Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

I går amma eg I. kvar tredje time heile dagen, og det gjekk veldig fint! :) Eg pleier jo vanlegvis å gi henne mat annankvar time - og fram til for kort tid sidan virka ho sulten og åt som oftast bra når ho fekk mat, sjølv om ho fekk mat så ofte. Virka rett og slett som om I. vart sulten igjen etter så kort tid! Men i det siste har eg merka at I. nesten ikkje vil ha mat enkelte gangar eg legg henne til brystet, så eg fann at ut at skulle prøva å gi henne mat litt sjeldnare. Og det gjekk som sagt veldig fint, så trur eg skal fortsetja med det! :) Så i staden for å leggja I. til brystet kvar gang ho begynnar å bli sur og grinete, så prøver eg heller å få henne til å sova. Og det har vist seg at I. då som oftast griner fordi ho er trøtt - ikkje fordi ho er sulten! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Så bra at du kan amme "bare" hver 3.time! Kjekt at du fant ut at hun er trøtt og ikke sulten :jepp:

Håper været blir mer stabilt, og ikke dårlig- bare nydelig, herlig vårvær! :strix:

:fnise: Kjekt med elektroniske ting som skal i munnen på babyen ja, akkurat slik er det her også ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra at du kan amme "bare" hver 3.time! Kjekt at du fant ut at hun er trøtt og ikke sulten :jepp:

Håper været blir mer stabilt, og ikke dårlig- bare nydelig, herlig vårvær! :strix:

:fnise: Kjekt med elektroniske ting som skal i munnen på babyen ja, akkurat slik er det her også ;)

Det har gått bra å amma kvar 3. time i dag også - heldigvis! :) Godt å sleppa å amma så ofte som eg har gjort fram til no. Men eg har eit problem: Kvar kveld når I. skal sova, og eg ammar henne inne på soverommet - så brukar ho meg som smokk. :( Ofte sovnar I. etter at ho har sugd ei stund - mens andre kveldar (sånn som i kveld) berre ligg ho der og suger og suger uten å sovna, og nektar å sleppa tak i puppen!

No i kveld var det skikkelig ille. Eg prøvde fleire gangar å ta I. vekk frå puppen, men ho nekta å sleppa. Til slutt (etter 45 min. :dåne: ) hadde eg fått nok for lenge sidan, og eg lot henne ikkje få suga meir - og då vart det skrik! I. vart skikkelig sint. Men då eg hadde roa henne ned, så prøvde eg å leggja henne i senga. I. låg der kanskje i 10 minutt, og så var det nok. Då ville ho suga igjen, og bruka meg som smokk! Det nekta eg henne å gjera, og då sette ho i gang med å hyla igjen.

I. har nok blitt vant til at ho får viljen sin til slutt viss ho skriker, for eg gir vanlegvis etter og lar henne få suga meir i slike tilfeller - for eg orkar ikkje å høyra på hylinga hennar. Men i kveld hadde eg bestemt meg for å ikkje la I. få viljen sin! Så eg varierte mellom å ha I. liggjande på fanget mitt, og i senga. I. hylskreik heile tida - og ho haldt på lenge! :( Skal innrømma at det var rett før eg ga opp til slutt, for ho ga seg aldri med skrikinga. Heldigvis klarte eg å halda ut - og til slutt innsåg I. at det ikkje nytta å skrika, og ho la seg over på sida og lukka augene. ;) Og ikkje lenge etterpå sov ho. Men huff for eit styr - eg var heilt svett etterpå...

Ja, no må det flotte vårveret snart koma tilbake! Eg blir så sur og lei når veret er dårlig.

Eg prøver å halda elektroniske ting unna I., men det er jo slike ting som er dei mest spennande! Så litt får ho lov til å bita i dei - men berre når mamma følgjer med. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg og I. vore på barselgruppe på helsestasjonen. Var ein del skriking på fleire av babyane i dag, men det var no kjekt likevel. ;)

Fekk også vegd og målt I., som no er 4 1/2 månad gammal. Her er dagens mål, 1/4-2009:

Lengde: 69 cm

Vekt: 7360 g

HO: 42,5 cm

Vekt og lengde var heilt flotte i forhold til kvarandre, og I. låg sånn omtrent akkurat på gjennomsnittet! Men ser ein kun på lengda, så er jo I. fortsatt litt over øvre del av normalområdet - så ho er ein lang baby. Men faktisk hadde I. berre blitt ein cm lengre på ein heil månad, så ho veks tydelegvis ikkje like fort no som ho gjorde ein periode - og det er kanskje like greit. :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag rulla I. seg frå mage til rygg for aller første gang! :danse: Det var nok ikkje bevisst, så det kan sikkert bli ei stund til det skjer igjen - men det var gøy likevel. :) Heile snuinga frå mage til rygg, skjedde i løpet av eit par sekund. Eg hadde lagt I. på magen, og ho låg slik ei lita stund. Så tok ho den eine armen ned langs sida av kroppen, slik at ho velta over på sida. Akkurat det skjedde nok heilt tilfeldig. Men resten av snuinga, frå sida og over på ryggen, var ei heilt bevisst handling. I. driv nemlig heile tida på med å snu seg frå rygg over på sida, og tilbake på rygg igjen - så det å snu seg frå sida over på ryggen har ho full kontroll på. ;)

Trur ikkje I. heilt skjønte kva som skjedde, då ho snudde seg rundt. Etterpå prøvde eg å snu henne over på magen igjen, men då vart ho berre liggjande. Blir spennande å sjå kor lang tid det tar før I. virkelig skjønnar korleis ho skal snu seg heilt rundt, og at det ikkje berre skjer tilfeldig.

Eg ventar forresten fortsatt på at I. skal snu seg frå ryggen over på magen! Som sagt så snur I. seg veldig ofte frå rygg over på sida, og tilbake på ryggen igjen. Og eit par gangar har ho snudd seg frå sida over på magen - men aldri heilt rundt, frå rygg til mage.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Innom for å si GOD PÅSKE! :hoppe::danse::strix:

Tusen takk for det! :)

Riktig god påske til deg også! :klem1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Lenge sidan eg har vore her inne. :rodme: Eg bør begynna å bruka "Mine innlegg", eg kjem nesten aldri på å gå inn i dei generelle dagbøkene. :sjenert:

Så mange framskritt I. gjer! :rødme: Tenk, det er jammen ikkje lenge til ho er heile 5 månader. :overrasket: Har tida virkelig gått sååå fort? :dåne:

Har dåke bestemt dåke meir for søskenprøving? Kanskje me kan gå gravide saman neste gong? (For då skal eg gå i 9 månader, altså! *trampe hardt i bakken* ;) ) Det hadde vore artig å gå gravid saman med nokon "kjente". :jepp::skya:

:kaklehone: God påske! :kaklehone:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Lenge sidan eg har vore her inne. :rodme: Eg bør begynna å bruka "Mine innlegg", eg kjem nesten aldri på å gå inn i dei generelle dagbøkene. :sjenert:

Så mange framskritt I. gjer! :rødme: Tenk, det er jammen ikkje lenge til ho er heile 5 månader. :overrasket: Har tida virkelig gått sååå fort? :dåne:

Har dåke bestemt dåke meir for søskenprøving? Kanskje me kan gå gravide saman neste gong? (For då skal eg gå i 9 månader, altså! *trampe hardt i bakken* ;) ) Det hadde vore artig å gå gravid saman med nokon "kjente". :jepp::skya:

:kaklehone: God påske! :kaklehone:

Koseleg at du ser innom dagboka mi! :) Smart å bruka "Mine innlegg", ja. Eg brukar det heile tida. Er så greit, for då ser eg med ein gang når det skjer noko nytt i dagbøker/trådar eg følgjer med i.

I. gjer stadig nye framskritt, og det er så kjekt å følgja med på korleis ho heile tida utviklar og forandrar seg! Heilt utrulig å tenka på at ho snart er 5 månader gammal, ja! :sjokkert: Kor blir tida av?

Hadde vore utrulig kjekt å gått gravid saman med deg neste gang! :jepp: Så me får satsa på det! Blir nok ikkje så lenge til me startar prøvinga igjen. Kanskje når I. er rundt 6 månader gammal? :vetikke: Har lyst på to tette - og sidan eg brukte 8 månader på å bli gravid første gangen, så vil me ikkje venta for lenge med å starta prøvinga igjen. Gledar meg allerede til å gå i gang! :Hehe: Neste gang SKAL det gå bra for deg også, for no har du jammen hatt din dose uflaks.

God påske til deg og, dreia! :klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er så moro å lese inne her om snart prøving på nr 2!! :hjerter_rundt:

Har du regelmessig menstrasjon igjen, eller? Jeg har ikke fått igjen mensen enda, jeg... Men det er ikke meg i mot! :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er så moro å lese inne her om snart prøving på nr 2!! :hjerter_rundt:

Har du regelmessig menstrasjon igjen, eller? Jeg har ikke fått igjen mensen enda, jeg... Men det er ikke meg i mot! :fnise:

Trur ikkje heilt det har gått opp for meg at me skal starta prøvinga på nummer to om kort tid! Synst nettopp eg fødte. ;) Men eit svangerskap varer jo i 9 månader - og dessuten kan prøvinga ta litt tid, slik den gjorde forrige gang. Og då har plutseleg I. blitt ganske stor, når nestemann kjem! Me vil ha to tette, så då er det ingen grunn til å venta så mykje lenger med å gå i gang med søskenprosjektet. :tommelopp:

Eg har hatt ordentleg menstruasjon kun ein gang foreløpig. Fekk mensen 12. mars, på I. sin 4-månadersdag. (Hadde også ein mensliknande blødning i midten av januar, men er litt usikker på om det var mensen eller om det var renselsen etter fødselen som ikkje var heilt over). Så det blir spennande å sjå om mensen kjem denne månaden også, eller om den tek seg ein lengre pause. ;) Hadde det ikkje vore for at me skal starta prøvinga igjen om kort tid, så hadde eg nok vore litt misfornøyd med å få mensen igjen så raskt etter fødselen. Men no er det egentlig heilt greit, slik at syklusen kan få koma litt i orden igjen før me startar prøvinga.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Dææhh....dagen etter jeg skrev til deg at jeg ikke hadde fått igjen mensen enda....hva tror du kom da??!!! :ler: Joda, der var mensen på plass igjen.....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Dææhh....dagen etter jeg skrev til deg at jeg ikke hadde fått igjen mensen enda....hva tror du kom da??!!! :ler: Joda, der var mensen på plass igjen.....

Så du slapp ikkje unna så lenge du heller, nei! ;)

Leste i dagboka di at du blødde så lite, at du var litt usikker på om det var ein ordentlig mens. Slik var det med meg også, då eg fekk den første blødningen i januar. Blødde berre litt, i nokre få dagar - og så var det over. Og så kom ikkje mensen tilbake igjen før i mars. Så det at du blør lite første gangen mensen kjem tilbake etter fødselen, treng ikkje ha nokon samanheng med at du har fått sett inn hormonspiral. Eg brukar nemlig ingen prevensjon, for me skal jo snart starta prøvinga igjen - så me satsar på kondom i mellomtida. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I. elskar å dra i det lange håret mitt! ;) Spesielt når eg sit og ammar henne, tar ho tak i håret mitt og drar hardt. Og jammen kan ho lugga, den vesle jenta mi! River og sliter skikkelig i håret mitt. Når me støvsugar i leiligheten vår, er det enorme mengder med lange hår som set seg fast i støvsugaren. Trur snart eg blir skalla, viss I. fortset slik! :tongue:

Og det å ta oppi ansiktet på folk, er også veldig gøy for tida! Kvar gang I. får sjansen til å utforska eit ansikt, så er ho der med hendene sine. ;) Men det er ikkje noko klapping og kosing - neida, I. klyper og klorar. :Hehe: Skarpe negler har ho definitivt, for I. klorar hardt! Ein gang eg sat og amma I., klarte ho faktisk å klora meg til blods. :sjokkert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I kveld då eg bada I., tok ho tak i tærne sine! :) Det er aller første gang eg har sett at ho har gjort. I. haldt fast i føttene med hendene sine - ei hånd på kvar fot, og ho tok tak i begge føttene sine samtidig. ;) Veit ikkje om det kanskje er lettare å få til å ta tak i føttene sine i vatn, eller om I. det berre var tilfeldig at I. oppdaga føttene/tærne sine mens ho låg i badekaret.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I natt våkna I. fleire gangar i løpet av natta. :sur: Kvar gang ho våkna, så hylte ho - og det var umulig å roa henne ned igjen. Først når eg la henne til brystet, slutta ho å grina. Så då vart det altså amming fleire gangar i natt. Ikkje bra, I. som pleier å sova heile nettene, og aldri pleier å få mat i løpet av natta! Forrige natt våkna I. også midt på natta, og måtte få mat - men då våkna ho i det minste berre ein gang i løpet av natta. I natt var det iallfall 3 gangar I. var våken, og fekk mat. :sjenert:

Skjønnar ikkje kva som gjer at I. har begynt å våkna om nettene og skrika, slik at eg er nødt til å amma henne. Ho som pleier å vera ein drømmebaby på natta! Får virkelig håpa at det berre er tilfeldig, og at det ikkje fortset slik! I. virkar heilt frisk og i fin form, så det er ikkje godt å seia kva som kan vera grunnen til alt styret i natt. Det hender at I. våknar i løpet av natta ellers også - men då ligg ho berre i senga og sprellar litt, og gjerne lagar litt lydar, og så lukkar ho augene og søv vidare. Når eg merkar at I. er våken om natta, pleier eg berre å liggja heilt musestille. Og då sovnar I. som sagt igjen, uten at eg treng å gjera noko. Men slik det har vore dei to siste nettene, så har I. begynt å hylskrika når ho våknar - og roar seg ikkje før ho får pupp. Slitsomt! :(

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...