Gå til innhold

*Frida*

Gjest *Frida*

Anbefalte innlegg

Gjest Fisk73
Skrevet

Alt er helt sikkert normalt, helt sikkert! :jepp:

De andre tingene har jeg ingen peiling på.... Regner uansett med at det er individuelt ;)

Skjønner dere venter med å meddele den flotte nyheten til "resten av verden", selv om jeg hadde sikkert ikke greid å tie stille og hadde nok plapret til "gud og hvermann" med en gang.. :fnise:

Uansett, koselig å høre fra deg igjen! Håper alt står bra til, og at dere har fint vær så dere kan kose dere ute :)

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Der var du ja :vinke: Alt er sikkert som det skal være, synes jeg har lest mange plasser om stikkende smerter og lignende.

Ha en fortsatt fin, gravid kveld :kose:

Skrevet (endret)

:vinke:

Ja, her var jo ei ny dagbok, som eg må følgja med på. :jepp:

Ser at du har testa positivt for kort tid sidan! Så utrulig gøy!!! :-D

Gratulerer så masse med ein liten spire i magen! :blomst: :juhu: :danser:

Eg er også gravid, har termin i november! :) Er kjempespennande å vera gravid, men også litt skummelt - for eg bekymrar meg ein del, og er redd for at noko skal gå gale. Men no er det berre ei vekes tid igjen til ordinær ultralyd, så eg kryssar fingane for at dette går bra! :tommelopp:

Likar at du skriv nynorsk. ;) Er ikkje så mange her inne som gjer det.

Ønskjer deg ein kjempeflott dag i finveret, og lykke til vidare i svangerskapet! :klem:

Endret av Mirabella76
Gjest *Frida*
Skrevet

Hei igjen, jenter.

Åh, det er så godt å ha dåke her! Eg er inne her og les kvar dag, fleire gonger, men skriv skjeldan. Her heime er sambuaren ikkje glad for at eg brukar mykje tid på nettet, så det respekterer eg. Og på jobb lukkar nettlesaren seg heile tida når eg er på KG. Jaja, kanskje like greitt...

Eg er framleis gravid :rødme: Formen er fin, ikkje spesielt trøtt og ikkje kvalm. Einaste er desse menssmertene og _vonde_ magesmerter! Det stikk skikkelig nedi her avogtil, og då blir eg bekymra. Men eg har lest litt, og funne at det sikkert skal vere sånn. Eg har vore redd for at spira er på feil plass, i eggstokken for eksempel...

Eg har forsøkt å komme til legen min, men ho hadde ikkje tid før om 4 veker... Men eg kunne berre komme innom for å ta blodprøvar, så det gjer eg på onsdag. Grunnen for legebesøk/blodprøvar er at eg har ein kronisk (ufarlig) sjukdom som gjer at eg går på medisiner. Den eine medisinen måtte eg slutte med ved graviditet, den andre må nok aukast. Begge to kan ha konsekvens for meg/fosteret om dosen ikkje er rett, derfor må eg ta prøvar gjennom heile svangerskapet.

Heldigvis kom eg til på telefonen med ein spesialist eg har gått til, og han beroliga meg. Og prøvesvar skulle eg berre sende til han. Takk gud snille mennesker!

Kan nokon forresten hjelpe meg litt ang. kor langt eg er komt?

Eg veit at ein tel veker sidan sist mens, som var torsdag 24.04. Etter det er eg 5+4 i dag.

Men eg har ein syklus på 31 dagar, og hadde nok el søndag 11.05. Etter det er spira 3 veker og 1 dag, pluss to veker = eg er 5+1.

Er eg 5+4 eller 5+1?

Eg får ulikt på terminkalkulatorar...

Gjest *Frida*
Skrevet
Gratulerer så masse med ein liten spire i magen! :blomst: :juhu: :danser:

Tuuusen takk for det Mirabella76!

Eg har lest i bøkene dine og, og håpar det går bra med deg og dine. Misunnar deg for at du har komt så langt, og at du skal på UL! Det ser eg veldig fram til, det og å kjenna bevegelsar inni magen. Kjenner du noko ennå?

Eg kjenner nok ingenting enda, nei. Merkar at eg begynnar å bli litt utålmodig, for det er så mange i terminklubben min på "Snart mamma" som har kjent liv ganske lenge allerede. Men eg har høyrt at første gangen ein er gravid, tar det lenger tid før ein kjenner liv - så eg satsar på at det er grunnen. Men gledar meg veldig til å begynna å kjenna spark! :)

Blir kjempespennande med UL, ja! Det ser me fram til, både eg og kjæresten min.

Eg brukte terminkalkolatoren på "Babyverden" då eg rekna ut terminen min. Har du prøvd den?

Endret av Mirabella76
  • 2 uker senere...
Gjest *Frida*
Skrevet

:tristbla:

I dag blei eg skikkelig lei meg. Og redd.

Eg går på medisiner, og fekk tatt blodprøvar forrige veke. Fekk ikkje time til legen før i neste veke, men ba om å få ta desse blodprøvane med ein gong. Derfor fortalte eg ikkje at eg var gravid, eg prata jo berre med sekretæren.

Prøvesvara vil sannsynligvis endre seg no når eg er gravid, slik at eg må justere dose. Høge verdiar kan gjere spira mi kronisk sjuk (som meg), gjere meg veldig dårlig, eller i verste fall gi spontanabort.

I går fekk eg brev i posten, med svaret på _den eine_ prøven. Denne var veldig høg, men eg er ikkje så bekymra for den. Ennå.

Dei andre prøvane stod ikkje i brevet, så i dag ringte eg legesenteret for å få svaret på dei andre. Rekna med at dei var innanfor normalområdet sidan dei ikkje stod nevnt i brevet.

Neida, dei andre prøvane var ikkje blitt tatt! Akkurat det same skjedde faktisk sist eg tok prøvane og. Er det mulig...

Eg reiste opp på legesenteret, kjente at eg var veldig bekymra for dette her. Sekretærdama spurte om eg ikkje kunne vente til neste legetime for å ta prøvane, eg fekk berre rista på hovudet, tårene kom. :gråte:

Blei skyssa inn til legen, min nye fastlege. Det er første gong eg har treft henne, og eg storgrein...

Fekk fortalt at eg var gravid, men legedama forsto ikkje kvifor eg var så bekymra... Måtte _forklare_ at eg var redd for spira mi! Ho kunne gje meg hastetime på fredag, men eg sa at eg ville vente til neste fredag, slik at eg får svar på blodprøvane først. Nye prøvar kan eg ikkje ta før i morgon, sidan labben var stengt når eg var der.

Uff... Skikkelig dårlig gjort! Måtte skynte meg i bilen, redd for å treffe nokon som kjente meg. Med tårevåte kinn og blodskutte auger.

Heldigvis har eg ein god sambuar å prate med. Men denne opplevelsen i dag gjorde meg skikkelig bekymra. Korleis skal dette gå?

Skrevet

Uff da :troest:

Forstår at du er bekymret.... Legekontorene kan klusse det til noen ganger :riste:

Bra du oppdaget det før du har time til legen :jepp: og får tatt nye prøver :)

Det går nok bra skal du se.

Sender deg en STOR :klemmer:

Skrevet

Uff, det var ei kjip dag du har hatt. :klem: Godt at du får tatt blodprøvar for å sjekka om alt er fint. Det går nok bra, skal du sjå!

Gjest Pysepus
Skrevet

Jeg er helt sikker på at det går bra! Stor :klemmer:

Gjest *Frida*
Skrevet

Takk for svar jenter. Eg har roa meg litt nå. Syns framdeles det er dårlig å rote vekk prøvane, to gonger på rad, men eg slår meg til ro med at eg kan vente ei veke til på svar.

Har fått snakka masse med sambuaren min, han er så god med meg. :rødme:

Gler meg til legetimen neste fredag.

  • 2 uker senere...
Gjest *Frida*
Skrevet

Hei igjen, alle KG-venner!

I dag er eg 8+2. Trøtt på ettermiddagane no, men det går bra. Ikkje kvalm (juhu!), matlysten er god (dessverre, hehe) og no er det heldigvis slutt på smertene i magen. Kjenner meg slett ikkje gravid... Det er jo heilt i orden det, men eg er jo redd for at det ikkje er liv inni der då! Må vel vente til UL før eg veit noko om det.

Jaja. Eg var på 1. kontroll på fredag. Hadde med meg sambuaren min. Fylte ut helsekortet, målte blodtrykket og tok blodprøvar, heile fem glas!. Blodtrykket var lågt, 100/60, men det var betre at det var lågt enn om det var høgt.

Kjemien med legen er ikkje heilt topp, så eg blei glad når ho sa at det var sjukehuset som følgde opp dei gravide. Treng berre til fastlegen for sjukemeldingar og blodprøvar. Så nå må eg opp på føden (!) for å levere helsekortet. Håpar eg ikkje treff nokon eg kjenner der! Ventar til i måro, slik at eg får svar på prøvane eg tok på fredag når eg er der.

Ellers har eg fått så innmari vondt i ....eeeh... rompa. I skjelettet altså, rett på sida av halebeinet. Kjempevondt når eg har sote ei stund, og når eg står opp om morgonen. Klarer ikkje reise meg heilt opp, og klarer ikkje stå skikkelig på foten når det er sånn. Nevnte det for legen på fredag, men ho sa at det nok ikkje hadde samanheng med graviditeten, og at eg ikkje kan i røntgen for å sjekke det nå. Skulle vente og sjå om det gjekk over.

Har forresten fått tilbakemelding frå endokrinolog på prøvane eg fekk førre veke. Den eine var heilt normal no når eg var gravid (skal gå opp i graviditeten), den andre er så høg at eg skal auke medisindosen noko.

Hehe, det blei langt dette.

Ha ein fin kveld!

Så kjekt å høre at du har det bra :jepp: har tenkt på deg :klem:

Halebein kan være vondt ja... Hadde et uhell for flere mnd siden (datt rett på rompa) :fnise: og jeg kjenner det i halebeinet enda :riste:

Hei Pusilus!

Men eg har ikkje ramla eller noko som skulle tilseie at det gjer vondt! Det kom berre snikande for ca 2 veker sidan, og blei vondare og vondare for kvar dag. Og det er ikkje _i_ halebeinet, men rett ved sida av. Veit ikkje om det er bekkenet eller hofta eg... Har lurt litt på om det kan vere ein seneleddsbetennelse? Det er et ganske lite område som gjer vondt, et punkt altså.

Hmm :klø:

Når jeg tenker meg om, så har ei av veninnene mine nevnt noe om vondt i halebeinområdet under en av graviditetene sine. Øm og stiv på en måte... Hun hadde heller ikke ramlet eller noe slikt og hadde det bare når hun var gravid med ene ungen... Er ikke noe ekspert på dette jeg nei..

Natta :klemmer: til deg

Gjest *Frida*
Skrevet

Hei igjen.

Er ikkje så flink til å skrive her i mi eiga bok, det er så mykje kjekkare å lese i andre sine...

Laga denne dagboka for å notere ned det som skjedde før/i svangerskapet, og det vil eg forsetje med.

Er 9+2 i dag. På søndag er det eit foster i magen min!

Magen er ikkje større (bombe, spira er vel på størrelse med ei reke ennå), men det har brystene mine! Hadde liten d-cup frå før (dvs kunne bruke enkelte c-cup), men no har eg vakse ut av d-ane mine. Framdeles ømme, det har dei vore heile tida, faktisk sidan eg slutta på p-pillene.

Vondten i hofta/bekkenet er framdeles der, men det går greitt om eg ikkje sit for lenge i ro. Då blir det au!

Forrige veke var eg oppom på føden på sjukehuset her. Var redd for å treffe nokon eg kjenner, og gjekk sjølvsagt rett på svigerinna mi som jobbar der. Hmmm! Jaja, trur ikkje ho seier noko, trur ikkje ho såg at eg var inn på føden heller.

Jordmora eg prata med var veldig hyggelig! Ei godt voksen dame, dessverre vikar. Endelig nokon som spurte korleis eg hadde det! Det gjorde ikkje legen min. Sa at eg ikkje kjende nokon ting, og ikkje følte meg gravid. Jordmora svara at det skulle eg berre vere glad for! Ellers fekk eg time til svangerskapskontroll 28. juli, då er eg 13+1. UL-time skulle eg få då. Og så fekk eg eit skriv frå føden, magasinet bam og svangerskapsboka. Veldig kjekt!

Det er et par ting eg må huske å spørje om på kontrollen, så eg lagar ei liste her:

* Har eg eit risikosvangerskap? (eg brukar medisiner)

* Må eg rekne med å bli sendt til regionssjukehuset for fødsel?

Ang. risikosvangerskap så står det litt her: Risikosvangerskap

Ellers har eg blitt så forferdelig forkjøla! :forkjola: Brukte egenmelding torsdag og fredag, og i går måtte eg be om sjukemelding. Fekk sm tom. i måro onsdag.

Gjest *Frida*
Skrevet

Uff, alt ein skal bekymre seg over!

Eg har fått det for meg at det ikkje er liv inne i magen min...

Gjekk ein fin fjelltur i går, men hadde jo då altfor god tid til å tenke. Eg kjenner jo absolutt ingenting til denne graviditeten! Har jo vondt i 'rompa' då, men det minnar mest om senebetennelse. Einaste symptom eg har hatt er ømme bryster (som har vokst ein cup).

:sukk:

Fekk ein skikkelig utblåsing i går, leste det eg kom over om ma, blæremola og innbilte svangerskap. Blei så fortvila at eg strigrein :gråte: Sambo blei irritert for at eg les så mykje, og blir bekymra. Eg blei jo ikkje bekymra fordi eg les her inne, eg les for å finne svar. Og han trur ikkje noko meir på denne graviditeten enn meg...

Eg las mellom anna ein del av svara som ei jordmor på barnimagen hadde. Ho var konsekvent på at ein ikkje skulle bekymre seg for alt som _kunne_ gå gale, men heller glede seg! Og det har ho jo rett i. Men så skreiv ho ein plass at ein skulle gå i dialog med fosteret, til ei kvinne som var 10 veker på veg! Hallo...

Det blir berre rot dette her.

I dag har eg bestemt meg for å ikkje ringe til jordmor og trygle om kontroll. Skal på 1. kontroll 28. juli. Det er første feriedagen min (vår) så det blir ein dårlig start på ferien om magefølelsen min har rett...

Skrevet

:troest:

Jeg skjønner godt du er redd for at det ikke skal gå bra, vi leser jo egentlig alt for mye om sånt, dessverre. Husk at det helt sikkert er flere historier der det av ulike årsaker ikke gikk bra som ligger ute på nettet, enn de som det faktisk gikk bra med! Ifølge ammataka.no er det hele 93,8% sjanse for at det skal gå BRA når man er i 9.-12- uke (dersom hjerteaktivitet er påvist, er faren for abort enda mindre). Det er masse det!

Så prøv å slapp av så godt du kan, og tenk heller at du var blant de heldige som slapp å henge over do og rope på elgen flere ganger om dagen. Og hvis du ikke klarer å slappe av ville jeg tatt en telefon til legen og fortalt at du bekymrer deg. Da får du helt sikkert komme inn tidligere.

Dette går så bra, og det ER liv i magen din!

Mange klemmer til deg :klemmer:

Skrevet

Henger meg på Ilja** jeg.

Sender mange :klemmer: din vei *Frida*

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...