Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Så godt at alt stod bra til Mirabella :klemmer: Håper du klarer å senke skuldrene litt mer nå. Bare tre uker til neste ul :strix:

Håpar virkelig eg klarar å senka skuldrene litt no, ja! For øyeblikket føler eg meg iallfall veldig glad og avslappa - så får me sjå kor lenge det varer. ;)

Ja tenk, berre 3 veker igjen til ordinær UL. Det er jo ikkje lenge til i det heile tatt! :) Håpar så veldig at alt ser fint ut med babyen då. Og så er eg så utrulig spent på å få vita om det er ein liten gutt eller ei lita jente, som gøymer seg i magen min! :rodmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Det er vel anbefalt å ta folat ut første trimester? Eg tok iallfall min siste folat-tablett no i veke 15. Måtte jo bruka opp alle tablettane i glaset eg hadde begynt på. ;)

Fekk anbefalt av jordmora på tirsdag, å begynna på kosttilskudd. Har ikkje tatt noko anna enn folat så langt i svangerskapet, eg. :sjenert: Kjøpte eit sånt kosttilskudd på apoteket, som er anbefalt for gravide. Problemet er berre at det er 4 store tablettar, som eg skal ta kvar dag! :(

For å seia det mildt, så har eg alltid strevd veldig med å svelga ned store tablettar! Begynte med den første og aller største tabletten i går, og det var sekundet før eg brekka meg. Så skulle eg prøva meg på ein av dei andre tablettane. Den smakte pyton, faktisk så ille at eg kasta opp litt. :spy: Eg orka ikkje ein gang å prøva å få i meg dei 2 siste tablettane, etter det. Og eg skal liksom få i meg 4 sånne tablettar kvar einaste dag! :sur: Det går berre ikkje! Kvifor må tablettane vera så store? Dei som produserer slikt, bør jo tenka på at det kan vera vanskelig for gravide (som ofte er kvalme i svangerskapet) å få ned fleire sånne digre tablettar om dagen. :( Og eg som til og med ikkje har vore kvalm dei 3 siste vekene! Korleis i alle dagar skulle eg då ha klart å få i meg noko slikt i første trimester?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å si det sånn, da omega3 tabelettene i den pakken begynte å henge fast på tungen droppet jeg de for en god periode og fant meg heller noen multivitaminer som hadde så og si samme innhold som pillene i pakken og spiste heller makrell i tomat i stedet for omega3 piller... Orket ikke tanken på mer oppkast enn nødvendig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For å si det sånn, da omega3 tabelettene i den pakken begynte å henge fast på tungen droppet jeg de for en god periode og fant meg heller noen multivitaminer som hadde så og si samme innhold som pillene i pakken og spiste heller makrell i tomat i stedet for omega3 piller... Orket ikke tanken på mer oppkast enn nødvendig.

Eg synst omega 3-tablettane var lettast å svelga (iallfall foreløpig), fordi dei var glatte og ikkje smakte noko. Problemet var berre at eg fekk litt transmak i munnen ei stund etterpå. :sprettoy: Den kvite tabletten strevde eg med å få i meg, fordi den var så ekstra stor. Men aller verst var det med den brune tabletten. For den smakte pyton, så eg brekka meg og kasta litt opp med ein gang eg fekk den inn i munnen. :(

Får sjå om eg får tak i nokon andre multivitaminar på apoteket, ja. Helst nokre som er små og smaklause. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No for tida kjenner eg enkelte dagar ei slags strekking i livmora. Har jo ikkje kjent noko til dette i første trimester - men no begynnar jo babyen i magen å bli såpass stor, at det ikkje er rart at livmora må begynna å veksa og strekka seg ordentlig no. ;)

Magen min har forresten blitt utrulig stor allerede! Då eg var gravid med jenta mi, fortalte me ikkje svigerforeldra mine at eg var gravid, før eg var 15 veker på vei. Då var det ingen som hadde sett det, eller mistenkt noko. No er eg akkurat 15 veker på vei, og eg har hatt tydelig gravidmage sidan før veke 12 denne gangen! Og sånn som magen min ser ut no i veke 15, så er det virkelig ingen som helst sjanse for at eg kunne ha klart å skjula magen for nokon! Alle ser jo kjempelett at eg er gravid. ;)

Det er vel sånn det blir, når eg ikkje har trent magemusklane mine etter forrige fødsel. :sjenert: Magemusklane mine er nok superslappe, og verre skal det nok bli etter at neste fødsel er overstått. Då blir eg nok nødt til å leggja meg i hardtrening! ;) Og så burde eg virkelig begynna å trena bekkenmusklane igjen. Gjorde det litt rett etter forrige fødsel, men har vore altfor sløv med det. Men eg hadde virkelig trengt å trent bekkenmuskulaturen fram mot neste fødsel, for eg hadde null kontroll over urinblæra rett etter forrige fødsel, og underlivet føltest heilt slapt, som om alle musklane der nede hadde forsvunne. :sjenert: Eg klarte knapt å gå over golvet dei første dagane etter fødselen. Ein skikkelig ekkel følelse! :( Det gjekk seg ganske fort til igjen. Men eg ser for meg at dette kanskje kjem til å bli enda verre etter neste fødsel, viss eg ikkje er flink til å trena bekkenmuskulaturen på forhånd. Så eg får berre ta meg sjølv i nakkeskinnet, og begynna treninga! :fnise:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har tatt to små piller av et glass som det står gravid på, og det er for prøvere og første trimester. Multivitamintilskudd altså. Veldig greie å ta :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hurra for hjertelyd og fine bilder av babyen i magen!! :rodmer:

Godt at jordmor virket grei. Det er virkelig langt mellom favorittene når det gjelder leger og sånn. Jeg hadde en superduper lege i forrige svangerskap! Hun var vikar for fastlegen min, og jeg hadde lyst til å bytte til henne når hun fikk seg fast jobb. Men sist jeg sjekket fastlegelistene, jobbet hun en times kjøring herfra, så jeg innser at jeg må ta til takke med min vanlige fastlege, som jo er helt ok. ;)

Stå på med bekkenbunnsøvelsene! :duskedame:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har tatt to små piller av et glass som det står gravid på, og det er for prøvere og første trimester. Multivitamintilskudd altså. Veldig greie å ta :)

Høyrest jo absolutt bedre ut enn dei tablettane eg har prøvd å få i meg! :) Så lenge tablettane er små og smaklause, går det greit å svelga dei ned. Får ta meg ein tur på apoteket, og sjå kva eg kan finna! :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra for hjertelyd og fine bilder av babyen i magen!! :rodmer:

Godt at jordmor virket grei. Det er virkelig langt mellom favorittene når det gjelder leger og sånn. Jeg hadde en superduper lege i forrige svangerskap! Hun var vikar for fastlegen min, og jeg hadde lyst til å bytte til henne når hun fikk seg fast jobb. Men sist jeg sjekket fastlegelistene, jobbet hun en times kjøring herfra, så jeg innser at jeg må ta til takke med min vanlige fastlege, som jo er helt ok. ;)

Stå på med bekkenbunnsøvelsene! :duskedame:

Veldig kjekt å få høyra hjertelyden, ja - og å få eit lite glimt av babyen i magen min. :)

Jordmora var heilt grei nok, men ikkje i nærheten av den fantastiske jordmora eg hadde i forrige svangerskap! Fastlegen min er ikkje akkurat noko å skryta av, for å seia det sånn. Eg hadde forresten ein fantastisk kvinnelig tannlege for nokre år sidan. Dessverre flytta ho, og eg fekk ein ny tannlege som eg berre er sånn middels fornøyd med.

Bekkenbunnsøvelsar ja, best eg kjem i gang no snart! :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er eg 16 veker på vei, og merkar at eg begynnar å bli litt utålmodig etter å kjenna bevegelsar frå den lille i magen min!

Då eg var på UL i veke 12, sa gynekologen at eg sannsynlegvis kom til å kjenna liv tidleg, sidan morkaka låg på bakveggen av livmora. Dessuten blir det jo sagt at ein vanlegvis kjenner liv tidlegare, når ein har vore gravid før.

Men samme kor mykje eg kjenner etter, så kjenner eg ikkje antydning til ein liten bevegelse ein gang. :( Då eg var gravid med jenta mi, fekk eg spørsmål på ordinær UL i veke 18, om eg hadde kjent liv enda. Eg svarte då at eg var litt usikker, men at eg ikkje trudde det. Ei veke seinare, då eg var 19 veker på vei, kjente eg for første gang tydelige bevegelsar, som eg var heilt sikker på at kom frå babyen. Men eg hadde liksom rekna med å kjenna noko tidlegare denne gangen. :sjenert: Synst det virkar som om alle fleirgangsgravide har kjent liv, når dei er så langt på vei som eg er no. Iallfall når morkaka ikkje ligg på framveggen av livmora.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott at alt ser bra ut! Jeg kjente liv betydelig senere andre gang til tross for morkake fremme første gang og bak andre gang. Men liv var det lell!

Endret av Klematis
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott at alt ser bra ut! Jeg kjente liv betydelig senere andre gang til tross for morkake fremme første gang og bak andre gang. Men liv var det lell!

