Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Kjære Mirabella, så gøy å se deg her også! :goodbye:

Nå skal jeg lese gjennom dagboken din, må jo det når "kjentsfolk" har skrevet. ;)

Hei, og velkommen hit til dagboka mi! :klemmer:

Eg skjønnar jo at du må vera ei av novemberklubbdamene frå NM, men eg må innrømma at eg ikkje klarar å gjetta kven du er. :sjenert: Eit lite hint kanskje? ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Ikke greit med barnehagestart alltid, nei :riste: Lillemannen var det ikke noe problem med, han begynte til og med i ny barnehage etter to måneder pga flytting. Lillemor derimot, mammajenta herself, er jeg mer skeptisk til :sjenert: Og hu begynner på nyåret. På den andre siden er hu ikke så sutrete når jeg ikke er tilstedet så kanskje det går bra. Dessuten har vi vært på åpen barnehage noen ganger og den holder til på samme avdeling som der lillemor skal være og noen av personalet hun vil treffe har vært der. Vi får se...

Må løpe inn i bloggen igjen...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke greit med barnehagestart alltid, nei :riste: Lillemannen var det ikke noe problem med, han begynte til og med i ny barnehage etter to måneder pga flytting. Lillemor derimot, mammajenta herself, er jeg mer skeptisk til :sjenert: Og hu begynner på nyåret. På den andre siden er hu ikke så sutrete når jeg ikke er tilstedet så kanskje det går bra. Dessuten har vi vært på åpen barnehage noen ganger og den holder til på samme avdeling som der lillemor skal være og noen av personalet hun vil treffe har vært der. Vi får se...

Må løpe inn i bloggen igjen...

Barnehagestarten har ikkje gått heilt som eg hadde håpa på, nei. :( Eg visste jo på forhånd at I. var veldig avhengig av meg, og skeptisk til fremmande. Men eg hadde likevel trudd at det skulle gå bedre enn det har gjort. Får virkelig håpa det går bedre etter kvart, for det verste eg kan tenka meg er at I. hylskriker kvar dag eg leverer henne i barnehagen, og ikkje ser ut til å trivast der. Får håpa det går bedre for dåke, når lillemor skal begynna i barnehagen!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Barnehagestarten har ikkje gått heilt som eg hadde håpa på, nei. :( Eg visste jo på forhånd at I. var veldig avhengig av meg, og skeptisk til fremmande. Men eg hadde likevel trudd at det skulle gå bedre enn det har gjort. Får virkelig håpa det går bedre etter kvart, for det verste eg kan tenka meg er at I. hylskriker kvar dag eg leverer henne i barnehagen, og ikkje ser ut til å trivast der. Får håpa det går bedre for dåke, når lillemor skal begynna i barnehagen!

I de siste dagene har tøtta vist ei ny side av seg selv. EKSTREMT STA! Hu kommer nok til å sette barnehagen på hodet tenker jeg :fnise:

Og kanskje hu begynner å sove litt lengre om morran hvis hu blir litt sliten etter en lang dag i barnehagen :klø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I de siste dagene har tøtta vist ei ny side av seg selv. EKSTREMT STA! Hu kommer nok til å sette barnehagen på hodet tenker jeg :fnise:

Og kanskje hu begynner å sove litt lengre om morran hvis hu blir litt sliten etter en lang dag i barnehagen :klø:

Ja, eg kjenner godt til det der! I. har vore ekstremt sta heilt sidan den dagen ho vart født - så eg har etter kvart fått god erfaring med å ha ein sta unge i hus! :rolleyes: Ikkje berre enkelt når I. set i å hyla som ein gal fordi ho ikkje får viljen sin. Og har ho først bestemt seg for at ho enten vil eller ikkje vil noko, så er ho umulig å rikka! Ein meir sta unge enn I. skal du leita lenge etter. ;) Det er jo såklart bra at våre søte små veit kva dei vil, og ikkje godtar kva som helst - men det kan bli litt i meste laget innimellom. :sprettoy:

Får håpa vesla di begynnar å sova litt lengre om nettene når ho begynnar i barnehagen! Dei nettene I. søv heile natta, våknar ho grytidleg om morgonen. Men har ho vore litt våken i løpet av natta, søv ho litt lenger utpå morgonen. For meg som er eit skikkelig B-menneske, er eg heilt i ørska når I. tar morgon før kl 6! Men samtidig er det jo herlig å få sova samanhengande om natta, og ikkje bli vekt midt på natta. Så eg må vel berre innfinna meg med tidlege morgonar, viss eg vil at I. skal sova heile natta. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Riktig GOD JUL til deg også, og til alle andre som tar turen innom dagboka mi! :tree::gave:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Huff, så dårlig eg er på å oppdatera her inne for tida. :sjenert: Eg er så opptatt av prøvinga vår for tida, så det er berre prøverdagboka mi som har blitt oppdatert jevnlig i det siste.

No hugsar eg ikkje ein gang kor eg var, og kva eg har fortalt og ikkje fortalt om I. :roll: Men eg får sjå om eg finner ut av det etter kvart, så skal eg prøva å bli litt flinkare til å skriva i dagboka mi heretter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hmmm, eg veit fortsatt ikkje kor langt eg hadde kome i oppdateringane mine her inne, så eg får berre begynna ein plass. ;) I. har blitt 14 månader gammal no, og ho har no blitt veldig flink til å koma seg rundt omkring. Ho krabbar rundt i rekordfart, og reiser seg opp overalt. Går langs møblar og andre ting, går i full fart med gåvogna, eller når me held henne i hendene. For ei vekes tid sidan fekk I. til å gå, når me kun haldt henne i den eine handa - så det går ganske greit no, sjølv om ho er litt ustødig når ho ikkje får halda seg fast med begge hendene når ho går.

Og i dag (16. januar 2010) stod I. for aller første gang åleine ei lita stund, uten å halda seg i noko! :) Eg sat på golvet, og I. reiste seg opp mens ho haldt i meg. Plutselig gløymte I. seg, og sleppte taket i meg - men ho blei ståande. ;) Eg sa: "Står du, I.!". Då vart ho overraska, mista balansen, og eg tok imot henne. Det gjekk berre nokre sekund frå ho stod åleine, til ho mista balansen - men det føltest ganske lenge. I. ville prøva om og om igjen, og kvar gang ho stod litt åleine strålte ho som ei sol, og skrattlo! :rødme: Skjønne jenta mi. Ho var tydelegvis kjempestolt over at ho klarte å stå åleine. I. sa "mei, mei" (meir) heile tida, for ho ville prøva om og om igjen.

Det var så artig å sjå på I. som lo og var så stolt, der ho stod breibeint og brukte både armar og kropp for å halda balansen lengst mulig. På det meste klarte I. å stå åleine i ca 10 sekund om gangen, før ho mista balansen. På slutten klarte også I. fleire gangar å setja seg kontrollert ned igjen på golvet, når ho kjente at ho mista balansen. Ho bøyde då knea, bøyde seg framover, og tok hendene ned i golvet. No er det nok ikkje lenge før I. begynnar å gå, så ivrig som ho var etter å øva seg på å stå åleine! :hoppe:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:hoppe: litt for lille I. Er jo så moro når de gjør fremskritt. :)

Ja, det er kjempegøy! :jepp: No er eg spent på kor lang tid det tar før I. lærer seg å gå. Ho kan fortsatt slå mammaen sin, for eg begynte visst ikkje å gå før eg var 15 månader gammal. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ja, no har I. allerede blitt 14 1/2 månad gammal, så tida går fort unna! I. er veldig glad i dokkene sine, som ho kallar for "bei" (baby)! ;) Ho drar dei med seg overalt, og kjører rundt omkring med dokkene oppi gåvogna si. Og så har I. blitt så flink til å leika i det siste. Ho latar blant anna som om ho gir dokkene mat og drikke. Tar f.eks ein leike (eller berre hendene sine) bort til munnen på dokkene, og seier "nam, nam". Ofte i det siste har I. plutselig begynt å skrika høgt, når ho sit på golvet og leikar - og eg trur at ho har slått seg, og fortar meg bort til henne. Og då sit I. og held på ei av dokkene sine - og ho latar som om dokka griner. Når eg då spør I. om babyen er lei seg, og seier at ho må trøsta babyen, så kosar I. på dokka og seier "mmmm" - og så er dokka blid igjen, heilt til ho får eit nytt skrikeanfall. :fnise:

Det var ein dag at I. begynte å grina slik om og om igjen, når ho sat og leika med dokka. Til slutt vart eg lei av all tøyseskrikinga til I. -så eg sa at no var sikkert babyen (dokka) trøtt, for ho grein så masse. Så eg ba I. om å leggja babyen i vogna, sånn at ho fekk sova - og då vart det heldigvis slutt på skrikinga! :Hehe:

I. er på mange måtar ei skikkelig jente-jente, som elskar å leika med dokkene sine (slik eg var, då eg var liten). :) Og ho er generelt veldig opptatt av babyar og andre små barn. I. skal alltid kosa på babyar ho møter, og på bilder ho ser av babyar. Men samtidig synst ho også det er gøy å kjøra rundt med bilar på golvet, mens ho lagar billyd. Og I. synst det er gøy å bli herja med, og elskar blant anna å vera ute og aka i full fart nedover bakkane! Så ho er no ei lita guttejente innimellom også! ;)

I. er forresten ein veldig mammadalt, og er skikkelig skeptisk til fremmande. Barnehagetilvenninga har ikkje gått bra i det heile tatt. Sjølv om eg var med henne mykje i starten, slik at ho skulle bli godt kjent og trygg, så har det vore full krise kvar gang eg har gått - i månad etter månad. :( Så no har me bestemt oss for å seia opp barnehageplassen til I. frå februar av. Så blir eg heime med henne fram til hausten, og me får kontantstøtte - i tillegg til at mannen min tar så masse ekstraveker som mulig på jobben fram til hausten. Så kan jo eg også jobba litt som ringevikar dei vekene mannen min ikkje er på jobb i Nordsjøen. Så har me søkt I. inn i den barnehagen me egentlig ønska å ha henne i i utgangspunktet, frå hausten av. Den barnehagen I. har gått i fram til no, er ein familiebarnehage - og me har ikkje vore særlig fornøyde med den barnehagen. Så blir det spennande å sjå korleis tilvenninga i den nye barnehagen går til hausten igjen!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Huff, det er ikke alltid så greit med barnehagetilvenning. Høres ut som dere har tatt et riktig og fornuftig valg iallefall. Mener å huske at du har skrevet noe om barnehagen hu gikk i før...

Jeg var veldig skeptisk med tanke på hvordan det skulle gå med lillemor, men det har gått over all forventning. senest i dag poengterte personalet at hu hadde tilpasset seg veldig godt :tommelopp: Vi hadde dessuten regnet med at hu ville være veldig sliten når hu kom hjem, men nei da... Virker som hu har mye mer energi enn før :klø:

Moro å høre om dukkeleken til I. da :rødme: Her i huset er det lillemannen som leker med dukker :fnise:

Endret av Cloudberry
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, det er ikke alltid så greit med barnehagetilvenning. Høres ut som dere har tatt et riktig og fornuftig valg iallefall. Mener å huske at du har skrevet noe om barnehagen hu gikk i før...

Jeg var veldig skeptisk med tanke på hvordan det skulle gå med lillemor, men det har gått over all forventning. senest i dag poengterte personalet at hu hadde tilpasset seg veldig godt :tommelopp: Vi hadde dessuten regnet med at hu ville være veldig sliten når hu kom hjem, men nei da... Virker som hu har mye mer energi enn før :klø:

Moro å høre om dukkeleken til I. da :rødme: Her i huset er det lillemannen som leker med dukker :fnise:

Ja, det stemmer at eg tidlegare har skrive om barnehagen I. har gått i. Me har ikkje vore fornøyde, nei. Så då var egentlig valget ganske enkelt, når I. ikkje trivdes der heller, og eg hadde mulighet til å vera heime med henne ei stund til. :) Så får me forhåpentligvis plass til I. i den andre barnehagen frå hausten av, som alle andre ungane i nabolaget går i, og er veldig fornøyde med! ;)

Så bra å høyra at tilvenninga med lillemor har gått bra! Det må vera herlig når det går så fint, og ho ser ut til å trivast i barnehagen.

