Gjest ingrediens Skrevet 21. november 2008 #1 Del Skrevet 21. november 2008 (endret) Hei! Etter å ha vore snik-kikkar her over lenger tid har eg endelig funne ut at eg kunne starte mi eige dagbok, i staden for å berre smugkikka i dykkar bøker! Endret 26. november 2008 av ingrediens Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 21. november 2008 #2 Del Skrevet 21. november 2008 (endret) Kan starte med å fortelja litt om meg sjølv, så de får eit lite innblikk i kven eg er! Eg er ei jente på 19 år. Eg har gjort meg ferdig med vidaregåande skule, men er ikkje klar for å studera vidare så har begynt å jobba. Eg jobbar som prosjektkoordinator i eit firma innan olje- og skipsindustrien! Eg er frå nordvestlandet, noko som de kanskje kan skjøna, sidan eg skriv nynorsk! Eg bur i lag med kjærasten min i eit stort hus, og er ganske fornøgd! Me har vore i lag sidan 11.08.06. Nokon kan kanskje synest at det er rart at me har kjøpt hus til tross for at eg fortsatt er ganske ung, men når me veit at me vil dela livet med kvarandre så er nok ikkje det noko problem. Sambuaren min er 14 år eldre enn meg, altså 33. Mange synest dette er rart, men i min verden er alder berre eit tal. Håpar at eg kan få mange tankar på "papiret" her, og diskutere og prate mykje med dykk! Endret 26. november 2008 av ingrediens Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 21. november 2008 #3 Del Skrevet 21. november 2008 No gler eg meg slik til eg er ferdig på jobb for dagen! Då er det endelig helg! og... eg får endeleg sjå min kjære igjen Han er vekependlar, så han er berre heime i helgene! Det er jo så klart litt kjedelig, men endå kjekkare når han fyrst kjem heim! Og i tilegg er det jo greit å få litt tid åleine:) I helga skal me slappe mye av, og kose oss! Har vore mykje stress i det siste, på grunn av flytting til nytt hus, og mykje som skal gjerast. Har ikkje blitt så mykje kvalitetstid kan du sei, men i kveld skal me endelig kosa oss! Har rydda og vaska heile huset så håper han blir glad når han kjem heim! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 23. november 2008 #4 Del Skrevet 23. november 2008 Då var helga over og sambo har reist på jobb igjen! Kjedelig å vera åleina, men litt deilig likevel og slenge seg på sofaen med ein stor kopp te, ei god bok, og varmt teppe! Hadde ei fantastisk helg. Fredagen gjekk med til ein bedre middag og mykje kos. Han hadde jo trossalt vore vekke sidan forrige søndag. Såg ein film, men me sovna begge to midt i filmen. Var heilt kjørt etter ei heil veke på jobb! Lørdag ordna me mykje. Skifta hjul på bilane, monterte eit nytt skap til stova, ordna litt inne og eg måka snø! (Me har endelig fått litt snø her, sjølv om den sikkert berre ligg nokre dagar - pleie ikkje vera så mykje snø med kysten). Lørdagskvelden tok me på sofaen, med litt TV- og filmtitting. I dag har me ikkje gjort så mykje. Sambo reiste klokka 12, men før det fekk me tid til å vera ute å leika i snøen! Blei ganske romantisk med snøballkrig og det heile, før me landa i snøen begge to - utslitt og kalde. Var godt å komme inn å ta ein varm dusj då, før han reiste på jobb igjen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 24. november 2008 #5 Del Skrevet 24. november 2008 Då var det ei ny veke og eg er tilbake på jobb! Har mykje å gjera i dag, men klarer likevel ikkje å la vera å ta ein tur innom KG. *Er blitt fullstendig avhengig* I dag blir det overtid, og eg kjem ikkje heim før nærmare halv 6. Menmen, slik går det. Har fleksitid, så tar tidlig helg i slutten av veka eller noko! Når eg kjem heim i dag må eg vaske mykje kle, og i tilegg skal eg ha ei god treningsøkt. Som de kanskje ser på signaturen min har eg ein ticker over BMI-en, så eg satse på at eg når målet etter kvart! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 26. november 2008 #6 Del Skrevet 26. november 2008 Då var det onsdag, kjedeligaste dagen i veko sidan den ligg midt i mellom måndag og fredag! Men er jo forøvrig veldig greit når ein er ferdig med onsdagen fordi det då nærmar seg helg! Det vil òg sei at sambo snart kjem heim I dag skal eg ordna ein del ting! Blir masse klesvask, som fortida berre ligg og flyt. Skal trena, og etterpå vaska treningsapparata på treningsrommet heime! I tilegg har eg forhåpentligvis fått alle dvd-ane eg har bestilt i posten i dag! Har bestilt Mamma Mia (er jo release i dag), Sex and the city samleboks, og filmen! Så tippe detta kjem til å ta mykje av tida mi framover! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pratejent Skrevet 26. november 2008 #7 Del Skrevet 26. november 2008 Faktisk ganske interessant lesning dette her *mine innlegg* Håper det går bra Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 27. november 2008 #8 Del Skrevet 27. november 2008 Torsdag i dag=) Berre eit par dagar igjen og så er det helg! Hadde fått filmane mine i posten i går! Såg Mamma Mia ikkje mindre enn TRE gonger! Den var så ufattelig bra! Eg er ikkje ein av dei over 1000000 nordmenn som har sett den på kino, men er derimot ein av 500000 nordmenn som hadde forhåndsbestilt den! Digga filmen. Såg den orginale 2 gonger og Singalong 1 gong:) Såg film til klokka eit i natt, så var ikkje noko problem å sovna då - til tross for at det var ganske forferdelig vêr. Er jo ganske vêrhardt i området her! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest WildRider Skrevet 27. november 2008 #9 Del Skrevet 27. november 2008 Hei hei, ønsker deg en god morgen! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 27. november 2008 #10 Del Skrevet 27. november 2008 Hei hei, ønsker deg en god morgen! Takk for det, og god morgen til deg òg=) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest tyttebær Skrevet 27. november 2008 #11 Del Skrevet 27. november 2008 (endret) No har eg endlig registrert meg eg òg! Måtte slutta å berre snike rundt tilslutt! Hehe=) Endret 27. november 2008 av tyttebær Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 27. november 2008 #12 Del Skrevet 27. november 2008 (endret) Hehe;) Så bra! Endret 27. november 2008 av ingrediens Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 27. november 2008 #13 Del Skrevet 27. november 2008 OK! Må berre få da ut!! Som du kanskje ser har eg sletta prøverdagboka mi i dag! Tok ein graviditetstest i dag tidleg, og den viste positiv! Tok ein ny ein når eg kom heim frå jobb - positiv. Tok ein ny ein for 2 min sidan - positiv!!!!!! ENDELIG fått da ut=) No e da berre å håpa på at da stemme osv! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pratejent Skrevet 27. november 2008 #14 Del Skrevet 27. november 2008 Gratulerer! Får håpe alt går bra Lykke til! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ingrediens Skrevet 28. november 2008 #15 Del Skrevet 28. november 2008 Takk for det! Har registrert meg på BIM.no no! Passa liksom bedre inn der! Kjem til å oppdatera litt her òg, men de kan følga meg vidare der om de vil! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå