Minttu Skrevet 26. august 2009 #861 Del Skrevet 26. august 2009 Hei Hei! Jeg har fulgt med litt i boka di, så nå får jeg vel hilse på Utrolig koselig å lese at I.har blitt kvitt skinnen! Det var nok en stor lettelse for både henne og dere Også så flink hun har blitt med ord og bevegelser! Begynner å bli ei stor jente Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. august 2009 Forfatter #862 Del Skrevet 28. august 2009 (endret) Pjuh, her var det mye oppdateringer siden sist! Prøve å unngå oppramsing, men er ikke så lett ... Synes I er veldig flink! Til å gjøre ting (riste på hodet, vise hvor sterk- og hvor stor hun er) og å skille de forskjellige tingene, i tillegg til at det er kjempebra med motoriske fremskritt. Var nok kjempefint for henne å slippe skinnen nå. Det er utrolig strevsomt å slite slik med maten til de små, jeg husker det der fra S var mindre. Forhåpentligvis er det bare en fase, jeg vet om mange som har hatt slike faser med babyen, og da går det nok over. Så koselig at I er slik en pappadalt! S er også veldig pappadalt, for tida er "pappa" det mest brukte ordet hans, han sier det nesten hele tida. Selv til meg sier han det, selv om han vet jeg ikke er pappa. Ja, eg synst I. er flink, og ho har lært seg veldig masse i det siste! Utrulig kor fort små barn lærer - det skjer stadig nye ting. Merkar godt at I. bevegar seg lettare no, når skinna er vekke. No kjem ho seg raskt fram på golvet. Ho drar seg framover med armane, og bøyer den eine foten, som ho sparkar frå med når ho ålar seg framover. I dag då I. sat på golvet, ville ho ha tak i ein ball som låg framfor henne. Men den låg akkurat så langt unna, at I. ikkje fekk tak i den. Så då trakk ho beina til seg, og la seg framover, slik at ho vart liggjande på magen på golvet. Og då nådde ho tak i ballen! Det er første gang at I. har gjort det. Den einaste måten I. tidlegare har klart å koma seg vekk frå sitjande stilling, er ved å leggja seg bakover på rygg. Så det skjer stadig nye ting på det motoriske området, no når I. ikkje går med skinne lenger. I. har også blitt veldig flink til å reisa seg opp i krabbestilling, når ho ligg på magen på golvet. Og ho sit då ofte og gyngar litt fram og tilbake, før ho legg seg ned igjen. Artig! Ser ut som om det med maten berre var ein fase, ja. For dei siste dagane har det gått kjempefint å få I. til å eta - og middagen går ned på høgkant! "Pappa" er faktisk det ordet I. også brukar aller mest for tida! Ho seier "pappa" dagen lang. Trur nok I. merkar at han er vekke, og eg synst det er veldig dumt at I. er for liten til at eg kan forklara henne kvifor pappaen hennar plutselig blir vekke i fleire veker - samtidig som ho no er stor nok til at ho merkar at han faktisk ikkje er her. Blir spennande å sjå korleis I. reagerer når mannen min kjem heim igjen, etter å ha vore så lenge vekke! Endret 28. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. august 2009 Forfatter #863 Del Skrevet 28. august 2009 (endret) Hei Hei! Jeg har fulgt med litt i boka di, så nå får jeg vel hilse på Utrolig koselig å lese at I.har blitt kvitt skinnen! Det var nok en stor lettelse for både henne og dere Også så flink hun har blitt med ord og bevegelser! Begynner å bli ei stor jente Så koseleg at du legg igjen eit lite spor i dagboka mi, når du har fulgt litt med her inne tidlegare! Velkommen skal du vera, Ida-Kristine! Eg er kjempeglad for at I. er kvitt skinna på dagtid! Alt blir så utrulig mykje lettare no, samtidig som I. igjen får bevega seg slik ho vil. Ingen tvil om at I. begynnar å bli stor jente! Det skjer stadig nye framskritt på alle områder. Og spesielt på det motoriske området har det skjedd mykje på kort tid, etter at I. fekk av seg skinna. Endret 28. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. august 2009 Forfatter #864 Del Skrevet 28. august 2009 (endret) I. har den siste tida begynt å gi oss forskjellige ting heile tida. Ho tar opp eitt eller anna frå golvet, og gir det til nokon. I starten tok I. heile tida tilbake det ho ga oss, med ein gang ho hadde gitt det vekk - men no gjer ho ikkje lenger det. I staden tar ho opp ein ny ting og gir til den same personen, i staden for å ta tilbake den tingen ho først ga vekk! Me hadde forresten ein guffen opplevelse med I. tidlegare i dag. Ho låg på golvet og leika. I. er for tida ekstrem med å putta i munnen alt ho får tak i, og ho plukkar opp allslags rusk og rask frå golvet, og et det. Mens I. låg på golvet, begynte ho plutselig å hosta. Eg tok henne opp, og då såg eg at ho hadde sett noko i halsen. Tårene rant, og I. såg berre framfor seg med store auger, uten å laga ein lyd. Eg synst det var ekkelt, for eg skjønte at eitt eller anna sat fast i halsen. Eg dunka I. i ryggen, og ho hosta litt - men fekk ikkje noko opp. Mora mi var også der, og ho tok ein fing bak i halsen på I., slik at ho brekka seg. Då kom det ut spytt/slim, og I. hosta skikkelig, og fekk opp det som var i halsen. Men eg trur ho må ha svelt det ned med ein gang, for det kom ingenting ut, og me såg heller ikkje noko inni munnen til I. I. grein litt rett etterpå, og ho såg litt bleik ut. Så eg tok henne med ut i litt frisk luft, og då vart ho heilt fin igjen. Men fy søren kor skummelt det var når I. sette noko i halsen. Kjente at eg begynte å få litt panikk, då I. ikkje fekk det opp med ein gang. Heldigvis gjekk det bra, men slike opplevelsar er aldri noko kjekke uansett. Me er ikkje sikre på kva det var I. sette fast i halsen. Men mora mi hadde sett at I. tok opp noko som likna på eit blad, rett før ho sette noko fast i halsen. Så det er mulig at det var det ho fekk i halsen. Skumle greier når små ungar set noko skikkelig fast i halsen, så eg får virkelig håpa at det ikkje skjer igjen! Endret 28. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 29. august 2009 Forfatter #865 Del Skrevet 29. august 2009 (endret) I dag er eg trøtt! Natta som var, var den verste på evighetar. Først brukte eg 3 kvarter på å få I. lagt. Vanlegvis sovnar ho innan 20 minutt. Og så våkna I. kl 12 om natta, og nekta å sovna igjen. Eg prøvde alt, men det var nyttelaust. Først kl 4 sovna I., etter å ha vore våken i 4 timar i strekk! Fy søren så trøtt og lei eg var då. Tålmodigheten min var slutt for lenge sidan, og eg følte meg heilt ødelagt. Trur eg sovna i løpet av eit minutt, då eg endeleg kunne leggja meg ned i senga. Natta før var den beste natta på veldig lenge, så eg skulle vel få igjen denne natta. Typisk! Lurer på om I. rett og slett ikkje var trøtt nok natta som var, sidan ho hadde sove så godt natta før. I. sov også kanskje litt for mykje på dagtid i går? Håpar virkelig me slepper fleire slike netter, for det var ufattelig slitsomt. Eg fekk flashback til kolikkperioden, og skjønnar virkelig ikkje korleis eg haldt ut å ha det slik kvar einaste natt i nesten 2 månader i strekk! No haldt eg jo på bli gal etter berre ei slik natt! Skjønnar forresten ikkje korleis eg skal takla det viss den neste ungen vår også får kolikk, når me har I. i tillegg. Tør ikkje eingang å tenka på korleis det isåfall vil bli! Endret 29. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Knøttet Skrevet 31. august 2009 #866 Del Skrevet 31. august 2009 Så kjedelig med en slik natt. Forhåpentligvis er det unntaket, og ikke regelen dette ... Den opplevelsen var kjempeekkel! Huff, tror jeg hadde fått panikk om det var meg, er redd jeg ikke hadde greid å hjelpe S engang jeg ... Godt det gikk så bra! Håper du får en fortsatt fin kveld. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 31. august 2009 Forfatter #867 Del Skrevet 31. august 2009 (endret) Så kjedelig med en slik natt. Forhåpentligvis er det unntaket, og ikke regelen dette ... Den opplevelsen var kjempeekkel! Huff, tror jeg hadde fått panikk om det var meg, er redd jeg ikke hadde greid å hjelpe S engang jeg ... Godt det gikk så bra! Håper du får en fortsatt fin kveld. Heldigvis har ikkje I. leie våken på natta fleire gangar, så håpar det fortset slik! Men i kveld nekta I. å leggja seg. Trur ho var overtrøtt, så ho berre grein og grein. Ville ikkje suga når eg prøvde å amma henne, og ho hylskreik når eg la henne ned i senga si. Eg måtte rett og slett gå oppi stova med I. igjen ei lita stund, for å roa henne ned - for ho hylskreik same kva eg prøvde å gjera. Då eg tok I. med på rommet igjen etter ei lita stund, for å prøva å leggja henne på nytt, begynte ho å grina litt igjen, og ville ingenting. Det endte med at eg måtte sitja med I. på fanget og vugga fram og tilbake, og då sovna ho faktisk i armane mine! Det trur eg ikkje I. har gjort sidan ho var heilt liten - men ho var nok så dødstrøtt, at ho rett og slett kollapsa til slutt, stakkars vesle jenta mi. No søv iallfall I. søtt i senga si, så kryssar eg fingrane for at ho søv bra resten av natta, og er blid og utkvilt igjen i morgon! Ja, eg vart skikkelig redd då I. sette noko fast i halsen. Eg er glad mora mi også var der, ellers hadde eg sikkert fått enda meir panikk. Håpar me slepper fleire slike episodar. Ha ein kjempefin kveld du også! Endret 31. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 31. august 2009 #868 Del Skrevet 31. august 2009 Vi er litt midt mellom en og to lurer på dagtid, så det er litt på kaos her også om dagene. Heldigvis ikke så gale våkeperioder på natten som hos dere riktignok... Bruker lang tid, 25-30 min på å sovne dersom han har sovet to lurer, med en lur er han stuptrøtt klokken fem omtrent, så da må vi se Drømmehagen for å holde ut. Til gjengjeld sovner han fort da. Det er vel ikke vits å bekymre seg for neste babys soverutiner allerede? Den tid, den sorg... Det kommer nok til å gå helt fint! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest faerytale Skrevet 1. september 2009 #869 Del Skrevet 1. september 2009 Innom og hilser på Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. september 2009 Forfatter #870 Del Skrevet 1. september 2009 (endret) Vi er litt midt mellom en og to lurer på dagtid, så det er litt på kaos her også om dagene. Heldigvis ikke så gale våkeperioder på natten som hos dere riktignok... Bruker lang tid, 25-30 min på å sovne dersom han har sovet to lurer, med en lur er han stuptrøtt klokken fem omtrent, så da må vi se Drømmehagen for å holde ut. Til gjengjeld sovner han fort da. Det er vel ikke vits å bekymre seg for neste babys soverutiner allerede? Den tid, den sorg... Det kommer nok til å gå helt fint! I. er definitivt ikkje klar for å gå over til kun ein kvil på dagtid enda! Det har hendt nokre få gangar at me ikkje har fått I. til å sova meir enn ein gang i løpet av dagen, og då blir det berre styr allerede fleire timar før I. skal leggja seg for kvelden. I. blir då blir sur og griner - og me endar opp med ei overtrøtt lita jente, som er umulig å leggja når kvelden kjem. Det er ingenting som er verre enn å prøva å leggja I., når ho er overtrøtt. Då hylskriker I. som ein gal, nektar å suga, nektar å liggja i senga si - og ho vil absolutt ingenting! I går hadde me jo ein slik kveld, sjølv om I. hadde sove 2 gangar i løpet av dagen (men den siste kvilen var kort). Me prøver så godt me kan å unngå at I. blir overtrøtt, for då blir det berre elendighet. Det hender sjølvsagt også at me har problem med å få lagt I. om kvelden, fordi ho ikkje er trøtt nok. Det skjer sjelden - men det er vanlegvis etter dagar der I. har sove 2 lange kvilar, og i tillegg har sove veldig godt natta i forveien. Slike kveldar tar det ganske lang tid å få lagt I. Ho griner vanlegvis ikkje då, men ligg lenge i senga si og berre tullar og tøysar, før ho endeleg sovnar. Dei aller fleste kveldane er I. heldigvis akkurat passeleg trøtt. Då ammar eg henne først, og så legg eg henne ned i senga si. Viss I. ikkje allerede har sovna under amminga, så snur ho vanlegvis berre litt på hovudet når eg legg henne ned i senga, og så lukkar ho augene og sovnar. Det går sjelden meir enn 20 minutt frå eg begynnar å amma I., og til ho ligg i senga si og søv. Herlig når det er slik! Det er på ingen måte slik at eg går rundt og bekymrar meg for neste baby sine soverutinar! Eg har viktigare ting å vera opptatt av! Det var berre den natta eg sat oppe med I. i 4 timar i strekk, at eg fekk litt panikk då eg tenkte den tanken. Endret 1. september 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. september 2009 Forfatter #871 Del Skrevet 1. september 2009 Innom og hilser på Koseleg! Det er så kjekt at du endeleg har blitt gravid! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. september 2009 Forfatter #872 Del Skrevet 1. september 2009 (endret) I. har ikkje begynt å krabba enda, men ho kjem seg raskare og raskare framover på golvet. No set ho seg opp i krabbestilling heile tida, og så sit ho slik ei stund, og vuggar fram og tilbake. Ellers har I. nokre favorittleikar for tida. Det er ein pus som ho har fått (ein katt som både kan gå og mjaua), og alle slags ballar! Kvar morgon når me står opp, og I. ser pusen sin, blir ho kjempeglad. Og alltid når I. ser ein ball, så lyser ho opp, strekker seg mot ballen, og seier "ba". I. synst det er veldig gøy når me trillar ball med henne. Mannen min er på jobb i Nordsjøen for tida. I dag då han ringte, fekk I. snakka med han i telefonen. Eller det vil seia: Mannen min snakka, og I. lytta! Og det var skikkelig morsomt å sjå kor konsentrert I. var, då eg tok telefonen bort til øyret hennar. Ho sat stille som ei mus, og lytta til det pappaen hennar sa. Og då eg tok vekk telefonen, vart I. skikkelig sint - så ho måtte få "snakka" litt meir i telefonen. Etterpå var I. så fornøyd, og sa "pappa" fleire gangar. Eg er heilt sikker på at I. kjente igjen stemma hans, og skjønte at det var pappaen sin - men eg trur nok ikkje heilt ho skjønte korleis ho kunne høyra han inne i telefonen. Etter at eg begynte å pussa tennene til I. om kvelden, så har det vore litt styr med akkurat det. For I. har nekta å la meg pussa tennene hennar først, for deretter å hylskrika når eg tar frå henne tannkosten etter tannpussen. Eg har heile tida vore bestemt på at eg skal pussa først, sjølv om I. ikkje alltid har likt det. Og så får I pussa etterpå. Så seier eg etter ei stund at no er me ferdige, tar tannkosten frå I., og set den vekk. Sidan I. hylskreik kvar gang eg tok tannkosten, begynte eg å seia til I. at me måtte seia ha det til tannosten, og så vinka eg til den - for å prøva å avleda I. Det funka ikkje i starten, for I. hylte berre vidare. Men så gjekk det litt og litt bedre for kvar dag. Og no dei siste dagane har I. blitt kjempeflink! Ho lar meg først få pussa tennene hennar litt, og så pussar ho sjølv etterpå (dvs biter og suttar på tannkosten). Og når eg så seier til I. at no må mamma få tannkosten, så lar ho meg få den! Og i det eg set tannkosten i tannglaset, så begnnar I. å vinka - før eg i det heile tatt har sagt at me må seia ha det til tannkosten. Jammen lærer sånne små fort! Skikkelig morsomt og søtt at I. no heilt uoppfordra vinkar til tannkosten sin kvar einaste kveld, som den naturligaste ting i verden. :rødme: I. er forresten veldig flink til å sjarmera folk med smilet sitt! Kvar gang ho ser nokon, kjente eller ukjente, så smiler ho sitt største smil! I dag då me var på butikken og handla, klarte I. å få blikkontakt med ganske mange folk. Og for kvar person ho såg på, og som såg på henne - smilte I. over heile fjeset, som ei stor sol! Når I. først er i godt humør, så er ho alltid så ekstremt blid. Skjønne jenta mi! Endret 1. september 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Soul Skrevet 6. september 2009 #873 Del Skrevet 6. september 2009 Hei lenge siden jeg har lagt igjen hilsen nå! Godt å lese at dere har det så bra og at det går så fint med lille I! Blir litt lite KG om dagen for jeg er mest på Nybaktmammaforumet. Også har jeg jo hendene fulle med lille P. Men hender jeg er inne og oppdaterer meg hos deg for det er så koselig å lese om I og deg! Særlig nå som jeg har en baby selv, da kan jeg liksom se noen måneder frem i tid med lillegutten min. Tenk han er straks et halvt år! Så fort tida flyr. Jeg er så trøtt i kveld så jeg klarer ikke kommentere alt jeg gjerne vil... men må bare si at jeg ble helt rørt når jeg leste at I fikk av skinna! Kjempeglad på deres vegne, syns dere har vært utholdende der altså. Klem fra Soul Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Knøttet Skrevet 10. september 2009 #874 Del Skrevet 10. september 2009 Det virker nesten som I er litt lik S, jeg ser iallfall enkelte likheter. S er også veldig glad i baller, har både sprettball og litt større- ikke-sprettende i forskjellige størrelser. Så sjarmerer han folk med smilet sitt og peking også. Høres skjønn ut da, lille store I. Så koselig at hun syntes det var så gøy å snakke med pappa i telefonen! Det har vi ikke prøvd enda, det må prøves. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Cloudberry Skrevet 10. september 2009 #875 Del Skrevet 10. september 2009 :klø: Kanskje det hjelper å innøve en rutine med å hilse på tannkosten også? Lillemannen vår har er nemlig ikke så glad i å pusse tennene i det hele tatt Lillemor derimot Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 15. september 2009 Forfatter #876 Del Skrevet 15. september 2009 (endret) No er eg endeleg på nett igjen, for ei lita stund! Kjedeleg å ikkje ha internett i nyehuset vårt enda. Men i kveld skal eg kosa meg framfor PCen heile kvelden, sidan me er på besøk hos svigerforeldra mine til i morgon. Det går fint med oss, men både eg og I. har blitt forkjølte. Så me har hatt nokre slitsomme dagar og netter i det siste. I. har våkna mange gangar i løpet av natta, og vore kjempetett. Så då har ho skreke, og eg har strevd for å klara å roa henne igjen. Ho strevde med å suga når eg skulle amma henne, og nekta å sovna igjen uten at eg sat med henne i armane, med hovudet høgt. Så det har blitt lite søvn på oss alle, og I. har vore ganske sur og grinete på dagtid også. No er heldigvis I. mykje bedre, men eg eg ganske forkjølt enda. Får håpa me snart er heilt bra igjen, både eg og I.! I. har blitt kjempeflink til å koma seg fort fram på golvet no. Og ho set seg ordentlig opp i krabbestilling heile tida. I dag klarte I. også å skubba seg litt bakover, når ho sat i krabbestilling. Og eit par gangar i løpet av dei siste dagane, har I. nesten klart å setja seg opp åleine. Så det skjer stadig nye ting! No før I. skulle leggja seg for kvelden, begynte ho å krypa opp og ned av ei ganske tjukk madrass som låg på golvet. I starten måtte eg dytta I. litt i baken, for at ho skulle klara å koma seg opp på madrassa, men etter ei lita stund kom ho seg opp heilt uten hjelp. Men eg passa litt på når I. skulle krypa ned frå madrassa, for ho haldt på å landa med nasa rett i golvet nokre gangar. I. synst tydelegvis det var kjempemorsomt å ha lært seg noko nytt! Ho lo, og kraup opp og ned på madrassa om og om igjen, og det gjekk kjempefort etter kvart. Til slutt var I. heilt andpusten, for ho hadde haldt på så lenge. Skikkelig artig å sjå kor uthaldande I. var, når ho klatra opp og ned på madrassa, og kor gøy ho synst det var! Ellers har I. begynt å gi oss rusk og rask som ho finner på golvet, i staden for å putta det i munnen - noko eg er veldig glad for! Ja, ho gir oss alt mulig for tida, også leikar og alt mulig anna ho får tak i. Og så har endeleg I. begynt å bla fint i aviser, blad og bøker, og sjå på bilda - i staden for å riva dei i stykker. Tidlegare har I. vore mest interessert i å riva sundt alt av papir, som ho får tak i - så eg har berre kunna sett i bøker med I., som har stive permar. Men no blar I. så fint i både vanlege bøker, blad og aviser, og likar utrulig godt å sjå i bøker med masse fine bilete og fargar. I. pratar masse fortsatt. Ho er veldig opptatt av babyar for tida, og sier "bei" kvar gang ho ser bilde av eit barn/ein baby. Tidlegare har I. sagt "bebe" for baby, men no har ho altså begynt å seia "bei". Og så har I. begynt å seia "nei nei", kvar gang ho nærmar seg noko som ho veit ho ikkje har lov til å røra - som potteplantar, ledningar o.l. Så I. veit godt kva ho ikkje har lov til å røra, sjølv om ho heile tida prøver seg! Ellers er I. veldig glad i musikk for tida. Kvar gang I. høyrer musikk, begynnar ho å "dansa". Det vil seia at ho rytmisk bevegar på overkroppen. Og spør me I. om ho kan dansa, så gjer ho det! Ja, det er ei skjønn lita jente me har! :rødme: I. lærer nye ting heile tida, så det er sikkert noko eg har gløymt å nevna. Og sist, men ikkje minst: 12. september vart I. 10 månader gammal. Tenk, at ho har blitt så stor allerede! Det må feirast litt: Hurra for I., som har blitt 10 månader! Endret 15. september 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 15. september 2009 Forfatter #877 Del Skrevet 15. september 2009 (endret) Hei lenge siden jeg har lagt igjen hilsen nå! Godt å lese at dere har det så bra og at det går så fint med lille I! Blir litt lite KG om dagen for jeg er mest på Nybaktmammaforumet. Også har jeg jo hendene fulle med lille P. Men hender jeg er inne og oppdaterer meg hos deg for det er så koselig å lese om I og deg! Særlig nå som jeg har en baby selv, da kan jeg liksom se noen måneder frem i tid med lillegutten min. Tenk han er straks et halvt år! Så fort tida flyr. Jeg er så trøtt i kveld så jeg klarer ikke kommentere alt jeg gjerne vil... men må bare si at jeg ble helt rørt når jeg leste at I fikk av skinna! Kjempeglad på deres vegne, syns dere har vært utholdende der altså. Klem fra Soul Så kjekt at du ser innom dagboka mi, Soul! Blir lite KG på meg også om dagane, men det er fordi me ikkje har fått internett i det nye huset vårt enda. Kjenner at eg får litt abstinensar innimellom, for eg er nok litt dataavhengig. Eg er forresten også mykje inne på NM. Eg er vel omtrent like mykje der, som eg er her på KG. Synst begge foruma er bra, så eg held meg begge plassar. Ja, det er travelt med ein liten unge i hus, det veit eg alt om! Det er sjelden at eg er på nettet på dagtid, det er isåfall når I. søv. Men då har eg vanlegvis masse andre ting som må gjerast. Så det er helst om kveldane eg sit på nettet, når I. er i seng. Tida går fort! Tenk at gutten din allerede snart er 6 månader gammal, og at I. nettopp har blitt 10 månader! Eg skjønnar virkelig ikkje kor tida blir av. Det var herlig når I. fekk av skinna på dagtid! Alt har blitt så mykje enklare, enn det var då I. måtte ha på seg skinna døgnet rundt. I. virkar også meir fornøyd etter at ho fekk av skinna, og har blitt mykje flinkare til å liggja på golvet og underhalda seg sjølv. Sender ein stor klem tilbake til deg! Endret 15. september 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 15. september 2009 Forfatter #878 Del Skrevet 15. september 2009 Det virker nesten som I er litt lik S, jeg ser iallfall enkelte likheter. S er også veldig glad i baller, har både sprettball og litt større- ikke-sprettende i forskjellige størrelser. Så sjarmerer han folk med smilet sitt og peking også. Høres skjønn ut da, lille store I. Så koselig at hun syntes det var så gøy å snakke med pappa i telefonen! Det har vi ikke prøvd enda, det må prøves. Ja, det kan godt henda at I. og S. er like på ein del områder! Ballar er fortsatt blant favorittleikane til I. Ser I. ein ball, blir ho alltid fornøyd. I. kan absolutt sjarmera andre med smilet sitt! Når ho først er i det rette humøret, smiler ho frå øyre til øyre til alle ho ser. Ja, dåke må prøva å la S. snakka i telefonen! Det var artig å sjå korleis I. reagerte, då ho fekk snakka med pappaen sin. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 15. september 2009 Forfatter #879 Del Skrevet 15. september 2009 (endret) :klø: Kanskje det hjelper å innøve en rutine med å hilse på tannkosten også? Lillemannen vår har er nemlig ikke så glad i å pusse tennene i det hele tatt Lillemor derimot Ja, kanskje det! No går det faktisk veldig fint med tannpussen. I. lar meg pussa tennene hennar først, så pussar ho litt sjølv. No har I. også begynt sjølv å setja tannkosten sin på plass i skapet, og så vinkar ho så fint, og lukkar skapdøra igjen. Håpar det fortset slik! Får håpa lillemannen din også blir glad i å pussa tennene sine. Det går vel kanskje litt opp og ned? I periodar går det fint, mens andre gangar er ikkje tannpuss noko gøy! Sånn har det iallfall vore med I. Endret 15. september 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
jente 79 Skrevet 18. september 2009 #880 Del Skrevet 18. september 2009 God helg Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå