Gå til innhold

*Frida*


Gjest *Frida*

Anbefalte innlegg

Gjest *Frida*

Takk for det, Mirabella!

Trur kanskje det blir UL på kontrollane framover, så det skal jo bli kos :) Må innrømme at eg ikkje klarar å sjå heilt kva som er kva, men det er jo betryggande når legen sjekkar.

Har hatt magefølelse på jente heile tida eg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

  • 4 uker senere...

29 veker i dag!

Var på jordmor-kontroll forrige veke, alt bra. Jordmora kjente på magen at luringen ligg me hovudet ned. Opp 5 kg totalt. Ligg heilt øvst i normalområde på symfyse-mål, som sist gong.

Samme kveld kjente eg litt oppå magen (det er heilt flatt øverst når eg sitter), trykte og kjente litt. Plutselig var det noko som bevegde seg under hånda mi! Ein fot?! Det er første gong eg har merka noko sånn konkret. Veldig fint!

Ellers er det mykje sparking igjen, det har vore litt roligare et par veker etter siste kontroll. Ho har vel lagt innover, eller berre hatt ein rolig periode. Eg har jo kjent bevegelse kvar dag, så har ikkje vore urolig.

Det som er veldig fint, er at sambo kjenner at ho sparkar når me legg oss om kvelden. Me ligg i skei, eg ligg med magen inntil ryggen/rompa hans. Og då kjenner han sparkinga. Veldig koselig!

På tirsdag var eg på kontroll i byen. Det blir litt dobbelt her, sidan eg går til jm på lokal-sjukehuset, og få medisinsk oppfølging på sjukehuset i byen.

Prøvane var no fine, treng ikkje endre dose. Og så blei det ny ultralyd. Spurte om det høge symfysemålet betydde stor baby, men det trengte det ikkje bety. Det står vekst: +1% på UL-arket, så det er vel fint. Sjekka mengde fostervatn og morkake.

Ellers fekk eg jo handla litt då, på bytur åleine. :) Har no 2 ullbodyar og 3-4 bomullsbodyar, ein pysj og ei bukse, alt i str 56. Ikkje så mykje ennå altså! Men eg skal få låne klede av søstera mi, som har to jenter. Må reise på besøk og gå gjennom det ho har.

I kveld skal eg på ”kurs” hos svigermor :spise: Forrige veke laga me fiskekaker!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

29 uker :hakeslepp: Tiden går fryktelig fort ja... :sjenert:

Skal ha mat kurs med svigermor i dag :fnise: lage kjøttrull.. Har vært med på fiskemat og leverpostei før. Nå er det vel bare å skjerpe synet og ta frem penn og papir :nigo:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sant det er kjekt!

Me laga sylteflesk med min far i går. Av grisehovud. Men det var ikkje lett å sjå kva som skulle skjerast vekk av kjertlar og sånn... Urk. Då er det best å overlate det til dei som kan det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Kjempe kjekt :Nikke:

Elsker å lære slike ting :) nå har vi en liten pause før vi skal sy.. Da blir jeg den stolte innehaver av to fåreruller og en svinerull :tommelopp:

Høres ikke kjekt ut med et helt grisehode, der tror jeg grensen går for min del :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har laga rullepølse saman med 'svigermor' dei siste 3 åra. I år var det berre så vidt eg fekk lov, for eg "hadde vel ikkje lyst i år". Innforstått at no når eg er gravid måtte eg få sleppe. :klø:

Anyways: første gong eg var med, fekk eg beskjed om at sånn pølsa blei, sånn blei mannen min. Det var visst et gammalt ordtak. Måtte kjempe litt mot latteren då... Tenkte jo litt koffert eg då!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anyways: første gong eg var med, fekk eg beskjed om at sånn pølsa blei, sånn blei mannen min. Det var visst et gammalt ordtak. Måtte kjempe litt mot latteren då... Tenkte jo litt koffert eg då!

:sjokkert: du skulle ha sett min første :eeeh:

Hadde jeg vist dette i går hadde jeg lagt på gulvet i krampelatter.

:skratte: :skratte:

Ikke fritt for at jeg hadde tenkt i de samme banene som du :sjenert:

I dag står lefser på menyen :nigo:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest *Frida*

Tilbake på jobb etter julebordhelg i byen. Standup, teater, lunsj og middag, og hotellovernatting. Standup var litt ubehagelig fordi eg lo så mykje, det kjendest ikkje godt i magen... Var litt redd det skulle bli for mykje.

Tre timar på teater gjekk fint, men et tips til andre no ved festlige anledninger: kjøp gravidstrømpebukse! Det hadde ikkje eg, og den strikken var farlig stram... Hadde ikkje tenkt på det eingong eg, men no veit eg det! Må skaffast før jul, men kor får eg tak i det? Prøvde å leite opp nettbutikkar som selde gravidstrømpebukser, men fann berre med mønster på La vida. HM og Lindex har visst, men eg finn ingen på nettbutikken, så då må eg vel handle i byen.

"Svigermor" skal kjøpe skinnpose! :) Me synest posane var så dyre, så eg har kikka litt på finn.no etter brukt voksipose. Men så spurte ho om me hadde kjøpt, og at ho var så fornøyd med skinnposen som ho brukte til sine 4. Enden på visa blir at ho vil kjøpe ein ny til oss, til jul :)

Ellers har me ikkje handla noko meir, har ikkje vore og henta klede hos søster mi ennå heller. Ventar til etter jul med resten no, det er så mykje anna som skal gjerast. No skal eg prioritere julekaker, som også blir julegåve til våre 4 bestemødre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

32+2 i dag, 8 veker til termin...

Var på kontroll hos jordmor på onsdag. Blodtrykk fint, faktisk litt lågare enn tidligare. 109/76 trur eg. Fosterlyd fin, og babyen låg i hodeleie, og langt nede (kva betyr det?).

Opp 6,5 kg frå startvekt.

I natt trur eg vesla i magen har snudd seg til seteleie. Kjente hikke, og den var heilt øverst i magen. Håpar at ho festar seg rette veien, ellers får eg ikkje fø på lokalsjukehuset. Då blir det 2 timar i bil til byen når fødselen tek til, og det har eg lite lyst til...

Eg får forresten ofte vondt i magen om natta og morgonen, trur det kjem når eg ligg på ryggen? Har lest noko ein gong om at det kan bli ubehagelig om babyen ligg på ei blodåre, og det var noko med venstre eller høgre side. Nokon som kan noko om dette?

Jaja. No har eg laga 3 sortar julekaker, og fleire må det bli. I tillegg må eg vaske badet i dag. Deilig med helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei Pusilus!

Nei no er det ikkje lenge igjen... Fant nett ut at eg er høggravid 28. desember, då er det 40 dagar igjen til termin. Føler meg ikkje høggravid, altså... Får håpa babyen held seg inni her til februar :Nikke:

Me reiser til mine foreldre i dag, og blir til 2. juledag.

God jul!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag er det 6 veker til termin. Ojoj...

Me har hatt ei fin jul med familie. No er me heime igjen, og det er godt! No har me fri til over nyttår, og skal berre kose oss her. Sambo drar på litt turar, og eg blir heime.

Me har fått litt forskjellig til jul, mellom anna lammeskinnspose til vogn, vippestol, tepper, heimestrikka lue, votter og sokker, vogndyne og sengesett.

Sjølv har me kjøpt vogn og bilsete, seng skal me låne av familie. Dermed er det kommode, stellematte (til oppå vaskemaskin), kanskje badebalje?, madrass og sengeklær til seng som manglar av dei større tinga.

Me har et lite bad, så eg er veldig usikker på korleis det skal bli. Har veldig lite hylleplass, men får sjå kva som finst av hyller og korger med sugekopp-fester.

Ellers er formen fin, men no kjenner eg at alt blir tyngre. Fekk veldig vondt i magen 1. juledag og natt til 2. dag, mistenker at ribbemiddagen var for mykje for fordøyelsen. Det var ikkje kjekt...

Har og blitt litt hoven i fingrane og håndleddet. Neste kontroll 6. januar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi har neste kontroll på samme dag. ;)

Vi har også miniatyrbad (og toppmatet vaskemaskin, så derfor ikke helt enkelt å stelle oppå den), og vi har løst det ved å ha stellebord på hjul stående rundt hjørnet i stua, så kan vi trille det til døråpningen på badet når vi skal bruke det og sånn ha vasken lett tilgjengelig. Har hengt opp to hyller til bleier, håndklær, kluter og stelleprodukter over der stellebordet står, pluss at vi skal få en sånn trådhylle til å henge over dusjen der vi kan ha badeting. Badingen skal foregå i en badebalje med stativ som ellers får plass i hylla under stellebordet (selve balja)/ved siden av dusjen eller i gangen (stativet). Det tok litt tid før vi fant ut av hvordan vi måtte gjøre det, men jeg har stor tro på løsningen vi kom frem til... :)

Når de gjelder sånne sugekoppkurver kan jeg anbefale VacLoc-produktene de selger på Clas Ohlson, forresten - de henger veldig godt! :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg endelig fått tatt bilde! Denne magen min er svært dårlig dokumentert...

Men kor blei bilda av? Dei er i alle fall tekne i går, 34+2, 6 veker før termin.

I dag har eg vore hos søster og henta babyklede ho hadde. Det meste var rimelig godt vaska (og rosa!), men eg har nå ein del som kan brukast. Eldste jenta der er 14 år, så kleda ber vel preg av alderen.

Det finaste eg fann i eskene der, var et hekla vognteppe som mi bestemor laga til meg. Kjempefint! Då blei eg veldig glad...

No må me kjøpe kommode, så eg kan få vaska og sortert.

Me henta forresten senga me skal bruke i dag. Det er ei heimelaga uttrekkseng som svigerfar brukte som liten, og som sist vart brukt av vår vesle sitt yngste søskenbarn. Senga ber preg av å vere godt brukt, det er tilogmed sagd litt i ho :fnise: Men med litt stell og ny madrass tenker eg ho blir fin!

Edit: der var bilda ja. Magen ser så stor ut på bildet, eg synest ikkje eg er så stor...

post-10972-1230494199_thumb.jpg

post-10972-1230494339_thumb.jpg

Endret av *Frida*
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Gjest *Frida*

I dag er det 5 veker til termin. 35 dagar :dåne:

Lurer veldig på korleis dagane vil vere, og korleis me har det om 2 månadar...

I går vaska eg den første maskina med babyklede! Det var alle kleda i dei minste størrelsane eg lånte av søster, pluss dei få plagga eg sjølv har kjøpt.

Fekk også skrive ei liste over det me manglar, av klede, sengetøy, tepper og sånn. Det er ein del... Av større ting manglar me framdeles madrass, må kjøpe ei og skjere til så den passar den gamle senga.

I dag skal eg på handletur, håpar eg finn mykje av det me manglar, i alle fall av klede. Må også kjøpe ny bh (ammebh?) for dei eg har no er vonde.

Bekkenet/korsryggen er vond nå, spesielt når eg reiser meg. Plagsomt på jobb, der det stadig blir små turar inn på kopirom og til kollegaer. Det sviiir framme i beinet heilt nede (symfysen?), og eg går heilt krokete før eg klarer å strekke meg ut. Jaja.

Ha ein fin dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest *Frida*

36 veker i dag :)

Tickeren er forresten et par dagar feil, trur det skjedde noko ved nyttår.

Jordmorkontroll på tirsdag, og då var sambo med. Han spurte om ting han lurte på, så det var fint. Me snakka litt om fødsel og barseltid.

Babyen ligg framdeles i hodeleie, og hovudet er no festa. Dvs jordmora sa at det var så godt som festa, men har skrive HF på skjemaet. Skal uansett på ultralyd neste fredag for vekst- og leie-kontroll, sidan lokalsjukehuset her berre er fødestove.

Fosterlyd 150, blodtrykk 130/80. Ødem 1: er litt hoven i håndledd, fingre og bein no. Har også smerter i hånd/arm på nettene og morgenen, det kom av redusert blodomløp (karpalsyndrom) men er ikkje farlig. Vekt + 8,5 kg.

Blodprosenten som blei teken forrige kontroll var på 13, så det var fint.

No er det berre 1 veke og 1 dag igjen til permisjon, og det skal bli godt! Merker at eg er sliten og trøtt om dagane no. Og ikkje spesielt effektiv på jobb...

Kommande tirsdag skal eg forresten på ny kontroll i byen, gruer meg litt til å kjøre ut og tilbake heilt åleine. Men eg håpar eg har ork til å shoppe litt...

*optimist*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe, godt det ikke bare er jeg som fortsatt har lyst på shopping og denslags! ;) Kjøringen går helt sikkert fint. :Nikke:

Skjønner godt at du blir sliten av jobb, jeg merket også at de siste vaktene mine (som jeg hadde i romjula) tok veldig på. Det er jo en grunn til at man skal ut i permisjon noen uker før fødsel!

Godt at alt var bra på kontroll! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest *Frida*

Takk for tips om badebalje og sånn Itla. Eg hadde med sambo på handletur forrige veke, på jakt etter stellematte til vaskemaskin. (Som butikken ikkje hadde). Det endte med at sambo syntes stellekommoden som sto utstilt var så fin, at sånn ville han ha :) Så då blir det stellekommode som står i kjøkken/stue, men som kan trillast til badet.

Stellekommoden har store gode skuffer (balje i den øvste), så då kan mykje av klede oppbevarast der. Uten stellematta oppå (den er avtakbar), er kommoden som ein vanlig kommode.

Trur nok uansett me må kjøpe ein kommode til gangen likevel, men då kan den ha yttertøy og sånn.

Stellekommoden er framdeles på butikken med vårt navn på, og må hentast og monterast.

Nå er det berre 5 timar til helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...