Betryggande å høyra! :) Gledar meg så veldig til å kjenna dei første små sparka. :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 veker i dag! :)

No begynnar eg å bli skikkelig utålmodig altså, for no synst eg det er på høg tid at eg begynnar å kjenna bevegelsar/spark frå babyen i magen min! :sjenert:

Eg trudde heilt fram til for nokre dagar sidan, at eg ikkje kjente liv før eg var 19 veker på vei, då eg var gravid med jenta mi. Men eg leste i dagboka mi frå den gang, og fann ut at det ikkje stemte. I veke 19 skreiv eg i eit innlegg, at no var eg heilt sikker på at det var babyen min eg kjente, fordi sparka var såpass sterke, at det ikkkje kunne vera noko anna. Skreiv så at eg allerede i veke 15 hadde kjent noko eg lurte på om var eit lite spark, men at eg ikkje hadde vore heilt sikker på det, før no. For når eg kjente spark i veke 19, kjentest det akkurat likt ut som det eg hadde kjent i veke 15, berre at det no var kraftigare. Eg hadde kjent det samme igjen i veke 16, altså ei veke seinare. Så hadde eg kjent slike små minispark nokre få gangar til, fram til veke 19, då eg først vart heilt sikker på at det var spark eg hadde kjent.

Eg er jo 17 veker på vei no, og det betyr at eg burde ha kjent dei første sparka allerede for eit par veker sidan. :( Det blir jo til og med sagt at det er vanlig å kjenna liv tidlegare, når ein har vore gravid før. Dessuten ligg morkaka mi på bakveggen i livmora, noko som også betyr at eg burde kunne kjenna liv tidleg. Men samme kor mykje eg kjenner etter, så har eg ikkje kjent antydning til ein bitteliten bevegelse/spark enda. :(

Etter at eg var hos jordmor i veke 15, har eg slappa mykje meir av. Men no kjenner eg at eg begynnar å bli kjempestressa igjen, for at noko er gale. :sukk: Eg har ikkje hatt magesmerter, blødningar eller noko, så sånn sett er det jo ingenting som tyder på at noko er gale. Men eg klarar berre ikkje slutta å tenka på at eg ikkje har kjent antydning til liv enda, og det likar eg absolutt ikkje!

Kjenner at eg begynnar å grua meg meir og meir til UL i neste veke - eg som hadde så lyst til å berre gleda meg til den dagen. :( Min største skrekk er at babyen i magen min ikkje lever lenger, eller at noko er gale med den lille.

Finst det ei naturlig forklaring på at eg ikkje har kjent liv enda, eller? Eg klarar iallfall ikkje å koma på noko. :sukk:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det hadde forresten vore kjekt å hatt ei tippeliste klar, før UL i neste veke! :) Sjølv om eg er redd for at noko er gale, så nektar eg å tru at eg kan vera så uheldig. Dette MÅ berre gå bra, no når eg har kome så langt på vei! Håpar ei slik tippeliste kan få meg til å tenka litt meir positive tankar, fram mot den skumle ULen.

Trur ikkje eg vil tippa sjølv, for eg har ingen spesiell magefølelse på om det blir gutt eller jente. I starten av svangerskapet hadde eg ganske sterk guttefølelse. Men etter at eg fekk høyra hjertelyden, som var på 156 (trur eg det var) slag i minuttet, som jo er typisk jentelyd - vart eg veldig usikker. Eg har også ete utrulig mykje frukt dette svangerskapet. Var stort sett det einaste eg hadde lyst på så lenge eg var kvalm, akkurat som då eg var gravid med jenta mi. Når det gjeld kvalmen, har eg vel vore omtrent like mykje kvalm som sist. Men denne gangen gjekk eg rundt og følte meg uggen/småkvalm nesten heile tida, men kasta sjelden opp. Då eg var gravid med jenta mi, vart eg berre plutselig kjempekvalm, kasta opp - og så var eg heilt fin igjen etterpå. Så kvalmen har vore litt annleis denne gangen, noko som kanskje kan tyda på gutt? Generelit sett har dette svangerskapet vore ganske ulikt det forrige svangerskapet så langt, med tanke på symptom og sånt.

Eg føler altså at det er ting som både kan tyda på jente og på gutt, derfor klarar eg heller ikkje å bestemma meg for kva eg trur. ;) Så det får bli opp til dåke andre å tippa på kjønn! :) Blir det ein liten :babygutt: , eller kanskje ei lita :babyjente: ? Tipp i vei!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tipper jente. :babyjente:

Det kan være flere grunner til at du ikke har kjent spark ennå. Kanskje den lille har funnet en favorittstilling med ryggen ut mot magen din og sparker mot morkaka. Da er det ikke så rart om du ikke kjenner noe ennå.

Håper du får kjenne noen sprell fra knøttet snart. Synes det har vært nok bekymringer nå. :kose:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heia

Tipper ei liten prinsesse jeg:)

Kjøp deg en doppler!!! Du kommer til å få hjerteproblemer av alle disse bekymringene, en doppler vil lette så mye for deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Mirabella, snikleseren melder seg med en kommentar: Det er vanlig at man ikke kjenner liv før i uke 20-22, og det er ikke alle som kjenner liv tidligere selv om de har født tidligere. Det kan også være foranliggende morkake, som nevnt. Alt er sikkert fint! Men jeg skjønner selvfølgelig hvorfor du ikke helt klarer å slappe av, det er helt naturlig. Håper du kjenner de første sparkene snart :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Enda en snikleser melder seg :) Jeg tipper også gutt!

Endret av Frøken Vims
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...