Gå til innhold

*Frida*


Gjest *Frida*

Anbefalte innlegg

Gjest *Frida*

Hei igjen, og takk for gode ord.

Eg er roligare no, måtte berre innstille meg på at eg ikkje ville få vite noko før kontrollen 28. juli. Det er berre 13 dagar til! Håpar livmora kjem opp over symfysen innan den tid, så eg kan få høyre hjertet. Hvis ikkje må eg be om gu for å få bekrefta at det er liv. Kjenner etter kvar kveld når eg legg meg, om eg kjenner noko.

Kjenner heldigvis litt strekking i livmorområdet, så eg trur det er noko som skjer der. *puh* Har jo ikkje sett blod ila graviditeten, så det er ingenting som har 'ramla ut' i alle fall!

Me reiser på utenlandsferie et par dagar etter kontrollen, og har tenkt å sende postkort til våre foreldre der me flettar inn at me blir tre i januar/februar. Gler meg sånn til det!

Ellers er formen bra. Nesten heilt slutt på vondtene i rompa/bekken/halebein. Trur det må ha vore ein slags betennelse eller noko. Blodtrykket er lågt igjen, syns det har vore bra siste vekene men no er det tilbake. Ikkje meir plagsomt enn at eg må ha pause kvar 200 meter når me går tur, føler meg skikkelig blodfattig og svimmel.

Nei, no er det natta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjest *Frida*

I'm 12 weeks pregnant, står det på tickeren min... Wow!

Det begynne å bli litt meir virkelig for meg (oss) no. Lurer på om ikkje magen begynne å bli større og, den er i alle fall 'fullare' mellom navle og symfysebeinet. Håpar eg klarer å kjenne denne kanten av livmora snart!

Skal til kontroll neste mandag, gler meg sånn til det! Har ikkje verken sett eller høyrt noko frå spira mi ennå, så eg håpar på det. Når me har fått ein bekreftelse, kan me begynne å fortelje det til alle rundt oss. Det er ingen som veit noko ennå, bortsett fra legen min.

Eg skreiv vel her tidligare at me skal sende postkort frå ferien vår, og fortelja at me skal bli foreldre. Gler meg til det, og til tilbakemeldingane! Har så lyst å dele denne store hemmeligheten no!

I dag har eg vore i 100-års-dag. Det er ikkje kvar dag!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer så mykje med 12 veker! :danser:

Hugsar godt kor herlig det føltest å passera den magiske 12-vekersgrensa! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei!

Jeg er ny i nabolaget, og innom for å hilse!

Ser det har klaffet for deg,- så hyggelig! Gratulerer med 12 uker! :o)

Hilsen Burpen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Hei!

Nå har jeg lest gjennom dagboka di, gratulerer som gravid! Artig at det klaffa så fort :rosasmil: Du er kanskje på ferie nå? Er spent på hvordan det gikk på kontroll!!

:klemmer: fra Ida

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ny innom, eg også.

Gratulerer med graviditeten! Eg er litt misunneleg på deg som har komme så langt. ;) Korleis går det? Lenge sidan sist oppdatering her...

Kjekt med andre som skriv nynorsk her, forresten. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest *Frida*

Heisann, og takk for helsingar! Kjekt å sjå nye fjes her inne!

*helse fint tilbake*

Har utsett å oppdatere her, pga mykje eg har lyst å fortelje, og ferie.

Kort fortalt har me vore på 1. kontroll hos jordmor, ei kjemehyggelig ei!, og fekk høyre eit hjerte som slo fort-fort! :rødme: Det var på dagen 13 veker.

Så vart det ferie i Praha, deilig! Og postkort vart sendt til besteforeldra, så no sprer nyheten seg :fnise:

God natt frå meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest *Frida*

Hei igjen!

Skal forsøke å få med detaljane frå det første besøket på føden, hos jordmora.

Hadde time mandag 28. juli, og var på hytta helga i forkant. Søndag formiddag ringte ei jordmor, måtte pga sjukefråver flytte timen min. Pga ferien vår blei det til at me skulle komme samme dag. Så søndag 27. juli var me på 1. svangerskapskontroll hos jordmor, 13+0.

Jordmora var veldig hyggelig, og me prata litt om laust og fast. Fylte ut litt fleire detaljar i helsekortet, og ho spurte litt meir om sjukdommane mine/medisinbruk. Blodtrykket er no normalt, men skal sjekke blodprosenten pga svimmelhet. Prøvane eg tok i veke 8 hos fastlegen var bra, hadde dei antistoffa eg skal ha. Blodtype AB rhesus positiv. Fortalte om kontrollane framover, og ga oss time til UL fredag 29. august og ny kontroll i oktober. Eg fortalte at eg kjente meg usikker på heile graviditeten, sidan eg ikkje kjente noko, eller hadde vore kvalm. Jordmora tilbydde seg å lytte etter hjertet, men understreka at det kanskje var for tidlig ennå. Me takka naturligvis ja til å forsøke.

Så: opp på benken, og så kjente ho litt etter livmora. Noterte symfyse på ca 6 cm, det kjente ikkje eg! Fram med apparatet, og fekk gel på magen. Først hørte me tydelig ein flush-lyd som pulserte, men jordmora leita vidare så det var tydeligvis ikkje hjerteslag. Prøvde nokre forskjellige stader, og plutselig kom hjerteslaga! Heilt utrulig! Deretter fortalde ho at flushe-lyden me hadde høyrt, det var gjennomstrømminga i morkaka. Hm!

Så då veit me at det er liv der inni :rødme:

I dag er eg 16+2, og magen har starta å bule. Har kjent at magen har vore 'fullare' ei stund no, men no er ikkje magen flat når eg ligg på rygg lengre.

Det blir _kanskje_ litt vanskelig å skjule på jobb no, men eg har bestemt meg for å vente å fortelje på jobb før me har vore på UL neste fredag. Det verste er kanskje eit 3-dagars jobbkurs neste veke. Det plar vere middagar med vin til på desse. Jaja, eg gidd ikkje finne på unnskyldningar, kjem berre til å takke nei.

Og så lurer eg på om eg kjenner litt bevegelse nå? Er veldig usikker, men eg har hatt mykje luft i tarmane dei siste par vekene. No trur eg kanskje det kan vere litt sprelling, men eg er slett ikkje overbevist. Det kan minne om bobler, som andre har beskrive det som.

Fekk forresten svar på blodprøvar nett. Blodprosent normal. Stoffskiftet er litt lågt, men ventar med doseauke og testar igjen om 4 veker. Anna hormon også høgt, skal følgje med på denne framover.

Har vore litt plaga med hovudverk i det siste, ellers i fin form.

Jah, det var mange detaljar, men det er fint å få notere alt ned ein plass.

No gler me oss til ultralyd neste fredag!

Endret av *Frida*
Lenke til kommentar
Del på andre sider

*innom for å hilse på*

Så koselig det må være å høre hjertelyden da :hjerte: Har ikke vært hos jordmor enda jeg, men har heldigvis begynt å kjenne liv i magen nå. Begynner å gå opp for meg at jeg skal bli mamma etter hvert :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

  • 4 uker senere...

Hei igjen!

I dag er eg halvvegs! 20 + 1, 4,5 månad. Det føles rart...

Nå begynne folk rundt meg å vite om graviditeten. Dei på jobb fekk vite det for 2 veker sidan.

Formen er framdeles fin, bortsett frå ein uvi forrige veke. Håpar det held seg vekke framover!

Bevegelse er det masse av, også mens eg skriv dette. Det kjennest godt inni, men eg klarer ikkje å kjenne noko utanpå magen ennå. Fått litt mage, men det viser ikkje så godt ennå likevel. Går ennå i mine vanlige kler, men må opne øvste knappen avogtil. Må ta ein tur til byen neste veke å handle.

Var oppom på føden i dag for å få svar på prøvane eg tok for over ei veke sidan. No blir eg henvist til sjukehuset i byen for oppfølging av desse. Skulle få time ganske snart, så eg håpar det blir sånn.

I kveld skal eg kanskje på konsert! Om eg orkar... :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Takk for det, Pusilus! Ja det er veldig deilig med litt aktivitet frå magen. Er svakt ennå, men eg merkar at det blir meir aktivitet i alle fall.

Kjøpte meg mammakler i byen i går, kjempedeilig! Nå har eg to bukser med sånn mjukt stoff som går over magen, som ikkje strammar. Fiiine buksene. Kjøpte et par genserar og :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest *Frida*

Hei Hildegard! Kjekt at du 'stikk innom'!

Var på fylkessjukehuset for kontroll i går. Skal ut der ein gong i månaden framover, for at dei skal følge meg opp pga stoffskiftet og anna hormonubalanse.

Trudde eg berre skulle til ein indremedisinar som skulle sjå på blodprøvane mine eg, men først var det jordmorkontroll (ho målte blodtrykk og spurte ellers korleis eg hadde det). Så inn til ein lege som tok ultralyd :) Sidan me hadde ein litt dårlig opplevelse under den ordinære ultralyden (lege med dårlig tid, og som kun prata med sambuaren min om felles kjente), var det veldig kjekt med ny UL. Legen målte størrelsen på fosteret, og kunne og sjå at det var ei jente. :hjerter_rundt:

Så var eg inn til indremedisinar. Ho var veldig ok, og ba meg auke litt på medisinane eg går på.

Det vart tid til å kikka litt i butikkane, og eg kjøpte det første plagget til vetlo. Det vart ein kvit Janus-ullbody :) God og varm!

Kikka på vogner og, og det står mellom Simo og Brio Happy. Eg synest eigentleg at Simo-vogna er litt for stor, og Brio-vogna er finare (enklare stil). Vanskelig!

Vekta er no på pluss 3,5 kilo.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så kjekt å høyra at du fekk ny UL, som var meir vellykka enn den første! :)

Og gratulerer så masse med ei lita jente i magen! :strix:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...