttedato for røykinga er satt, begynner faktisk få trua på at eg skal klare det. Den magiske datoen er 1.juli :)

Dessuten er eit aldri så lite steg 1 tatt i dag: eg kom meg ut på joggetur!! :) Måtte rett nok gå ein del innimellom, men det var vertfall mykje pesing og meir jogg enn gåing.

Blir ufattelig sliten av all tenkinga. Tenker og funderer på korleis eg skal ordne verden heile tida. Men innimellom dukker det opp ein del viktige realiseringer og erkjennelsar.

Dagens store erkjennelse:

Eg ER faktisk brs. Veit med meg sjølv at eg er eit hyggelig menneske, og ein god venn og samtalepartner (for dei få vennene eg har). Eg er heller ikkje stygg. Kanskje ikkje den alle snur seg etter og tenker "wow", men det er vertfall fleire bra og attraktive mannfolk som synest eg er pen, og då må det jo vere ganske ok. Dessuten er eg flink til jobben min, og burde ha muligheter for å komme eit godt stykke vidare med karrieren. Mine resultater burde tale for seg sjølv, og det arbeidsgiver er villig til å betale for å beholde meg, tross lite erfaring, er jo eit klart teikn på at eg gjer ein bra jobb.

Hadde eg bare klart å virkelig ha trua på dette, og omsette det til sjølvtillitt når eg er ute blandt folk. Utpsyking og konflikter på jobb har gjort at eg er blitt ekstremt konfliktsky og forsiktig. Og når verden stadig går meg imot, og eg ikkje får resultater eller bekreftelsar, så tviler eg med ein gang på meg sjølv. Dessuten er eg i utgangspunktet sjenert og stille av meg.

"Erkjennelse er det første steget"...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til med røykeslutt!

Huff jeg er akkurat som deg angående konfliktsky og forsiktig og dårlig selvtillit selv om jeg tilsynelatende er ganske "vellykket". Jobber med saken, men det er ikke lett. :)

Må følge med her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest santus

Lykke til! Jeg heier på deg :)

Husk at for mange, og strenge, krav til deg selv kan være en hard overgang. Du vil sikkert møte oppturer og nedturer, og da er det viktig å sette pris på oppturene! :) Mitt livsmotto: Learning by doing!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Blei for litt sia kjent med ein småbarnsfar. Hans del av min historie kjem nok snart for ein dag her, men ikkje i kveld. Men kom til å tenke på mitt liv i forhold til hans. Hans verden består stort sett i å få dagene til å strekke til, mens min verden består i å få dagene til å gå...

Bra dag i dag, trur eg... Men blir liksom litt redd for å roe ned. Er utrolig godt å kjenne eg har fått tilbake litt tru og motivasjon. Problemet er bare det at når eg kjem litt ovenpå så får eg energi til å styre, ordne og vere veldig aktiv. Det er jo bra, heilt til eg ikkje finner noko å gjere på. Er livredd for at motivasjonen skal "forsvinne" vist eg ikkje holder meg opptatt med noko.

Etter jobb i dag har eg vaska klær, lest i boka mi, baka, rydda og vaska kjøkkenskap. Kan bli skrekkelig reint i huset om eg skal fortsette slik :P

Tidsperspektivet mitt stressar meg litt! Eigentleg har eg gitt meg sjølv ca eit år, før eg skal vurdere om eg heller burde flytte på meg. Men ein del utfordringer gjer at eg kjenner eg bør vere godt i gang lenge før det. Eg treng ikkje ha orden på alt, men eg må sjå at dette virkelig går rette vegen innen august :/

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det første vendepunktet

Det har forundra meg litt korleis eg plutselig opplever at motivasjonen er på plass, og eg faktisk orker tenke på og prøve å få orden på verda att. Men trur eg har funne det såkalla vendepunktet, som fekk det heile til å snu. Og den "skyldige" er heilt uvitande om sin gode gjerning, har har eg faktisk aldri truffe eingang.

For 2 veker sia var eg på padlekurs. Kvidde meg egentlig mest, og når dagen kom hadde eg mest lyst å bare bli heime og sove. Men eg tok meg sammen og reiste. Grunnen til at eg i det heile var påmeldt er at eg i fjor sommar kontakta div klubbar om kurs, og leiar av den lokale klubben her hadde festa seg med det. Så når sesongen starta i år så tok han kontakt. Mykje lettare å bare sei ok, enn å ta seg "bryet" med å melde på sjølv :)

Sjølv om eg ikkje akkurat fekk nye venner av kurset, så var det to sosiale dagar med mykje fysisk aktivitet. Etter altfor mykje stillesitting på eigahand over lengre tid var det definitivt fysisk tøft. Men eg fekk ein god opptur, og det satte i gang kroppen igjen både med energi og matlyst. Etter alle oppturar følgjer så klart ein nedtur, men likevell... Sosialt samvær, fysisk meistring og glede ved aktivitet. Kan ikkje setje fingeren på det, men det gav meg definitivt ein dytt i reiktig retning.

I tillegg fekk eg tatt eit nødvendig oppgjer/oppklaring med ein "relasjon" i forrige veke. Fekk svar på ein del spørsmål som har svirra i hodet lenge. Ikkje bare dei svara eg hadde håpa på, men vertfall eit utgangspunkt for å jobbe seg vidare. Dette har opptatt enormt mykje av tankene mine, kjenner no at det sakte men sikkert løsner litt. Og avklaringa har nok gitt rom for andre og meir "fornuftige" tanker. Trur det finnes ei øvre grense for tankevirksomhet, viktig å rydde bort litt slik at det blir plass til nye tanker. Det får vere dagens lærdom :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håpet er lysegrønt (seies det), og veldig veldig skjørt...

Humør og motivasjon går virkelig i bølgedaler her! Er det ein dårlig/ kjedelig dag på jobb, så blir det fort ein dårlig fortsettelse på dagen og. Fekk virkelig merke svingingane ein ettermiddag her i veka. Hadde bestemt det var på tide å trene litt igjen, så kjente eg samtidig at det hadde gjort seg å vere bitteligg sosial i løpet av dagen. Så eg sendte melding til dei få vennene eg har i nærområdet, og foreslå å trene sammen/ møtes etterpå. Er jo vane med at folk ofte er for opptatt til å finne på noko på kort varsel, men at eg skulle bli så skuffa av å oppdage at ingen hadde anledning akkurat den kvelden.

Skulle trakke avgårde opp ein bratt skogsveg (tåler ikkje så mykje jogging på asfalt), då må eg køyre nokre minutt til der eg skal gå frå. På veg dit kom den store nedturen, tårene spratt og følelsen av å vere aleine i verde slo inn for fult. Eg snudde og var faktisk på veg til å køyre heim, hadde ingen ork til å trene i det heile. Men så stoppa eg på vei tilbake, tørka tårene og snakka litt strengt til meg sjølv. Snudde tilbake og trente som planlagt. Full musikk og så god fart som eg berre klarte oppover, for å holde ekle tanker på avstand. Det funka sånn nokolunde, og humøret var definitivt bedre når eg kom tilbake til bilen. I tillegg hadde eg fått ny melding frå ein av vennene mine, som lurte på om vi skulle finne på noko kvelden etterpå, sia han ikkje hadde hatt tid denne dagen....

Når motivasjonen er på full fart nedoverbakken er det "bare" å ta eit fast tak i nakken på seg sjølv, og holde seg flytende til det verste går over. Det går jo stort sett bra. Men ikkje alltid like lett når det står på som verst.

I måro er dato for røykeslutt. Holder fast på datoen, men kjem nok til å tillate meg sjølv å røyke i måro og. Så må det bli bom stopp før det blir mandag. Skrekk og gru, men også jubel og glede...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Røykfri!!! :-)

Ok, litt tidlig å juble enno, men... Bare eit par timer så er første døgeret overstått. Rett nok to dager på overtid i forhold til planen, men no er eg i gang!

Dei næraste dagene er "alt" lov. Skal kose meg med snop midt i veka, trene vist eg får lyst og la vere vist eg ikkje vil. Men over helga blir det serriøst trening og kontroll på maten igjen! Har ingen planer om +10 kg slik som ved forrige røykeslutt!

Forventer ingen dans på roser, men er fast bestemt på at røykeslutten er i boks! Og då drar det jo rette vegen med både økonomi og helse. Så er det bare å krysse fingrane for at det finnes ei ordning på resten og...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 dag uten røyk... :) Lommebok, helse og psyke gler seg over å vere røykfri.

Har lagt igjen lommebok og penger heime når eg har reist på jobb, slik at eg umulig kunne stikke innom på butikken og kjøpe røyk. Har lakrisdrops og tyggis tilgjengelig når eg trenger putte noko i munnen. Har holdt meg opptatt på jobb, passe på å bevege meg og få frisk luft og holdt meg opptatt med stort og smått heime. Sliter litt med søvnen, blir fort "sippette" og slapper ikkje heilt av enno. Men det går på fram, og nyter å slippe den ekle røyklukta, slippe å snike meg ut på jobb, huske på kjøpe røyk, betale dyrt og bli tungpusta.

