Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Dette vart litt av ei natt! :roll: I. var lys våken etter kveldstellet kl 10 i går kveld. Og det fortsette ho med å vera i time etter time! Prøvde å leggja henne i senga når ho var våken, men då begynte ho å skrika intenst etter ei stund. Det å amma henne i søvn gjekk heller ikkje, for ho var fortsatt lys våken etter kvar runde med amming. Det funka også dårleg å byssa henne i søvn, for ho låg med vidåpne auger heile tida. Eg vart litt desperat til slutt, for ingenting funka...

I 2-tida om natta la me oss, for då orka eg ikkje å vera oppe lenger. Eg slo av lyset og prøvde igjen å amma henne i søvn, til ingen nytte. I. protesterte vilt når eg ville ha henne til å suga. Og eg var så dum at eg trudde ho vart sint fordi puppen var tom, og ho ikkje fekk noko melk når ho saug. Heilt til eg såg at melka rant ut av munnen hennar når ho hadde tatt tak i puppen. Først då skjønte eg at grunnen til at ho protesterte og nekta å suga, var fordi ho var mett - og ikkje fordi ho var sulten. :sjenert: Så då måtte me opp igjen og prøva å byssa henne i søvn. Ho begynte etter kvart å bli litt meir trøtt, men var fortsatt altfor våken til at ho klarte å sovna.

Først då klokka var mellom 4 og halv 5 i natt, sovna I.! :sjokkert: Då hadde ho vore våken i over 6 timar i strekk! Fattar ikkje at ho klarte å halda ut så lenge. Det virka ikkje som om ho hadde vondt i magen eller noko heller - ho var rett og slett berre lys våken, og ikkje klar for å sova i går kveld/natt. Merkar at eg blir ganske desperat når det blir slik som i natt.

Først då klokka var 12 i dag, våkna me og stod opp. :rodme: Både I. og me sov heilt fram til då. Veit at eg burde hatt alarmen på mobilen min på, slik at me hadde kome oss opp til normal tid - sjølv om det vart veldig seint før me sovna. For no er jo døgnrytmen vår heilt ute og kjøra. :sur: Det kan ikkje fortsetja slik som dette, så me er nødt til å gjera noko. I. sov ikkje mykje i løpet av dagen i går - så grunnen til at ho var så våken i natt, var iallfall ikkje fordi ho hadde sove for mykje på dagtid. Problemet er nok rett og slett at me pleier å stå for seint opp om morgonane (vanlegvis kl 10), og at I. derfor tar nattesøvnen på feil tidspunkt. Og no har ho jo forskyvd nattesøvnen enda meir!

I morgon er eg berre nødt til å prøva å stå opp med I. seinast kl 9 om morgonen, same kor seint ho sovnar i natt. For me kan ikkje ha det slik som det har blitt no. Då endar det med at I. sovnar for natta først når det er morgon, og det går jo ikkje an. Men det er jammen ikkje enkelt å få I. til å sova, når me vil at ho skal sova. Ein baby på litt over 3 veker har vel uansett sin eigen døgnrytme, og det er sikkert ikkje gjort på 1-2-3 å venna henne til ein døgnrytme som passar oss.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har laget meg privatblogg jeg også - er greit å kunne skrive ned ting et sted ikke alle kan lese det. :fnise:

Ja, det er veldig greit! Skal ta meg ein tur innom og kikka i bloggen din. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Fælt å si det, men nesten godt å lese at det ikke går glatt hos alle andre heller...! ;) Vi også hadde en sliiiitsom natt i natt, og jeg fikk også en sånn desperat-følelse etter hvert....Og vi endte også med å sove til 11:30.... :sjenert:;)

Men i morgen, da må jeg uansett opp kl 06:30...Skal på skolen! Så da får vi se åssen det går i morgen natt, og ikke minst, - i natt....!

Lykke til i natt! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Åh, så skjønn lille I er! :strix: :rødme:

Kjedelig med slike netter som dere har hatt, hadde endel slike tidligere vi også :dåne: Men det går bedre med tid og stunder, selv om det er en liten trøst nå :troest: Tror ikke babyer får døgnrytme før de er 2-3 måneder eller noe, så jeg vet ikke om det har noe å si når dere står opp om morgenen ...

Håper natta blir bedre nå! :klemmer:

Endret av Knøttet
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håper det går å stå opp kl 9 i morgen da, skjønner at det er tøft når det står på slik. :klem:

Kom oss opp kl 9 i dag tidleg, sjølv om eg hadde mest lyst til å sova vidare. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fælt å si det, men nesten godt å lese at det ikke går glatt hos alle andre heller...! ;) Vi også hadde en sliiiitsom natt i natt, og jeg fikk også en sånn desperat-følelse etter hvert....Og vi endte også med å sove til 11:30.... :sjenert:;)

Men i morgen, da må jeg uansett opp kl 06:30...Skal på skolen! Så da får vi se åssen det går i morgen natt, og ikke minst, - i natt....!

Lykke til i natt! :)

Ja, ikkje sant! ;) Det følest alltid godt å høyra at ein ikkje er åleine om å ha det slik. Men det går seg forhåpentligvis til etter kvart!

Denne natta har vore bedre enn forrige natt, sjølv om klokka vart ganske mykje i natt også, før I. sovna. I. var så urolig i går kveld. Me måtte gå rundt og bera på henne heilt frå 6-tida om kvelden, for ho sutra og grein mykje, og var tydeleg misfornøyd. Men sova ville ho ikkje, før langt over midnatt! Ja ja, ho roa seg ialllfall tidlegare denne natta, enn ho gjorde forrige natt - og eg klarte å stå opp med henne klokka 9 i dag tidleg! :Nikke: Problemet var berre at ho sovna igjen ein halv time etter at me hadde stått opp... Då klarte eg ikkje å halda henne våken lenger. :sur:

Håpar natta dåkas har vore bra, og at du kom deg på skulen! :klem: Synst du er utrulig flink som orkar å begynna igjen på skulen så kort tid etter fødselen. Det hadde aldri eg klart!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Åh, så skjønn lille I er! :strix: :rødme:

Kjedelig med slike netter som dere har hatt, hadde endel slike tidligere vi også :dåne: Men det går bedre med tid og stunder, selv om det er en liten trøst nå :troest: Tror ikke babyer får døgnrytme før de er 2-3 måneder eller noe, så jeg vet ikke om det har noe å si når dere står opp om morgenen ...

Håper natta blir bedre nå! :klemmer:

Ja, ho er uten tvil mamma sitt lille gull! :hjerte:

Håpar du har rett i at nettene vil bli bedre etter kvart! Det hjelper faktisk litt å tenka på det, sjølv om det er veldig slitsomt no mens det står på. Hadde vore så godt om I. hadde sovna tidlegare på kvelden, og me kunne kome inn i ein fast døgnrytme. Men me får vel berre ta tida til hjelp, og prøva å ikkje stressa for mykje med det. Det var mora mi som sa til meg at det var viktig å stå opp til ei fast tid om morgonen, for å prøva å få ein fast døgnrytme. Men som du seier, så har det kanskje lite for seg å stressa med det, før I. blir nokre månader gammal.

Denne natta vart heldigvis litt bedre enn forrige natt! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blir nok bedre etterhvert, iallfall blir det andre utfordringer etterhvert!

Jeg tror ikke vår baby er like våken som deres, her er det sjelden problem med å legge om kvelden. Unntakene er noen ganger med magevondt og når vi ikke slkjønner at han er mer sulten. Likevel står vi opp sent hver dag, ti halv-elleve-tiden oftest, men gjerne elleve også. Vi sover jo ikke til da, ammer jo x ganger på morgenen, har spist frokosten som samboeren min setter på nattbordet mitt før han går osv. Synes bare det er så deilig å sløve og småsove i sengen... Tror heller ikke det har noe å si for døgnrytmen så tidlig.

Har du prøvd sjalet når hun sutrer? Syns du det hjelper? Vi er blitt veldig glad i mei-taien iallfall.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det er ofte de snur døgnet litt i begynnelsen desverre... Ikke lett å få til rutiner når de er så små. Det kommer til å bli bedre etterhvert :kose: En mager trøst, men sånn er det ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blir nok bedre etterhvert, iallfall blir det andre utfordringer etterhvert!

Jeg tror ikke vår baby er like våken som deres, her er det sjelden problem med å legge om kvelden. Unntakene er noen ganger med magevondt og når vi ikke slkjønner at han er mer sulten. Likevel står vi opp sent hver dag, ti halv-elleve-tiden oftest, men gjerne elleve også. Vi sover jo ikke til da, ammer jo x ganger på morgenen, har spist frokosten som samboeren min setter på nattbordet mitt før han går osv. Synes bare det er så deilig å sløve og småsove i sengen... Tror heller ikke det har noe å si for døgnrytmen så tidlig.

Har du prøvd sjalet når hun sutrer? Syns du det hjelper? Vi er blitt veldig glad i mei-taien iallfall.

Ja, me får satsa på at det blir litt bedre etter kvart!

Eg er veldig overraska over at ein baby på under 4 veker kan klara å halda seg våken i så mange timar om gangen. Og det klarar ho fint, sjølv om det virkar som om ho ikkje har vondt i magen eller noko. Rare greier... :klø: Men ho søv vanlegvis mykje på dagtid! Og i dag er det heilt ekstremt. Då eg stod opp med I. i 9-tida i dag tidleg, klarte eg berre å halda henne våken i ein halv time, før ho sovna igjen. Prøvde å vekka henne igjen etter ei stund, men då vart ho rasande og hylskreik. Amma henne, og då sovna ho igjen. Og det var komplett umulig å få liv i henne igjen! Då eg endeleg fekk liv i henne igjen ei stund seinare, var ho like sint. Illskreik i ein halv time, til eg måtte gi henne mat igjen. Og så sovna ho enda ein gang. Og no søv ho fortsatt, og eg har gitt opp å prøva å vekka henne fleire gangar. :sjenert:

Men om ettermiddagen og kvelden/natta, då er som oftast I. lys våken! Og det er då ho klarar å halda seg våken i time etter time, uten at det er antydning til at ho er trøtt. Skulle ønskja me klarte å få henne til å sova litt mindre på dagtid, slik at ho sovna lettare om kvelden. Men etter dagens kamp for å halda I. våken på dagtid, så har eg vel innsett at det er ganske håplaust å prøva å bestemma når I. skal sova, og når ho skal vera våken. Ho gjer akkurat som ho vil uansett. :roll:

Eg har prøvd sjalet, men I. skreik som ein gal - så eg tok litt skrekken. Men eg lovar å prøva igjen, for det kan jo såklart henda at det går bedre neste gang! Det hadde vore så greit om ho kunne ha roa seg i sjalet, slik at eg kunne hatt hendene fri og fått gjort litt ting mens eg går rundt med henne - for det er vanskeleg å få gjort noko som helst, når eg må bæra henne rundt i i armane mine.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er ofte de snur døgnet litt i begynnelsen desverre... Ikke lett å få til rutiner når de er så små. Det kommer til å bli bedre etterhvert :kose: En mager trøst, men sånn er det ;)

Ja, I. har no klart å snu døgnet heilt, og det er ganske slitsomt. Sovnar først langt ut på natta, og søv som ein stein heile morgonen, formiddagen og tidleg på ettermiddagen (viss ho får lov). Så får ho ein meir våken periode, men blundar litt innimellom. Og når kvelden kjem er ho lys våken, og held det gåande til langt på natt.

Satsar på at me klarar å få innarbeida faste rutinar, når I. blir litt større - for det er ganske slitsomt slik det er no. Om dagen gjer me alt me kan for å halda henne mest mulig våken - og når kvelden kjem, gjer me alt for å få henne til å sova. :fnise: Stakkars lille vennen vår - ho blir jo sikkert heilt stressa av at mamma og pappa ikkje lar henne få bestemma sjølv når ho vil sova, og når ho vil vera våken. Kanskje det beste rett og slett hadde vore å latt I. få styra dette sjølv? For det er ganske slitsomt å halda på slik me gjer no. Så kan me heller prøva å innarbeida faste rutinar når I. blir litt større. :vetikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I. var eit skikkelig sovedyr heilt fram til kl 4 i ettermiddag! Etter det har ho hatt nokre våkenperiodar - men ho har sove ein del også etter den tid. Så det blir jammen spennande å sjå korleis denne natta blir! Det er nok fare for at det blir seint før I. sovnar for natta, så mykje som ho har sove i dag.

Sit her og ser på lille I. Eg har nettopp amma henne, så ho ligg og kosar seg på fanget mitt. Ho er så utrulig skjønn og god! :hjertesmil: Eg er så ubeskrivelig glad i den vesle godjenta mi. :hjerter_rundt: Så får me satsa på at ho lar mamma og pappa få sova litt i natt - viss ikkje så er ho tilgitt, så herlig som ho er. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...