Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

I dag har I. fått si aller første tann i overmunnen! :Nikke: Det er venstre framtann som endelig har kome gjennom. Så no har I. 4 små tenner i munnen sin - 3 nede, og 1 oppe! :nigo:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag klarte I. å leggja seg ned på magen, frå sitjande stilling. Ho sat på golvet og leika, og ville ha tak i ein ting som låg framfor henne, som ho ikkje klarte å få tak i. Så då la I. seg ned på magen, for å få tak i leiken. Eit par gangar tidlegare har I. havna på magen på golvet, når ho sit oppreist i utgangspunktet. Men då har det vore ganske tilfeldig - og den eine gangen havna ho med nasa i golvet, fordi ho nærmast velta over ende, og ikkje tok seg for med hendene. Men i dag la I. seg så kontrollert og rolig ned på magen, og tok seg så fint for med hendene. Og då fekk ho endelig tak i leiken! :)

I. er forresten ei skikkelig tøysejente! :) Ho likar veldig godt å gi oss ting, det kan vera leikar eller kva som helst anna. Men no i det siste har I. funne ut at det er veldig gøy å lura oss. Ho strekker ut handa mot oss, som ho held ein ting i - og latar som om ho skal gi den til oss. Og i det me skal ta imot tingen, skyndar I. seg å trekka armen til seg, slik at me ikkje får tak i tingen. Og så glisar ho stort! :nigo: Og I. er like fornøyd kvar gang ho klarar å "lura"oss. ;)

Eit anna eksempel er når I. ligg på golvet og leikar, og finner eitt eller anna som ho puttar i munnen. Når eg då seier "nei", "æsj" e.l., begynnar I. å åla seg i full fart vekk frå meg. Ho skjønnar nemlig at eg har tenkt å prøva å ta det ut av munnen hennar, og det vil ikkje I. at eg skal gjera. I. stoppar så litt opp, snur seg og ser om eg kjem etter henne. Og gjer eg det, så ålar ho seg i full fart enda lenger vekk frå meg, mens ho ler høgt. I. synst tydelegvis det er skikkelig morsomt å "rømma" frå mamma. Men ho er ikkje like fornøyd om eg ikkje lar henne sleppa unna. Då kniper I. igjen munnen, og vrir seg unna, og blir skikkelig sint - for ho vil sjølv bestemma kva ho skal ha i munnen sin! ;)

I. har blitt så utrulig flink til å prata, og det virkar som om ho forstår det meste me seier til henne. :) Eitt ord I. brukar mykje for tida, er "memme" (nemmen). Eg har ofte sagt "nemmen" til I. i forskjellige samanhengar, og no har I. også begynt å bruka ordet ofte. I. seier "memme" i mange ulike samanhengar. F.eks. når ho mistar eller kastar noko i golvet, når ho finner eller ser noko spennande e.l. Skikkelig morsomt er det når I. seier "memme", med akkurat same tonefall som eg har når eg seier "nemmen" :fnise:

"Hei" er eit anna ord som er flittig i bruk for tida. Kvar gang det kjem nokon inn i rommet, ser I. opp og seier høgt og tydelig "hei" til den som kjem! Og det var så koselig i går då I. hadde sove ute i vogna, og eg skulle ut og henta henne. Idet eg såg ned i vogna, titta I. opp på meg med store auger, smilte, og sa "hei"! :hjerter_rundt:

Eg synst veslejenta mi har blitt så stor, og ho kan så mykje. :) Ho er definitivt ingen liten baby lenger. Rart kor fort tida går.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

:fnise: For en herlig, liten, bestemt luring du har! :biggrin: De er så skjønne når de får et lurt glis om munnen og skal finne på noe fanteri. :fnise:

Så flink hun er til å snakke da! :jepp: Herlig å få et "hei" når man kommer inn i et rom. :)

Herlighet, tida har gått så fort! :overrasket:

Det er jo ikke lenge til I er et år! :dåne:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

:fnise: For en herlig, liten, bestemt luring du har! :biggrin: De er så skjønne når de får et lurt glis om munnen og skal finne på noe fanteri. :fnise:

Så flink hun er til å snakke da! :jepp: Herlig å få et "hei" når man kommer inn i et rom. :)

Herlighet, tida har gått så fort! :overrasket:

Det er jo ikke lenge til I er et år! :dåne:

Ja, I. er ein skikkelig luring, med ein veldig sterk vilje! ;) Og mamma sitt lille gull, såklart. :rødme:

Me var til fysioterapeut med I. for nokre dagar sidan, og ho var imponert over kor flink I. var til å snakka. Ho sa at ho knapt hadde vore borti nokon 10 månader gamle ungar, som var så flinke til å snakka som I. Kjekt å få ei slik tilbakemelding! :) Men I. har jo blitt litt forsinka motorisk, pga at ho har gått med skinne. Så eg tippar at ho derfor har konsentrert seg om andre ting, som prating og å læra seg nye "triks". ;)

For I. kan utrulig masse no. Me kan be henne om å gjera alle mulige slags ting, og ho gjer det me ber henne om. I det siste har I. begynt å læra seg dyrelydar. Viss me f.eks spør henne om kva sauen seier, så svarar ho "bæ bæ". Og spør me kva løva seier, så brølar ho høgt! :fnise:

I. har også begynt å bruka ordet "nei" meir bevisst enn før. Når me gir henne mat, og ho er mett, snur ho seg vekk og seier "nei", når eg prøver å gi henne meir mat. Og viss I. ligg på golvet og strekker seg mot noko, som ho vil at eg skal henta til henne, seier ho "nei", viss eg gir henne feil ting. Ellers seier I. "nei" viss det er noko ho ikkje vil, og i andre samanhengar der det passar å bruka ordet.

Og I. har fortsatt trenden med å seia "hei" til alle ho møter! Kvar gang det kjem ein ny person inn i rommet, eller me går forbi folk på butikken e.l., ser I. på personen, og seier høgt og tydelig "hei". Og viss me møter nokon andre ungar, så strekker I. seg mot dei, og vil bort og ta på dei. ;) Ho er så utrulig opptatt av andre ungar for tida, og alle ungar kallar ho for "bei" (baby). I. kan sitja lenge og sjå på bilete av babyar/barn, og vera heilt oppslukt av det i lange tider. Litt morsomt. ;)

Ja, tenk at I. nærmar seg 1 år allerede! :overrasket: Eg kan virkelig ikkje skjønna kor tida har blitt av.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

For ei herlig jente dere har! :rødme:

Ellers inne for å ønske god helg! :hug:

Ja, ikkje sant! :rødme:

Eg har hatt ei fin helg, og det håpar eg du også har hatt! :klemmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Så flink hun er til å snakke og lage dyrelyder! *imponert* :jepp:

Moro at hun sier "hei" til alle, herlig med slike unger synes jeg. Jeg smiler alltid og synes det er skjønt med småbarn som sier hei til meg. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Så flink hun er til å snakke og lage dyrelyder! *imponert* :jepp:

Moro at hun sier "hei" til alle, herlig med slike unger synes jeg. Jeg smiler alltid og synes det er skjønt med småbarn som sier hei til meg. :)

Ja, tenk at veslejenta mi har blitt så stor og flink allerede! :) No ventar eg berre på at I. skal begynna å krabba, for så lenge ho berre ålar seg rundt, er ho fortsatt litt baby synst eg. ;)

Eg synst også det er veldig koselig med ungar som smiler og seier hei til meg! :) Eg seier også alltid hei og smiler tilbake. Men det er det jammen ikkje alle som gjer! Synst nesten litt synd på I. innimellom, når me f.eks går rundt i butikkar. I. ser på alle me går forbi, prøver å få blikkontakt, smiler til dei, og seier hei. Men det er overraskande få som ser på henne, og seier hei tilbake. Enten har dei det så travelt, at dei ikkje registrerer I., eller så bryr dei seg ikkje. Litt sløvt, synst eg. :snurt:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, tenk at veslejenta mi har blitt så stor og flink allerede! :) No ventar eg berre på at I. skal begynna å krabba, for så lenge ho berre ålar seg rundt, er ho fortsatt litt baby synst eg. ;)

Eg synst også det er veldig koselig med ungar som smiler og seier hei til meg! :) Eg seier også alltid hei og smiler tilbake. Men det er det jammen ikkje alle som gjer! Synst nesten litt synd på I. innimellom, når me f.eks går rundt i butikkar. I. ser på alle me går forbi, prøver å få blikkontakt, smiler til dei, og seier hei. Men det er overraskande få som ser på henne, og seier hei tilbake. Enten har dei det så travelt, at dei ikkje registrerer I., eller så bryr dei seg ikkje. Litt sløvt, synst eg. :snurt:

:Nikke: Tida går så alt for fort!

Det blir nok krabbing snart, og da blir det travelt! ;)

Synes det er litt trist jeg, når en blid og skjønn unge smiler og sier "hei" og så får h*n ikke noen respons! Synes litt synd på den stakkars, blide ungen som er så god ... Nå tror jeg ikke de lider noen nød, men det er litt dumt da ... :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Lenge siden jeg har vært innom her, jammen har du fått en stor og flink jente siden sist! Hun høres såå sjarmerende ut da, smiler og sier hei til alle hun ser :rødme:

Rart at hun snart er blitt 1 år gammel, tiden flyyr! Du skal kanskje snart begynne å jobbe igjen du da?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:sjenert: Synes noen ganger at folk blir i overkant hyggelig når man har med seg baby som kikker og smiler jeg. I dag var det en mann som sto lenge og så på lillemor før han begynte å stryke hene på hodet. Skjønte ikke hva jeg skulle gjøre for noe jeg altså. På grensa til ubehagelig :Nikke:

Men nå var vel lillemor så søt at han ikke kunne la være tenker jeg :fnise:

Selv har jeg blitt veldig flinlk til å snakke med kontaktsøkende babyer. Var ikke sånn i det hele før jeg selv fikk barn :riste:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

No er det altfor lenge sidan eg har skrive noko her i dagboka mi! Sånn går det, når me ikkje har fått internett i det nye huset vårt enda... Eg og I. er hos foreldra mine i nokre dagar no, så då har eg endelig sjansen til å få vera litt her inne. ;) Mannen min er på jobb i Nordsjøen for tida. Han kjem heim på onsdag i neste veke, og då har han vore vekke i 3 veker. Han måtte jobba ei veke ekstra denne gangen. Det skal bli veldig godt å få han heim igjen, for 3 veker uten mann og pappa er lenge, synst eg og I.!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg startar med ei lita feiring, for 12. oktober vart I.:

11 månader!!!! :bolledeig::strix::skya:

Tenk, no er det mindre enn ein månad igjen til veslejenta mi fyller 1 år! :overrasket: Tida går nesten altfor fort, synst eg. Eg har jo definitivt ikkje nokon liten baby lenger. Kanskje ikkje så rart at eg er overklar for å bli gravid igjen?! :lur:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tirsdag denne veka (20.oktober) var me tilbake på sykehuset med I., til kontroll av hoftene. Først var det røntgen. Litt skriking vart det då, for eg måtte halda beina til I. fast med makt, sidan ho var nødt til å liggja heilt stille når det vart tatt røntgenbilde. Heldigvis gjekk det fort over, og I. var like blid igjen etterpå! Så var det legekontroll ein time seinare.

Må seia at eg var ganske spent på om alt var i orden med hoftene til I., og heldigvis var alt i skjønnaste orden! :danser: Så no er endeleg I. kvitt skinna for godt, etter over 4 månader! I. hadde først skinna på døgnet rundt i litt over 2 månader - frå ho var 7-9 mnd gammal. Så har ho brukt skinne om natta i litt over 2 månader, frå ho var 9-11 mnd gammal. Så no var det virkelig på tide at I. fekk sleppa skinna for godt, synst eg. Og heldigvis gjekk det som eg håpte. :) Så no har I. hatt sine første netter uten skinne på, og det virkar som om ho er fornøyd med det. ;)

Me skal tilbake på ny kontroll med I. om eit halvt år. Det er visst vanleg at ungar som har hatt hofteleddsdysplasi blir fulgt opp ei stund etter at hoftene er bra igjen. Og det er jo berre bra! Det har egentlig gått veldig fint den tida I. har brukt skinne berre om natta. Ho er så vant med å ha skinna på, at ho ikkje har protestert når ho har fått på seg skinna om kvelden. Me merka egentlig lite til skinna når I. kun hadde den på om kvelden, for då skulle ho jo sova uansett. Det var mykje verre då I. gjekk med skinne heile dagen! Alt vart så tungvint, og eg var drittlei på slutten!

I. ligg ofte med beina ut til sidene, slik ho hadde dei når ho gjekk med skinne - både når ho ligg på rygg og søv, og når ho ligg på magen på golvet. Og det er jo ikkje så rart, når ho er vant med å ha beina i den stillingen så mykje av tida. Men det forandrar seg nok fort tenker eg, no når skinna er vekke for godt. Det einaste me ellers merkar av at I. har brukt skinne ganske lenge, er at ho er litt forsinka motorisk. Ho ålar seg fortsatt, og har ikkje begynt å krabba enda. Men I. har lært å setja seg opp og leggja seg ned på eiga hand, og ho klarar å stå litt på beina sine når ho held seg i noko. Men I. reiser seg ikkje opp sjølv - og ho er veldig ustødig enda, og veltar fort over ende. Men I. lærer stadig nye ting, og er ei smart og oppegåande lita jenta - så me bekymrar oss absolutt ikkje! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:Nikke: Tida går så alt for fort!

Det blir nok krabbing snart, og da blir det travelt! ;)

Synes det er litt trist jeg, når en blid og skjønn unge smiler og sier "hei" og så får h*n ikke noen respons! Synes litt synd på den stakkars, blide ungen som er så god ... Nå tror jeg ikke de lider noen nød, men det er litt dumt da ... :sjenert:

Ja, det er iallfall heilt sikkert. Tenk, eg har snart ein 1-åring i hus! :dåne:

Eg har faktisk begynt å lura på om I. kanskje ikkje kjem til å begynna å krabba i det heile tatt. Ho ålar seg avgårde i superfart, og har ein funne ein effektiv teknikk å koma seg raskt framover på. Ho har også prøvd å reisa seg opp nokre gangar, men kjem seg berre opp i kneståande foreløpig. Det er jo enkelte barn som hoppar over krabbinga, så kanskje I. ein av dei som går rett frå å åla seg til å begynna å gå? Eg krabba faktisk aldri, då eg var liten. Eg aka meg berre framover på baken, og reiste meg deretter opp og begynte å gå. Så det er godt mulig at I. slektar på mammaen sin, og rett og slett droppar krabbinga. ;)

Trur ikkje I. lider noko nød nei, når folk ikkje seier hei tilbake når ho smiler og seier hei. Men eg synst jo det er litt synd for henne, når folk ikkje reagerer når ho ser på dei, smiler sitt søtaste smil, og seier høgt og tydelig hei!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
:vinke:

Lenge siden jeg har vært innom her, jammen har du fått en stor og flink jente siden sist! Hun høres såå sjarmerende ut da, smiler og sier hei til alle hun ser :rødme:

Rart at hun snart er blitt 1 år gammel, tiden flyyr! Du skal kanskje snart begynne å jobbe igjen du da?

Kjekt at du tittar innom dagboka mi igjen, etter gammalt! :)

Ja, eg synst iallfall at I. er utrulig skjønn og sjarmerande - men det synst vel alle mødre om sine eigne barn. ;) Men mange har kommentert det store smilet hennar, så eg trur nok andre også lar seg sjarmera litt. :rødme:

Eg kan nesten ikkje skjønna at I. snart fyller 1 år! Kor har tida blitt av? Eg har ikkje begynt å jobba heilt enda, for eg måtte seia opp den gamle jobben min då me flytta. Så då unnar eg meg litt lengre permisjon. ;) Men I. har begynt litt i barnehagen, så eg satsar på å begynna å jobba litt snart. Det er iallfall planen.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:sjenert: Synes noen ganger at folk blir i overkant hyggelig når man har med seg baby som kikker og smiler jeg. I dag var det en mann som sto lenge og så på lillemor før han begynte å stryke hene på hodet. Skjønte ikke hva jeg skulle gjøre for noe jeg altså. På grensa til ubehagelig :Nikke:

Men nå var vel lillemor så søt at han ikke kunne la være tenker jeg :fnise:

Selv har jeg blitt veldig flinlk til å snakke med kontaktsøkende babyer. Var ikke sånn i det hele før jeg selv fikk barn :riste:

Eg skjønnar godt at du synst det var litt ubehagelig, når han vart så nærgåande. Eg har aldri opplevd noko slikt, når eg har hatt med meg I. Det einaste eg har opplevd, er folk som har stoppa opp og begynt å prata med I. og meg, gjerne når I. først har smilt og sagt hei til dei - og det er jo berre koseleg. :Nikke:

Eg har alltid sagt hei og prata med små barn som søker kontakt, også før eg vart mamma sjølv. Men så har eg også alltid vore veldig interessert i ungar. ;) Kanskje derfor eg reagerer sånn på at så mange overser I., når ho smiler og seier hei.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I. sovnar veldig fint om kveldane for tida, men nettene er eit kapittel for seg. :sjenert: Det som har skjedd, er at I. har begynt å våkna oftare og oftare om nettene, og forventer å bli amma i søvn kvar gang ho våknar. Og sjølv om eg ammar henne, blir ho ofte liggjande i evighetar å suga (brukar meg som smokk), før ho sovnar igjen. Enkelte netter føler eg at eg ammar henne halve natta... Og viss eg ikkje tar I. opp og ammar henne, eller legg henne tilbake i senga si før ho har sovna igjen - så blir det enten hyl og skrik, eller så blir ho lys våken, og kan liggja å tulla i timevis før ho sovnar igjen. Det begynte å bli skikkelig ille om nettene, då I. var rundt 10 månader - og slik har det fortsett fram til no.

