Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Bare innom å oppdaterer meg litt :)

Tenk å ha kommet over de magiske ukene. du er så heldig :klemmer:

Ja, det følest herlig å ha passert veke 12! :)

Men det er lenge igjen fortsatt, så eg slepper ikkje gleda ut for fullt heilt enda. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Fosterlyden kan være høy når fosteret er veldig aktiv.

Herlig at alt ser ut til å være flott foreløpig :) Når blir det UL igjen? Blir det den ordinære?

(Pulsen på Lita på forige kontroll var mye høyere enn den pleier å være, men det var fordi hun var en mark i magen min når jordmor skulle måle)

:hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Deilig å høre at alt så fint ut med den lille i magen på UL! :strix::roser:

Hvis du er engstelig med tanke på fosterlyden, synes jeg du skal ta en telefon til jordmor, så hun kan berolige deg. Men det er jo alltid sånn med "normalverdier", at det ikke er alle som passer inn i tabellen, uten at det er noe galt av den grunn.

Nå er det bare noen få uker til du begynner å kjenne spark fra den lille krabaten!! Litt lettere å slappe av da.

Nå som det har gått 12 uker og ultralyden var fin, drister jeg meg til å komme med et lite

GRATULERER!!!

Og så fikk jeg jammen rett i spådommen min om at vi begge to skulle gå rundt og ruge i 2012! :hoppendeglad:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fosterlyden kan være høy når fosteret er veldig aktiv.

Herlig at alt ser ut til å være flott foreløpig :) Når blir det UL igjen? Blir det den ordinære?

(Pulsen på Lita på forige kontroll var mye høyere enn den pleier å være, men det var fordi hun var en mark i magen min når jordmor skulle måle)

:hug:

Ja, veldig godt at alt såg fint ut med babyen i magen min! :) Men eg bekymrar meg fortsatt litt over den raske hjertelyden. :sjenert: Gynekologen min veit at eg har vore veldig redd for at det skulle gå gale denne gangen også, og at eg ikkje har klart å gleda meg ordentlig over graviditeten enda. Derfor er eg litt redd for at han sa at fosterlyden var normal, for at eg ikkje skulle bekymra meg enda meir. Men eg håpar jo at han var ærlig, og faktisk meinte det når han sa at alt var fint!

Eg veit at fosterlyden kan bli høgare, når fosteret er veldig aktivt. Har også høyrt at når den gravide er stressa, kan det også gi høgare fosterlyd. Leste også på nettet at tidleg i svangerskapet er hjertet umodent, og at fosterlyden då kan vera både lavare og høgare innimellom enn normalområdet, som er mellom 110 og 160 slag i minuttet. Men eg såg ein oversikt over fosterlyd som var registrert hos ulike foster tidleg i graviditeten. Og der var den høgast målte hjerteaktiviteten, på 190 slag i minuttet. Og då synst eg 200 slag i minuttet virkar ganske ekstremt! :(

Har funne ut at eg var ca 15-16 veker første gang eg fekk målt fosterlyden, då eg var gravid med jenta mi. Og fosterlyden hennar låg alltid mellom 140 og 150 slag i minuttet, heilt frå første gang den vart målt. Så eg klarar ikkje heilt å slappa av med tanke på den raske hjerteaktiviteten denne gangen, sjølv om eg berre var litt over 12 veker no når fosterlyden vart målt for første gang. Eg får berre kryssa fingrane for at alt er bra, og at eg bekymrar meg unødig! Håpar iallfall at eg får høyra fosterlyden når eg skal på min første jordmorkontroll om 2 veker, og at den er normal då.

Det blir ikkje ny UL før den ordinære ULen, nei. Eg har ikkje fått time til ordinær UL enda, men håpar brevet snart dukkar opp i postkassen. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Deilig å høre at alt så fint ut med den lille i magen på UL! :strix::roser:

Hvis du er engstelig med tanke på fosterlyden, synes jeg du skal ta en telefon til jordmor, så hun kan berolige deg. Men det er jo alltid sånn med "normalverdier", at det ikke er alle som passer inn i tabellen, uten at det er noe galt av den grunn.

Nå er det bare noen få uker til du begynner å kjenne spark fra den lille krabaten!! Litt lettere å slappe av da.

Nå som det har gått 12 uker og ultralyden var fin, drister jeg meg til å komme med et lite

GRATULERER!!!

Og så fikk jeg jammen rett i spådommen min om at vi begge to skulle gå rundt og ruge i 2012! :hoppendeglad:

Takk for gratulasjon! :klem: Gratulerer så mykje til deg også, viss eg ikkje har gratulert deg før! :klemmer: Går litt i surr for meg kven sine dagbøker eg er innom for tida, for eg har vore så opptatt med min eigen graviditet i det siste. :sjenert: Men veldig kjekt at du fekk rett i spådommen din iallfall! :) Eg hugsar då du sa det, og eg håpte så veldig at du ville få rett - og det gjorde du jo heldigvis! :rodmer:

Eg skal til jordmor om 2 veker, så eg får prøva å halda ut fram til då. Håpar virkelig ho finner fosterlyden, og at den ikkje er like rask som den var på UL i forrige veke. Då er eg 15 veker på vei, så då bør iallfall fosterlyden ha gått ned viss alt er normalt.

Rart å tenka på at det ikkje er mange vekene igjen til eg forhåpentligvis begynnar å kjenna bevegelse, ja! :) Blir nok absolutt lettare å slappa av då. No har eg egentlig ingen som helst tegn på at eg er gravid. Eg har ikkje følt meg kvalm på ca ei veke, og den eine gangen eg var kvalm då, var det ei heil veke sidan forrige gang. Ikkje har eg stikkingar/strekkingar i magen heller, eller nokon andre graviditetstegn. Så egentlig synst eg det var veldig rart å sjå på UL i forrige veke, at fosteret hadde vakse og var akkurat så stort som det skulle vera! ;) Eg har liksom merka så lite til graviditeten, synst eg. Det einaste eg merkar no,er at det fortsatt ikkje er noko mat som fristar. Eg et som normalt - men ikkje fordi eg har lyst på mat, berre for å bli mett. Frukt er stort sett det einaste eg har lyst på. Ja, og kanskje is. Syltetøy og skinke f.eks, fristar ikkje som pålegg lenger. Kan eta det, men det blir sjelden, sidan eg egenltig ikkje har lyst på det.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har vore på min første svangerskapskontroll i dag. Eg er no 13 veker på vei. Første svangerskapskontroll var like kjedelig, som eg hugsar frå forrige gang eg var gravid. Forskjellen var at forrige gang hadde eg store forventningar. Det hadde eg ikkje denne gangen, dermed vart eg heller ikkje skuffa. ;)

Legen fylte ut helseskjema. Urinprøve og blodprøve var fine. Blodtrykket mitt var litt høgt, som vanlig. Eg blir nemlig alltid kjempestressa når eg skal måla blodtrykket, og kjenner at pulsen stiger med ein gang! :sjenert: Legen måtte måla blodtrykket 3 gangar, og enda opp på 130/70. Blodtrykket var lavare dei to siste gangane legen målte det, men det var jo fortsatt litt høgt. Tippar at blodtrykket hadde vore lavare viss eg hadde klart å vera heilt rolig og avslappa, men det klarar eg aldri når blodtrykket skal målast! :(

Eg måtte også vega meg. Og merkelig nok hadde eg gått ned fleire kilo, i forhold til kva eg vog før eg vart gravid! :overrasket: Synst det var litt rart, for eg et som normalt, sjølv om det er lite mat som fristar. Dessuten synst eg at eg har fått skikkelig kul på magen allerede! Etter UL forrige veke, då eg var litt over 12 veker på vei, har eg fortalt om graviditeten til veldig mange - for no er det ikkje hemmelig lenger. Og då var det fleire, både på jobben og andre, som allerede hadde lurt på om eg var gravid, fordi dei synst magen min hadde blitt større. Då eg var så langt som dette på vei med jenta mi, trur eg ikkje at magen viste i det heile tatt. Så det er iallfall sant det som blir sagt, at magen kjem fortare når ein har vore gravid før! ;)

På svangerskapskontrollen i dag, ville ikkje legen prøva å finna fosterlyden, og det hadde eg ikkje rekna med at ho ville gjera heller. Håpar iallfall at eg får høyra hjertelyd når eg skal til jordmor om eit par veker! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

13 uker :strix:

Tenk at du har kommet i gang med de offisielle kontrollene og skal til JM om noen uker :tommel: Håper du får høre hjertelyden til den lille i magen. Får du samme jordmor denne gangen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra for 12 uker :)

Edit: ... og 13 uker ... :takke:

Takk! :klem:

13 uker :strix:

Tenk at du har kommet i gang med de offisielle kontrollene og skal til JM om noen uker :tommel: Håper du får høre hjertelyden til den lille i magen. Får du samme jordmor denne gangen?

