Gå til innhold

Ingrediens i det eine og det andre!


Gjest ingrediens

Anbefalte innlegg

Gjest ingrediens

Hei!

Etter å ha vore snik-kikkar her over lenger tid har eg endelig funne ut at eg kunne starte mi eige dagbok, i staden for å berre smugkikka i dykkar bøker!

Endret av ingrediens
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjest ingrediens

Kan starte med å fortelja litt om meg sjølv, så de får eit lite innblikk i kven eg er!

Eg er ei jente på 19 år. Eg har gjort meg ferdig med vidaregåande skule, men er ikkje klar for å studera vidare så har begynt å jobba. Eg jobbar som prosjektkoordinator i eit firma innan olje- og skipsindustrien!

Eg er frå nordvestlandet, noko som de kanskje kan skjøna, sidan eg skriv nynorsk! Eg bur i lag med kjærasten min i eit stort hus, og er ganske fornøgd! Me har vore i lag sidan 11.08.06. Nokon kan kanskje synest at det er rart at me har kjøpt hus til tross for at eg fortsatt er ganske ung, men når me veit at me vil dela livet med kvarandre så er nok ikkje det noko problem. Sambuaren min er 14 år eldre enn meg, altså 33. Mange synest dette er rart, men i min verden er alder berre eit tal.

Håpar at eg kan få mange tankar på "papiret" her, og diskutere og prate mykje med dykk!

Endret av ingrediens
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest ingrediens

No gler eg meg slik til eg er ferdig på jobb for dagen! Då er det endelig helg! og... eg får endeleg sjå min kjære igjen :) Han er vekependlar, så han er berre heime i helgene! Det er jo så klart litt kjedelig, men endå kjekkare når han fyrst kjem heim! Og i tilegg er det jo greit å få litt tid åleine:)

I helga skal me slappe mye av, og kose oss! Har vore mykje stress i det siste, på grunn av flytting til nytt hus, og mykje som skal gjerast. Har ikkje blitt så mykje kvalitetstid kan du sei, men i kveld skal me endelig kosa oss!

Har rydda og vaska heile huset så håper han blir glad når han kjem heim!:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest ingrediens

Då var helga over og sambo har reist på jobb igjen! Kjedelig å vera åleina, men litt deilig likevel og slenge seg på sofaen med ein stor kopp te, ei god bok, og varmt teppe!

Hadde ei fantastisk helg. Fredagen gjekk med til ein bedre middag og mykje kos. Han hadde jo trossalt vore vekke sidan forrige søndag. Såg ein film, men me sovna begge to midt i filmen. Var heilt kjørt etter ei heil veke på jobb!

Lørdag ordna me mykje. Skifta hjul på bilane, monterte eit nytt skap til stova, ordna litt inne og eg måka snø! (Me har endelig fått litt snø her, sjølv om den sikkert berre ligg nokre dagar - pleie ikkje vera så mykje snø med kysten). Lørdagskvelden tok me på sofaen, med litt TV- og filmtitting.

I dag har me ikkje gjort så mykje. Sambo reiste klokka 12, men før det fekk me tid til å vera ute å leika i snøen! Blei ganske romantisk med snøballkrig og det heile, før me landa i snøen begge to - utslitt og kalde. Var godt å komme inn å ta ein varm dusj då, før han reiste på jobb igjen. :tristbla:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest ingrediens

Då var det ei ny veke og eg er tilbake på jobb! Har mykje å gjera i dag, men klarer likevel ikkje å la vera å ta ein tur innom KG. *Er blitt fullstendig avhengig*

I dag blir det overtid, og eg kjem ikkje heim før nærmare halv 6. Menmen, slik går det. Har fleksitid, så tar tidlig helg i slutten av veka eller noko! :)

Når eg kjem heim i dag må eg vaske mykje kle, og i tilegg skal eg ha ei god treningsøkt. Som de kanskje ser på signaturen min har eg ein ticker over BMI-en, så eg satse på at eg når målet etter kvart! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest ingrediens

Då var det onsdag, kjedeligaste dagen i veko sidan den ligg midt i mellom måndag og fredag! Men er jo forøvrig veldig greit når ein er ferdig med onsdagen fordi det då nærmar seg helg! Det vil òg sei at sambo snart kjem heim :biggrin:

I dag skal eg ordna ein del ting! Blir masse klesvask, som fortida berre ligg og flyt. Skal trena, og etterpå vaska treningsapparata på treningsrommet heime! I tilegg har eg forhåpentligvis fått alle dvd-ane eg har bestilt i posten i dag! Har bestilt Mamma Mia (er jo release i dag), Sex and the city samleboks, og filmen! Så tippe detta kjem til å ta mykje av tida mi framover!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest ingrediens

Torsdag i dag=) Berre eit par dagar igjen og så er det helg!

Hadde fått filmane mine i posten i går! Såg Mamma Mia ikkje mindre enn TRE gonger! Den var så ufattelig bra! Eg er ikkje ein av dei over 1000000 nordmenn som har sett den på kino, men er derimot ein av 500000 nordmenn som hadde forhåndsbestilt den! Digga filmen. Såg den orginale 2 gonger og Singalong 1 gong:)

Såg film til klokka eit i natt, så var ikkje noko problem å sovna då - til tross for at det var ganske forferdelig vêr. Er jo ganske vêrhardt i området her!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest tyttebær

No har eg endlig registrert meg eg òg! Måtte slutta å berre snike rundt tilslutt! Hehe=)

Endret av tyttebær
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest ingrediens

OK! Må berre få da ut!!

Som du kanskje ser har eg sletta prøverdagboka mi i dag!

Tok ein graviditetstest i dag tidleg, og den viste positiv! Tok ein ny ein når eg kom heim frå jobb - positiv. Tok ein ny ein for 2 min sidan - positiv!!!!!!

ENDELIG fått da ut=) No e da berre å håpa på at da stemme osv!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest ingrediens

Takk for det!

Har registrert meg på BIM.no no! Passa liksom bedre inn der!

Kjem til å oppdatera litt her òg, men de kan følga meg vidare der om de vil!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...