Gå til innhold

Mammaliv!

Mirabella76

Anbefalte innlegg

Det er ikke ligamentsmerter da? :klo:

Hadde aldri den type smerte då eg var gravid med jenta mi, så eg tvilar egentlig på at det var ligamentsmerter. Kjentest ut som ei smerte som ikkje skal vera der, når ein er gravid.

:klemmer:

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Jeg har også diverse vondter i magen. Tror ligamentsmertene er de smertene som sitter langt nede på siden, nesten i lysken. Jeg ville ikke bekymret meg for diverse magevondter, så lenge de ikke er langvarige eller veldig vonde, da. Men skjønner jo at du blir engstelig når smertene ligner på MA-smertene du hadde.

Ja, jeg synes du skal insistere på at jordmor prøver å finne hjertelyden. Du er vel så langt på vei nå at det ikke skulle være såååå vanskelig å finne den. (Jeg har funnet hjertelyden til mine småknøtt med doppler rundt uke 12.)

Magesmertene var ikkje så langt nede som i lysken, men litt lenger oppe. Tvilar som sagt på at det var ligamentsmerter eg kjente, uten at eg kan seia at eg veit korleis ligamentsmerter kjennest ut.

I starten bekymra eg meg ikkje over magesmertene, for ag tenkte at det ville gå fort over. Men smertene varte jo i 4 timar i strekk, før dei ga seg. Og utpå dagen neste dag, kjente eg smertene igjen nokre gangar. Så eg vil jo seia at smertene var meir langvarige, enn andre magesmerter eg har kjent så langt i graviditeten. Og smertene var ganske vonde også. :(

Kan ikkje heilt seia at smertene likna på MA-smertene eg hadde då eg var gravid i fjor. No kjente eg ei verking på eit bestemt punkt i magen, som kom jevnlig i vonde "tak". Då eg hadde MA-smerter i fjor, føltest det som ganske kraftige menssmerter, både i mage og rygg. Det som gjer at eg synst det var ekstra ekkelt med dei smertene eg kjente no rett før helga, var at magesmertene var på samme side og på samme plass i magen, som då eg hadde MA-smerter. Men som sagt, det var ein annan type smerte - og eg hadde ikkje vondt både i magen og ryggen denne gangen, men det hadde eg då eg opplevde ein MA.

Ja, eg skal insistera på at jordmor prøver å finna hjertelyden i neste veke! Då er eg 15 veker på vei, så då burde ho absolutt kunna finna den. Gjer ho ikkje det, så blir det ny UL. Orkar ikkje tanken på å venta heilt til ordinær UL med å få noko svar, i tilfelle noko er gale.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg saknar sånn graviditetssymptoma mine! Dei få symptoma eg hadde altså, som stort sett var uggenhet/kvalme. Andre påstår at magen min har vokse siste veka, men eg veit ikkje heilt kva eg skal tru. Klarar ikkje slutta å vera redd for at noko er gale, sjølv om eg prøver (og faktisk klarar ganske bra) å skyva vekk dei vonde tankane så ofte som mulig. Skulle berre ønskja at eg visste sikkert at alt var bra med den vesle babyen i magen min, og at eg berre kunne nyta resten av svangerskapet. Men så enkelt skal det visst ikkje vera. Eg som har gleda meg så utrulig til den dagen eg skulle bli gravid igjen, men så tør eg jo aldri å begynna å gleda meg ordentlig :sukk: Men det er vel kanskje sånn det er for oss slitarar, som har prøvd å bli gravide i fleire år, før me endelig lykkast? :vetikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går kveld hadde eg ein litt ekkel opplevelse. Mannen min har lenge spurt om litt sengekos, men eg har rett og slett ikkje tatt sjansen. :sjenert: Så det har ikkje blitt noko samleie på oss sidan eg testa positivt, for å vera på den sikre sida, sidan eg har følt meg så usikker på om det kjem til å gå bra med dette svangerskapet.

Men i går kveld gjekk eg motvillig med på det, men angra raskt! For då eg gjekk på do rett etterpå, var det litt blodig slim på dopapiret. :( Fekk først fullstendig panikk, og tenkte at no har me ødelagt alt! Men så kjente eg etter med fingen inni skjeden, og der var det ikkje antydning til blod. Men bak skjedeåpningen (på utsida) var det eit bittelite område, der eg blødde litt. Anar ikkje kvifor, men eg vart iallfall veldig letta over at blodet sannsynlegvis ikkje kom innanfrå. Håpar virkelig det stemmer, og at heller ikkje det første blodet på papiret, kom frå skjeden. Så eg stressar ikkje så veldig med det, for eg har ikkje sett antydning til blod i dag. Men ekkelt var det uansett. Ein får jo fullstendig panikk når ein ser blod på papiret som gravid!!! :(

Trur det blir ei stund til det blir sengekos igjen - det fristar liksom ikkje så veldig. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Neida,skaff deg en doppler,det hadde eg forrige gang,og det gjør alt mye bedre!

Leger anbefaler det ikke,fordi hvis du ikke finner hjertelyden,kan det bekymre deg mer.

Har du fått ord ul?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slimhinnen blir tynnere under graviditeten og det er helt normalt å blø litt etter sex, men skjønner du blir bekymret. Blod er blod og det pleier man å ha dårlige erfaringer med. Men jeg er sikker på at det bare var en liten rift :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Neida,skaff deg en doppler,det hadde eg forrige gang,og det gjør alt mye bedre!

Leger anbefaler det ikke,fordi hvis du ikke finner hjertelyden,kan det bekymre deg mer.

Har du fått ord ul?

Ja, det fristar veldig å skaffa meg ein doppler! Eg trudde ikkje legar anbefalte doppler, fordi bruk av doppler kunne stressa fosteret. Men viss grunnen berre er at ein ikkje er garantert å finna hjertelyden, så blir det jo noko heilt anna. ;)

Rart at du spør - eg fekk nemlig brev i posten i dag, med innkalling til ordinær UL! :) Eg har fått time tirsdag 17. juli - då er eg akkurat 18 veker på vei. Det er jo faktisk mindre enn ein månad til!

Brevet kom i posten akkurat 2 veker etter at eg var på forrige UL, då eg var litt over 12 veker på vei. Då sa gynekologen min at han skulle senda henvisning om ordinær UL til sykehuset, og det har han heldigvis gjort. :)

Det var noko anna då eg var gravid med jenta mi. Då skulle fastlegen min senda henvisningen om ordinær UL til sykehuset, når eg hadde time hos henne då eg var 12 veker på vei. Eg var hos jordmor 3 veker seinare, og ho spurte om eg hadde fått innkalling til ordinær UL. Eg svarte nei, men sa at fastlegen min skulle senda henvisningen då eg var der for 3 veker sidan. Jordmora mi mistenkte då at fastlegen min hadde gløymt å senda henvisningen, og det stemte faktisk! Jordmora mi ringte direkte til sykehuset, og dei hadde ikkje mottatt noko brev frå fastlegen min. :kjefte: Og det er langt frå den einaste gangen fastlegen min har rota, for å seia det sånn! Heldigvis er gynekologen min til å stola på. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slimhinnen blir tynnere under graviditeten og det er helt normalt å blø litt etter sex, men skjønner du blir bekymret. Blod er blod og det pleier man å ha dårlige erfaringer med. Men jeg er sikker på at det bare var en liten rift :klem:

Eg er nesten 100% sikker på at blødningen ikkje kom frå skjeden. Men eg veit ikkje kvifor eg begynte å blø litt utvendig. Kanskje mannen min pressa litt for hardt med utstyret sitt utvendig, før han traff riktig? :fnise: Ikkje veit eg, men litt merkelig var det jo. Og grusomt skummelt med ein gang, når eg såg blod på papiret då eg tørka meg, og ikkje ante kor blodet kom frå. :( Men som sagt, eg håpar og trur at det var ein utvendig, og dermed heilt ufarlig blødning.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg fekk forresten eit anna brev i posten i dag også, med resultatet av prøvane som vart tatt då eg tok blodprøve på første svangerskapskontroll for 2 veker sidan.

Det står i brevet at alle prøvane er fine! :) HIV-antistoff: ikkje påvist. Antistoff mor rubella-virus: påvist. Syfilis-test: ikkje påvist. Så er det ein ting eg ikkje skjønnar kva er. Det står at erytrocyttantistoff ikkje er påvist. Er det nokon som veit kva det er for noko?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det fristar veldig å skaffa meg ein doppler! Eg trudde ikkje legar anbefalte doppler, fordi bruk av doppler kunne stressa fosteret. Men viss grunnen berre er at ein ikkje er garantert å finna hjertelyden, så blir det jo noko heilt anna. ;)

Rart at du spør - eg fekk nemlig brev i posten i dag, med innkalling til ordinær UL! :) Eg har fått time tirsdag 17. juli - då er eg akkurat 18 veker på vei. Det er jo faktisk mindre enn ein månad til!

Brevet kom i posten akkurat 2 veker etter at eg var på forrige UL, då eg var litt over 12 veker på vei. Då sa gynekologen min at han skulle senda henvisning om ordinær UL til sykehuset, og det har han heldigvis gjort. :)

Det var noko anna då eg var gravid med jenta mi. Då skulle fastlegen min senda henvisningen om ordinær UL til sykehuset, når eg hadde time hos henne då eg var 12 veker på vei. Eg var hos jordmor 3 veker seinare, og ho spurte om eg hadde fått innkalling til ordinær UL. Eg svarte nei, men sa at fastlegen min skulle senda henvisningen då eg var der for 3 veker sidan. Jordmora mi mistenkte då at fastlegen min hadde gløymt å senda henvisningen, og det stemte faktisk! Jordmora mi ringte direkte til sykehuset, og dei hadde ikkje mottatt noko brev frå fastlegen min. :kjefte: Og det er langt frå den einaste gangen fastlegen min har rota, for å seia det sånn! Heldigvis er gynekologen min til å stola på. :)

Akkurat det har skjedd med meg, purret 2 ganger denne uken, og legen har enda ikke klart å sende over en henvisning, så nå måtte jeg ringe sykehuset igjen, og be på mine knær. Nå bytter jeg lege!

Men fikk time i dag, samme dato som deg!!!! Blir så spennende, jeg må nesten gjette hva du får, og tipper det blir en jente til:):)

Godt du kan stole på gynokologen din :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lege/jordmor anbefaler ikke at man bruker doppler hjemme, og det er ikke bare fordi man kan bli engstelig av å ikke finne fosterlyden.

Doppleren er en aktiv sensor, det vil si at den sender ut ultralyd, og måler det som reflekteres. Det har ikke vært påvist noen uheldige bivirkninger av dette, og man anser ultralyd og doppler som trygt å bruke.

Men: Denne tekonologien har vært i bruk i forholdsvis kort tid. Derfor har man ikke kartlagt langtidsvirkningene av ultralyd og doppler. (F.eks. om det kan påvirke eggcellene til jentebabyer.) Selv om man antar at det er ufalig, så er det ikke bevist at det er det. Derfor skal man være forsiktig med å utsette fosteret for ultralyd. Så vidt jeg kjenner til, er styrken på signalet fra hjemme-doppler også mye sterkere enn det som brukes under UL på sykehuset.

Jeg har doppler selv, som jeg har brukt i begge svangerskapene, men har bevisst begrenset bruken. Ikke brukt den lenger enn 10 minutter om gangen, og så ventet i to-tre dager før jeg har prøvd igjen. Og når jeg først har funnet fosterlyden, har jeg lagt den bort i en uke. (Det har tatt meg flere forsøk å finne fosterlyden i begge svangerskapene.)

Så eg er ikkje den einaste som har vore borti ein sløv fastlege altså? For nokon tullete legar me har! :kjefte: Eg har fortsatt den samme fastlegen som eg hadde då eg var gravid med jenta mi. Heldigvis var det gynekologen min som sendte henvisningen til sykehuset denne gangen. Så då slapp eg å oppleva at fastlegen min rota det til denne gangen også. ;) Jammen bra at du har ringt og purra på legen din. Og utrulig sløvt at han/ho fortsatt ikkje har klart å ordna det! At det er mulig, seier eg berre. :klaske:

Støttar deg i å bytta fastlege! Eg skal også bytta fastlege, og har tenkt på det lenge. For det første er eg ikkje noko særlig fornøyd med fastlegen min. I tillegg har me flytta til ein annan kommune, enn der eg har fastlege. Og sidan det sikkert kjem til å bli ein del legetimar utover i graviditeten, så synst eg det blir stress å ikkje ha fastlege her me bur. Problemet er berre at det for tida ikkje er nokon ledige fastlegar i den kommunen me no bur i. :( Men eg får følgja med, og bytta fastlege så fort det går.

Så bra at du fekk time til ordinær UL i dag! Fekk du time med ein gang, då du ringte direkte til sykehuset? Så gøy at me skal ha UL samme dag - det blir spennande! :Nikke: Men først vil eg ha overstått jordmortimen i neste veke, og forhåpentligvis få høyra hjertelyden då. For eg klarar ikkje la vera å bekymra meg for at noko kanskje er gale, sidan eg hadde magesmerter før forrige helg. :sjenert: Kvalmen er også over, så eg har liksom ingen "bevis" for at er gravid, føler eg. Korleis er formen din? Er du kvitt kvalmen, og har du mange graviditetssymptom?

Eg vil gjerne tippa kjønn på deg også. :) Men eg vil venta til UL nærmar seg litt meir, for akkurat no klarar eg ikkje å bestemma meg for om eg trur du ventar gutt eller jente. ;)

Eg har ingen sterk magefølelse, når det gjeld meg sjølv heller. Har på ein måte hatt litt guttefølelse denne gangen. Mens andre teoriar/"tegn" egentlig stemmer best med at det blir jente. Så eg veit jammen ikkje kva eg skal tru! ;)

Då eg var gravid med jenta mi, hadde eg egentlig jentefølelse heile tida. Men eg sa til meg sjølv at det sikkert var gutt, fordi eg hadde litt ekstra lyst på jente, og ikkje heilt klarte å tru på at det kunne vera ei lita jente i magen min.

Sjølvsagt blir eg like glad, enten det blir jente eller gutt denne gangen! :) Eg er lykkelig berre barnet i magen min lever, og at barnet er friskt når det blir født. Det er jo det som virkelig betyr noko! Men viss eg måtte ha valgt, så skal eg innrømma at eg ikkje hadde hatt noko imot å få ei lita jente til. For det første er det veldig praktisk, med at me då har veldig mykje klede og utstyr til jente frå før, og trenger å kjøpa mindre nytt. Jenta mi ønskjer seg også ekstra mykje ei lita søster. Jenta mi har også mange fetrar, men berre 2 kusiner. Så det kan godt koma fleire jenter i familien! Men mannen min ønskjer seg veldig gutt denne gangen, så me får sjå kva det blir til. ;) Eg blir iallfall like glad uansett, så lenge alt er bra med den lille i magen min! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lege/jordmor anbefaler ikke at man bruker doppler hjemme, og det er ikke bare fordi man kan bli engstelig av å ikke finne fosterlyden.

Doppleren er en aktiv sensor, det vil si at den sender ut ultralyd, og måler det som reflekteres. Det har ikke vært påvist noen uheldige bivirkninger av dette, og man anser ultralyd og doppler som trygt å bruke.

Men: Denne tekonologien har vært i bruk i forholdsvis kort tid. Derfor har man ikke kartlagt langtidsvirkningene av ultralyd og doppler. (F.eks. om det kan påvirke eggcellene til jentebabyer.) Selv om man antar at det er ufalig, så er det ikke bevist at det er det. Derfor skal man være forsiktig med å utsette fosteret for ultralyd. Så vidt jeg kjenner til, er styrken på signalet fra hjemme-doppler også mye sterkere enn det som brukes under UL på sykehuset.

Jeg har doppler selv, som jeg har brukt i begge svangerskapene, men har bevisst begrenset bruken. Ikke brukt den lenger enn 10 minutter om gangen, og så ventet i to-tre dager før jeg har prøvd igjen. Og når jeg først har funnet fosterlyden, har jeg lagt den bort i en uke. (Det har tatt meg flere forsøk å finne fosterlyden i begge svangerskapene.)

Ja, det var det eg trudde, at det ikkje berre var pga at ein kan bli engstelig om ein ikkje finner fosterlyden, at legar ikkje anbefaler doppler.

Trur rett og slett eg droppar å kjøpa meg doppler, sånn for å vera på den sikre sida! No skal eg jo til jordmor i starten av neste veke, og håpar at jordmora finner hjertelyden då. Og så er det ordinær UL 3 veker etter det igjen. Og då har eg jo kome så langt, at eg bør begynna å kjenna liv!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Aller første jordmortime i morgon, og eg gruar meg! :( Er så redd for at jordmora ikkje finner fosterlyden.

I dag er eg 15 veker på vei, men eg føler meg så lite gravid! Eg er ikkje kvalm lenger, og har ikkje vore det på eit par veker. Ikkje kjenner eg noko liv i magen enda heller. Ingen stikkingar/strekkingar i magen, av noko som helst slag heller. Det er fleire som påstår at magen min heilt tydeleg har vakse i løpet av dei siste vekene. Sjølv klarar eg ikkje å vurdera om det stemmer, eller ikkje. Men eg håpar iallfall at det er riktig, for då er det i så fall det einaste tegnet eg har på at babyen i magen min fortsatt er i live. Men eg tenker at grunnen til at magen min ser større ut, kan vera fordi eg ikkje er kvalm lenger, og at eg derfor får i meg litt meir mat enn før.

Prøver å ikkje tenka og bekymra meg for mykje, men eg merkar at no når jordmortimen nærmar seg veldig, så begynnar panikken å koma. :sjenert: For tenk om noko er gale, sidan eg hadde magesmerter for 1 1/2 veke sidan, og eg ikkje har nokon graviditetstegn for tida? :( Eg kryssar fingrar og tær for at alt er bra med den lille i magen min - noko anna orkar eg ikkje tanken på ein gang!

Klart det er ikke heldig å bruke den hver dag,jeg brukte ganske sjeldent,men en gang i blant når jeg ble bekymret:=)Da var den utrolig nyttig.

Hei

Det blir bra med en JM time i morgen, alt ser garantert bra ut, og du får høre en deilig hjertelyd!

Det er vel ikke vanlig å kjenne så mange symptomer nå? Det er derfor så mange blir bekymret i dette trimesteret.

Krysser fingrenne for deg!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Klart det er ikke heldig å bruke den hver dag,jeg brukte ganske sjeldent,men en gang i blant når jeg ble bekymret:=)Da var den utrolig nyttig.

Jada, viss ein ikkje brukar doppleren for ofte, så går det nok heilt sikkert bra! :) Men har eg ikkje hatt doppler enda, så skal eg prøva å klara meg uten resten av svangerskapet også. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei

Det blir bra med en JM time i morgen, alt ser garantert bra ut, og du får høre en deilig hjertelyd!

Det er vel ikke vanlig å kjenne så mange symptomer nå? Det er derfor så mange blir bekymret i dette trimesteret.

Krysser fingrenne for deg!!