Takk! :klemmer:

Ja, det er rart å tenka på at eg har passert 12 veker allerede. Håpar virkelig eg får høyra hjertelyd når eg skal til jordmor, ja.

Skulle virkelig ønska at eg kunne fått samme jordmor denne gangen, som eg hadde forrige gang - for ho var virkelig heilt fantastisk! Men me har flytta til ein ny kommune sidan eg var gravid med jenta mi, så det er dessverre ingen sjanse for det. :( Får berre håpa at den nye jordmora mi også er grei. Men det skal veldig mykje til at eg blir like fornøyd med jordmora mi denne gangen, som eg var sist.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg er bekymra - igjen! :( Kvifor kan aldri desse dumme bekymringane ta slutt, sånn at eg kan begynna å gleda meg ordentlig over graviditeten? :sukk:

I dette svangerskapet har eg heldigvis ikkje blødd i det heile tatt, iallfall ikkje enda. Men i går kveld fekk eg så vondt nederst i magen, på høgre side. :( Det føltest som ei slags verking, som kom med jevne mellomrom. Kjentest ikkje heilt ut som menssmerter, men det likna. I starten tenkte eg at det sikkert var noko heilt ufarlig, men smertene kom og gjekk i 4 timar i strekk i går kveld. :( Gjekk og la meg då eg ikkje hadde noko vondt lenger. Då var klokka nesten 11 om kvelden, og eg begynte å kjenna smertene litt før kl 7 om kvelden. Eg sovna, og kjente ikkje noko vondt i dag tidleg. Men i løpet av dagen har eg kjent smertene igjen nokre få gangar, men mykje mindre enn i går kveld. No i kveld merkar eg ingenting lenger.

Må seia at eg er livredd for at dette er ein ny MA, eller starten på ein SA. :trist: Då eg mista tidleg i fjor, var det kun menssmerter i mage og rygg eg kjente nokre gangar, eg hadde ingen blødningar. Så eg er minst like redd for magesmerter, som for å blø! Alt såg jo fint ut på UL for akkurat ei veke sidan, og eg veit at det berre er 1% sjanse for abort når ein har passert 12 veker. Så oddsa er jo absolutt på mi side, sidan eg no er over 13 veker på vei! Likevel klarar eg ikkje å slappa av, for eg er så redd for at noko er gale. :(

Uff, no er eg så drittlei av alle bekymringar! :kjefte: Kvifor skal det vera så mange bekymringar med å vera gravid denne gangen? Eg hatar at eg har måtta streva i nesten 3 år for å få denne lille spiren i magen min, og eg hatar at eg måtte oppleva ein MA i fjor. For det er dette som har gjort meg så livredd for at noko skal gå gale igjen! Og når eg no endelig har passert 12 veker, så nektar eg å godta at det skal gå gale no, når alt har gått fint så langt. Det taklar eg berre ikkje. :( Eg kryssar fingrane for at alt fortsatt er bra med babyen i magen min, noko anna er utenkelig! Men eg merkar som sagt at eg er redd - igjen. Og det er ingen god følelse. :trist:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:hug:

:klem:

Hei!

Hvordan går det med deg??????

:klemmer:

:klem:

Luremegpå: Det går greit med meg no. Har ikkje kjent noko meir til magesmertene, sidan torsdag/fredag. Men eg er veldig spent på jordmortimen om ei veke. Då VIL eg høyra hjertelyden, for å få eit svar på om babyen i magen min har det bra. Vart litt skremt av dei der magesmertene, for å seia det mildt. :(

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje hatt vondt i magen andre gangar, enn då eg hadde dei smertene nede til høgre i magen i helga, som var ganske sterke og langvarige. Derfor vart eg ekstra bekymra, spesielt sidan smertene varte så lenge. :( Forresten så hadde eg jo menssmerter innimellom, dei første vekene av graviditeten. Men etter at det ga seg, så har eg ikkje kjent nokon magesmerter før no i helga.

Men i går kveld kjente eg ein slags ømhetsfølelse/strekking midt i magen, veldig langt nede. Minnar om noko eg kjente jevnlig då eg var gravid med jenta mi, så akkurat det ser eg på som eit positivt tegn. Tippar det er livmora som veks og strekker seg. Er det det som blir kalla ligamentsmerter, eller er det noko anna?

