Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

I natt var I. våken 2 timar i strekk midt på natta, frå klokka var 1 til 3. :Gjesp: I. var lys våken, og ville ikkje sovna igjen etter at eg hadde amma henne. Ho låg berre der og styrte, sånn at eg ikkje fekk sova. Etter lang tid begynte I. å grina litt, og då var det ny ammerunde. Så låg I. våken ei stund til etterpå, før ho endelig sovna! Og då hadde det som sagt gått 2 timar...

Rart at I. var så lys våken midt på natta, for slik pleier det aldri å vera. Vanlegvis sovnar I. veldig fort, etter at ho har fått mat om natta. Får virkelig håpa at det berre var tilfeldig, og at det ikkje er noko I. kjem til å fortsetja med. I. var forresten klar for å stå opp kl 7 i dag tidleg! Men eg nekta å stå opp så tidleg, sidan eg hadde fått sove så lite - så eg "tvinga" I. til å sovna igjen, ved å bruka ammetrikset. :sjenert: Og jammen sov I. vidare heilt til kl 09.30! :biggrin:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Tnåå!! :hjerte:

:nigo:

I. har vist kor stor ho er fleire gangar i dag også, og ho er berre sååå søt! :hjerter:

I. har jo også begynt å vinka for ei stund sidan, og i dag skjedde noko artig. Eg sat med I. på fanget framfor PCen. I. ville heile tida trykka på tastaturet, men eg lot henne ikkje få lov - så då vart ho etter kvart lei og utålmodig. Så eg fann ut at det var best å flytta meg vekk frå dataen. Eg sa så til I., mens eg slo av PCen: "Ha det til dataen." Og då begynte I. å vinka! :rødme:

Tenk at I. virkelig skjønte at eg sa "ha det"! Det imponerte meg stort. :) For alltid når me skal få I. til å vinka, seier me: "I., no må du vinka til .... Ha det!". Og så pleier me å vinka, for å visa I. kva ho skal gjera. Og eg er heilt overbevist om at I. i dag kjente igjen ordet "ha det", og reagerte med å vinka - for det er i den forbindelse me pleier å bruka ordet til I., når me skal få henne til å vinka. Tenk at veslejenta mi har blitt så stor, at ho har begynt å skjønna betydningen av enkelte ord. Herlig! :biggrin:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Morsomt å se hvor mye de egentlig skjønner.

Husker pappa var så overrasket over at jeg ba lillegutt om å komme når vi skulle spise frokost, og at han faktisk kom krabbende etter :ler:

Kanskje det er tenner som plager henne. Men greit når amme trikset fortsatt fungerer. Brukte det en stund her også, men nå får det være slutt. Greit med en pause før nestemann melder sin ankomst.... :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Morsomt å se hvor mye de egentlig skjønner.

Husker pappa var så overrasket over at jeg ba lillegutt om å komme når vi skulle spise frokost, og at han faktisk kom krabbende etter :ler:

Kanskje det er tenner som plager henne. Men greit når amme trikset fortsatt fungerer. Brukte det en stund her også, men nå får det være slutt. Greit med en pause før nestemann melder sin ankomst.... :sjenert:

Ja, dei skjønnar nok meir enn me er klar over, dei små gullungane våre! ;)

Trur ikkje det er nokon tenner på vei for øyeblikket, så eg veit ikkje heilt kva som gjekk av I. forrige natt. Denne natta sov heldigvis I. bra igjen. :) Det var virkelig godt å få sova ordentlig i natt, for eg var så trøtt i heile går etter den dårlige natta me hadde.

Skjønnar godt at du har slutta å amma N. no, når ein ny liten baby er på vei! Kor gammal var han forresten når du kutta ut nattamminga, og korleis gjekk avvenninga? Eg håpar i det lengste at I. skal slutta av seg sjølv med å våkna om nettene og grina etter mat, for eg har så lite lyst til å begynna med tvangsavvenning. Då kjem det til å bli eit vanvittig leven, og hyl og skrik heile natta, fryktar eg. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har I. blitt ein kløpper i å visa kor stor ho er! ;) I starten løfta ho ikkje armane ordentlig opp, men mest framover, og ofte berre den eine armen om gangen. Men no har I. blitt så flink atte, og løftar begge armane høgt over hovudet! :rødme: Det hender til og med innimellom at I. løftar armane i været for å visa kor stor ho er, uten at me på forhånd har spurt henne om kor stor ho er. Skjønne godungen min! :hjerte:

No kjem også I. seg mykje meir rundt omkring, når ho ligg på magen. Ho blir ikkje liggjande lenge der eg legg henne ned, for å seia det slik. I. har enda ikkje skjønt korleis ho skal dra seg framover på golvet, men det kjem nok snart det også! :)

Ellers merkar eg at I. stadig forstår meir og meir av det me seier til henne. Det er veldig artig å sjå at I. forstår og reagerer, når me seier noko.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei Mirabella76,

Jeg må innrømme å ha lest igjennom prøvedagboka di og et par av de andre dagbokene dine, og det var veldig spennende lesing og veldig glad for at du fikk ditt etterlengtet barn tilslutt :duskedame:

Jeg er selv helt fersk prøver (PP1) og er veldig spent på hvordan dette vil gå. Er 33 år nå, så vet at det kan ta evt litt tid før jeg blir gravid. Men prøver ikke tenke for mye, og kose meg med prøvingen nå i starten :)

Kos deg videre med jenta di, du høres ut som en super mor :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Mirabella76,

