Gå til innhold

Eg skal bli mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Jeg er faktisk mye mer utålmodig allerede jeg.. Liker det ikke noe særlig og føler at det blir litt mye gnåling fra min side enkelte dager på jobb. Heldigvis sa en kollega av meg at det ikke var sikkert at ungene oppfatta det, at jeg var mer sensitiv på det selv. Får håpe det da...

Joda, slik var det med meg også! Allerede kort tid etter at eg vart gravid, merka eg at tålmodigheten min med barna ikkje var den same som før. Og det har ikkje akkurat blitt bedre etterkvart som eg har kome lenger ut i svangerskapet, for å seia det slik...

Merkar at eg lettare enn før blir irritert på ungane, og at eg tåler mindre stress og bråk enn før. Og når ungane set i gang med hylekor før me skal eta, fordi dei er sultne og trøtte - så held eg av og til på å bli gal, føler eg. Då har eg berre lyst til å rømma langt vekk. :sjenert:

Eg har alltid før likt jobben min, og trivest veldig godt saman med barn. Det er jo ikkje for ingenting at eg heilt frå eg sjølv var liten, alltid har drøymt om å få min eigen store famile. Har alltid sagt at eg ønskjer meg 4-6 barn. ;) Og eg har aldri vore i tvil om at eg skulle jobba med barn! Derfor likar eg ikkje at eg har blitt så lite tålmodig med barna i barnehagen, og så lett blir irritert, etter at eg vart gravid. Men det forandrar seg forhåpentligvis igjen etter at veslejenta mi er født!

Men når det er sagt, så har eg heller aldri hatt ein så slitsom jobb som det eg har no. Det er altfor mange små barn samla på ein plass, noko som lett fører til at barna blir utrygge, fordi det er så mange andre (både barn og vaksne) å forhalda seg til. I tillegg er det vanskeleg å laga gode rutinar, når det er så mange (til saman 30 barn mellom 1 og 2 år) som skal opphalda seg på det same arealet. Og det er ingen tvil om at det er vanskelegare å skapa ro og skjerma barna, og få tid til det enkelte barnet - når det er så mange barn samla på ein plass. Og smitteeffekten er stor blant ungane. Begynnar eit par barn å grina, så har me med ein gang eit heilt hyleorkester! Og me er alltid underbemanna, for folk held ikkje ut i jobben i lengda, og er sjuke med jevne mellomrom. Og vikarar er det sjelden me får! Så det er nok ikkje det at eg er gravid, som er heile grunnen til at eg synst jobben er slitsom.

Eg kjem garantert til å prøva å finna meg ein annan jobb etter at permisjonen er over - for eg har lyst til at det skal vera kjekt å gå på jobb, slik det var før! Og eg veit ikkje om det vil skje, om eg fortset i den jobben eg har no. Trist egentlig, for det er utrulig mange skjønne ungar i barnehagen der eg jobbar - men det er rett og slett for mange av dei samla på ein plass, slik at alt berre blir stress i staden for kos. Eg likar dårlig at alle nye barnehagar i Bergen kommune blir bygd som åpne barnehagar. Vanlege avdelingsbarnehagar er mykje bedre, etter mitt syn! Og spesielt dei minste barna (1-3 - åringane) har det mykje bedre på ein småbarnsavdeling med få andre barn og vaksne å forhalda seg til. Det skaper trygghet og ro, og gir rom for gode og faste rutinar - noko spesielt dei aller minste barna har behov for! Og eg snakkar av erfaring, for eg har jobba i alle typar barnehagar: Vanlege avdelingsbarnehagar (med 0-3 - års avdelingar, og 3-6 - års avdelingar), søskengrupper (avdelingar med barn frå 0-6 år i same gruppe), og i åpne barnehagar (der alle barna brukar heile barnehagen, og er inndelt i store grupper som brukar det same arealet).

Ja ja, eg får sjå kva eg finner på etter at permisjonen er over! Har jo god tid på meg til å finna ut kva eg vil. ;) Er mulig at eg tar meir utdanning, og får godkjent allmennlærarutdanning. Så kan eg jobba i skulen mens eg har små ungar sjølv. Trur nemlig ikkje eg orkar å ha heilt små ungar rundt meg både heime og på jobb. Så kan eg evt. gå tilbake til å jobba i barnehage (men det må då bli i ein vanleg avdelingsbarnehage), når ungane mine blir større.

Eg drøymer faktisk litt om å bli jordmor også! Eg sa alltid at eg ville bli jordmor, då eg var liten - og av og til angrar eg fortsatt litt på at eg ikkje vart det. For det høyrest så fantastisk ut å få følgja opp gravide, og å ta imot barn som blir født! Det som stoppa meg frå å utdanna meg til jordmor, var faktisk fordi eg er så pysete. Tåler ikkje blod, sprøyter og slikt noko særlig. Og tanken på at eg måtte bli sjukepleiar først, for å kunne utdanna meg vidare til jordmor, gjorde at eg feiga ut. Men kanskje var det dumt av meg? Ein venner seg vel til slikt etterkvart, tenker eg. Lurer av og til på om eg skal utdanna meg til jordmor, for det er jo aldri for seint - men så er det litt kjipt å måtta begynna på ei heilt ny utdanning, når eg allerede har tatt ei utdanning frå før. Så det blir nok heller til at eg tar fag for å få godkjent allmennlærarutdanning, enn at eg startar på ei heilt ny utdanning. Men det er jammen ikkje lett å vita sikkert kva eg skal velga!

Eg får tenka så det knakar i tida framover. ;) Men no er det visst leggjetid for meg, sidan det er over midnatt. God natt! :søvn:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Vi får håpe at tålmodigheta blir bedre når disse ungene kommer ut av magen da vettu ;)

Ja, det får eg jammen håpa! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Både i går og i dag då eg låg i senga, kjente eg spark så langt oppe i magen som eg haldri har kjent før. I går sparka babyen rett under ribbeina på høgre side i magen min. Det var ikkje vondt, men litt ubehagelig. I dag tidleg før eg stod opp, kjente eg også spark like høgt oppe, men no var sparka midt i magen. Rart å kjenna spark så høgt oppe i magen, for tidlegare har sparka aldri vore i området over navelen. Babyen begynnar vel å bli så stor etterkvart, at ho er nødt til å strekka seg meir ut - sjølv om ho heile tida har likt seg best heilt nede i magen min. ;) Rart å tenka på kor stor veslejenta i magen min har blitt no, og at ho snart er klar til å koma ut til mamma og pappa. :hjerter_rundt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men er det vanleg at det er slik, eller er det mange som har strame nok magemusklar til at magen ikkje synker ned, sjølv når dei ligg på sida?

Trur du at det var bekkenet mitt som var grunnen til at eg hadde så vondt i låret og hofta, når eg våkna i dag tidleg? Har ikkje tenkt på at det kunne vera bekkensmerter. Smertene forsvant gradvis når eg snudde meg over på andre sida, så dei kom nok av at eg hadde leie for lenge på same sida.

Magen min synker som en tung sandsekk ned på madrassen da jeg ligger på sida!! :ler:

:jepp: Det høres akkurat slik ut som jeg har det, og det er bekkenet som er vondt!

Forresten, har du henta den pakka du fikk i posten her om dagen?? Var det en sånn gratis babypakke, eller? Lurer på om det er noe jeg også må bestille, skjønner du!!! :biggrin:

Håper du har en bedre dag i dag! :klem1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Magen min synker som en tung sandsekk ned på madrassen da jeg ligger på sida!! :ler:

:jepp: Det høres akkurat slik ut som jeg har det, og det er bekkenet som er vondt!

Forresten, har du henta den pakka du fikk i posten her om dagen?? Var det en sånn gratis babypakke, eller? Lurer på om det er noe jeg også må bestille, skjønner du!!! :biggrin:

Håper du har en bedre dag i dag! :klem1:

Godt å høyra at det ikkje berre er magen min som er slik. ;) Begynte å frykta at det var eg som hadde ekstra slappe magemusklar. :fnise:

Det var nok kanskje bekkenet som plagde meg forrige natt då. Men eg har heldigvis ikkje kjent noko meir til smertene etter den natta! Kanskje bekkenplagene kom av at eg låg i ei hardare seng en det eg gjer til vanleg?

Eg har nok ikkje henta pakken enda. Tenkte å gjera det i morgon! Tippar det er ein slik gratis babypakke, ja. :Nikke: Men eg lovar å gi deg ein lyd når pakken er henta på posten. ;) Er ganske spent sjølv på kva slags pakke det er!

Eg har heldigvis ein bedre dag i dag, så no følest alt litt lettare! :jepp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Kan godt hende det hadde sitt og si at du lå i en annen hardere seng enn vanlig.. Bekkenet er jo uansett ikke helt som vanlig! ;)

Er fryktelig spent på den pakken din, altså! :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Kjedelig at det er så dumme tilstander på jobben din... Skjønner godt du blir ekstra sliten når det er underbemannet :troest: Tror nok det kan være lurt av deg å skifte jobb etter permisjonen, ja :) Tenker du å begynne å søke ny jobb før permisjonen din er ferdig, eller skal dere satse på to tette? Synes å huske at du nevnte det engang i tiden... :sjenert:

Jordmor tror jeg er et veldig spennende yrke! Mannen og jeg snakket om det etter fødselen, blir jo imponert over jobben de gjør, og så virket det veldig interessant å skulle følge opp gravide, og ikke minst ta imot babyer! Man venner seg til det meste, ja. Med mindre man har skikkelig angst for det, da. Jeg har tidligere hatt blodprøveskrekk, og greide ikke å ta blodprøver en periode, så jeg tror jeg dropper å bli sykepleier o.l. :fnise: Men jeg har jobbet som hjemmehjelp, og det er mye man aldri tror man vil venne seg til der, men som ikke er noe problem etter en stund :)

Håper du har en fin dag! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg vore på ultralyd. Eg var jo på UL-undersøkelse for 2 veker sidan, og skulle tilbake igjen i dag. Gynekologen som undersøkte meg forrige gang, ville at eg skulle koma tilbake etter 2 veker - for å sjekka at babyen hadde vokse og utvikla seg slik den skulle i løpet av desse to vekene (sidan SF-målet mitt hadde gått litt ned sidan forrige kontroll hos legen). Eg og mannen min møtte derfor opp til ny UL i ettermiddag, og me hadde rekna med å få høyra at alt var fint - for det såg jo ut som om babyen hadde det veldig bra forrige gang.

Babyen såg fortsatt ut til å ha det fint. Bevegde seg, og fosterlyden var jevn og fin. Og blodgjennomstrøminga gjennom navlestrengen var bra. Men då gynekologen under UL-undersøkelsen målte størrelsen på fosteret, så viste det seg at babyen ikkje hadde vokse slik som ho hadde forventa at den skulle gjera i løpet av 2 veker. :( I tillegg var SF-målet akkurat likt som for 2 veker sidan, og var no heilt i nedre del av normalområdet, nesten ute på det kvite området. I tillegg hadde eg litt lite fostervatn. Fekk også målt blodtrykket, og det var normalt. Men urinprøven viste 1+ på protein. Urinprøvane mine har alltid vore negative før, så eg likte det ikkje heilt.

Gynekologen ville henvisa meg til KK, slik at dei kunne foreta ein grundig sjekk/oppfølging av meg. Då vart det også gratis for meg, i staden for at eg må betala masse for kvar undersøkelse. Så var det opp til dei på KK å avgjera kva som skulle gjerast vidare, og om eg skulle bli fulgt nøyare opp i tida framover.

Prøver å ikkje vera redd og bekymra meg, men det er ikkje så lett. :( Eg er så redd for at det skal vera noko gale med babyen min. Kvifor har plutselig veksten stagnert? Er det fordi det er noko gale med morkaka mi, slik at babyen ikkje får nok næring? Eller er det babyen som ikkje utviklar seg normalt? Og kvifor har eg plutselig litt lite fostervatn? Tårene trillar her eg sit no, for eg er så bekymra. :grine: Eg vil meir enn noko anna i verden at babyen i magen min skal veksa og ha det bra! Og no veit eg ikkje kva som skjer...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Går det bra med deg?

Nei, ikkje i dag dessverre. :(

Som du kan lesa i forrige innlegg, så gjekk ikkje dagens UL heilt som forventa. I tillegg er det andre ting som gjer at humøret mitt ikkje er på topp for tida. Veit at eg må prøva å vera positiv, men akkurat no er det alt anna enn lett! :cry:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:troest: Skjønner godt at du blir fryktelig bekymret, men det går helt sikkert fint med den lille jenta di. Ei venninne av meg fikk høre på UL at babyen så ikke ut til å ha riktig størrelse, men da h*n kom til verden var h*n over 4 kg, og aldeles perfekt!

Du får prøve å slappe av og bekymre deg så lite som mulig, og prøve å bare være trygg på at du får den oppfølgingen du trenger :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, det var ikke noe gøy å høre :klemmer::klemmer::klemmer::klemmer: Men selv om det ikke var noe gøy å høre, så er jeg sikker på at alt er helt fint med jenta di! :klemmer:

Endret av Pysepus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg fikk samme beskjed hos jordmor i dag, SF-målet er helt i grensen til det hvite og jordmoren var ikke helt fornøyd med utviklingen siden sist, heller ikke min vekt. Jeg fikk beskjed om å komme tilbake om to uker for ny sjekk, istedenfor de vanlige fire. Da ble det eventuelt henvisning til KK.

Det var selvfølgelig ikke det jeg ville høre, men jordmor mente at siden jeg kjente så pass mye liv som jeg gjør. Det at babyen sprellet i vei var nemlig et tegn på at han hadde det bra. Fikk beskjed om å ringe KK dersom det ble noe variasjon i sparkingen. Så egentlig er jeg ikke så veldig bekymret, man blir jo uansett fulgt opp! :) Vet heller ikke om det er arvelig, men mamma var veldig liten da hun ventet meg, og jeg ble født på termin på 2,8 kg, så hun kjente godt til problemet.

Håper du også klarer å unngå å bekymre deg så mye, det tar nok ikke så lang tid før du hører fra KK heller. :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Kan godt hende det hadde sitt og si at du lå i en annen hardere seng enn vanlig.. Bekkenet er jo uansett ikke helt som vanlig! ;)

Er fryktelig spent på den pakken din, altså! :fnise:

Ja, eg tippar at senga hadde noko å seia - for det var berre den eine natta eg låg i ei litt hard seng, at eg fekk vondt i bekkenet i løpet av natta.

Eg henta pakken på måndag, og det stemte at det var ein gratis babypakke. ;) Babypakken var frå Sandvik, og eg fekk den fordi eg hadde registrert meg på http://www.babyverden.no

Så om du ikkje har bestilt den babypakken allerede, så er det berre til å registrera seg! :Nikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette skjønner jeg ikke er noe gøy for deg, Mirabella! Har ikke så mye å si, vil bare gi deg gode :klemmer: .

Vet du når du skal på KK?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:vinke:

Kjedelig at det er så dumme tilstander på jobben din... Skjønner godt du blir ekstra sliten når det er underbemannet :troest: Tror nok det kan være lurt av deg å skifte jobb etter permisjonen, ja :) Tenker du å begynne å søke ny jobb før permisjonen din er ferdig, eller skal dere satse på to tette? Synes å huske at du nevnte det engang i tiden... :sjenert:

Jordmor tror jeg er et veldig spennende yrke! Mannen og jeg snakket om det etter fødselen, blir jo imponert over jobben de gjør, og så virket det veldig interessant å skulle følge opp gravide, og ikke minst ta imot babyer! Man venner seg til det meste, ja. Med mindre man har skikkelig angst for det, da. Jeg har tidligere hatt blodprøveskrekk, og greide ikke å ta blodprøver en periode, så jeg tror jeg dropper å bli sykepleier o.l. :fnise: Men jeg har jobbet som hjemmehjelp, og det er mye man aldri tror man vil venne seg til der, men som ikke er noe problem etter en stund :)

Håper du har en fin dag! :klemmer:

Ja, det er godt at eg snart skal ut i permisjon. Hadde uansett ikkje orka å jobba så mykje lenger på den arbeidsplassen, trur eg.

Eg har egentlig lyst på fleire tette barn, men det kan henda at eg søker andre jobbar i løpet av permisjonstida likevel. Det er jo uansett ikkje sikkert at eg blir gravid så fort som eg ønskjer - og då er det greit å ha ein jobb eg trivest i, før eg blir gravid på nytt og etter kvart skal ut i ny permisjon igjen. Vurderer også å ta meir utdanning, men det spørs om det blir allerede til neste haust.

Det å vera jordmor har eg alltid sett på som eit veldig spennande og givande yrke! Kan nesten ikkje tenka meg noko meir fantastisk enn å få ta imot nyfødte barn. Og det å følgja opp gravide, virkar også veldig interessant. Derfor irriterar det meg at eg er så pysete av meg, er redd for blod og anna gørr - for det har faktisk hindra meg i å velga det yrket eg alltid har ønska meg aller mest! For tanken på å måtte utdanna meg til sykepleiar først, fristar ikkje så veldig. Men kanskje eg heller burde ha kasta meg ut i det likevel, for ein venner seg jo til det meste! For eg trur virkelig at jordmor kunne ha vore det perfekte yrket for meg.

Hugsar fortsatt den gangen eg vart storesøster for fjerde gang, til ei lita jente - berre 2 dagar før 10-års dagen min. Eg fekk besøka mi nye lillesøster på sykehuset, og eg var heilt oppslukt i henne frå første gang eg såg henne! Synst ho var den finaste og mest perfekte babyen eg nokon gang hadde sett. :) Etter dette var eg overbevist om at eg skulle bli jordmor, for eg synst det å få ta imot nyfødte babyar, måtte vera den mest fantastiske jobben i verden! Og sidan eg fortsatt synst det, så har eg nok enda ikkje gitt opp draumen om å ein dag utdanna meg til jordmor. ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:troest: Skjønner godt at du blir fryktelig bekymret, men det går helt sikkert fint med den lille jenta di. Ei venninne av meg fikk høre på UL at babyen så ikke ut til å ha riktig størrelse, men da h*n kom til verden var h*n over 4 kg, og aldeles perfekt!

Du får prøve å slappe av og bekymre deg så lite som mulig, og prøve å bare være trygg på at du får den oppfølgingen du trenger :klem:

Takk skal du ha!

Eg prøver så godt eg kan å slappa av og ikkje bekymra meg, men det er lettare sagt enn gjort... Er så redd for at noko skal vera gale med det lille gullet i magen min. :( Men eg er såklart veldig glad for at eg får så god oppfølging! Då er eg iallfall i trygge hender.

Huff, det var ikke noe gøy å høre :klemmer::klemmer::klemmer::klemmer: Men selv om det ikke var noe gøy å høre, så er jeg sikker på at alt er helt fint med jenta di! :klemmer:

Takk for klemmar. :)

Håpar du har rett! Det er nemlig ingenting i verden eg er meir redd for, enn at noko skal vera gale med den vesle jenta mi.

:hug: en klem sier mer enn ord.

Takk! :klemmer:

En stoooooor :klem: Nå er du iallefall under oppfølging!

Takk for det! Ja, eg er veldig glad for at eg skal bli fulgt nøye opp i tida framover.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...