Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

No når eg skulle leggja I. i vogga si, var ho veldig trøtt - men ho grein ein del før ho sovna likevel. Så ho har nok ikkje heilt gitt seg meg grininga, nei! ;) Men ho griner heldigvis ikkje sånn intenst som ho ofte gjorde før. No er det meir sånn normal smågrining, og det er ikkje så gale.

Ja, og så må eg jo få leggja til at I. enda ikkje har gitt seg heilt med å hylskrika, når me er ute å kjører bil - for bilkjøring er ho tydelegvis ikkje noko særlig glad i. Og blir I. overtrøtt, så hender det også at ho hyler ei lita stund. Men alt i alt har det jo blitt mykje bedre enn før, så då skal eg vera fornøyd! :)

I. har forresten begynt å få meir hår no! :smilorange: La merke til det ein kveld eg hadde bada I., og skulle tørka håret hennar. Då stod litt av håret rett opp, og eg såg at det hadde blitt lengre enn før. I. hadde lite hår då ho vart født, og har hatt like lite hår heilt fram til no egentlig. Det ser ikkje ut som om ho har fått meir hår bak og på sidene foreløpig, men på toppen har håret blitt litt lengre. ;) Veit ikkje om I. har fått meir hår, eller om det berre er det håret ho har hatt frå før som har blitt lengre.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Hylende barn i bil kan til tider være ganske stressende. Godt det har blitt bedre hos dere i hvertfall.

Her har ikke M mistet noe hår enda, det er langt og står rett opp hele tiden. Han ser ganske vill ut. :fnise:

De er så søte når de oppdager tærne sine. :hjerte:

Ha en fin søndagskveld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hylende barn i bil kan til tider være ganske stressende. Godt det har blitt bedre hos dere i hvertfall.

Her har ikke M mistet noe hår enda, det er langt og står rett opp hele tiden. Han ser ganske vill ut. :fnise:

De er så søte når de oppdager tærne sine. :hjerte:

Ha en fin søndagskveld.

Hylande baby i bil er ikkje noko kjekt, nei. :( Og det har vel egentlig ikkje blitt noko særlig bedre i det siste heller. Då I. var heilt liten var bilkjøring veldig effektivt for å få henne til å slutta å grina. No er det dessverre motsatt: Bilkjøring får veldig ofte I. til å begynna å grina, sjølv om ho er aldri så blid og fornøyd før me tar henne i bilen! :sur:

Eg har ikkje merka at I. har mista noko hår. Synst ho har hatt det same håret heile tida, men no har det begynt å veksa. ;) Morsomt med babyhår som står rett til værs! :biggrin:

Tærne er veldig populære for tida, ja. Kvar gang I. ligg på stellebordet, tar ho tak i føttene sine. Men ho likar foreløpig bedre å ta på tærne/føttene sine, enn å studera dei.

Eg har ein fin søndagskveld, og det håpar eg du også har! :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore i Åpen barnehage med I., for aller første gang! :) Det tar berre nokre få minutt å gå ned dit frå her me bur, så det er kjempegreit. Det virka som om I. koste seg, for ho var blid og fornøyd nesten heile tida - heilt til ho begynte å bli sulten og trøtt. Det var store lokale: Eit stort fellesrom, og fleire mindre leikerom - i tillegg til kjøkken, bad/stellerom og garderobe. Det var visst samling i 11-tida kvar dag, og felles lunsj kl 11.30. Åpningstida var frå 10.00-14.15, og me kan koma og går akkurat som me vil. Me betaler 20 kr per dag.

Dei fleste ungane var større enn I., dei eldste var vel rundt 3 år. Men det var ein annan baby der også, ein gutt på 4 månader - så I. var faktisk ikkje yngst! ;) Me kjem nok til å ta turen innom barnehagen fleire gangar, for det var koseleg! :jepp: Kjekt å prata med andre mødre med små ungar, og spennade for I. å få koma i nye omgivelsar og å sjå andre barn. Me koste oss begge to! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Så koselig med åpen barnehage! Det er veldig kjekt å ha den muligheten, både for foreldre og barn, kjekt med litt forandring og å få se andre foreldre og barn :jepp: Har vært innomom én gang jeg også, men da sov S så klart :roll: Tror han hadde syntes det var kjempegøy nå, han er så interessert i andre babyer. Har planer om å dra sammen med ei fra barselgruppa, blir nok koselig :)