Ja, I. er heilt forelska i dokkene sine. :fnise: Artig at lillemannen din leikar med dokker, men ikkje lillemor! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjelp og trøst, for ei natt eg har hatt! :Gjesp: Siste veka har I. sove så godt om nettene. Ho har sovna i 8-tida om kvelden, og sove samanhengande til ca kl 6 om morgonen. Då har eg tatt henne inn i senga vår, og ho har sovna igjen 1/2-1 time seinare, og sove vidare til 8-9 - tida. Men no fryktar eg at det er slutt på dei gode nettene, sjølv om eg kryssar fingrane for at denne natta var eit eingangstilfelle.

Det einaste eg har merka før denne natta, er at I. dei siste vekene har virka mindre trøtt på kvelden enn tidlegare. I. har nemlig ofte pleid å sovna når eg ammar henne om kvelden, eller ho er så trøtt at ho legg seg til å sova med ein gang eg legg henne i senga. Men dei siste vekene vil ikkje I. ha pupp om kvelden. Suger berre litt, og vil så opp i senga si. Men når eg legg I. ned i senga, sparkar ho av seg dyna om og om igjen, reiser seg opp, og tullar og herjar i lange tider før ho sovnar. Slitsomt!

I går kveld skjedde det same. I. sovna til vanleg tid på kvelden, etter ein del herjing - og våkna igjen litt over 12, når eg var på badet, og nesten var klar til å leggja meg. Vanlegvis kan eg berre gå inn til I. når ho våknar om natta, seia at det er natt og at ho må sova vidare, breia dyna godt på henne, og så sovnar I. som ein stein igjen med ein gang. Men ikkje i går, nei! :kjefte: I. vart lys våken, og herja rundt i senga som ein gal. Reiste seg opp, lagde masse lydar, ropte og prata, sutra litt, sparka av seg dyna, og var som ein liten makk. Og slik haldt I. på heilt til kl 4 i natt, før ho endelig sovna igjen!!! :hakeslepp: Eg trudde seriøst det skulle klikka for meg til slutt. Eg hadde jo ikkje sove i det heile tatt, før eg gjekk inn til I. Siste timen prøvde eg å seia til I. at mamma var trøtt og ville leggja seg i senga si og sova. Men då hylte I. til med ein gang, når ho skjønte at eg hadde tenkt å gå ut av rommet. Det hjelpte ikkje at eg sa at eg høyrte henne sjølv om eg låg i mi seng, at eg passa på, at det gjekk heilt fint, og at I. berre måtte kosa seg og sova. I. har heilt panikk for å bli forlatt, så eg måtte fint fortsetja å sitja inne på rommet med I. heilt til ho sovna...

Då klokka var 4, kunne eg endelig gå og leggja meg! Sov fram til kl 7, før I. igjen våkna og grein. Tok I. inn i senga vår, og ho sov vidare til kl 09.30. Men eg får aldri sova med I. liggjande heilt trykt inntil meg i senga, så eg trur berre eg duppa såvidt av nokre få minutt om gangen - eller så låg eg stort sett berre med augene igjen, uten å sova. Fekk jo kvilt meg såklart, men det blir uansett ikkje det same som å få sova ordentlig. Så i dag er eg trøtt ja! Og eg skal kjefta på meg sjølv viss eg ikkje kjem meg i seng veldig snart, for då har eg meg sjølv å takka om eg er like trøtt i morgon! :fnise:

Eg lurer forresten litt på kor mykje eg skal la I. få sova på dagtid, no når ho har blitt 14 1/2 månad gammal. Eg veit jo at det kan vera store forskjellar på kor mykje barn i den alderen søv både på dagtid og om natta. Men fram til for eit par veker sidan, har det fungert heilt supert slik me har hatt det. I. har sove 1-2 timar på dagtid. Pleier å leggja henne i 12-tida på dagen (eller seinare, om ho har tatt sein morgon) - og så får ho sova fram til kl 2. Har ikkje I. våkna innan kl 2, så har eg vekt henne. I. har dei fleste dagar sove 1 1/2 - 2 timar på dagtid. Men enkelte dagar innimellom har det kun blitt 1 time. Og då har I. vore akkurat passelig trøtt når ho skal leggja seg i 8-tida om kvelden, og har sovna fort. Så tar ho vanlegvis morgon ein gang mellom 7 og 9. Som oftast er I. våken ein eller fleire gangar i løpet av natta, eller tidleg på morgonen. Ho har av og til blitt liggjande våken ei stund før ho sovnar igjen, men har som oftast sovna igjen fort.

Men som sagt, dei siste vekene har det berre vore tull! For det første virkar ikkje I. lenger trøtt nok, når ho skal sova på dagtid - slik at det tar lenger tid å få henne til å sovna, enn før. Og når kvelden kjem er det masse tull, og I. herjar rundt i senga i lange tider før ho sovnar - og virkar ikkje spesielt trøtt. Og no fryktar eg at også nattetullet me hadde i natt, kjem til å fortsetja! Dei siste dagane har eg kun latt I. sova i 30-45 minutt på dagtid, og likevel har det vore mykje tull når ho skal leggja seg om kvelden - med unntak av ein kveld, då ho vart overtrøtt 1 1/2 time før leggjetid, når ho hadde sove 1/2 time på dagtid. Så no lurer eg på om eg i første omgang skal prøva å fortsetja med å la I. sova max 1 time på dagtid, og sjå om det i lengda fører til at ho blir meir trøtt om kvelden igjen. Og om ikkje det heller fungerer, så vurderer eg å kutta ut dagsovinga for godt! Men eg synst det virkar litt tidleg å kutta ut dagsovinga allerede, for I. har jo ikkje blitt 15 månader gammal eingang. :klø: Hmmmm, ikkje lett å vita kva som er best å gjera, synst eg.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne natta var heldigvis veldig bra, og det trengte eg virkelig etter gårsdagens våkenatt! :Gjesp: I. sovna kl 20.30 i går kveld, og sov samanhengande til kl 6, slik ho ofte pleier å gjera. Men då eg gjekk inn på rommet for å ta henne med inn i senga vår (det pleier nemlig alltid å vera umulig å få I. til å sovna igjen i si eiga seng, den tida på morgonen), så la I. seg over på sida og lukka augene - og ho sovna igjen nesten før eg hadde fått ordna på dyna. :tommelopp:

I dag sette eg forresten I. på potta for første gang, og det var populært! ;) Ho sat der så stolt, og synst visst det var gøy, sjølv om det ikkje kom noko i potta. Eg har kjøpt potte for lenge sidan, og hadde egentlig planar om å begynna å setja I. på potte så fort ho lærte seg å sitja sjølv - så eg er er litt flau over meg sjølv som ikkje har klart å kome i gang med pottetrening før no. :sjenert: Men eg fann ut at 1. februar måtte vera ein fin dag å starta på! :Nikke: Så får eg berre håpa at eg klarar å følgja opp det eg har starta.

Planen er å begynna med å setja I. på potte ein gang om dagen i starten. Og det blir då om morgonen når me har stått opp, og går på badet. I. pleier nemlig veldig ofte å bæsja seg ut rett etter at me har stått opp. Derfor har eg pleid å la I. sitja på badegolvet og leika, mens eg gjer meg klar. Då pleier ho ofte å bæsja innan eg er ferdig - slik at eg slepper å først stella henne ein gang, og så måtte bytta bleie på henne på nytt rett etterpå. Men no når eg sit her og skriv dette, så skjønnar eg virkelig kor sløv eg faktisk har vore! :flau: Eg har jo utrulig nok heilt med viten og vilje latt I. sitja på badegolvet og skita i bleia nesten kvar einaste morgon, i staden for å setja henne på potta (som har stått på badegolvet heile tida), og heller la henne bæsja der. :dåne: Ja ja, får berre håpa eg har lært no då, og ikkje blir like sløv igjen. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...