Har ikkje vore superflink med treninga, men har bestemt at frå mandag av skal er bli seriøs. Då blir det jogging, fjellturer og styrketrening. Skal prøve å lage meg ein liten treningsplan.

Har sett over alt eg har i fryser og kjøleskap, og funne ut at eg nok mat til middager resten av måneden. Skal vere flink å bruke det eg har liggande. Etter ferien så blir det planlegging med ukesmeny, handlelister og ikkje lov å impulshandle middag på vei heim frå jobb. Er på tide å få matbudsjettet på plass igjen! :-) Så frå hausten av så sparer eg pengene eg ikkje røyker opp, sparer på å få 20-30 mil mindre å køyre kvar veke pluss at eg skal spare på å handle fornuftig på matbutikken. Det burde bli 5-6000 kr ekstra til spareprosjektet mitt krav mnd, i tillegg til meir lønn...

Det sosiale prosjektet derimot går lite på fram. Har vore veldig ærlig med dei vennene eg har om kva eg tenker og korleis eg egentlig har det. Tar litt tid for dei å skjønne, fordi det er så ulogisk at eg ikkje skal ha det greit sosialt. På den eine sida er det jo veldig godt å vite at andre heller ikkje meiner det er noko gale med meg. Det er ingenting med min væremåte eller min personlighet som gjer at eg ikkje har fått det heilt til sosialt. Men på den andre sida, så ville det vore meir konkret og lettare å gjere noko med vist dei kunne fortelje meg kva som var galt....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oki, så blei det ein liten nedtur då :forvirret: . Men verden har egentlig virkelig vore på veg oppover for meg den siste tida. Det til tross for at eg virrer rundt som ein liten zoombie med altfor lite søvn. :sleeping:

Nedturen er ein liten glipp på røykinga i gårkveld. Det blei nokre røyk til utepilsen.Ikkje fornøyd med det, men trasker vidare på røykeslutten og har snart klart to veker! :nosmoking:

To veker røykfri er ca 1000 kr spart det. Og så er eg litt i gang med treninga igjen. Prøver jogge ein gang i veka, men sliter litt med at beina ikkje liker den belastninga. I tillegg har det blitt fjelltur kvar helg og 2-3 gåturar i nabolaget i veka. Må bare få ei ordning på styrketreninga og. Trur det blir lettare når eg er tilbake på treningssenteret til hausten.

Har vore flink å ete maten eg allerede hadde i frysaren. Det er både pengar spart, pluss at no når eg endelig fant botn oppi der så kan eg kanskje avise og vaske litt... Og så har eg fått til kjøredeal med ein kollega som bur i nabolaget.Med 6-7 mil tur/retur så sparer ein litt på å slippe å kjøre annakvar dag. Og så er det jo hyggelig med selskap.

Vore flink med "sosialen" og. Klart å vere litt meir frampå med folk eg kjenner, nytta meg av at dei vanlige aktivitetene ikkje er på planen no i ferietida og då er folk meir open for kreative forslag. Kjekt å kunne finne på småplukk på sommarkveldane. Og så har eg fått to nye venner, dvs holder på å bli kjent med dei då. :klem1: Men er godt å få bra respons på initiativ, gjer godt for sjølvtillitt og kjekt å møte nye hyggelige mennesker :smilorange:

Har fortsatt mine demoner å bekjempe, og tøffe oppgjer som må takast når ferien er over. :frown: Prøver å bygge meg sjølv opp så eg er sterk nok til å klare det som kjem framover. Og så prøver eg å nyte det som er positivt her og no, og glede med over det som går på fram.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det går ikkje bare opp, og verden er ikkje bare positiv.... Men synest det er absolutt kjekkast å skrive når eg har gode dager, slippe sitte ord på ting når det ikkje går så bra.

I dag er eg trøtt, sur, trist og lei. Rota litt med røykinga. Har vondt både her og der (skal til behandling for ryggen i måro), så droppa å i det heile tenke på trening. Har sett med missunnelse på andre som jogger, og lurt på kvifor ikkje eg og kan jogge rundtomkring uten å få vondt i både rygg og knær. Jogging er faktisk kjekt, og godt for hodet mitt!

Har hatt det så bra siste vekene med mine (få) kjære rundt meg. Det har vore sol, sommar og tid til å vere sammen. Men no er dei reist med sine familier på ferie, treffer dei neppe på over ein måned :grine: Tar meg sjøl i å glede meg til ferien slik at ferien kan bli over. Vil ha forutsigbare dager med kjente trygge rutiner, noko å bygge på. Men eg får jo ikkje det. Ny jobb til hausten. Blir bra å komme seg bort frå der eg er, men har god grunn til å vere usikker på korleis nye-jobben blir. Mykje stress og potensiale for krangel og personalkonflikter. Eg er strek nok til å takle det?

Og så er det uunngåelig, min "demon". Det er han eg har så kjær, så er så god som eg endelig skal få snakke med igjen snart. Men det eg må fortelle han er at vi ikkje skal snakkes meir. Han kan ikkje eksistere i min verden, kan ikkje vere den støtte og vennen som eg så virkelig hadde trengt. Han veit at eg trenger han, og han trenger faktisk meg. Stakkars, dette veit han ingenting om. Bare tanken får tårene til å strømme. Alle prosjekt og alle forsøk på å ordne verden har utgangspunkt i at eg må vere sterk nok og trygg nok til å takle denne "demonen". (Han er ingen demon altså, men situasjonen er ein demon for meg) At "bivirkningen" er ein bedre kvardag er jo supert, men er så redd forsvaret kommer til å ramle altfor tidlig.....

Endret av @Maja
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så var den endelig fereitid. Begynte bra med kjekke dager med mine flotte tantebarn. Er fantastisk med dei små som hopper av glede bare ein viser seg, og ikkje forlanger meir enn ein klem og litt (masse) oppmerksomhet. :klemmer:

No når det er ferie og eg ikkje kjem til å vere heime på fleire veker, så er det ikkje så mykje å få gjort med det sosiale der. Men lite grunn til å tenke på ting ein ikkje får gjort noko med. Og så blir det jo bedre tid til trening og slikt. Skal prøve å bruke tida framover til trening og friluftsliv, så mykje so kroppen tillater. Satser på at det blir gøy. Og så vil jo bedre form og meir erfaring gjere det lettare å hive seg med på aktiviteter ut over hausten. Er "bare" å gje seg sjølv eit realt dytt bak på rett tidspunkt.

Og så er ferietid litt tenketid, på dager der det er surt og regn ute og ingeting å finne på. Blir å planlegge alt bra eg vil prøve få til å skje utover hausten. Alt frå kjedelig "korleis spise sunt nok" til kjekke ferieplaner. Og litt "skrekk og gru" for korleis det blir å begynne i ny jobb. Prøver å minne meg sjølv på alle dei kjekke menneskene eg skal jobbe med, og at det viktigaste er å ha det bra utenom jobb og ikkje la jobben bety for mykje i livet.

Har ein merkelig følelse av at eg begynner å sjå meg sjølv meir slik eg egentlig er, altså meir slik eg framstår for verden rundt meg. Har ikkje heilt oversikt eller kontroll på dette enno, langt frå egentlig. Trur det er ein sjølvtillittssak at eg våger vere litt meir frampå og ser at det faktisk funker. Tar med meg alle dei positive tilbakemeldingane eg har fått på forskjelligt deie site månedane. Må passe på å ikkje "bikke over" og bli ovenpå, og passe at ikkje alt ramler om eg blir brent av å opne meg og ikkje få respons. Hm....mykje rot i tankeverden på dette her.... :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Uff, at ting skal komme brått på sjølv om ein har forberedt seg i vekesvis... No har eg fortalt ein av dei menneskene eg har trivdes alle best sammen med at vi ikkje kan vere venner :cry3: Hadde dytta alle følelser så langt bort eg kunne, men likevell blei dette mykje tøffare enn eg hadde trudd. Har ikkje fått noko svar, så ingen aning korleis han tok det. Lurer på korleis det blir å møtes på ordentlig igjen, før eller siden vil jo det skje.... Men å ta konsekvensen av sine gale valg er vell ein del av det å bli voksen :sjenert: håper han svarer, trenger å sjå ein reaksjon.

Inntil vidare dytter eg alt til side så godt eg kan, nyte ferien i staden! Har komt så mykje lenger, har det så mykje bedre no. Kan ikkje ødelegge det med å prøve på noko som ikkje kan gå....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hater sånne dager som dette her, dager som bare skal gå/forsvinne uten innhold. Ingenting eg skulle ha gjort, ingen som venter på meg, ingen forventinger om at det skal utrettes noko eller skje noko i løpet av desse dagane. Virkelig virkelig hater slike dager! Heldigvis kjem snart den delen av ferien der det faktisk skjer noko, og plutselig er det tilbake til kvardagen igjen...

Og så har kroppen slått seg vrang. Om årsaken sitter i hodet eller kroppen har eg ingen aning om, men det kjennes ut som heile kroppen har vore skikkelig i beredskapsmodus. Er i heilspenn, klarer ikkje slappe av, verker i hode og ledd og er skikkelig trøtt.

Uansett, det gjekk vertfall greit med "demon-mannen" min, fekk svar til slutt. Han tok det fint - så klart han gjor det, flott mann som han er. Men seier han håper vi kan vere venner ein gang i framtida likevell. Er jo bare å holde avstand og la ingenting skje, men kjenner det opptar litt for mykje av hodet mitt. Han godtar, men er redd er aldri får han til å forstå heilt.

Fælt å sei det, men skal bli godt å bli ferdig med ferien. Kommer meg ikkje vidare i verden uten å først komme tilbake i kvardagen. Men må få orden på kroppen og finne tilbake energien min, helst litt snart!

Ja, og eit ordentlig hjertesukk:

Har lest litt diverse stress- artikler, pluss at eg kjøpte ei bok om å komme tilbake etter å ha "møtt veggen". Eg blir litt frustrert/ irritert. Alt handler om å ha det for travelt, om krav frå jobb, familie venner ets. Det går ann å vere stressa uten at den er den berømmelige tidsklemma som er problemet. Og i boka er det kun fokus på den støtten ein har i familie/partner og nære venner, som vistnok er uunnværlig for å komme seg på beina igjen.

Altså, eg er definitivt stressa. Det skyldes delvis jobb, men på ingen måte fordi det er for travelt på jobb. Og eg blir stressa fordi eg ikkje får tilværelsen til å funke, og dei to forsterker kvarandre. Eg skulle ønske eg hadde det meir travelt, både på jobb og privat.

Eg har ingen partner å støtte meg på. Har jo nokre gode venner, som har vore uvuderlig støtte. Men eg har ingen bestevenn som eg kan ringe til og forvente at han/ho stiller opp med ein gang. Så vist forfatteren av boka mi har rett, at det støtteapparatet er nødvendig for å komme seg på beina igjen, ja då er jo eg fortapt :o

Trur jo ikkje eg er fortapt, trur det finnes ein vei til ein bedre verden vist eg bare prøver nok og leiter på rett plass. Men blir frustrert og litt provosert av å lese slikt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ferien er over og kvardags- brikkene må snart dyttes på plass.

Blei vertfall ein bra slutt på ferien! Kjekk reise og kjekt å komme heim igjen og ha det gøy på byn med gode venner.

Ein av mine nye kammerater er i ganske lik situasjon som meg. Trenger litt selskap, impulser, nokon å dele opplevelser med og har også planer om å ta fatt i kvardagen på likt. Utgangspunktet er kanskje ikkje det samme, men vegen framover er mykje lik. Kjennes godt å han som støtte på veien!

Vertfall: røykeslutten er ca i boks. Har rota litt med nåke festrøyk og slik, men utenom det er eg godt i gang med ca 3 veker. Det er i allefall fult mulig å klare! :smilorange:

Treninga begrenser seg til ein og anna tur, og litt padletrening. Men så snart dei er ferdig med feriemodus på treningssenteret så skal eg tilbake dit og få ordna eit målretta opplegg. Nyter avslappa turer i fint vær så lenge, men gler meg til å komme igang og!

Har ikkje vore streng på økonomien i ferien. Men no er vekesmeny og handlelister på plass, har vertfall bedre kontroll og unngår "impulsfrosenpizza" til middag. Blir litt avveiing mellom å spare og å ha det hyggelig og leve livet litt framover. Trur det kan bli ein del av det siste :hoppendeglad:

Så klart litt slitsomt å begynne på jobb igjen med alle dei hensyn som må takast. Men er positiv for hausten. Må bare holde oppe initiativet! :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Annonse

[1] Category widget

nett no kjennes verden ut som ein bra plass å vere!:) litt usikker på korleis eg kom meg hit, og veit fortsatt ikkje om fortsettelsen er lika bra, men nett no er min verden ein bra plass! eg bestemte meg for å gripe alle muligheter, alle halmstrå, som kom min vei og det funker! nye jobben er ok, røykeslutten går bra, treninga er på gang, flytter snart til fiiin bolig og har funne gode kammerater som hjelper å flytte. og det beste er at eg har funne ein flott mann som lar meg sitte i armkroken hans, og som ønsker å holde rundt meg og som er verdens mest tålmodige og avslappende mann. ingen aning korleis det går, men verden framover er spennande og nett no er eg lykkelig. har ingen plan om å slippe den følelsen;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...