Gå til innhold

Eg skal bli mamma!

Mirabella76

Anbefalte innlegg

Vi kjøpte også Baby Hawk. Jeg hadde med meg samboeren min på Lotusbarn, tenkte det var greit. Det var han som fikk prøve bæreselen med dukken oppi, og tror han syns det var koselig. Han er iallfall ikke negativ, men det var vel en grunn til at jeg fokuserte på Baby hawk og ikke elastisk sjal. Det virker iallfall ikke som om han har bestemt seg for at dette skal han iallfall ikke gjøre. Da vi var der, hadde de en Baby Hawk i militærgrønn med kamuflasjefarget panel, den var jo iallfall maskulin! :fnise: Men vi endte med en brun med turkis blomstermønster på panelet. Fiiiin! :rødme:

Når jeg ser ut vinduet, klarer jeg ikke helt å se for meg disse koselige trilleturene med baby i vognen...

Tvilar på at eg hadde fått mannen min med meg inn på den butikken! Men eg trur nok sjansen er større for at eg får han til å bæra babyen i Mei taien, enn i det elastiske sjalet. Bæresjal er kanskje ein litt meir sånn "mammating" i følge mange menn, og ikkje "kult" nok? Mei taien eg har kjøpt er iallfall maskulin nok - svart, og med eit ganske enkelt mønster i svart og grått. Var heilt bevisst at eg valgte akkurat den, slik at mannen min iallfall ikkje kunne skylda på at den såg for feminin ut. :lur:

Ja, me får kryssa fingrane for at været blir bedre i november enn det har vore så langt denne hausten - for no har det jammen meg regna lenge nok. :sur: Greit nok at me bur i Bergen, men det får no vera visse grenser likevel...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Nå kan du vettu. :klem:

Hvordan går det ellers med deg og vesla???

Ja, no har eg endelig lært! :Hehe:

Det går vel egentlig bra både med meg og vesla i magen. :) Bekkenplagene er litt bedre no, så eg kan absolutt ikkje klaga. Har litt halsbrann om kveldane/nettene for tida, men ikkje så ille at det plagar meg så veldig. Formen er iallfall bra nok til at eg har vaska, rydda og laga middag i dag - og det må vel vera bra.

Veslejenta mi har vore litt rolig dei siste dagane, så eg begynte nesten å bli litt småbekymra tidlegare i dag. Men då eg sette meg ned i sofaen no i kveld for å slappa av litt, så vart ho plutselig veldig aktiv der inne. :) Så då er nok alt som det skal vera!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No i kveld har mannen min sett saman sprinkelsenga til veslejenta vår! :jepp: Madrass, dyne og pute er på plass. Eg må berre vaska laken og sengetøy først, så kan det leggjast på. Og så må me få tak i ein sengekant. Senga vart så fin!!! Tenk at om berre nokre få veker skal den vesle jenta vår liggja oppi senga. :strix: Heilt uvirkelig å tenka på - eg gledar meg så utrulig mykje! :hjertesmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Pysepus

Nååååe, du får en liten Pysepus rørt :hjerter_rundt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nååååe, du får en liten Pysepus rørt :hjerter_rundt:

:hjertesmil:

Akkurat no sit eg og ser på babysenga, som foreløpig står midt i stova. Sååå koseleg! :hjerter_rundt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gni det inn :rødme:

:strix:

Det er berre til å setja i gang med babylaginga, veit du! :fnise:

Neida, eg berre tulla Pysepus. :klem: Var ikkje meininga å "gni det inn".

Lenke til kommentar
Del på andre sider

*bare litt misunnelig* :sukk:

Skjønnar deg godt, Nótt! :hug: Før eg sjølv vart gravid, så vart eg veldig ofte misunnelig når eg leste om andre som venta barn. Grunnen var nok at eg var redd for at eg aldri skulle få oppleva å bli mamma. Samtidig så gleda eg meg jo på andre sine vegne, så eg fekk litt dårleg samvittighet over at eg var misunnelig. Men det er heilt greit og lov å føla det slik!

Eg har ønska meg barn heile livet, og vart gravid for første gang etter at eg hadde fylt 31 år. I løpet av alle dei åra som gjekk, var det vanskeleg å sjå familie, vennar og kjente rundt meg få barn, også de som var ganske mykje yngre enn meg. Har ikkje tal på alle dei dagane eg følte at livet mitt var trist og meiningslaust som barnlaus, for det var ingenting i verden eg ønska meg meir enn å få bli mamma! Klarte ikkje å tru på at eg også skulle vera så heldig ein dag, at eg skulle få barn. Men jammen ser det ut til at det ordnar seg for meg likevel! :) Og det er eg heilt sikker på at det gjer for deg også, sjølv om det kanskje ikkje følest sånn akkurat no. Ønskjer deg masse lykke til med neste prøveperiode, og kryssar alt eg har for at det klaffar for dåke denne gangen! :tommelopp:

Samme her, men gleder meg veldig mye til du får veslejenta di og til vi får høre hvordan det er :)

Det blir nok din tur også ein dag, skal du sjå! :klem:

Eg gledar meg til du skal sladra for meg, og synst det er veldig koseleg at du vil vera sladrisen min! :klem1:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skjønnar deg godt, Nótt! :hug: Før eg sjølv vart gravid, så vart eg veldig ofte misunnelig når eg leste om andre som venta barn. Grunnen var nok at eg var redd for at eg aldri skulle få oppleva å bli mamma. Samtidig så gleda eg meg jo på andre sine vegne, så eg fekk litt dårleg samvittighet over at eg var misunnelig. Men det er heilt greit og lov å føla det slik!

Eg har ønska meg barn heile livet, og vart gravid for første gang etter at eg hadde fylt 31 år. I løpet av alle dei åra som gjekk, var det vanskeleg å sjå familie, vennar og kjente rundt meg få barn, også de som var ganske mykje yngre enn meg. Har ikkje tal på alle dei dagane eg følte at livet mitt var trist og meiningslaust som barnlaus, for det var ingenting i verden eg ønska meg meir enn å få bli mamma! Klarte ikkje å tru på at eg også skulle vera så heldig ein dag, at eg skulle få barn. Men jammen ser det ut til at det ordnar seg for meg likevel! :) Og det er eg heilt sikker på at det gjer for deg også, sjølv om det kanskje ikkje følest sånn akkurat no. Ønskjer deg masse lykke til med neste prøveperiode, og kryssar alt eg har for at det klaffar for dåke denne gangen! :tommelopp:

Det blir nok din tur også ein dag, skal du sjå! :klem:

Høres ut som om vi er ganske like, bortsett fra at jeg en periode ikke ønsket meg barn. :fnise: Kan ha sammenheng med at jeg ble storesøster igjen i en alder av 16 år og fikk føle litt på det å ha barn i så tidlig alder. Fyller 31 nå i november og vet at folk får barn i høyere alder enn meg, men jeg vil ikke bli en "gammel" mor.

:klem: Du er bare herlig Mirabella.

Eg vart storesøster for fjerde gang då eg var 10 år gammal, og synst det var det mest fantastiske i verden! :) Men det blir nok litt annleis å bli storesøster igjen når ein er 16 år gammal, og midt i tenåra. ;)

Kjenner meg så godt igjen i tankane og følelsane dine, etter å ha lest om oppturane og nedturane dine i dagboka di - så me er nok ganske like der, ja. Og sjølv om eg no skal bli mamma, så har eg på ingen måte gløymt korleis eg hadde det i åra før eg vart gravid!

Det verste eg visste då eg sjølv var trist og lei meg fordi eg ikkje hadde barn - var når andre bagatelliserte tankane og følelsane mine, og sa at eg måtte slutta å synast synd på meg sjølv. Det eg trengte aller mest, var nokon som høyrte på meg, og virkelig forstod korleis eg hadde det!

Sender deg ein kjempestor klem! :klem1:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå prøver jeg å ikke ta ut følelsene mine om det med barn på så mange andre, for som du sier - de skjønner det faktisk ikke. Selv ikke mannen skjønner det faktisk. Og det enda han har visst de siste årene at jeg har lyst på barn. Den lysten kom snikende for alvor for et par år siden, den har nok alltid vært der, men var først da jeg tenkte over den for første gang.

Det å bli storesøster i en alder av 16 år var flott, men også slitsomt, særlig når man til stadighet faktisk var nødt til å stille opp og gjøre ting som man ikke regner med å gjøre før man får egne barn. MEN jeg ville ikke vært henne foruten da, den lille bølla på snart 15 år.

Fann ut det same eg også, at det ikkje var nokon vits i å snakka med "alle" om tankane og følelsane mine rundt det å vera barnlaus - når barn var det eg ønskte meg meir enn noko anna i heile verden! Dei som er frivillig single, og aldri har hatt noko ønskje om å få barn, vil naturleg nok ikkje forstå korleis det følest. Det vil heller ikkje dei gjera, som har fått barn akkurat når dei har ønska det - eller har blitt uplanlagt gravide. Kun andre som har vore i same situasjon, kan skjønna fullt ut korleis det er! Mannen skjønte meg heller ikkje i det heile tatt, og det var faktisk ganske vanskelig å takla. For eg følte at eg trengte hans støtte og forståelse meir enn noko anna. Han prøvde jo å forstå meg så godt han kunne, men eg merka fort at han ikkje hadde mulighet til å skjønna korleis eg faktisk hadde det.

Det med alderen som du nevner, var også noko eg tenkte mykje på. Fram til eg var 25 år, var ønsket mitt om barn på ein annan måte. Eg stressa ikkje med det på same måten, for eg visste at eg fortsatt hadde ganske god tid på meg til å finna ein mann å få barn med. Etter at eg fylte 25, begynte eg å stressa litt meir. Bestemte meg for at eg SKULLE ha mitt første barn før eg fylte 30, slik at eg ikkje vart altfor "gammal" før eg fekk barn. Eg har alltid ønska meg stor familie, så eg tenkte at viss eg fekk mitt første barn etter at eg fylte 30, så hadde eg ikkje så mange år igjen på å få dei barna eg ønskte meg. I tillegg tenkte eg mykje på at fruktbarheten går ned etter kvart som ein blir eldre, noko som også gjorde at eg ikkje ville venta lenger enn nødvendig med å få barn. 30-års dagen min vart ingen stor dag. Eg hadde ikkje lyst til å feira nokon ting - for det føltest som eit stort nederlag at eg fylte 30, og fortsatt var barnlaus.

Mannen min møtte eg då eg var 26 år gammal, men det tok nokre år før han følte seg klar for barn - og eg kunne jo ikkje akkurat tvinga han. Når han endeleg gjekk med på å starta prøvinga, så vart eg ikkje gravid så fort som eg hadde håpa. Det var ei slitsom og vanskeleg tid! Det rare er at når eg først vart gravid, så turde eg ikkje heilt å gleda meg ordentlig over det i starten! Eg var redd for at noko skulle gå gale - for kunne eg virkelig vera så heldig at eg endeleg skulle få bli mamma, etter alle desse åra?

Fortsatt tenker eg slik innimellom. Når eg gledar meg "for mykje" over at eg snart skal få møta veslejenta mi, og bli mamma på ordentlig - så seier eg til meg sjølv at eg ikkje må gleda meg for mykje enda, i tilfelle noko skulle gå gale. Først når babyen er ute og eg ser at alt er bra med henne, så kan eg gi meg sjølv lov til å vera ordentlig gald og lykkelig, tenker eg då. Heldigvis tenker eg slik sjeldnare og sjeldnare. Men eg trur slike tankar kjem av at eg heile livet har ønska meg barn så sterkt, at når eg endeleg skal få oppfylt draumen min på ordentleg, så klarar eg ikkje heilt å skjønna og tru på det. Det er liksom så uvirkelig!

Ja, eg vil tru at du som 16 åring måtte ta ansvar for lillesøstera di på ein heilt annan måte, enn det eg som 10-åring måtte med mi lillesøster. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nesten som å lese mine egne tanker dette her. Skummelt, men godt også og se at jeg ikke er alene. Mitt "problem" de siste årene har faktisk vært at mannen ikke har hatt lyst på barn i det hele tatt - han vet fortsatt ikke om han vil ha eller er klar. MEN han går med på det fordi jeg vil. :sukk: Håper jo at han endrer seg når vi blir gravide. Føler meg veldig alene midt oppi alt sammen.

:klem: Fordi du er den du er.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var veldig koselig å lese i boka di Maribella76. Gleder meg til å høre når veslejenta er kommet ut. Håper det står bra til med dere begge to de siste dagene :jepp:

Og må si tusen takk for alle råd du har kommet i mi bok, de har vært til utrolig god støtte når hodet mitt begynner å snurre og spinne litt for mye :fnise:

:klem: og god helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Gjest AnneShirley
Det rare er at når eg først vart gravid, så turde eg ikkje heilt å gleda meg ordentlig over det i starten! Eg var redd for at noko skulle gå gale - for kunne eg virkelig vera så heldig at eg endeleg skulle få bli mamma, etter alle desse åra?

DEN følelesen kjenner jeg veldig godt til! Sitter med den nå.. (håper det blir annerledes etter UL om 1 1/2 uke når vi (forhåpentligvis!!) får vite at det ser bra ut)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:danser: 38 uker!!! :danser:

Tenk at det er så kort tid igjen til du får møte veslejenta di :strix:

Kjenner meg igjen i tankene dine selv om jeg ikke har den samme bakgrunnen. Er ganske utrolig at en skal ende opp med et lite barn etter en graviditet. Var en stor og fantastisk omveltning i livet det der, og selv nå kan jeg studere han og undres over at den skjønne lille gutten faktisk er min :strix:

Bare å glede seg til du snart skal begynne livet ditt som mamma.

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nesten som å lese mine egne tanker dette her. Skummelt, men godt også og se at jeg ikke er alene. Mitt "problem" de siste årene har faktisk vært at mannen ikke har hatt lyst på barn i det hele tatt - han vet fortsatt ikke om han vil ha eller er klar. MEN han går med på det fordi jeg vil. :sukk: Håper jo at han endrer seg når vi blir gravide. Føler meg veldig alene midt oppi alt sammen.

:klem: Fordi du er den du er.

Tydeleg at me har/har hatt mange av dei same tankane rundt desse tinga, ja. Du seier at du føler deg veldig åleine midt oppi alt saman, og akkurat slik følte eg det også! For sjølv om andre prøvde å forstå meg, så var det vel ingen som virkelig skjønte kor vondt det føltest for meg å ha det slik. For andre så var det ein selvfølge at ting ordna seg for meg etter kvart, og at eg berre måtte slappa av og ikkje stressa. Men eg ville ikkje venta lenger med å få barn, eg ville ha det med ein gang - ja, aller helst ville eg hatt barn for mange år sidan! :sur:

Mannen min var akkurat som din mann, han følte seg ikkje klar for å få barn. :sukk: Det gjorde ting litt vanskeleg mellom oss, for eg hadde absolutt fått inntrykk av at han ønska seg barn då me vart sammen. Men plutseleg sa han at han iallfall ikkje ønskte seg barn før han var 40, og kanskje ikkje då eingang. :( Gjett om eg vart skuffa og lei meg over å få høyra noko sånt! Eg fekk "gode" råd av andre om å finna meg ein annan, viss det var så viktig for meg å få barn. Som om det skulle vera så enkelt liksom - det var jo han eg var glad i!

Mannen min visste kor utrulig sterkt eg ønskte å bli mamma. Men som han sa, så kunne han jo ikkje gå med på å få barn berre fordi eg ville det, så lenge han ikkje følte seg klar for det sjølv. Eg hadde masse vonde tankar i den tida, og lurte på kor lenge eg var villig til å venta på at han skulle bli klar for barn. Og tenk om han aldri vart klar for det? Til slutt trur eg mannen min skjønte at han var nødt til å ta eit valg. Enten måtte ha seia at beklagar, eg vil ikkje ha barn, og la meg sleppa å gå rundt og venta og håpa i årevis. Eller så måtte han berre kasta seg ut i det, og seia seg villig til at me starta prøvinga! For han merka nok at eg hadde det vondt, og eg trur ikkje han orka å sjå meg slik lenger - for eg klarte ikkje å vera ordentlig glad lenger, og det lyste av meg lang vei. Ja, til og med mora mi sa til meg at eg aldri smilte lenger...

Gjett om eg vart glad då mannen min ein dag sa at det var greit at me starta prøvinga, fordi han visste kor viktig det var for meg! :strix: Eg hadde vore så redd for at han skulle koma fram til ein heilt annan konklusjon, nemlig at han ikkje ønskte seg barn i det heile tatt. Tenk, no var me endeleg i gang. ;) Men etter kvart kom tankane mine om at mannen min mest sannsynleg hadde gått med på å starta prøvinga, kun fordi han visste kor sterkt eg ønskte å bli mamma. Og då fekk eg dårleg samvittighet, for eg ville jo ikkje tvinga han til noko. :( Det å få barn skal jo vera noko ein er enige om, og som begge ønskjer. Eg frykta at om eg skulle bli gravid, så kom mannen min til å angra - og at det enda opp med at han ikkje tok ansvar for babyen når den kom, og kanskje til og med stakk av frå alle forpliktelsane!

Så eg snakka med mannen min om dette, for å forsikra meg om at han virkelig ville ha barn han også. Det viste seg då at hadde det kun vore opp til mannen min, så ville han ha venta nokon år til med å få barn. Men som han sa så hadde han tenkt, og funne ut at det var greit å få barn no likevel. Og han ville det han også, sjølv om han visste at eg ville det aller mest! I løpet av dei 8 månadane me var prøvarar, merka eg at mannen min vart meir og meir klar for barn. Når han også etter kvart vart skuffa når mensen kom, så tok eg det som eit veldig bra tegn! Den dagen eg testa positivt, var eg likevel litt nervøs for korleis mannen min skulle reagera. Kom han til å få panikk, no når eg faktisk var gravid på ordentlig? Men mannen min vart berre kjempeglad, og det betydde så utrulig mykje for meg. :) Og no er det ingen som helst tvil om at mannen min gledar seg veldig til å bli pappa!

Eg trur nok mannen din kanskje har det på same måte som mannen min hadde det. Han er sannsynlegvis litt redd for dei forpliktelsane eit barn fører med seg, og for å mista den friheten han har no. Det var iallfall slik mannen min følte det! Men det at mannen din har gått med på å starta prøvinga, tyder jo på at tanken på å få barn ikkje er heilt fjern for han. Og eg trur at berre han får litt tid på seg til å innstilla seg på at dåke kanskje snart skal bli foreldre, så vil han etter kvart begynna å gleda seg han også. Sånn sett kan det kanskje vera greit at det ikkje klaffar sånn med ein gang, for då får mannen din bedre tid på å venna seg til tanken på å bli pappa? Slik var det iallfall med min mann!

:klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var veldig koselig å lese i boka di Maribella76. Gleder meg til å høre når veslejenta er kommet ut. Håper det står bra til med dere begge to de siste dagene :jepp:

Og må si tusen takk for alle råd du har kommet i mi bok, de har vært til utrolig god støtte når hodet mitt begynner å snurre og spinne litt for mye :fnise:

:klem: og god helg!

Koseleg at du tittar innom dagboka mi, Høstjenta! :smilorange: Velkommen skal du vera. :klemmer:

Ja, no er det ikkje lenge igjen til veslejenta mi kjem! :) Det blir utrulig spennande - og Pysepus har lova å sladra for meg så snart noko skjer. :jepp:

Veldig kjekt å høyra at råda mine har vore til hjelp for deg! :)

Riktig god helg til deg også! :smilbla:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...