Ja, og så må eg tissa ofte for tida. Kan våkna om natta eller tidleg om morgonen, og er så sprengt at det gjer vondt. :( Vanlegvis må eg aldri på do i løpet av natta, og urinblæra er aldri så sprengt som no, om morgonen. Eg hugsar dette godt igjen frå forrige svangerskap. Det var spesielt på slutten av svangerskapet, at dette plaga meg då. Måtte tissa heile tida, både dag og natt. Jenta mi låg heile tida og pressa på urinblæra mi, og det var skikkelig ubehagelig. Eg kjente aldri spark opp mot ribbeina, slik mange opplever i siste del av svangerskapet. Men urinblæra mi fekk skikkelig kjørt seg! :sprettoy:

Eg har berre kasta ordentlig opp nokre få gangar dette svangerskapet, men eg har vore kvalm og brekka meg ofte. Forrige graviditet kasta eg opp ofte, men var lite kvalm utenom oppkast-rundane. Denne gangen har eg følt meg meir uggen/småkvalm generelt, men har som sagt kasta opp mindre. Kvalmen er over her no. Ga seg då eg passerte 12 veker. Kvalmen forsvant omtrent på same tid, då eg var gravid med jenta mi. Så eg er usikker på om det er mest sannsynlig med gutt eller jente denne gangen. For eg har vore like mykje kvalm som då eg var gravid med jenta mi, men har kasta opp mindre. Det blir jo sagt at ein er meir kvalm når ein er gravid med jente, enn med gutt. Men eg veit jammen ikkje om eg har vore meir eller mindre kvalm denne gangen. Det har berre vore på ein litt annan måte enn sist!

Når det gjeld matlyst, så er det akkurat likt som forrige gang eg var gravid! Det er egentlig ingen mat som fristar. Og eg har lyst på frukt heile tida, akkurat som då eg var gravid med jenta mi. Sjokolade, chips og anna snop fristar ikkje i det heile tatt - akkurat som sist det også. Så med tanke på kva mat eg foretrekker, så er det kanskje mest sannsynlig at det blir ei jente til, sidan eg har lyst/ikkje lyst på den samme maten denne gangen? Men eg stoler ikkje så veldig på desse "teoriane", så eg tenker vel at det er like sannsynlig at det blir gutt som at det blir jente. ;)

No er det berre ei veke igjen til første jordmortime, og eg håpar så veldig at ho vil høyra etter hjertelyden! Finn ho den ikkje, så kjem eg til å kreva ny UL. For då kjem eg til å bli dritnervøs for at noko er gale, pga magesmertene eg hadde i helga. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heia

Er bare raskt innom...

Men altså, mensmerter, jeg har mye av det hver dag, det er skikkelig ubehagelig, men jeg gikk til legen for å sjekke det, men det viste seg at slike smerter , kan være bekkenet ditt, har du sjekket det??

Få deg en doppler etter du har vært hos JM, så slipper du bekymre deg hele veien! Er på jobb, stikker innom i løpet av dagen, og får litt oppdatering!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg har også diverse vondter i magen. Tror ligamentsmertene er de smertene som sitter langt nede på siden, nesten i lysken. Jeg ville ikke bekymret meg for diverse magevondter, så lenge de ikke er langvarige eller veldig vonde, da. Men skjønner jo at du blir engstelig når smertene ligner på MA-smertene du hadde.

Ja, jeg synes du skal insistere på at jordmor prøver å finne hjertelyden. Du er vel så langt på vei nå at det ikke skulle være såååå vanskelig å finne den. (Jeg har funnet hjertelyden til mine småknøtt med doppler rundt uke 12.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heia

Er bare raskt innom...

Men altså, mensmerter, jeg har mye av det hver dag, det er skikkelig ubehagelig, men jeg gikk til legen for å sjekke det, men det viste seg at slike smerter , kan være bekkenet ditt, har du sjekket det??

Få deg en doppler etter du har vært hos JM, så slipper du bekymre deg hele veien! Er på jobb, stikker innom i løpet av dagen, og får litt oppdatering!

Eg har ikkje menssmerter no lenger. Menssmerter kjente eg berre jevnlig frå egget festa seg, og fram til eg var ca 7 veker på vei. Etter det, har eg ikkje kjent noko meir til menssmertene. Dei magesmertene eg kjente rett før helga, var ei heilt anna smerte. Ei slags verking nede til høgre på eit bestemt punkt i magen, som kom jevnlig fleire timar i strekk.

Har ofte tenkt på at eg burde ha skaffa meg ein doppler! Men så har eg høyrt at fosteret kan bli stressa av det, så derfor har eg ikkje gjort det. Men ein doppler hadde nok vore veldig beroligande å ha, alle dei gangane eg er bekymra for om babyen i magen min har det bra.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...