Gå til innhold

Eg skal bli mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Rapport frå dagens UL, fredag 26/09.

Her kjem oppdateringa frå kontrollen på KK i dag. Eg er i dag 33+6 dagar på vei, i forhold til UL-termin.

Først vil eg seia tusen millionar takk til alle dåke fantastiske jenter her inne, som har tenkt på meg og kryssa fingrane for meg i dag. Det betyr veldig mykje for meg! :jepp:

Og så er eg veldig glad for å kunne få koma med oppdatering frå dagens UL så kjapt. Frykta at eg kom til å bli innlagt, og då hadde det ikkje blitt noko oppdatering her inne med det første.

Eg har hatt nokon vanskelige dagar, fulle av bekymringar for den lille babyen i magen min. Har vore så redd innimellom, at eg nesten ikkje har fått pusta. Har frykta det verste, men såklart håpa på det beste. Men at eitt eller anna ikkje var som det skulle, det var eg egentlig ganske overbevist om. Eg håpte berre at det ikkje var så ille som eg frykta.

Derfor var gleda og overraskelsen stor, då eg etter undersøkelsen på KK i dag, gjekk ut med beskjeden om at "Alt ser heilt perfekt ut!" :strix:

Klarar fortsatt ikkje heilt å skjønna at det kan stemma, etter den beskjeden me fekk på ultralyden for berre få dagar sidan. Då fekk me vita at babyen nesten ikkje hadde vokse på 2 veker, at ho var for liten, i tillegg til at eg hadde lite fostervatn. Og det var den same gynekologen/spesialisten eg var til UL-undersøkelse hos to gangar, med 2 vekers mellomrom. Ho virka bekymra, fordi babyen ikkje hadde utvikla seg som den skulle - og derfor henviste ho meg til KK. Så det er ikkje rart at eg har vore redd, når ein person som er spesialist på området gir oss ein slik beskjed!

Det var ikkje så kjekt å møta opp på KK i dag, heilt åleine. Men eg trøsta meg med at eg skulle snakka med både mannen min og mora mi i telefonen rett etterpå - og at mora mi nok ville setja seg i bilen å koma til meg så fort ho kunne, dersom noko var gale og eg vart innlagt.

Sparketesten var eg ikkje spesielt nervøs for. Eg kjente nemlig masse liv rett før eg skulle inn og ta testen. Og gjett om det var ei aktiv lita jente der inne, som sparka for harde livet mens eg tok testen. ;) Trur seriøst aldri eg har kjent så masse aktivitet der inne, som eg gjorde i dei 20 minutta testen varte! Ho som undersøkte meg, såg tydeleg at magen min bevegde seg i alle mulige retningar, så det var nesten litt komisk. Hadde på meg eitt eller anna registreringsutstyr på magen, mens testen vart gjennomført. Resultatet på testen var heilt flott, så det var eg veldig glad for. :smilorange:

Så var det ultralydsundersøkelsen som stod for tur, og det var den eg virkelig hadde grua meg til! Var så redd for å få beskjed om at det fortsatt var lite fostervatn, og at babyen var for liten. Snakka på forhånd litt med den kvinnelige legen, om bekymringane mine. Ho sa at ho skjønte godt at eg var bekymra, men at ho skulle sjå på det. For det var uansett veldig positivt at resultatet av sparketesten var så fint!

Legen såg på skjermen, og kunne bekrefta at babyen bevegde seg masse. Ja, etter berre ei lita stund kom ho med kommentaren: "Alt ser heilt perfekt ut!" Eg vart så utrulig glad for å høyra det, men samtidig visste eg at ho ikkje hadde gjort nokon målingar enda - så eg var fortsatt nervøs og spent. Legen kunne fortelja at eg hadde bra med fostervatn, og det var ein stor lettelse å høyra! Kjente at eg slappa litt meir av, med ein gang eg fekk den beskjeden. Blodgjennomstrøyminga gjennom navlestrengen var også bra, og ellers såg alt anna også heilt flott ut. Legen kunne også bekrefta at det var ei lita jente i magen min. :babyjente: Babyen hadde til og med lagt seg så fint med hovudet ned no, så eg håpar ho blir liggjande slik heilt fram til fødselen. Legen tok så dei nødvendige UL-måla, og då ho var ferdig gjentok ho at det kunne ikkje ha vore meir perfekt! :bolledeig:

Etter at UL-måla var sett inn i skjema/rekna ut, kunne legen fortelja meg at babyen var akkurat så stor som den skulle vera! Ja, faktisk var babyen over gjennomsnittet stor - og ho rekna ut vekta til å vera over 2600 gram!