Sånn kan me ikkje ha det lenger, for no er I. snart 1 år! Og det blir jo berre verre og verre, jo større ho blir. Så når mannen min kjem heim frå jobb no, så blir me berre nødt til å få ein slutt på nattamminga. Eg gruar meg veldig til å avvenna I., for eg veit at det kjem til å bli fryktelig vanskelig, og masse hyl og skrik. Men det er forhåpentligvis verdt det?

Men eg er veldig usikker på kva metode me skal bruka. Eg er imot Ferbermetoden, for eg synst ikkje det er greit å la I. liggja åleine på rommet og skrika. Så me kjem til å sitja på rommet med I. til ho sovnar, kvar gang ho våknar i løpet av natta. Spørsmålet er om me skal vera strenge, og trøsta/roa henne mens ho heile tida ligg i senga si, og ikkje ta henne opp same kor mykje ho hyler - men at me er der heile tida, og prøver å roa henne ned. Eller om me skal bruka ein metode der me får "lov" til å ta I. opp og trøsta henne innimellom, viss ho griner mykje. Uff, det er ikkje lett å vita. Eg hatar når I. griner så veldig, og synst så fryktelig synd på henne når ho er lei seg - så eg veit ikkje kor streng eg klarar å vera med henne. Men me er jo berre nødt til å gjera eitt eller anna, for å få bedre netter. Slik det er no søv me dårlig og oppstykka om nettene, både eg og I. Og sånn kan me ikkje ha det i lengda!

Sovinga på dagtid har det også blitt forandringar på, sidan sist eg skreiv her inne. Då I. vart 10 månader gammal, begynte eg å merka at 2 kvilar i løpet av dagen ofte var i meste laget. Fram til då hadde det vore akkurat passelig med 2 kvilar på dagtid. Men på det tidspunktet begynte eg å merka at eg var nødt til å leggja I. før ho var trøtt, for at ho skulle rekka å sova 2 gangar før kvelden. Og oftare og oftare var ikkje I. noko særlig trøtt når ho skulle leggja seg for kvelden, slik at eg brukte lenger tid enn vanleg på å få henne til å sovna. Så då var det slik ein periode, at I. varierte mellom å sova 1 og 2 gangar på dagtid. Var ho tidleg våken om morgonen, sov ho 2 gangar - og var ho seint våken, så haldt det med ein kvil.

Då I. var nesten 11 månader, gjekk eg over til å alltid la henne sova kun ein gang på dagtid, for eg fann ut at det gjekk greit uansett kva tid ho våkna om morgonen. Men det varte vel knapt ei veke, så vart I. sjuk. :( Det begynte måndagen for 2 veker sidan, på I. sin 11-månadersdag. Eg merka at I. var litt varm om morgonen, og fann etter kvart ut at ho hadde feber. Ho var slapp og grinete, og ville berre sova. Då det fortsatt var slik på torsdag, tok eg henne med til legen. Det viste seg då at I. sannsynlegvis hadde øyrebetennelse, og kanskje også UVI. :( Stakkars jenta mi! Ho fekk antibiotikakur, som ho no heldigvis er ferdig med. I den perioden I. var sjuk, sov ho ca 3 gangar om dagen, og ville liggja oppå meg å sova! Så det var litt spesielt i ei vekes tid.

Men no er I. heldigvis heilt frisk igjen. Så no er ho tilbake til å sova kun ein gang på dagtid, og det går kjempefint! :) I. er akkurat passeleg trøtt når ho skal sova på dagen, og ho pleier å sova mellom 1/2 time og 2 timar. Det vanlegaste er vel mellom 45 min. og 1 time. Og då er ho blid og fornøyd fram til ho skal leggja seg, men er veldig klar for å sova når eg tar henne med på rommet om kvelden. I. sovnar nesten alltid innan 20 minutt, når eg legg henne om kvelden. Eg legg I. kl. 8 om kvelden, og ho tar morgon ein gang mellom kl 07.30 og 09.00. Så eg føler at ting går veldig greit både på dagtid, og når eg skal leggja I. for kvelden. Det er nettene som er heilt på styr! Ja ja, får sjå kva me greier å få til når mannen min kjem heim frå jobb. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Koselig at du er innom igjen! :)

Så bra at lille I sovner så lett på kveldstid, og at sovetidene på dagen fungerer så bra! :biggrin: Natten er jo litt kjedelig da ... Håper det ordner seg raskt når mannen kommer hjem og dere får begynt på nattavvenningen. Da bør jo han nesten ta henne opp om natta, slik at hun ikke lukter melk og kan ammes, så får du litt velfortjent søvn! ;)

Ikke lenge til I er 1 år nå! :overrasket: Tida går så fort ... :)

Ha en fortsatt fin dag! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...