Jeg må innrømme å ha lest igjennom prøvedagboka di og et par av de andre dagbokene dine, og det var veldig spennende lesing og veldig glad for at du fikk ditt etterlengtet barn tilslutt :duskedame:

Jeg er selv helt fersk prøver (PP1) og er veldig spent på hvordan dette vil gå. Er 33 år nå, så vet at det kan ta evt litt tid før jeg blir gravid. Men prøver ikke tenke for mye, og kose meg med prøvingen nå i starten :)

Kos deg videre med jenta di, du høres ut som en super mor :klem:

Hei Rosa76, og velkommen hit til dagboka mi! :klem:

Må seia at eg er veldig imponert over at du har lest gjennom både prøverdagboka mi, og fleire andre av dagbokene mine! :) Det er nok ikkje gjort på ein dag å lesa gjennom alle dei sidene, vil eg tru!!!

Ja, tenk at eg fekk den etterlengta lille prinsessa mi til slutt! :hjerter_rundt: Og no er eg prøvar igjen, og får kanskje enda ein liten gullklump. :hjerte: Ingen tvil om at eg er kjempeheldig, men det tok tid å koma dit eg er i dag. Det er virkelig fantastisk å vera mamma, og det å få barn er det aller beste som nokon gang har skjedd i livet mitt!

Så kjekt at du også nettopp har starta prøvinga, og er på alder med meg! :) Masse lykke til med prøveprosjektet! :tommelopp: Me to blir jo nødt til å følgja kvarandre gjennom tida som prøvarar, og forhåpentligvis blir me gravide raskt begge to! Me brukte 8 månader på å få klaff første gang, men eg håpar det går litt raskare denne gangen.

Tusen takk for fine ord! :klem1: Du er hjertelig velkommen innom den nye prøverdagboka mi (om du ikkje allerede har vore innom?)! Har du forresten ført deg opp på IKM-lista for august, på prøverforumet her på KG? Det har eg! :Nikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I. nektar å sovna i vogna si på dagtid for tida. Berre hyler og skriker, når me prøver å leggja henne. :sur: Så me måtte berre droppa den første kvilen i dag. I. haldt seg då våken heilt frå kl 08.00 i dag tidleg, og til kl. 14.30 på ettermiddagen. Då skulle me ut og kjøra, og I. sov nesten 1 time i bilen. Så var I. våken frå ca 15.30, og fram til eg la henne i 8-tida i kveld. Då var I. dødstrøtt, og hadde småsutra gangske lenge før eg la henne.

Tydeleg at kun ein kvil i løpet av dagen, er for lite for I. Ho treng å sova 2 gangar i løpet av ein dag! Så kva i alle dagar skal me gjera, når I. nektar å leggja seg til å sova i vogna på dagtid? Veldig ofte blir det til at eg ammar I. i søvn, for då kan eg berre leggja henne sovande i vogna. Eg veit at det er heilt feil å amma ein så stor unge i søvn - men det har vore så mykje styr med sovinga på dagtid i det siste, at eg har valgt den lettaste løysinga. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg lagt ut nye bilete i bloggen min! :) Eller nye og nye, bileta er frå mai. Eg er litt treig med å oppdatera bloggen min, så bileta frå juni og juli får heller koma litt seinare. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I. har alltid pleid å eta alt ho har fått. Det har med andre ord aldri vore noko problem å få mat i I.! Men i det siste har I. plutselig begynt å knipa munnen igjen når eg gir henne mat, spesielt når ho skal få middag. I dag var det heilt håplaust, og eg fekk berre i henne nokre få skeier av middagen. I. kneip munnen igjen, snudde seg vekk, og nekta å eta. Kan ikkje skjønna at ho ikkje skal lika maten heller, for ho har alltid ete det før! Mystiske greier. :klø:

Eg lurte først på om I. ikkje var spesielt sulten då eg ga henne middag i dag, sidan ho ikkje ville eta. Men det var iallfall ikkje forklaringa, for då eg amma henne rett etterpå, låg ho og saug ho lenge. Ja, I. er veldig glad i puppen for tida! Då I. begynte å få mat, vart ho mindre interessert i puppen på dagtid - men no er puppen tydelegvis det beste igjen. Eg føler at eg ammar I. oftare no enn eg har gjort på lenge, både om dagen og om natta. :sjenert: Trudde det var vanleg at babyar vart mindre og mindre interesserte i puppen etter kvart som dei vart eldre, men slik er det tydlegvis ikkje med I.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om jeg ikke har tilgang i bloggen din...? :sjenert:

Har du ikkje? Så rart. Eg skal sjekka det med ein gang! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

No skal du ha tilgang til bloggen min! :Nikke:

PS: Du låg inne med det gamle brukernavnet ditt i bloggen min!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest faerytale
No skal du ha tilgang til bloggen min! :Nikke:

PS: Du låg inne med det gamle brukernavnet ditt i bloggen min!

Takk! :nigo:

Det var det jeg trodde!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I. er så morsom, no når ho har begynt å prata så mykje! :)

I dag sat I. og drog i duken som låg på bordet, om og om igjen. Mora mi sa nei til I., kvar gang ho drog i duken. Etter ei stund såg I. opp på mora mi med eit alvorlig ansiktsuttrykk, og sa "Nei, nei, nei!" Mora mi lo, for ho synst det var så komisk - og då gjorde I. det på nytt og på nytt. Skikkelig artig! :Hehe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...