Har hun blitt 5 måneder?! :overrasket: Jeg blir stadig forskrekket over hvor fort tida går, det føles som andres barn vokser mye fortere enn S! :fnise:

Så bra at sovingen går bedre! :biggrin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Så koselig med åpen barnehage! Det er veldig kjekt å ha den muligheten, både for foreldre og barn, kjekt med litt forandring og å få se andre foreldre og barn :jepp: Har vært innomom én gang jeg også, men da sov S så klart :roll: Tror han hadde syntes det var kjempegøy nå, han er så interessert i andre babyer. Har planer om å dra sammen med ei fra barselgruppa, blir nok koselig :)

Har hun blitt 5 måneder?! :overrasket: Jeg blir stadig forskrekket over hvor fort tida går, det føles som andres barn vokser mye fortere enn S! :fnise:

Så bra at sovingen går bedre! :biggrin:

Ja, det var kjekt å vera i åpen barnehage! :) Og veldig lettvint å ta turen innom når me har lyst, sidan barnehagen ligg rett ved der me bur.

Utrulig at I. har blitt 5 månader allerede, ja. Eg synst ho veks kjempefort!

Det går heldigvis mykje bedre med legginga både på dagtid og om kvelden. I. sovnar så fint i si eiga seng om kveldane for tida, og det er så godt. Håpar virkelig det fortset slik! Det som derimot er litt frustrerande, er at I. har begynt å våkna om nettene. Både denne natta og natta før var I. våken og måtte få mat 2 gangar i løpet av natta. :( Den eine gangen I. var våken i natt, gjekk det 1 1/2 time frå ho våkna til ho sov igjen. Først var det amming, så låg ho veldig lenge våken i senga si etterpå, før ho sovna igjen (men ho grein ikkje i det heile tatt, så ho har jo blitt veldig flink til å sovna av seg sjølv). Men slitsomt er det likevel å liggja våken så lenge midt på natta. Eg får ikkje til å sova, før I. søv - så då blir eg jo liggjande våken eg også. Natta før måtte eg opp midt på natta for å bytta bleie på I., for ho hadde bæsja seg ut. Då låg I. og smågrein på stellebordet med augene igjen, heile tida mens eg bytta bleie på henne. Stakkars vesle jenta mi, så trøtt ho var - så eg skjønnar egentlig ikkje kvifor ho våkna i det heile tatt, når ho var så trøtt. Ja ja, får håpa at I. snart begynnar å sova heile nettene igjen, slik at eg får nattesøvnen min tilbake! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Tida går altfor fort :sukk:

Skjønner at det er litt frustrerende med nattevåk når man ikke er vant til det lenger. Krysser fingrene for at I. begynner å sove hele nettene snart igjen :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag var eg på babysang med I. igjen, og det gjekk fint! :) Eg var sikker på at I. ikkje kom til å halda ut til babysangen var ferdig,og at det kom til å bli hyl og skrik etter ei stund. Babysangen er nemlig midt i sovetida til I., og ho sovna ikkje i bilen på vei dit, slik ho gjorde forrige gang. Men det er utrulig kor lenge I. kan halda ut, når det er noko spennande som skjer rundt henne. ;) For I. var fornøyd heilt til babysangen var over, og sovna med ein gang me kom i bilen og begynte å kjøra.

Men bilkjøring er generelt ufattelig stressande for tida! I. hylskreik noko heilt vanvittig på kjøreturen til babysangen i dag. Derfor var eg iallfall sikker på at ho ikkje kom til å halda ut til babysangen var over, for eg vil jo tru at ho må bli heilt utmatta av å skrika så fælt. Ikkje kunne eg stoppa heller, sidan me kjørte på motorvei.

Me reiste inn til foreldra mine rett etter babysangen, og det er over 1 time å kjøra - så eg grua meg litt til kjøreturen. Heldigvis var I. så trøtt etter babysangen, at ho sovna med ein gang me kom i bilen. Då me kom til ferja våkna I., fekk koma ut, og var blid og glad. Men så vart det krise igjen då me skulle kjøra vidare. I. var så illsint og hylskreik og hiksta så fælt, at eg måtte stoppa 3 gangar på siste del av kjøreturen, som tok litt over 10 minutt. :( Eg blir så stressa og lei meg, når I. skriker så veldig når me er ute og kjører bil. Er så fælt å ikkje kunne ta I. opp og trøsta henne, og ikkje kunne forklara henne kvifor ho må sitja der. Bilkjøring med hylande baby er noko herk!!!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tida går altfor fort :sukk:

Skjønner at det er litt frustrerende med nattevåk når man ikke er vant til det lenger. Krysser fingrene for at I. begynner å sove hele nettene snart igjen :)

Det er heilt sant at tida går altfor fort! Dei små gullungane våre er snart ikkje babyar lenger.

Det er nok det som er aller mest frustrerande ja, at I. plutseleg har begynt å våkna om nettene, når ho alltid har pleid å sova heile nettene tidlegare. Hadde I. alltid pleid å våkna i løpet av natta, reknar eg med at eg vile ha vore vant til det, og tenkt at det er vel slik det skal vera. Men no veit eg korleis det kan vera, og at I. kan sova heile natta uten mat - og då vil eg helst at det skal fortsetja slik. Ja, me får kryssa fingrane for at det berre er ein overgang, og at I. snart er tilbake til normalen igjen når det gjeld sovinga. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det går mykje bedre med legginga no! :) Kvar kveld for tida sovnar I. av seg sjølv i si eiga seng om kvelden. Når eg ammar henne på soverommet om kvelden, sovnar ho vanlegvis - men nesten alltid våknar ho når eg legg henne ned i senga. Men i staden for å begynna å grina då, slik ho gjorde før - så ligg ho no berre og snur og bevegar litt på seg, før ho lukkar augene og sovnar. I går kveld gjekk det berre 20 minutt frå eg gjekk på rommet med I, til ho sov. Og i kveld tok det under ein halv time. Herlig! :tommelopp:

Nettene er det verre med. I natt våkna I. og måtte få mat 3 gangar i løpet av natta. :sur: Ho sovna kl 10 i går kveld, og ho våkna igjen kl 2, ca kl halv 5 og rundt halv 7. Sov så vidare til kl 9, og då stod me opp. Det einaste positive er at I. sovnar av seg sjølv igjen i si eiga seng etter at ho har fått mat om natta, slik ho også har begynt å gjera om kveldane. Eg tar I. bort i mi seng om natta, og ammar henne - så legg eg henne tilbake i si eiga seng. Då er vanlegvis I. våken, men ligg rolig i senga si til ho sovnar. Eg klarar likevel ikkje å sova før I. har sovna. Og sidan det enkelte gangar tar litt lang tid før I. sovnar igjen, så hender det at eg blir liggjande våken ganske lenge om gangen midt på natta. Og når I. er våken fleire gangar i løpet av natta, så blir det litt slitsomt. Eg synst det er veldig slitsomt å berre få sova samanhengande i nokre få timar om gangen om nettene, før eg blir vekt opp igjen. Er ikkje vant med slikt eg, sidan I. har pleid å sova heile nettene før.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mulig du har skrevet det, men jeg har ikke fått det med meg... :sjenert: Men har du vært på 5mnd-kontroll med I enda? Hva var målene hennes?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mulig du har skrevet det, men jeg har ikke fått det med meg... :sjenert: Men har du vært på 5mnd-kontroll med I enda? Hva var målene hennes?

Nei, me har nok ikkje vore på 5-månaderskontroll med I. enda. Skal ikkje før i midten av mai, så det blir ein forsinka kontroll kan du seia. Forrige gang me var på kontroll på helsestasjonen med I., var då ho var 4 1/2 månad gammal. Som eg skreiv dagboka di, så var måla til I. då omtrent nøyaktig dei same som S. hadde i dag på 5-månaderskontrollen! ;) Gruar meg litt til I. skal få vaksine på neste kontroll - men det gjekk jo greit forrige gang, så eg håpar det gjer det denne gangen også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nei, me har nok ikkje vore på 5-månaderskontroll med I. enda. Skal ikkje før i midten av mai, så det blir ein forsinka kontroll kan du seia. Forrige gang me var på kontroll på helsestasjonen med I., var då ho var 4 1/2 månad gammal. Som eg skreiv dagboka di, så var måla til I. då omtrent nøyaktig dei same som S. hadde i dag på 5-månaderskontrollen! ;) Gruar meg litt til I. skal få vaksine på neste kontroll - men det gjekk jo greit forrige gang, så eg håpar det gjer det denne gangen også.

Åh, det er helt annerleder hos dere da, kanskje? Da får dere 5mnd-kontroll med vaksine og 6mnd-kontroll med lege-visitt i ett da....? Eller....? :klø:

Er ca "1mnd" forskjell på I og S størrelsesmessig da, for S er jo nå ca 5,5mnd! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Åh, det er helt annerleder hos dere da, kanskje? Da får dere 5mnd-kontroll med vaksine og 6mnd-kontroll med lege-visitt i ett da....? Eller....? :klø:

Er ca "1mnd" forskjell på I og S størrelsesmessig da, for S er jo nå ca 5,5mnd! ;)

Veit ikkje heilt korleis det fungerer eg. På forrige kontroll hadde me barselgruppe, og då vart også alle babyane vegd og målt. Så det var jo egentlig ikkje ein sånn vanleg kontroll. Men me pleier å ha vanleg kontroll ca annankvar månad, og barselgruppe med måling og veging av barna annankvar månad.

Helsesøstera sa at I. skulle bli undersøkt av lege på neste kontroll, så då blir det nok legesjekk og vaksine samtidig ja.

Synst nettopp I. runda 5 månader, men det stemmer jo at ho nærmar seg 5 1/2 månad, akkurat som S. Tida går fort! Så då stemmer det nok at det er ca 1 månads forskjell på dei størrelsesmessig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Det høres veldig slitsomt ut at hun nesten alltid gråter når dere kjører bil. Dessverre har jeg ikke noen gode råd :( For dere har sikkert prøvd å la henne ha en leke, distrahere henne osv? Det er jo skummelt om man blir stresset når man kjører bil ...

Forhåpentligvis er den nattevåken midlertidig, håper iallfall det siden det høres så slitsomt ut. Har dere begynt med fast føde? Det var det som hjalp her i allfall. Tror det er noe sånt som at når de får to (eller var det tre?) måltid med fast føde bør de klare å sove natten igjennom. Har hørt at de skal klare det når de er 6måneder også,men det må jo komme litt an på maten? :vetikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Det høres veldig slitsomt ut at hun nesten alltid gråter når dere kjører bil. Dessverre har jeg ikke noen gode råd :( For dere har sikkert prøvd å la henne ha en leke, distrahere henne osv? Det er jo skummelt om man blir stresset når man kjører bil ...

Forhåpentligvis er den nattevåken midlertidig, håper iallfall det siden det høres så slitsomt ut. Har dere begynt med fast føde? Det var det som hjalp her i allfall. Tror det er noe sånt som at når de får to (eller var det tre?) måltid med fast føde bør de klare å sove natten igjennom. Har hørt at de skal klare det når de er 6måneder også,men det må jo komme litt an på maten? :vetikke:

Bilkjøring er ikkje det kjekkaste me gjer, nei. Det går jo bra ein del gangar, men altfor ofte blir det skriking. Får berre kryssa fingrane for at det ikkje fortset slik i all evighet.

Eg har iallfall funne ut at det beste tidspunktet å ta I. med i bil på, er når ho er passelig trøtt. Då går det som oftast greit. Ho får då ein leike i hånda, som ho sit og leikar med ei stund. Så småsutrar ho kanskje litt, lagar sovelydar, og snur hovudet til sida - og så sovnar ho. Viss I. ikkje er trøtt i det heile tatt, går det vanlegvis greit på veldig korte kjøreturar. Men kjører me litt lenger, blir det grining. For I. sit då ofte våken og leikar seg ei lita stund. Men så blir ho utålmodig og lei, men sovnar ikkje sidan ho ikkje er trøtt. Og då begynnar ho som oftast å grina, først litt, og så ganske mykje. Men det aller verste er å kjøra bil med I. når ho er overtrøtt, så det unngår me så sant det er mulig! Då startar ho nemlig nesten alltid med intens hyling i det sekundet me set henne inn i bilen. Og det er då ho får sånne intense skrikeanfall der ho er heilt hysterisk, hikstar og mistar pusten fordi ho griner så forferdelig. Heldigvis er det ganske lenge sidan I. har skreke sånn intenst no, sannsynlegvis fordi me ikkje lenger pleier å ta henne i bilen når ho er overtrøtt.

Det å gi I. ein leike, pleier ofte å fungera bra ja. Det kan også hjelpa ei lita stund å prata eller synga for henne. Men begynnar først I. å skrika ordentlig, så er det ingenting som nyttar. Slitsomt!

Natta som var, våkna I. 2 gangar i løpet av natta. Det er dessverre det som har blitt det vanlege no. Har faktisk hendt at I. har våkna og vil ha mat 3 gangar i løpet av natta, men det er heldigvis sjelden. Men forrige natt var fin! Då sovna I. kl 9 om kvelden, og ho våkna ikkje før i halv 7-tida om morgonen. Fekk då mat, sovna igjen med ein gang etterpå, og sov vidare til kl 9! Så det var ei god natt. 12 timar i senga, med kun ein kort ammerunde tidleg på morgonen. Slike netter vil me ha fleire av! ;)

I. har forresten blitt utruleg flink til å sovna om kveldane. :) I kveld sovna ho på 20 minutt, og det er ikkje uvanleg for tida. Og ho griner aldri lenger om kveldane når ho skal leggja seg, og sovnar av seg sjølv i si eiga seng. Herlig! Så då får me heller tåla at ho har begynt å våkna om nettene. Heldigvis sovnar alltid I. fint igjen etter å ha fått mat om natta, så det går egentlig ganske greit. Det er berre litt uvant å måtte amma I. om natta, sidan eg ikkje har pleid å gjera det tidlegare.

Me har ikkje begynt å gi I. fast føde enda, nei. Men eg trur snart me må begynna å gi henne graut, for ho virkar veldig klar for det no! Eg kan ikkje lenger eta mat når eg har I. på fanget, for då blir ho heilt vill, og vil ha maten. Ho drar i armen min for å få tak i det eg har, gaper, og gjer alt ho kan for å få maten inn i munnen. Og viss eg tar noko mat bort på tunga hennar, prøver ho å ta ein bit. Og fleire gangar har I. blir kjempesint når ho ikkje får smaka på den maten eg har. Godt mulig at I. har begynt å våkna om nettene, fordi melka ikkje mettar like godt lenger no når ho begynnar å bli stor, og at I. derfor blir sulten oftare. Men I. vil ikkje ha mat noko oftare på dagtid enn før, så det er ikkje godt å vita.

Får håpa at I. begynnar å sova heile nettene igjen, når me begynnar med fast føde! Eg veit jo at I. fint klarar å sova heile natta uten mat, for det har ho gjort heilt sidan kolikken ga seg før ho var 2 månader gammal! Det er først siste månaden at dette har forandra seg. Før kunne I. sova samanhengande i opptil 12 timar i strekk, uten å vera våken og få mat. Så eg veit at ho kan! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

No har eg lagt ut nye bilete i bloggen min, for dei som vil sjå! :smilorange:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har I. fått smaka graut for aller første gang! :nigo: Ho er no 5 1/2 månad gammal. I. var litt skeptisk og laga nokre grimasar då ho fekk grauten i munnen. Ein del av grauten dytta ho rett ut igjen med tunga, men noko gjekk ned i magen. I. fekk kun eit par teskeier med graut i dag, så aukar me mengda litt frå dag til dag. Gøy no når me endelig kan begynna å gi I. litt ordentlig mat! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjempefine bilder i bloggen, Mirabella! :)

Vi også begynte med grøt i går, og det var en del rare grimaser som kom ja :fnise: L. hadde noen skrikeanfall på kvelden i går, så vi utsatte videre smaksprøver i tilfelle magevondt. Det gjorde ikke noe forskjell, så jeg tror nok det er kløe i gommene som plager han... Da blir det mer grøtspising i morgen :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg hadde egentlig tenkt å venta med å gi I. vanleg mat, til ho hadde passert 6 månader. Men sidan I. har begynt å våkna så ofte om nettene og vil ha mat, så fann me ut at det var på tide å starta med mat no. Det er jo uansett mindre enn 2 veker igjen til I. er 6 månader gammal, så det kan ikkje vera noko problem.

I går fekk I. smaka banan for aller første gang. Berre bittelitt på ei teskei, men det er uansett den første ordentlige maten I. har fått. Og så fekk ho jo graut i dag. Me synst 1. mai var ein fin dag å starta med mat på! ;)

Natta som var, er den verste natta me har hatt sidan I. hadde kolikk. Ikkje det at I. grein så veldig i natt, slik ho gjorde før - men ho var så mykje våken i løpet av natta. I. sovna så fint då klokka var halv 10 i går kveld. Men allerede i halv 11-tida var ho våken igjen, grein, og måtte få mat. Og kl 12 var ho våken igjen. Prøvde å roa henne ned uten å amma henne, men då vart ho heilt hysterisk. Så eg måtte gi henne mat igjen, og då sovna ho rett etterpå. Men det var ikkje over med dette. Det same skjedde kl halv 4 og kl 5 (trur eg det var). Og også då nekta I. å roa seg, før ho fekk mat. Litt seinare var I. våken igjen, for 5. gang i løpet av natta! :dåne: Då kjente eg at eg vart vanvittig frustrert - men heldigvis låg I. berre og sutra litt denne gangen, og så sovna ho faktisk igjen uten at eg trengte å ta henne opp. Men 5 oppvåkningar og 4 ammerundar i løpet av ei natt, synst eg er skikkelig ille, og altfor mykje! :sur: Sånn vil eg ikkje ha det om nettene!!!

Eg trur jo at noko av grunnen til at I. har begynt å våkna om nettene, er fordi ho er så stor at melka ikkje mettar like lenge som før - men det er ikkje heile forklaringa på at ho våknar så ofte for tida. For når I. har fått mat om natta, og våknar igjen kun ein time etter at ho fekk mat - så kan det umulig vera fordi ho er så sulten, at ho våknar igjen så fort. Det må vera noko anna, uten at eg veit kva.

Det hendte jo ofte at I. våkna ein eller fleire gangar i løpet av natta før også. Men då begynte ho aldri å grina, og eg trengte aldri å ta henne opp av senga. Ho berre snudde litt på seg, og lagde av og til litt pratelydar - og så sovna ho igjen av seg sjølv. No derimot, våknar alltid I. med eit skrik om natta. Og ho gir seg ikkje med grininga, før eg tar henne og og gir henne mat. Og prøver eg å roa I. uten å amma henne, sparkar ho med beina, vrir seg, og blir heilt stiv i kroppen - samtidig som ho griner (høyrest sint ut). Og med ein gang eg legg henne til brystet, blir ho heilt avslappa i kroppen, lukkar augene, og begynnar å suga. Og då sovnar ho fort, og eg kan leggja henne tilbake i senga si. Når I. først har fått mat, griner ho heller ikkje når eg legg henne ned i senga, om ho er våken då. Ho kan enkelte gangar liggja ei stund i senga etter nattamminga, før ho sovnar - men då er ho rolig. Så det er tydeleg at I. treng å få litt mat når ho våknar om natta, for at ho skal klara å leggja seg til å sova igjen. Men eg skjønnar ikkje heilt kvifor, når I. tidlegare har kunna sova i opptil 12 timar i strekk om natta uten mat!

Ein annan ting eg har lagt merke til i det siste, er at I. er mykje mindre interessert i mat på dagtid enn før. Tidlegare amma eg I. minst annankvar time på dagtid, og aldri om natta. No kan det gå 3-4 timar mellom kvar gang eg ammar I. på dagtid - og når ho då endeleg får mat, så er ho merkelig nok ofte ikkje noko særlig interessert i puppen. Men om natta vil I. no ha mat ofte, og ligg og suger lenge når eg legg henne til brystet. Det er vel kanskje ikkje så rart at I. ikkje vil ha mat så ofte på dagtid, når eg ammar henne så ofte om nettene. Det har eg jo aldri gjort før. Eg skjønnar berre ikkje kvifor det har blitt slik. Men det virkar på ein måte som om I. har snudd døgnet litt, sidan ho vil ha mat om natta i staden for om dagen. Litt av eit styr me har for tida altså! :sprettoy: Får virkelig håpa at dette nattetullet ikkje blir langvarig.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...