Mirabella76 Skrevet 12. mars 2009 Forfatter #461 Del Skrevet 12. mars 2009 I dag er I. 4 månader gammal! Heilt utrulig at veslejenta mi har blitt så stor allerede. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 12. mars 2009 #462 Del Skrevet 12. mars 2009 Gratulerer! Opp/ned-metoden er beskrevet av en dansk dame, og noe jeg fikk anbefalt av en venninne som jobber i barnehage og hadde stor nytte av den til sitt barn. Så at noen hadde lagt den ut her. Vi hadde i utgangspunktet tenkt å følge den, selv om den virker litt striks. Vi fokuserte først på søvn på dagtid, MAGI. På mandag begynte jeg i sengen, men fant ut at det går an å roe ham i sengen nå, så det ble ikke så mye opp og ned. Men tålmodighet, det må man ha. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Soul Skrevet 12. mars 2009 #463 Del Skrevet 12. mars 2009 I dag er I. 4 månader gammal! Heilt utrulig at veslejenta mi har blitt så stor allerede. Gratulerer med 4 måneder! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. mars 2009 Forfatter #464 Del Skrevet 12. mars 2009 (endret) I dag hadde eg I. med meg ned til sentrum, på eit kjøpesenter. Tenkte at eg skulle få gå litt rundt i butikkar, men det vart ein kort tur! I. var våken då me kom fram, og låg våken i vogna. Då me var inne i den første butikken, var I. fornøyd. Eg tok ned kalesjen på vogna, så ho låg og kikka seg rundt. I butikk nr 2 begynte I. allerede å bli utålmodig. Ho begynte å sutra, men eg fekk såvidt gjort meg ferdig der før I. begynte å grina skikkelig. Då me kom ut av butikken, måtte eg ta I. opp av vogna. Ho var fornøyd så lenge eg bar henne, men eg kunne jo ikkje gå rundt med henne på armen heile tida. Var gåen i armen etter å ha vore innom ein butikk med I. på armen, samtidig som eg skulle trilla vogna med andre armen! Prøvde så å leggja I. ned igjen i vogna, men då begynte ho å grina igjen med ein gang. Sette meg på ein benk og amma henne litt, så la eg I. ned igjen i vogna. Tenkte at ho kunne sova litt, for eg rekna med ho var trøtt - men det ville ho ikkje! Hjelpte ikkje at eg tok opp igjen kalesjen på vogna, og hadde vogna i bevegelse. Så då fann eg ut at dette gadd eg ikkje, så eg gjorde meg klar til å reisa heim igjen. Og I. skreik heile veien ut til bilen, og mens eg la vogn og andre ting eg hadde handla inn i bilen. Verst var det då eg endeleg hadde fått I. opp i bilstolen, og nettopp hadde begynt å kjøra. I. begynte å hylskrika så intenst, at eg vart heilt stressa. Ho hiksta, mista nesten pusten, og begynte å hosta fordi ho skreik så masse. Først rett før eg skulle parkera bilen utanfor der me bur, kollapsa ho. Og lenge etter at I. hadde sovna, kom det hikstelydar frå henne i søvne. Stakkars vesle jenta mi. Eg synst så utrulig synd på henne når ho griner på den måten. :cry: Skjønnar ikkje kva me skal gjera for å få I. til å slutta med det! Det er ikkje noko kjekt å ha I. med i bil når det skal vera slik. Og det er heller ikkje spesielt gøy å ha henne med ut, når det nesten alltid blir så mykje styr. Det er ein grunn til at me held oss mest heime om dagane. I dag (12. mars) fekk eg forresten mensen, på I. sin 4-månadersdag! Veit ikkje heilt kva eg synst om det. Eg hadde jo ein blødning tidlegare, som starta på I. sin dåpsdag (18. januar), og varte i nokon dagar. Reknar vel egentlig med at det var mensen eg hadde då også, sidan blødningen eg hadde etter fødselen hadde tatt slutt ein god del veker før det. Men det var ingen ordentlig menstruasjonsblødning - for eg blødde ganske lite, og blødningen varte i berre nokre få dagar. Eg blør vanlegvis i 7-9 dagar når eg har mensen. Denne gangen ser det ut som om menstruasjonen er meir slik den pleier å vera, for eg blør like mykje i dag som eg vanlegvis pleier å gjera første dagen eg har mensen. Ja ja, det er kanskje like greit at mensen kjem ordentleg i gang så raskt, sjølv om eg synst det er litt tidleg. For me har planar om å starta prøvinga på nr 2 om ikkje så altfor lenge - og då er det jo ein fordel om eg har fått mensen tilbake, slik at eg har litt kontroll på når eg har eggløysing. Me har ikkje blitt enige om akkurat når me skal starta prøvinga igjen, men eg kan tenka meg at det blir når I. er rundt 6 månader gammal. Endret 12. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Soul Skrevet 12. mars 2009 #465 Del Skrevet 12. mars 2009 Alltid kjedelig med mensen ja! Men som du sier, hvis dere snart skal begynne å prøve så er det jo egentlig bare bra at syklusen er i gang igjen. Kan tenke meg det river i hjertet når barnet ens gråter slik. Jeg er redd jeg kommer til å bli helt håpløs på slike ting, følelsesmenneske som jeg er. Men det er jo ikke sikkert hun har det så fælt som det høres ut til. Håper at hun venner seg mer til å dra ut etterhvert slik at det blir lettere for dere å finne på ting! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 12. mars 2009 #466 Del Skrevet 12. mars 2009 Nå hadde jeg tenkt å skrive noen trøstende ord her, men lillegutten våknet og vil ha mat, så da legger jeg meg istedenfor. I morgen, i morgen. Men kortversjonen, har du prøvd å ha med bæretøy på bytur? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. mars 2009 Forfatter #467 Del Skrevet 12. mars 2009 (endret) Eg bada I. no i kveld, og då plaska ho i vatnet for aller første gang. Før har I. alltid leie heilt rolig i badekaret, men i dag var verken armar eller bein i ro. Fleire gangar plaska I. så mykje i vatnet, at ho fekk vatn i ansiktet. Då såg ho først veldig forskrekka ut. Så smilte eg til henne, og då lyste I. opp i eit stort smil - og så plaska ho vidare. Det var så utrulig koseleg å bada I. i kveld. Ho såg ut til storkosa seg over å endeleg ha oppdaga at det går an å plaska i badekaret! I. bada lenge, og ho var blid og fornøyd heile tida. Til slutt fann eg ut at det var best å ta henne opp, før vatnet begynte å bli kaldt. Og I. var like blid og glad då eg la henne på stellebordet, godt pakka inn i eit handkle. Herlige godjenta mi! Og litt artig at I. plaska i badekaret for aller første gang, akkurat på 4-månadersdagen sin! Endret 12. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. mars 2009 Forfatter #468 Del Skrevet 12. mars 2009 (endret) Så morsomt at hun følger sånn med når du spiser! Men så er jo verden så ny og rar for disse små. Synd man ikke husker noe bevisst fra denne tiden når man blir eldre, skulle vært artig å vite hva de tenker. Lykke til med legging og soving, forresten. Håper det blir bedre med tiden. For min del håper jeg at bebisen ikke ligner på noen av oss når det gjelder soving... Verken Soulmannen eller jeg var enkle å legge som barn (vi er i grunn ikke enkle å legge nå heller!). Ja, det er kjempeartig at I. har blitt så opptatt av å studera oss når me et! Trur ho synst det er litt komisk å sjå på - for ho ser på meg med store auger kvar gang eg puttar noko i munnen, og av og til smiler/ler ho litt. Har tenkt på det ofte eg også, at det er synd ein ikkje hugsar noko frå ein var liten! Det hadde vore utrulig interessant å visst kva ein baby tenker om alt som skjer rundt han/henne. Veit egentlig ikkje kva som er det aller første eg hugsar, men eg hugsar iallfall ikkje noko frå eg var heilt liten. Og av og til når eg ser på bilder frå eg var liten, blir eg usikker på om eg hugsar spesielle hendelsar som eg har bilder av i albumet mitt - eller om eg rett og slett berre trur at eg hugsar det, fordi eg har sett bilder av det så mange gangar. Ja, får jammen håpa at det går bedre med legginga etterkvart! Egentlig er det ikkje så ille no heller, for I. sovnar stort sett ganske raskt. Problemet er at eg er nødt til å amma/byssa I. i søvn, og at det kan vera vanskeleg å få henne til å sovna igjen når ho våknar kort tid etter at ho først har sovna. Trur egentlig at både eg og mannen min var ganske enkle å leggja om kveldane då me var babyar, så får jammen håpa at det ikkje blir altfor vanskeleg å læra I. nye og bedre leggjerutinar. Endret 12. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. mars 2009 Forfatter #469 Del Skrevet 12. mars 2009 (endret) Så morsomt at hun er så interessert i å se på at du spiser! Det er sikkert merkelig for de å se på alt det rare vi voksne gjør, alt er jo helt nytt for de Bra hun har blitt bedre til å ligge på magen! Det er jo som du sier, tungt å holde hodet oppe Det høres veldig slitsomt ut med slike økter på leggingen, jeg har dessverre ingen tips ... Heldigvis går slike ting ofte i perioder håper virkelig det løser seg snart, for det høres fryktet slitsomt ut! Det er nok veldig merkelig for ein liten baby å sjå på alt det rare dei vaksne rundt dei gjer, ja. Og I. synst tydelegvis det er ekstra komisk å sjå på når mamma et. Ja det er nok tunkt å halda hovudet oppe i mageleie, men I. blir flinkare og flinkare for kvar dag! Er så bra at ho ikkje lenger begynnar å grina med ein gang me legg henne på magen, for då får ho trent seg litt i mageleie. Får virkelig håpa at det løyser seg med legginga etter kvart, for det hadde vore herlig å sleppa å amma og byssa I. i søvn kvar kveld! Endret 12. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. mars 2009 Forfatter #470 Del Skrevet 12. mars 2009 (endret) Så moro å lese om pærespisinga di og I. sin reaksjon! :rødme: S. gjorde faktisk det samme da jeg satt og spiste en banan i går, satt på fanget mitt og nistirret med store øyne da jeg puttet den i munnen. Så han fikk til slutt smake!! Det var morsomt med den pæreetinga, ja. Heldig S. som fekk smaka banan - I. blir nok nødt til å venta ei stund til, før ho får smaka mat! Endret 12. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. mars 2009 Forfatter #471 Del Skrevet 13. mars 2009 (endret) Uff, kjenner at eg blir litt sliten av alle skrikeanfalla til I. I dag har ho hatt slike anfall med intens skriking fleire gangar. Synst det er så fælt når I. hyler på den måten, det gjer vondt langt inni meg... I. kan få slike grineanfall av mange forskjellige grunnar: Når ho må sitja i bilstolen når me kjører bil, når eg legg henne i senga om kvelden og ho skal sova, når ho må liggja i vogna når me er på trilletur, når ho er trøtt og sulten, når eg ammar henne og ho set i halsen osv. Har merka at når I. er trøtt, så tåler ho mykje mindre - og det er jo naturlig. F.eks i dag sette I. i halsen fleire gangar når eg amma henne. Ho vart då heilt frå seg, og hylskreik noko heilt vanvittig. Tok lang tid før eg klarte å roa henne ned igjen. Andre gangar, viss I. i utgangspunktet er blid og utkvilt, gjer det henne ingenting om ho set i halsen. Då berre hostar ho litt, og så sug ho vidare. Men er I. trøtt, så blir alt så veldig gale! Då skal det berre ein liten ting til, før ho begynnar å hylskrika. Slitsomt! Det eg synst er så rart, er at me ofte ikkje får noko forvarsel på at I. begynnar å bli trøtt. No i kveld låg eg og leika med I. på golvet, og ho smilte, prata og var så blid og fornøyd. Og plutseleg begynte ho å hylskrika, og då var ho kjempetrøtt. I. kan altså vera superfornøyd, og i neste sekund set ho i å skrika! I kveld var det heilt tydeleg fordi I. var trøtt, at ho plutseleg fekk eit slikt skrikeanfall. Eg tok henne med inn på soverommet med ein gang, og la henne til brystet, og då sovna ho veldig raskt. Eg synst det ville ha vore naturleg at eg fekk eit forvarsel om at I. begynte å bli trøtt, ved at ho småsutra, gnei seg i augene e.l. Men det skjer ikkje alltid! Ofte skjer det som skjedde i dag: I. går frå å vera veldig blid til å hylskrika, i løpet av berre nokre få sekund! Det er så kjipt når det skal vera slik - for det er alt anna enn kjekt når I. får slike skrikeanfall. Ofte er det nesten heilt umulig å roa henne ned igjen, når ho først set i gang. Trikset er vel å unngå at I. blir altfor trøtt, ved å leggja henne før ho blir overtrøtt. Men der kjem den store utfordringa: Korleis i alle dagar skal eg kunne vita når I. begynnar å bli trøtt, når eg ofte ikkje får noko som helst forvarsel om at ho begynnar å bli klar for å sova? Kanskje eg rett og slett blir nødt til å begynna med å leggja I. til faste tider på dagen, enten ho virkar trøtt eller ikkje, og sjå om det kan hjelpa? :klø: Endret 13. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. mars 2009 Forfatter #472 Del Skrevet 13. mars 2009 (endret) No i kveld då I. låg på golvet og leika, rulla ho seg fleire gangar frå rygg og over på sida! Ho løfta beina opp, og la seg over til eine sida, slik at ho rulla over på sida - og så tok ho tak i ein leike som låg der. Eg la så leiken akkurat så langt unna I. at ho ikkje fekk tak i den, i håp om at I. skulle strekka seg etter den og rulla heilt over på magen. I. kom seg ikkje heilt over på magen, men det var jammen ikkje langt unna! Først rulla I. seg frå rygg, og over på sida. For å få tak i leiken som eg hadde lagt litt unna henne, krølla ho seg saman som ein ball då ho hadde lagt seg over på sida. I. løfta hovudet frå underlaget mens ho låg slik på sida med beina krølla saman - og strekte armen ut. På ein eller annan måte klarte I. å koma seg litt lenger framover mot leiken, ved å bevega på kroppen mens ho låg på sida. Åla seg på ein måte litt framover, slik at ho til slutt fekk tak i leiken. Flinke jenta mi! Neste steg blir å få lurt I. heilt rundt på magen - men eg veit ikkje heilt kva triks eg skal bruka for å få henne til å gjera det. Endret 13. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. mars 2009 Forfatter #473 Del Skrevet 13. mars 2009 (endret) Gratulerer! Opp/ned-metoden er beskrevet av en dansk dame, og noe jeg fikk anbefalt av en venninne som jobber i barnehage og hadde stor nytte av den til sitt barn. Så at noen hadde lagt den ut her. Vi hadde i utgangspunktet tenkt å følge den, selv om den virker litt striks. Vi fokuserte først på søvn på dagtid, MAGI. På mandag begynte jeg i sengen, men fant ut at det går an å roe ham i sengen nå, så det ble ikke så mye opp og ned. Men tålmodighet, det må man ha. Takk for det! Tusen takk for interessant link! Har ikkje fått lest så mykje om opp/ned-metoden enda, men eg leste litt om den i går. Ja, og så tenkte eg at eg kunne prøva ut metoden litt i går kveld, då eg skulle leggja I. Eller, egentlig hadde eg ikkje planlagt å prøva den i går kveld, for eg sette meg på rommet og amma I. som vanleg, då ho skulle sova. I. sovna mens eg amma henne, og eg la henne i senga si - men ho våkna igjen etter nokre få minutt. Og då var ho lys våken igjen! Det var då eg fann ut at eg skulle prøva meg på opp/ned-metoden. La I. ned i senga, sang ein sang til henne, strauk henne over kinnet, og sa god natt. Så sat eg rett i nærheten av henne, men passa på å unngå augekontakt, og eg lot vera å prata til henne. I. vart liggjande der i ca 10 minutt og prata med seg sjølv, og var blid og fornøyd. Så begynte ho å sutra, og eg strauk henne då over kinnet og sa at no var det natt og ho måtte sova. Det hjalp ei lita stund, men så begynte ho å grina ordentleg. Tok derfor opp I. Ho slutta å grina med ein gang eg tok henne opp, så eg la henne rett ned igjen. Det same skjedde etter ei lita stund - I. begynte å grina, eg tok henne opp, ho roa seg med ein gang, og eg la henne ned igjen i senga. Men no vart I. tydelegvis frustrert over å bli lagt rett ned igjen i senga, med ein gang ho vart stille. I. begynte no å grina allerede når eg var på vei til å leggja henne ned igjen i senga, og det tok lengre tid å roa henne når ho grein og eg tok henne opp. Det vart altså berre verre og verre, og etterkvart grein I. heile tida, same kva eg gjorde. Eg innrømmer at på dette tidspunktet ga eg opp, og tok heller i bruk ammetrikset for å få I. til å sovna. I. sovna då raskt, og eg pusta letta ut! Veit at det var feil av meg å gi opp - for då tapte eg jo kampen, og lot I. vinna... Men eg orka berre ikkje alt styret, for I. hylte jo berre meir og meir jo lenger eg haldt på. Dessuten er mannen min på jobb i Nordsjøen, så eg er åleine med I. for tida - og då har eg meir enn nok å styra med frå før, om eg ikkje i tillegg skal måtte sitja med ein hylande unge i time etter time til langt på kveld. Trur me får venta med å læra I. å sovna i si eiga seng til mannen min kjem heim, evt. til ho blir eldre. Du får halda meg oppdatert på korleis det går med legginga hos dåke, etter å ha brukt opp/ned-metoden ei stund! Endret 13. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. mars 2009 Forfatter #474 Del Skrevet 13. mars 2009 Gratulerer med 4 måneder! Tusen takk for det! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. mars 2009 Forfatter #475 Del Skrevet 13. mars 2009 (endret) Alltid kjedelig med mensen ja! Men som du sier, hvis dere snart skal begynne å prøve så er det jo egentlig bare bra at syklusen er i gang igjen. Kan tenke meg det river i hjertet når barnet ens gråter slik. Jeg er redd jeg kommer til å bli helt håpløs på slike ting, følelsesmenneske som jeg er. Men det er jo ikke sikkert hun har det så fælt som det høres ut til. Håper at hun venner seg mer til å dra ut etterhvert slik at det blir lettere for dere å finne på ting! Kan ikkje akkurat seia at det er gøy å ha mensen, nei. Eg blør mykje dei første dagane, og mensen varer alltid så lenge som 7-9 dagar. Misunner dei som har mensen kun i 2-3 dagar! Men eg skal ikkje klaga, for eg har nesten aldri nokon smerter, verken rett før eller når eg har fått mensen. Av og til kan eg ha bittelitt vondt i magen den første dagen, men det er sjelden. Og egentlig er eg jo glad for at mensen er tilbake, sidan me snart skal starta prøvinga igjen. Kan lova deg at det river i hjertet mitt, når I. griner så intenst, ja. Eg får lyst til å grina sjølv, når I. er så veldig fortvila og lei seg. Ja, eg har faktisk grene nokre gangar, fordi eg synst så synd på I. - og det er når me har kjørt bil, og I. har fått sånne ekstreme skrikeanfall! Grunnen til at eg synst det er ekstra fælt, er fordi det ikkje er noko eg kan gjera då. Kjører me på motorveien eller ein annan plass der det ikkje er mulig å stoppa med ein gang, så har eg jo ikkje noko annan valg enn å la henne sitja der og hyla. Og eg får så vanvittig dårlig samvittighet av å tenka på at I. er så ekstremt lei seg, og så er det ingen som tar henne opp for å trøsta henne. Då er det uansett bedre når I. får slike skrikeanfall i andre situasjonar, der eg har mulighet til å ta henne opp med ein gang og trøsta henne. Då veit eg iallfall at eg gjer det eg kan for at I. skal ha det bra, og då er det også litt lettare å takla at ho griner. Eg vil at I. alltid skal oppleva å få omsorg og trøst når ho er lei seg, og eg blir så ufatteleg lei meg når eg er nødt til å la henne hylskrika uten å kunna gjera noko for at ho skal få det bedre. Ein gang var det rett før eg hoppa ut av bilen når me stoppa for rødt lys i eit lyskryss, for eg takla ikkje å høyra på at I. skreik så intenst - men mannen min nekta meg å gjera det. Får virkelig håpa at I. gir seg med dei intense grineanfalla etterkvart som ho blir større, for det er ikkje noko kjekt for verken I. eller for oss å ha det slik så ofte! Det blir som sagt til at me held oss mest heime, fordi det ofte blir så mykje styr når me tar med oss I. ut - og det er jo egentlig ganske synd at det skal vera slik. Endret 13. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. mars 2009 Forfatter #476 Del Skrevet 13. mars 2009 Nå hadde jeg tenkt å skrive noen trøstende ord her, men lillegutten våknet og vil ha mat, så da legger jeg meg istedenfor. I morgen, i morgen. Men kortversjonen, har du prøvd å ha med bæretøy på bytur? Har testa ut bæretøy her heime, og det har mildt sagt vore lite vellykka. I. berre skriker kvar gang - og eg har prøvd både bæresjal, Mei tai og Baby bjørn. Derfor har eg rett og slett ikkje tatt sjansen på å ta i bruk bæretøyet, når eg er på bytur e.l. med I. Må kanskje testa det ut litt meir her heime, og sjå om eg ikkje kan klara å venna I. til det. For det hadde vore utrulig greit å brukt, når eg er ute med I. og ho ikkje vil liggja i vogna! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Soul Skrevet 14. mars 2009 #477 Del Skrevet 14. mars 2009 (endret) Håper dere får en fin helg! Endret 14. mars 2009 av Soul Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 14. mars 2009 #478 Del Skrevet 14. mars 2009 Min erfaring er at når det blir slik intens skriking, er det rett og slett fordi de er skikkelig overtrøtte. Trikset er nok å bli såpass kjent med barnets signaler (eller ingen signaler i det hele tatt, kanskje?!) at du VET når hun bør sove, og da rett og slett bare legge henne. Hvis hun ikke sovner da, trenger hun kanskje litt mer rolige omgivelser for innsovningen. Hvis det skjer da du er på kjøpesenter at hun ikke vil sovne, så kanskje eneste løsning er å pakke henne ned i vogna, og gå UT fra sentert og gå en tur slik at hun sovner. Kanskje hun blir "stresset" av alle lydene som kan være på et kjøpesenter? Er så spennende at dere skal begynne prøvingen igjen snart, altså!!! Egentlig kunne dere jo bare begynt med en gang.... Så lang tid som det gikk sist, så kunne dere jo bare egentlig droppet prevensjon og sett hva som skjedde allerede fra nå.... Hvor stor er sjansen for at du blir gravid første måneden uansett, liksom? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 14. mars 2009 Forfatter #479 Del Skrevet 14. mars 2009 (endret) I dag tidleg våkna I. allerede kl 6, og var lys våken! Typisk det, når eg ikkje la meg før kl 1 i natt, og var dødstrøtt Egentlig litt rart at I. våkna så tidleg, for ho sovna ikkje før kl 22.30 i går kveld. (Ho sovna egentlig første gang kl 21.30, men våkna opp igjen etter nokre minutt - og då tok det litt tid før eg fekk henne til å sova igjen). Tok I. bort i senga mi og amma henne då ho våkna i dag tidleg, i håp om at ho skulle sovna igjen. Men I. låg lys våken heilt til klokka var 07.30, og då sov ho kun i ein halvtime til, før ho våkna opp igjen og sutra - og då var det berre til å stå opp! Eg fekk kun 5 timars søvn i natt, så i kveld trur eg at eg får finna senga ganske kjapt etter at eg har fått I. i seng. Får jammen ikkje håpa at I. fortset slik, for det er så herlig å få sova godt om nettene! Det hadde ikkje gjort så mykje om I. våkna tidleg på morgonen, viss ho sovna raskt igjen etter å ha fått litt mat. Det gjorde ho alltid før, men ikkje no lenger. Trur det har noko å gjera med at I. er vant med at det er morgon når ho våknar opp i senga si - for ho pleier jo vanlegvis å sova så mange timar samanhengande, at det er på tide å stå opp når ho våknar! Ja ja, får satsa på at natta som kjem blir bedre! Endret 14. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 14. mars 2009 Forfatter #480 Del Skrevet 14. mars 2009 Håper dere får en fin helg! Ja, eg og I. har ei avslappande og rolig helg! Var ute på trilletur tidlegare i dag, og det var så fint ute - sol og skikkelig vårstemning. Riktig god helg til deg også, Soul! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå