Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Vi har en bamse-koseklut, en stor kvadratisk myk og tykk "klut-liknende" sak med et ku-hode på. Har jo slike i alle butikker der de har noe baby-ting omtrent, så dere har sikkert sett dem. S har hatt den helt siden han kom til verden!! Og det har bare automatisk blitt slik, at han trykker ansiktet opp mot den. I tillegg har han kanin-kosekluten fra Go'boken i vognbaggen.

:danse: I. 3 mnd!! :danse:

Ja, eg meinar eg har sett slike bamse-koseklutar i butikken. I. har forresten også ein slik kanin-koseklut frå Go´boken. ;) Den ligg i vogga i stova, men I. har egentlig aldri brukt den. Grunnen til at eg har gitt I. ein gasklut til koseklut, er fordi den er tynn, lett og luftig, med små hol i. På den måten blir det ikkje for tett sjølv om I. legg kluten over nasa og munnen. Og då slepper eg å bekymra meg for at I. ikkje skal få nok luft, når ho borar ansiktet sitt langt ned i kluten.

Takk for 3-månadersdansen! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Takk for det! :)

Akkurat på 3-månadersdagen sin løfta I. for første gang hovudet sitt ordentlig i mageleie. Me fekk til og med tatt bilde av det. :nigo:

Så bra! :biggrin:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra! :biggrin:

Ja, endeleg har I. funne ut at det går an å løfta hovudet når ho ligg på magen! ;) I dag gjorde ho det igjen - løfta hovudet høgt i mageleie. I. låg slik i 1/2 minutt før ho begynte å grina, og det er lenge til å vera henne. :Hehe:

Så flink hun var! Flott gave til mamman sin :biggrin:

Ja, det var ein flott 3-månadersgåve frå I. til meg! :) Flinke vesle jenta mi. :hjerte:

Innom med en :klemmer:

Takk for det! Du får ein god klem tilbake. :klemmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med dagen til I. litt på etterskudd! Tenk, ho er faktisk eit kvart år allerede! :overrasket::skya:

Så herlig at ho søv så godt nå. Godt at ho tar igjen sovinga nå, slik at mamma Mirabella får sove ut etter kolikk-perioden. ;)

Akkurat på 3-månadersdagen sin løfta I. for første gang hovudet sitt ordentlig i mageleie. Me fekk til og med tatt bilde av det. :nigo:

Oppdatera bloggen? ;):nigo:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratulerer med dagen til I. litt på etterskudd! Tenk, ho er faktisk eit kvart år allerede! :overrasket::skya:

Så herlig at ho søv så godt nå. Godt at ho tar igjen sovinga nå, slik at mamma Mirabella får sove ut etter kolikk-perioden. ;)

Oppdatera bloggen? ;):nigo:

Takk for det! :) Ja, ho veks fort, veslejenta mi.

Kan lova deg at det er herlig å endelig få sova om nettene ja, etter den slitsomme kolikkperioden! Alt blir så mykje lettare når eg får nok søvn, og slepper å gå rundt heilt i ørska døgnet rundt. ;)

Tok deg på ordet, så no er bloggen min oppdatert med nye bilete! :nigo:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den siste veka har I. begynt å ropa høgt! ;) Det er utrulig artig å høyra på. :biggrin: Ho lagar høge rop/skrik, og gjer dette når ho er glad - samtidig som ho veivar med armar og bein.

Ein dag i forrige veke stod eg med I. på armen, framfor fjernsynet. I. synst tydelegvis det var veldig morsomt, det som var på TV. For ho ropte/hylte høgt av glede, og veiva som ein gal med armar og bein. :fnise: Så fort programmet var slutt, og det kom noko anna på TV, så slutta ho. I. kan også begynna å ropa slik av glede, når eg ler og tøysar med henne. Morsomt!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tok deg på ordet, så no er bloggen min oppdatert med nye bilete! :nigo:

Takk! :hoppe::nigo:

Me som ikkje har barn sjølv, må jo benytta anledningen til å sjå nydelige babyar når me kan. Som f.eks. i Mirabella sin blogg. :lur:

Ho høyrest ut som ei herlig og engasjert jente. :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så herlig :rødme:

Ja, ikkje sant! :hjertesmil:

Takk! :hoppe::nigo:

Me som ikkje har barn sjølv, må jo benytta anledningen til å sjå nydelige babyar når me kan. Som f.eks. i Mirabella sin blogg. :lur:

Ho høyrest ut som ei herlig og engasjert jente. :hjerte:

Eg er altfor lite flink til å hugsa på å oppdatera bloggen min, så det er berre bra at eg blir minna på det. ;)

Koseleg at du likar å sjå bilete av vesle I. :) Du kan berre gleda deg til det er din tur til å bli mamma! :jepp: Kryssar fingrane for at oktoberspiren din klorar seg godt fast. :klemmer:

I. er ei kjempeherlig jente, ja! :hjerter_rundt:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har me vore på helsestasjonen med I. Ho er no litt over 3 månader gammal. Her er måla hennar:

Lengde: 67 cm

Vekt: 6530 g

Hovudomkr: 41

Vart heilt overraska over kor lang I. har blitt! Ho låg over øvre del av normalområdet. :sjokkert: Helsesøstera begynte nesten å lura på om ho hadde målt feil, sidan I. var så lang. Jammen ikkje rart at kleda i størrelse 62 har begynt å bli for små, og kleda i 68 er akkurat passelige no!

Vekta var no i nedre del av normalområdet - litt under gjennomsnittet, men heilt fin. Så I. er ein lang og slank baby!

Grua meg veldig til I. skulle få vaksine, men det gjekk egentlig greit. I. skreik ikkje så mykje då ho fekk den første sprøyta i det eine låret, og roa seg ganske fort igjen. Då helsesøstera stakk I. i det andre låret etterpå, skreik ho meir - og det tok litt lenger tid å roa henne igjen. Men etterpå var alt bra igjen, heldigvis. :) I. er heldigvis i fin form foreløpig, så eg kryssar fingrane for at ho slepper å bli dårlig av vaksinen. Eg vart nemlig kjempedårlig då eg fekk vaksine som baby, så eg er litt spent på korleis I. reagerer. Håpar ho slepper lettare unna enn det eg gjorde!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oiiii!!! Så stor hun er!! :overrasket: Veldig lang!! Da S var på 3mnd kontroll var han 63,5cm og 5890gram.

Merker stoooor forskjell på klærne nå. Noen klær i 62 er nesten for små nå, andre er passe, mens noen fortsatt nesten er for store.... :sjenert: Men det mest irriterende er at jeg har kjøpt litt forskjellige ullbodyer, som jeg nå har funnet ut at er omtrent akkurat like store, enda de er i 62/68, 70 og 74. Og alle passer akkurat ! Merkelig altså. Kanskje ullklær generellt sett er mindre i størrelsen? :vetikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Oiiii!!! Så stor hun er!! :overrasket: Veldig lang!! Da S var på 3mnd kontroll var han 63,5cm og 5890gram.

Merker stoooor forskjell på klærne nå. Noen klær i 62 er nesten for små nå, andre er passe, mens noen fortsatt nesten er for store.... :sjenert: Men det mest irriterende er at jeg har kjøpt litt forskjellige ullbodyer, som jeg nå har funnet ut at er omtrent akkurat like store, enda de er i 62/68, 70 og 74. Og alle passer akkurat ! Merkelig altså. Kanskje ullklær generellt sett er mindre i størrelsen? :vetikke:

Ja, I. er virkelig lang! Tippar ho blir veldig høg som vaksen, viss det fortset slik. Eg og mannen min er jo høge, og eg har egentlig alltid vore fornøyd med å vera høg. Det einaste problemet er at det kan vera vanskeleg å finna sko, og klede som er lange nok i armar og bein, samtidig som dei ikkje blir for vide. Og så har eg ikkje akkurat god plass til beina mine i bil, buss, fly o.l., og har ein tendens til å dunka oppi ting pga høgda mi. Men utenom slike småproblem, så har eg alltid likt å vera høg. ;) Men det held i massevis å vera over 180 cm som jente, så eg får håpa at I. stoppar å veksa før ho blir 190 cm iallfall. Synst det er litt i høgaste laget for jenter. Men såklart, blir I. så høg, så er det såklart heilt greit det også. I. er jo uansett heilt perfekt, og akkurat slik ho skal vera! :Nikke:

Eg og synst det er utrulig stor forskjell på klede i same størrelse. Enkelte klede i størrelse 62 var for små for lenge sidan, mens andre klede i same størrelse er fortsatt nesten passelege. Først no siste veka har me gått over til kun å bruka klede i størrelse 68. Og det er vel egentlig på høg tid no, sidan I. allerede er 67 cm lang. ;)

Rart med dei der ullkleda du har kjøpt. Eg har ikkje lagt merke til det same. Men det eg har oppdaga, er at ullbodyane eg har kjøpt til I. er mykje meir elastiske enn andre bodyar - slik at I. har kunna bruka dei lenger enn andre bodyar, før eg har trengt å gå over til ein annan størrelse.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser heldigvis ikkje ut til at I. har fått nokon reaksjon på vaksinen ho fekk i går, og det er eg så utrulig glad for! :) Eg vart jo så veldig dårlig, då eg fekk vaksine som baby - så eg var litt redd for at det same skulle skje med I.

I. var litt smågrinete i går, men det er ikkje sikkert at det hadde noko å gjera med at ho hadde fått vaksine. Ho sov ganske mykje i løpet av gårsdagen, og var veldig klar for å leggja seg då kvelden kom. Ho sovna 21.30 i går kveld, og sov samanhengande heilt til kl 8 i dag tidleg - altså 10 1/2 time i strekk! :) Og då ho våkna, var ho så blid og fornøyd. I. har ikkje hatt feber, og er ikkje opphovna rundt stikket. Ho virkar heilt frisk og fin, og det er jo heilt supert!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No klarar endeleg I. å liggja ei stund på magen, uten å begynna å grina med ein gang! Ho held hovudet høgt ganske lenge om gangen også. Flinke jenta mi! :hjerter_rundt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Så flink hun er. :)

:Nikke:

Håpar I. blir meir glad i å liggja på magen heretter. Fram til no har ho jo hata det. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå har jeg sett på bildene i bloggen din. Så skjønn hun er! Så store, fine øyne og flott kløft i haken! Blir helt babysjuk her! :hjerter_rundt:

Ja, for meg er ho iallfall verdens skjønnaste baby! :rødme: Dei store augene har I. arva frå meg, mens hakekløfta er frå pappaen. ;) Ho er med andre ord ei fin blanding av mamma og pappa. :Nikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...