Linn3c Skrevet 8. juli 2008 Forfatter #301 Del Skrevet 8. juli 2008 (endret) Motivasjon: ¤ Rydde generelt -> Stova -> Kjøkkenet -> Badet -> Soverommet -> Nede --> Gong --> Soverom --> Vaskerom --> Gjesterom --> Bod ¤ Laga middag - Italiensk gryte med kjøttbollar? ¤ Støvsuga ¤ Vaska golv ¤ Tørka støv ¤ Vaska opp (setje i oppvaskemaskina) ¤ Setja på plass ting frå oppvaskemaskina ¤ Vaska kle ¤ Henga opp kle ¤ Leggja saman tørre kle ¤ Leggja på plass kle ¤ Gå ut med bosset ¤ Bera sorterte kle på loftet Endret 8. juli 2008 av Linn3c Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 8. juli 2008 Forfatter #302 Del Skrevet 8. juli 2008 Jaja, det var då litt eg kunne stryka ut.. Men har masse igjen! Må stå på medan begge ungane søv! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 8. juli 2008 Forfatter #303 Del Skrevet 8. juli 2008 E sit i Mei Tai med beina ut for fyrste gong! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 8. juli 2008 Forfatter #304 Del Skrevet 8. juli 2008 Hei @nea! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 8. juli 2008 Forfatter #305 Del Skrevet 8. juli 2008 Hvem postet i: Putlo og Småtten Poster Innlegg Linn3c 111 Malama 50 Saeria 29 lunacia 29 Reka 19 Pysepus 13 liv 12 ~Capricorn~ 11 veslo 7 Felicity 5 monja 4 linky 3 silvius 2 iss 2 ¤bella¤ 2 Amused 2 Pasha 1 Trulselinemor 1 pondusa 1 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
@nea Skrevet 8. juli 2008 #306 Del Skrevet 8. juli 2008 Hei @nea! Hei Linn3c Inne og sniker for å se om du har lagt ut siste del av fødselen til E Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 8. juli 2008 Forfatter #307 Del Skrevet 8. juli 2008 Hehe, nei.. Har ikkje komt så langt visst... Men det kjem Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 8. juli 2008 Forfatter #308 Del Skrevet 8. juli 2008 Innlegg #3 og #4 er oppdaterte. Limer inn her! Fødselsrapporten frå då E vart fødd: Veslejenta er blitt 11 dagar, og eg føler det er på tide å få skrive ned det eg hugsar frå fødselen, før alt blir gløymt. Det heile starta ved leggetid 14. mai, altså mellom 23 og midnatt ein gong. Eg fekk tak i rygg og mage som var så og sei regelmessige allereie frå starten av. Eg hadde i fleire dagar hatt maserier, så eg tenkte at det sikkert var det denne gongen også og vart litt småirritert for eg var trøtt og hadde lyst å sova. Dei tidlegare gongane hadde det gått over med ein lang, varm dusj, så eg gjekk på badet og prøvde å slappa av i dusjen. Eg dusja lenge og vel, men taka gav seg ikkje slik dei gjorde dei føregåande nettene med maserier. Eg prøvde å legga meg litt, men kroppen klarte ikkje å slappa godt nok av til å sovna. Taka var vonde, og mannen tok tida på dei. Frå ei rie sin start til neste starta gjekk det ca ti minuttar. Mannen syns riene kom såpass regelmessig at han ville at eg skulle ringja foreldra mine, så dei fekk litt tid på seg til å våkne og slikt. Dei skulle vera barnevaktar for H, og har nesten to timars kjøretur frå seg til oss. Så eg ringte dei kvart over tre, og dei hoppa i bilen, nesten med ein gong. Eg vart sitjande å surfe litt på nett, sidan eg ikkje klarte å sova. Det var då eg skreiv dette innlegget: Riene kom tettare, og mannen ringde KK rundt fire. Dei sa at me kunne komma inn når me var klare for det. Sidan riene var såpass tette fann me ut at det var på tide og dra så då var det berre å få tak i nokon som kunne vera barnevakt for H fram til foreldra mine kom fram. Me hadde/har ein gjensidig avtale med naboen om å sitja barnevakt ved fødsel, dei har termin i august, så me ringde henne og ho kom sprettande bort, full av adrenalin og var heilt gira, for no skulle ho endeleg få helsa på jenta vår. Eg sjekka over sjukehusbagen, at alt var klart og mannen samla saman det som mangla. Mobilar, kort, kameraa og så vidare og rundt halv fem drog me innover til Haukeland. Då me kom fram, gjekk me på framsida av KK, ikkje baksida som vanleg, for dei pusser opp avdelinga. Me ringde på, og ei jordmor kom ut og tok imot oss. Me vart følgde inn på Storken og inn på eit familierom som for tida fungerer som fødestover. Det var stort og romsleg, og eg hugsar eg tenkte at "Her skal vesle jenta vår bli født." Fekk nesten tårer i augo av å tenkja tanken... :rørt: Me fekk både jordmor og jordmorstudent då me kom inn på Storken, veldig hyggelege begge to. Studenten hadde berre fire veker igjen før ho var utdanna, så ho var praktisk talt ferdig jordmor ho også. Eg kledde av meg og fekk på meg supersexy, litt for lita skjorte, som sprikte mellom knappane. Jordmorstudenten sjekka opninga, 3 cm, me slapp å reisa heimatt. Oh, lykke! Då eg fekk H låg eg for det meste i senga i opningsfasen, for eg syns det var så vondt med rier. Denne gongen hadde eg bestemt meg for å jobba meg gjennom riene, så kvar gong eg fekk ei rie sat eg på kne på golvet ved fotenden av senga og jobba meg gjennom. Ja, då er Putlo blitt nesten 8 veker, og @nea har eterlyst resten av fødselshistoria; så det er vel på tide med resten av fødselen... No sit ho i sjaltaien som ho har fått av veslo og søv sååå godt! Men altså! Eg jobba med riene og sat på kne ved fotenden av senga og pusta og pusta. Mannen og jordmorstudenten bytta på å halda varmeflaska på korsryggen min, for det lindra så vanvittig godt. Eg har inga aning om kor tett riene kom, men mellom to rier rakk eg å ta tre bilete av fødestova og mellom to andre rier rakk eg å gå på do. Men riene var såpass tett at eg ikkje rakk å vaska meg på hendene eller gå ut av badet, så eg kasta meg ned på golvet og brukte krakken på badet til å støtta meg mot og mannen kom springande inn med varmeflaska. Snille mannen min! Eg fekk etterkvart spørsmål om eg ville ta ein dusj eller eit bad. Og eg sa at begge deler hadde nok vore herleg, men eit bad aller best. Så jordmora sjekka om karet var ledig og begynte å fylla det, då ho fann ut at det var ledig. Så fekk eg tilbod om klyster og takka ja. Merkeleg kjensle, og veldig vanskeleg å knipa igjen gjennom tre-fire rier. Så var endeleg badekaret klart og eg fekk eit stort badehandkle rundt meg og me tassa over gongen og inn dit karet som for tida er felles for heile Storken stod. Der var det sååå koseleg; med stearinlys på alle hyllene og ein veldig roleg stemning. Det var det forøvrig heile tida; veldig roleg og stille. Godt og avslappande. Så avslappande ein fødsel kan vera. Jordmora sjekka pulsen til vesla med ein dopler før eg gjekk oppi karet og den var grei. Akkurat då eg skulle til å gå opp på krakken for å stege opp i karet, begynte pressriene. Og eg tenkte berre "æsj, det var det badet..." Men i staden for å gå innatt på fødestova, spurde jordmødrene om eg hadde lyst å føde i vatn! Oh, lykke! Ja, sjøvlsagt hadde eg det! Så då gjekk eg oppi karet, litt varmt vatn, så me hadde litt kaldare vatn oppi, så det skulle vera så behageleg som råd. Eg fann ein behageleg stilling og sette meg til rette. Mannen forsynte meg med isvatn og eg slappa av. Heilt til neste pressrie kom og eg kunne pressa. Vatnet var enno ikkje gått, men etter eit par rier i karet sprakk hinna. Eg pressa meg gjennom eit par pressrier til før jordmorstudenten sjekka opninga og fann ut at eg, som sist, hadde ein liten kant igjen før babyen var klar til å komma ut. Så eg måtte halda igjen gjennom eit par pressrier. Det høyres så enkelt ut, og er så enkelt å skriva, men hjelpes kor kjipt det er å venta gjennom pressrier på den måten... Heldigvis var det ikkje meir enn kanskje fem rier eg måtte venta denne gongen, mot to timar sist. Hehe. Då eg venta, sat eg på kne og hang over kanten på badekaret, medan mannen gav meg isvatn. Jordmorstudenten sjekka pulsen etter kvar ri, så babyen skulle ha det heilt optimalt heile tida. Så kunne eg endeleg begynna å pressa igjen og på andre pressria kjende eg hovudet kom og stod og sprengde på i opninga. Men då ria var over *schvupp* fòr ho innatt. Likte seg visst der inne... Men på dei to neste riene pressa eg alt eg hadde og henta ut litt ekstra, og då kom ho ut! Som ein rakett ut i vatnet, kom ho! Det var viktig at eg hadde baken under vatnet, så ho ikkje fekk usta før heile kroppen var ute. Og då ho endeleg var komen ut, fekk eg og ho augekontakt medan ho var under vatnet og nesten heilt på eiga hand symde ho bort til meg og inn i armane mine! Mannen klipte navlestrengen og eg steig ut av karet og fekk legga meg på ei seng som dei trilla over gangen, inn på stova vår etter at morkaka og alt var kome ut. Me la oss på senga og E fekk prøva seg på brystet, det gjekk fint! Etter litt amming, sovna både eg og E. Mannen var det også plass til i senga, så me sov ei stund alle tre! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
@nea Skrevet 8. juli 2008 #309 Del Skrevet 8. juli 2008 Høres ut som en fin fødsel Håper jeg får mulighet til å bruke badekar, iallefall under åpningstida, når det blir min tur! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Saeria Skrevet 8. juli 2008 #310 Del Skrevet 8. juli 2008 Det der hørtes ut som en helt topp fødsel! :-D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Pysepus Skrevet 8. juli 2008 #311 Del Skrevet 8. juli 2008 Hørtes ut som en fin fødsel! Blir helt rørt jeg Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Bokalven Skrevet 8. juli 2008 #312 Del Skrevet 8. juli 2008 Vet du hva jeg stadig tenker om deg, Lin3c? Supermom! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
silvius Skrevet 9. juli 2008 #313 Del Skrevet 9. juli 2008 Linn3c er definisjonen på supermom ho! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 9. juli 2008 #314 Del Skrevet 9. juli 2008 Ønsker meg glatt en sånn fødsel... (Men marerittet i bakhodet er det en annen bekjent som står for... ) Og ja, om jeg har halvparten av overskuddet til Linn3c etter fødsel, skal jeg være superfornøyd! Det er litt av en supermom, jeg har ikke så høye ambisjoner... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 10. juli 2008 Forfatter #315 Del Skrevet 10. juli 2008 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 10. juli 2008 Forfatter #316 Del Skrevet 10. juli 2008 Mannen min sin bursdag og eg har MASSE å gjera! Derfor er eg tidleg oppe, og H er i barnehagen for fyrste gong på mange veker! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 10. juli 2008 Forfatter #317 Del Skrevet 10. juli 2008 (endret) Motivasjon: ¤ Rydde generelt -> Stova -> Kjøkkenet -> Badet -> Soverommet -> Nede --> Gong --> Soverom --> Vaskerom --> Gjesterom --> Bod ¤ Støvsuga ¤ Vaska golv ¤ Tørka støv ¤ Vaska vekk fingermerke på vindauga ¤ Vaska opp (setje i oppvaskemaskina) ¤ Setja på plass ting frå oppvaskemaskina ¤ Vaska kle ¤ Henga opp kle ¤ Leggja saman tørre kle ¤ Leggja på plass kle ¤ Gå ut med bosset ¤ Laga kaka ¤ Laga gele Endret 10. juli 2008 av Linn3c Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 10. juli 2008 #318 Del Skrevet 10. juli 2008 Blir svett bare av å SE lista di jeg... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Bokalven Skrevet 10. juli 2008 #319 Del Skrevet 10. juli 2008 Si gratulerer med dagen for meg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 10. juli 2008 #320 Del Skrevet 10. juli 2008 Gratulasjoner til mannen ja, det glemte jeg helt å si! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå