Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Perfekt liten M! :jepp: godt å få bekreftet av fagfolk at ungen er perfekt, selv om man egentlig vet det selv ;) og klart man blir stolt :rodmer: disse fine, fine gullene!

Ja, det er alltid kjekt med skryt frå fagfolk :jepp: Blir alltid så stolt når han viser fram det nye han har lært seg frå forrige gong ;) Dei er utrulige, gulla våre :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Eg må innrømme at eg syns det er kjipt når M velger å stå opp kl 4.30..

Han våkna 3.30 og fekk mat (då hadde han sove frå ca kl 20, så det er jo bra), og eg håpte at han ville sove liiitt lenger då eg la han nedatt, men det vart berre 1 time til.. Det er litt for tidleg, syns eg. Og det som er ja..irriterande.. er at vi for fleire veker sidan kjøpte rullgardin i håp om at eit mørkt rom ville få han til å sove lenger (det blir lyst der i 4-tida), men mannen har ikkje montert ho enda.. Vi skulle montere ho, men så var det så dårlege skruar at dei knakk då vi skrudde dei inn, og då vart mannen så sur (og demotivert) at no har det stått sånn sidan byrjinga av mai.

Det er berre så kjipt å tenke på at VISS rullgardin funker, så har eg gått i 1 mnd og stått opp i 5-tida..når han kanskje kunne ha sove lenger, og dermed kunne eg også sove lenger..

Menmen..det er ikkje sikkert det funker, kanskje 5-tida er det M syns er morgon! Men det får vi ikkje vite :)

I dag skal vi på trilleturen vår (men ikkje under 1. lur - det blir litt tidleg ;) ), og så kjem svigermor på middag når mannen kjem heim. Så eg må vel bruke litt av dagen på å rydde, her ser ikkje ut :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

du får be mnnen din om å få ræva litt i gir ;) Sette litt krav.

Kos dere på trilletur :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

du får be mnnen din om å få ræva litt i gir ;) Sette litt krav.

Kos dere på trilletur :klemmer:

Han sa i dag tidleg at han skal gjere det i kveld :) Og så skal eg seie at viss ikkje han gjer det i kveld, så gjer EG det! Og då kan det bli så som så med nøyaktighet :fnise: Eg er IKKJE flink til å montere persienner, rullgardiner og liknande ;) Så då kjem han nok til å gjere det, for han er pinlig nøyaktig :fnise:

Vi hadde ein veldig fin tur :jepp:

---------------------

Skikkeleg sureinnlegg frå meg i dag tidleg ja :fnise: Huff, eg blir altså så trøtt når M skal stå opp så tidleg, og då blir eg skikkeleg gretten. Og så er det ikkje så kjekt å måtte stå opp halv 5 når eg ser mannen ligge der og snorke og sove godt..han søv så tungt at han ikkje merker eg står opp, så han er like overraska kvar gong :fnise:

Jaja, vi får legge oss tidleg i kveld, så kanskje det går greit å stå opp i morgon :)

No har vi nettopp kome heim frå trilletur, brukte 58 minutt i dag :) Merker forskjell på dagsformene - sist torsdag (4. trilletur den veka) brukte eg 1 time og 4 minutt - 6 minutt seinere enn i dag :) Var fint ver, men litt kald nordavind.

Og best av alt? M sovna då eg gav han pupp før vi skulle gå, og han søv jammen enda! :hakeslepp: Det hadde eg aldri trudd, eg trudde han kom til å våkne halvvegs :)

Men DER våkna han ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, no sovna han igjen..han skulle berre ha litt pupp.. Søv sikkert ikkje så lenge ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bra han fikser det. :) Det har jo hjulpet for mange, så håper det hjelper for dere også.

Så flink du er som triller tur. :) Det er artig å se når formen blir bedre :jepp: Jeg kunne gått enda fortere enn jeg gjør, men med hund så tar det litt lenger tid..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Han sa i dag tidleg at han skal gjere det i kveld :) Og så skal eg seie at viss ikkje han gjer det i kveld, så gjer EG det! Og då kan det bli så som så med nøyaktighet :fnise: Eg er IKKJE flink til å montere persienner, rullgardiner og liknande ;) Så då kjem han nok til å gjere det, for han er pinlig nøyaktig :fnise:

Tenkte jeg skulle si det ja; gjør det sjæl! :fnise: da kommer ofte disse mannfolkene (iallefall min) fort laffende for å ta over/passe på at det blir slik som det skal :gjeiper: Mye mer effektiv måte å få han opp av stolen på enn å mase på om han kan gjøre det ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tenkte jeg skulle si det ja; gjør det sjæl! :fnise: da kommer ofte disse mannfolkene (iallefall min) fort laffende for å ta over/passe på at det blir slik som det skal :gjeiper: Mye mer effektiv måte å få han opp av stolen på enn å mase på om han kan gjøre det ;)

Ja, det er ein innmari god strategi :fnise: Min vil også helst ha kontroll på slike ting sjølv ;) Vi skal gjere det no når M har lagt seg :) Håperhåper det funker! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi fekk montert rullgardina i går! :tommelsmil: Og det gjekk veldig bra, ingen problem å montere den, vi fekk pussa vekk der som skruane som knakk stakk ut, og den fungerte akkurat sånn som den skulle :) (Mannen min har litt kort lunte når det gjeld oppussingsarbeid og sånne ting, så det er like spennande kvar gong om alt går bra ;) )

Om den fungerte for M? Tja.. Han la seg ca 19.30, men han brukte laaaang tid på å sovne..Ikkje sovna han under mating, så eg byssa, men til slutt vart eg lei, så eg la han frå meg på senga, og då gnika han seg inntil putene og kosa seg, så då gjekk eg ut av rommet og så sovna han av seg sjølv ;) Då var klokka ca 20.15. Vi la oss seint, vi sovna i 0.30-tida (ALTfor seint!) og så våkna M for mat i 1.30-tida. Og kl 4.45 våkna han, og då trudde eg at hundreogett var ute. Men, han sovna igjen og sov frå 5 til 6. Så LITT lenger sov han, men natta MI vart ikkje betre, for eg våknar jo når M våknar, pluss eg våkna 5.30 då klokka til mannen min ringte, 5.45 då han stod opp og 6 då M våkna.. Håper på ei litt mindre oppstykka natt i natt, då skal jo ikkje mannen på jobb heller :)

MEN, gullet mitt var så snill i dag og sov første luren sin heilt frå 7.45 til 9.45! :hoppe: Så då fekk eg sove i 2 timar, og det var deilig! :) Sov kort under trilleturen (han våkna før vi var halvvegs, men det gjekk heldigvis bra!) og no søv han igjen, og forhåpentlegvis søv han til i alle fall kl 16.

Mykje soveinfo her i dag :fnise:

Fekk gått trilletur i ein time i dag, og ellers så har eg leika mykje med M, for han trengte litt oppmerksomhet i dag, merka eg. :)

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No skal det jammen bli deilig å få lagt M, for i dag har han vore spesielt surete og klagete.. Eg blir sprø av den låta! Har leika mykje med han, lest bøker, gitt han mat, kost, sunge..

Håper han sovner fort, for dei to siste lurane hans i dag var både korte og rotete, og han virker veldig trøytt ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det gjekk heldigvis greitt å legge M i går, men huff for ei kavete natt! Han sovna 19.15, våkna 19.45 for litt pupp. Så la vi oss 20.30, for vi var så innmari trøtte..og så våkna M 22.30, og resten av natta var det ca 90 minutt mellom kvar gong han våkna og ville ha mat..kl 24, 1.30, 3, 4.30 og til slutt 6.45 (då var det morgon). Så eg fekk ikkje kvilt ut, sjølv om natta var lang.

Og i dag har han sove korte lurar, på tre kvarter. Håper siste luren blir litt lengre, han må legge seg 14-14.30. Han bør sove i 1 time då, viss ikkje blir han så grinete.

Og så har eg gått ned 400 gram denne veka :tommelsmil: Landa på akkurat 9,0 kg! Så no er eg ca 12 kg lettare enn då eg vart gravid! :hoppe: Men TRE av buksene mine er for store! :grine: Blant anna dei to eg kjøpte i London i oktober.. (Men eg har to bossekkar oppe på loftet med for små klede, så eg har litt å jobbe mot ;) )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag gjekk det bra å legge M, men han er alltid litt urolig i innsovningsfasen. Han sovna 19.15, våkna 19.45 og 20.10. Håper han har tatt kvelden no :)

No held eg på å steike botnen til daimiskaka som eg skal lage i kveld. Då har mannen min og eg noko å kose oss med i helga :sikle:

Håper alle får ei god helg! :goodbye:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Omnomnomnomnom!! Daimkakeeee :sikle: elsker daim..

Jaaaa, det er så godt! :jepp: Vi bruker daimstrøssel på vaniljeis, for vi et jo ikkje sjokolade, men sjokolade i/på mat er jo lov :fnise: Og i daimiskake er det såklart lov ;)

-------------------

God natt i natt, M våkna berre ein gong, i 2-tida, og så sov han heilt til kl 6 :)

Og no har han sove i over 1,5 time, men eg høyrer pludringa på babycallen, så no er han nok våken ja ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Daimiskaka var god, men botnen smuldra litt opp. Det var marengsbotn med litt hakka mandlar i. Må ringe mamma og høyre kva eg gjorde feil, ho kan seg med slikt ;) Men den var altså veldig god :jepp:

I dag var det morgon kl 6, og natta har vore grei. Han la seg kl 19.15, men sleit med å sovne (fordi siste luren hans vart litt seint), så etter litt makking og oppvåkning sovna han skikkeleg 20.15. Så våkna han 1.30 og 4, og kl 6 var det altså morgon. Mannen ligg og søv enda, så eg tenker at eg jumper oppi senga igjen når M skal ha første luren sin snart. Skulle såklart ønske at mannen min stod opp og tok M slik at eg fekk sove lenger, men han treng jo også å sove ut etter veka, han står jo opp 5.30 kvar dag :)

M har blitt ein racer på gynging på alle fire, det er nok ikkje så veeeldig lenge før han kryp :) Men eg har lest at dei kan holde på slik ei stund, så det skjer når det skjer :)

I dag tenkte eg å endeleg få bestilt takkekort for fødselen og dåpen..skikkeleg treige vi.. :sjenert:

Endret av silverdoe
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Det er da en selvfølge at han står opp en av dagene i helga. Han er ikke den eneste som har en tung uke. Du har da også tunge dager og tidlige morgener.

Ja O har stått og vugget sånn i nesten en måned han, uten at han gjør noe mer enn å åle :P men det går fort, da.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingen gynging her enda. Heller ikke noe åling fremover. Åler seg rundt i ring også går det bakover da... Men han har skjønt hvordan han skal komme seg avgårde fordi :fnise: Han ruller. Mage-rygg-mage-rygg....ser seg om, akkurat som han blinker ut retningen...og ruller igjen :gjeiper: så han har null problemer med å komme seg midt utpå parketten på null komma niks, selv om han hverken krabber eller åler fremmover.

Endret av Knøtteliten
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er da en selvfølge at han står opp en av dagene i helga. Han er ikke den eneste som har en tung uke. Du har da også tunge dager og tidlige morgener.

Ja O har stått og vugget sånn i nesten en måned han, uten at han gjør noe mer enn å åle :P men det går fort, da.

Vi snakka litt om det i går, innimellom mykje anna, og då vart det nevnt at han skal stå opp med gullet ein av dagane i helgene :) Og så tek han M av og til på vekedagane også, før han stikk på jobb. Det er deilig, det :) Eg har nok mykje tyngre netter enn mannen min i alle fall! Han kan snorke seg gjennom eit jordskjelv, det er eg sikker på :fnise:

Plutseleg knekk dei koden og så er dei overalt på golvet vårt :) Eine planta vår har allereie fått gjennomgå ;)

Ingen gynging her enda. Heller ikke noe åling fremover. Åler seg rundt i ring også går det bakover da... Men han har skjønt hvordan han skal komme seg avgårde fordi :fnise: Han ruller. Mage-rygg-mage-rygg....ser seg om, akkurat som han blinker ut retningen...og ruller igjen :gjeiper: så han har null problemer med å komme seg midt utpå parketten på null komma niks, selv om han hverken krabber eller åler fremmover.

Hehe, kvar sin måte å gjere ting på :fnise: Han har i alle fall dreisen på rulling ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ei god natt av M i natt! Han våkna berre ein gong! Sov frå 19.30 til 1.30, og så til 5.25, då var det morgon :) Mannen tok han med på stova etter at han fekk mat, og så kom han innatt til meg då mannen stakk på jobb, ca 6.45. Og så sov han frå 7 til 9.30! Det var sååå deilig å få sove litt lenge i dag! :)

Han har vore ein solstråle i dag :sol: Lille gullet mitt :rodmer:

Gjekk trilletur i dag, opp til vatnet og nedatt. Det bruker jo å ta ganske nøyaktig 1 time, og eg berre lo då mannen min foreslo ny rekord på 57 minutt. Medan eg gjekk kjente eg at det gjekk jo bra det her, og då eg kom ned hadde eg brukt berre 55 minutt! :tommelsmil: Og det var inkl 1 minutt prating med ho som har ei jente fødd på same dag som M :) Føltes bra! :)

Ellers så fann vi ut i går at M klarte å suge på desse Ella's Kitchen-posane, og han elska det! Han vart SÅ lei seg då posen vart tom! Så no lurer eg på om det er mogeleg å vaske/koke posane og fylle dei med heimelaga fruktmos..eg prøver, for det var verkeleg ein suksess! Og fordi han fann ut det, så fann han ut at han også klarte å suge på Imsdal-flaska (den lille for barn), så no får eg i han vatn utan å bruke skei også! :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...