Eg var heilt i sjokk over den fantastiske beskjeden! Kunne det virkelig stemma? Eg spurte henne om korleis det var mulig at den andre legen som var spesialist, kunne ha tatt så feil to gangar. Det kunne ho ikkje svara på - men ho fortalte at ho hadde tatt alle måla 3 gangar, og rekna ut gjennomsnittet av dei. Så målingane skulle absolutt stemma! Så eg må jo berre stola på at målingane som vart gjort i dag, er riktige. Samtidig skjønnar eg ikkje heilt at det er mulig å få to så ulike beskjedar med berre få dagars mellomrom! Men eg må jo velga å tru på at alt er heilt supert med den lille jenta i magen min. Har ikkje ord for kor glad og letta eg er no. Dette er berre heilt fantastisk! :hjerter_rundt:

Eg skulle forresten få koma tilbake til ny UL om 3 veker viss eg ville, og det takka eg ja til! (Trur legen skjønte at eg var totalt forvirra over å få to så ulike beskjedar i løpet av nokre få dagar, og at eg derfor trengte ein ekstra bekreftelse på at alt er bra med veslejenta i magen min. ;) ).

__________________

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

I dag er det tid for feiring!

Litt fordi eg er 34 veker på vei i dag (i følge min eigen utrekna termin) - men aller mest fordi den lille babyjenta mi ser ut til å ha det heilt flott inne i magen min!

:danse::danser::hoppe::duskedame::skya::strix::bolledeig:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott at alt var bra med jenta di! :klem1: Godt å få bekrefta at alt rett og slett er perfekt! :) (Men det visste jo vi andre KG-jenter da, vi hadde jo faktisk ikke godtatt noe annet..! :fnise: )

Håper du har fått det bedre nå! :blomst:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter dei siste dagars hendingar, så har eg innsett at det kanskje er på tide å skaffa seg ein sladrevenn!

Så er det nokon som har lyst til å vera sladrisen mi, så er det berre til å melda seg. :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott at alt var bra med jenta di! :klem1: Godt å få bekrefta at alt rett og slett er perfekt! :) (Men det visste jo vi andre KG-jenter da, vi hadde jo faktisk ikke godtatt noe annet..! :fnise: )

Håper du har fått det bedre nå! :blomst:

Ja, det var heilt ubeskrivelig fantastisk å få høyra at alt såg perfekt ut med den lille babyen i magen min! :)

Hadde ikkje godtatt noko anna eg heller, kan eg love deg - men likevel har eg vore livredd, og frykta det verste. Men no skal eg berre slappa av og kosa meg i helga, og tenka på kor heldig eg er som har fått så utrulig gode nyhetar i dag! :smilorange:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Kunne vært sladrisen din, jeg, men tror det kan være ustabilt! :fnise:

Ja, me har jo termin omtrent samtidig, så det er vel kanskje litt ustabilt. ;) Men om du føder før termin, mens eg fortsatt ikkje har fått babyen min - så kan du jo få vera ein av sladrisane mine likevel. :Nikke: Alltid godt å ha fleire sladrisar, i tilfelle ein sladris ikkje har mulighet til å oppdatera her inne med ein gang det tikkar inn ein SMS på mobilen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Å, nå blei eg glad. :strix:

Har tenkt masse på deg i dag. Kan tenka meg at mannen også blei letta. Sikkert ikkje lett å vera aleine i Nordsjøen uten mulighet til å hjelpa deg viss du hadde trengt det.

Høyres ut som at du får super oppfølging iallfall. Så godt. :klem:

God helg, Mirabella! Godt du fekk time på KK før helga, slik at du kan nyta ei helg uten ekstra bekymringar for veslejenta di. :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott da! Dumt at du tok alle bekymringene på forhånd, men nå blir det iallfall en bra helg med en baby som vokser som den skal. :)

Og så tre uker til du får se babyen igjen, og så tre uker til til det snart er på tide til å hilse på henne på ordentlig. :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så fantastisk godt å lese at alt sto bra til likevel :hoppe: Da kan du virkelig slippe ned skuldrene, og bare kose deg med å være gravid de siste ukene. Ha en strålende lørdag, Mirabella :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer! :)

Takk for det! :)

Og velkommen til graviditetsdagboka mi! :klem:

Ser i signaturen din at du skriv nynorsk du også. ;) Det kan eg lika. :nigo:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Å, nå blei eg glad. :strix:

Har tenkt masse på deg i dag. Kan tenka meg at mannen også blei letta. Sikkert ikkje lett å vera aleine i Nordsjøen uten mulighet til å hjelpa deg viss du hadde trengt det.

Høyres ut som at du får super oppfølging iallfall. Så godt. :klem:

God helg, Mirabella! Godt du fekk time på KK før helga, slik at du kan nyta ei helg uten ekstra bekymringar for veslejenta di. :hug:

Ja, det var heilt supert å få ein slik gladnyhet! :strix:

Kan lova deg at både eg og mannen min vart utrulig letta over å få vita at alt såg bra ut med veslejenta vår. :) Me var så redde for at noko skulle vera gale. Ikkje kjekt verken for meg eller mannen min at han var langt ute i Nordsjøen, dersom eg hadde treng å ha han der etter gårsdagens UL. Men no når alt ser så fint ut, så slepper me heldigvis å tenka på det!

Veldig godt å få så god oppfølging - då føler eg meg mykje tryggare. :jepp: Som du seier, så var det utrulig bra at eg fekk time på KK så fort, og allerede før helga. Tør ikkje eingang å tenka på kor fælt eg hadde hatt det no, om eg måtte ha gått rundt heile helga full av bekymringar. Det var jammen meg meir enn lenge nok å gå rundt og vera livredd for babyen min, i dei få dagane det varte.

Riktig god helg til deg og, dreia! :klemmer:

Så flott da! Dumt at du tok alle bekymringene på forhånd, men nå blir det iallfall en bra helg med en baby som vokser som den skal. :)

Og så tre uker til du får se babyen igjen, og så tre uker til til det snart er på tide til å hilse på henne på ordentlig. :klem:

Ja, kjempeflott! :hoppe:

Dumt at eg tok bekymringane på forhånd ja, når dei var heilt unødvendige. Men samtidig trur eg det ville ha vore umulig å la vera å bekymra seg, etter ein slik beskjed som me fekk på UL på tirsdag.

Skal bli godt å få sjå babyen min igjen om 3 veker. :Nikke: Eg håpar og trur at veslejenta veks og utviklar seg som ho skal fram til termin, slik at eg slepper fleire bekymringar heretter. Ho er iallfall veldig aktiv inne i magen min for tida, og det er veldig koselig. :hjerter_rundt: Og tenk, etter neste UL er det berre 3 veker igjen til termin! :strix:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så utrolig bra :bolledeig: Har tenkt masse på deg i dag :klemmer:

Ja, heilt herlig! :bolledeig: Eg er så ubeskrivelig glad og letta no! Kjekt å høyra at du tenkte på meg i går. :klemmer:

Så fantastisk godt å lese at alt sto bra til likevel :hoppe: Da kan du virkelig slippe ned skuldrene, og bare kose deg med å være gravid de siste ukene. Ha en strålende lørdag, Mirabella :klem:

Det var heilt overveldande fantastisk å få verdens beste beskjed på UL i går! :strix:

Ja, no skal eg berre kosa meg dei siste vekene av graviditeten. :) Gledar meg så utrulig mykje til å få møta veslejenta mi! :hoppe:

Eg har hatt ein fin lørdag, og det håpar eg du også har hatt! :klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore og kjøpt garn, og begynt å strikka til veslejenta i magen min! :Nikke:

Har lenge tenkt at eg skal begynna å strikka litt babyklede,men eg har liksom ikkje kome i gang før no. Har grua meg litt til å begynna, for eg har ikkje strikka sidan eg gjekk på ungdomsskulen. Eg synst det er kjekt å strikka, men eg har tenkt at eg sikkert ikkje får det til (sjølv om eg har strikka ein heil genser med mønster før). Ein gløymer jo ein del på så mange år!

Men no i helga er eg heime hos foreldra mine, så eg kan få hjelp av mora mi. ;) Og eg må seia at det egentlig var ganske lett å koma inn i det igjen. Eg hugsa fort igjen ting, som eg trudde at eg hadde gløymt! Men eg har funne ut at eg skal begynna enkelt, så no strikkar eg på ei hue med ganske enkelt mønster. Og går det bra, så kan eg fortsetja med noko litt meir avansert etterpå! :)

Det er jo litt kjekt å ha noko til babyen min, som eg har strikka sjølv - så eg er glad for at eg har tatt mot til meg, og endelig kome i gang med å strikka litt. :smilorange:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Strikking er jo så gøy :hoppe: Spesielt når man strikker til sin egen lille baby. Jeg begynte å strikke på en jentejakke i sommer, men det stoppet litt opp. Etter UL har jeg strikka som bare det :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Strikking er jo så gøy :hoppe: Spesielt når man strikker til sin egen lille baby. Jeg begynte å strikke på en jentejakke i sommer, men det stoppet litt opp. Etter UL har jeg strikka som bare det :fnise:

Ja, strikking er faktisk gøy! :jepp: Synd at eg ikkje har strikka på så mange år, for eg hadde heilt gløymt kor koselig det er. :fnise: Men det gjekk heldigvis ganske greit å koma inn i det igjen. Og som du seier, så er det ekstra gøy å strikka til sin eigen baby! :hjerte: Ein annan fordel med å strikka babytøy, er at det går mykje fortare enn å strikka til større barn/vaksne. Og det er absolutt ein fordel, så unngår ein lettare å gå lei etter ei stund! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Utrolig godt og en stor lettelse at alt så så bra ut på ultralyden! :hoppe:

Må innrømme at jeg var innom og så på fredag, for jeg måtte jo sjekke hvordan det hadde gått! Hadde ikke tid til å skrive noe, men veldig bra at alt så så bra ut som sagt :biggrin:

Så koselig at du har begynt å strikke til veslejenta! Tror ikke jeg skal gjøre det samme, strikke har jeg vel ikke gjort siden jeg gikk på barneskolen og strikket en teit finlandsdukke :fnise::sjenert:

Håper du har en fin kveld! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...