Lykke til idag :klemmer:

Takk, begge to! :klem:

Ja, då har eg hatt min første jordmortime i dette svangerskapet! :) Eg er 15 veker på vei no. Fy søren så nervøs eg var, då eg kom dit i dag! Eg var rett og slett livredd for at noko skulle vera gale, og at jordmora ikkje kom til å finna hjertelyden. Men eg bekymra meg heldigvis uten grunn, for alt såg fint ut med babyen i magen min! :rodmer:

Jordmora eg har fått denne gangen, var heilt grei. Men ho kunne sjølvsagt ikkje samanliknast med den heilt spesielle og fantastiske jordmora eg hadde, då eg var gravid med jenta mi! :) Denne jordmora tok seg ikkje like god tid, og ho var ikkje like opptatt av meg og babyen i magen min, som den jordmora eg hadde forrige gang. Var litt meir som å vera på ein vanlig svangerskapskontroll hos lege. Heilt greit - men det kjem ikkje til å bli sånn denne gangen som det var sist, at eg gledar meg stort til kvar jordmorkontroll. For det gjorde eg virkelig då eg var gravid med jenta mi, sidan eg likte jordmora så utrulig godt! :)

I dag begynte eg iallfall med å fortelja om alle bekymringane mine dette svangerskapet. At eg hadde strevd lenge med å bli gravid, hatt ein abort - og at eg var redd for at noko var gale no, pga magesmertene eg hadde for snart 2 veker sidan. Eg forklarte jordmora korleis magesmertene kjentest ut, kor i magen smertene var, og kor lenge dei varte. Jordmora hadde egentlig ingen forklaring på kva magesmertene eg hadde, kunne koma av. Ho synst ikkje det høyrtest heilt ut som ligamentsmerter heller.

Jordmora sa så at ho kunne undersøka meg med ein gang, sidan eg var så bekymra. Det var på legekontoret eg hadde time hos jordmor, og der hadde dei ein gammalt UL-apparat. Jordmora sa at ho først kunne sjekka raskt med UL-apparatet, og så høyra etter hjertelyden etterpå. Eg var sjølvsagt kjempenervøs, då eg la meg på benken! Heldigvis dukka det raskt oppp eit bilete av den lille, på UL-skjermen. Me såg i bakhovudet på babyen, og ei hånd som bevegde på seg. :rodmer: Så då fekk eg iallfall bekrefta at det var liv der inne, og det var ein heilt fantastisk følelse! :) Det kom nokre tårer då, skal eg innrømma.

Etterpå skulle jordmora finna hjertelyden, og leita litt rundt på magen min, før eg plutselig fekk høyra ein tydelig og heilt fantastisk hjertelyd! :hjerter_rundt: Å, så glad eg vart då! Denne gangen låg hjertelyden på 156 slag i minuttet, som jo er innanfor normalen. :) Då eg var på UL i veke 12, var hjertelyden på så mykje som 200 slag i minuttet. Så det var supert at hjertelyden ikkje var så høg denne gangen!

Ellers var urinprøven normal - mens blodtrykket var litt høgt, slik det alltid blir når eg får målt det (fordi eg blir stressa, og ikkje klarar å slappa av). Blodtrykket var iallfall på 130/70, akkurat som på legekontrollen for 2 veker sidan. Og når det gjeld vekta mi, så er det merkelige greier! På første svangerskapskontroll hos legen, hadde eg gått ned fleire kilo, i forhold til den vekta eg hadde før eg vart gravid. Og i dag hadde eg gått enda litt ned i vekt! :sjenert: Skjønnar virkelig ingenting eg. For magen min veks jo, og kvalmen er over - så eg får i meg meir mat no, enn eg gjorde så lenge eg var kvalm. Ja ja, får iallfall håpa at vekta mi har gått litt opp igjen på neste kontroll, ellers begynnar eg virkelig å lura.

No håpar eg virkelig at alt går fint fram mot ordinær UL om 3 veker! At eg ikkje får noko meir magesmerter, ingen blødningar, og at eg snart begynnar å kjenna liv - sånn at eg kan klara å gleda meg ordentlig over den nydelige babyen i magen min! Akkurat no er eg iallfall veldig glad og optimistisk, og det følest herlig! :strix:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så godt at alt stod bra til Mirabella :klemmer: Håper du klarer å senke skuldrene litt mer nå. Bare tre uker til neste ul :strix:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...