Gå til innhold

Eg skal bli mamma!

Mirabella76

Anbefalte innlegg

I dag har eg vore innom til legen, og fått litt sjukemelding. Dei siste vekene har eg hatt store problem med å få sova om nettene, sjølv om eg egentlig er kjempetrøtt. Det har ført til at eg er heilt i koma på slutten av veka, og eg har strevd utrulig mykje med å koma meg opp og gå på jobb tidleg om morgonen.

Eg sa til legen at formen min fortsatt er bra, men at eg får altfor lite søvn for tida. Legen min meinte at det var veldig viktig at eg fekk nok søvn no når eg var gravid, så ho ville gi meg sjukemelding med ein gang. Eg sa at eg ønskte 20% sjukemelding. For då får eg ein dag i veka, der eg kan slappa av og få tatt inn igjen litt søvn - og det trur eg vil hjelpa utrulig mykje! Legen min spurte om eg var sikker på at 20% var nok, og at eg kunne få meir sjukemelding viss eg ville det. Eg sa at det haldt med 20% foreløpig, så kunne eg sjå korleis det gjekk. Så no er avtalen at eg ringer legen min om eg føler at eg trenger meir sjukemelding, så skal eg få det.

Har avtalt med sjefen min på jobben, at eg skal ha fri kvar onsdag. Det er perfekt for meg, for då får eg kun 2 dagar på rad der eg må tidleg opp og gå på jobb, i staden for 5 dagar på rad. Og det trur eg vil bli stor forskjell! Då får eg kvilt meg og slappa av ein dag midt i veka. Så no blir det 80% jobb på meg dei 5 siste vekene, før eg skal ut permisjon. Det blir godt. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

50 SIDER ALLEREDE :bolledeig:

Så flott at du fikk en dags "fri" i uka... Lurt å ta seg igjen litt innimellom. Skulle ha gitt mye for det selv :sjenert:

Blir nok godt med 20% sm, tenker jeg! :jepp:

:skaal: 50 SIDER!! :skaal:

Høres ut som en fornuftig ordning med fri på onsdager, det kunne jammen jeg også tenkt meg :Gjesp:

:skya: Grattis med 50 sider! :skya:

Ja, 50 sider må feirast, såklart! :danse:

Herlig med onsdagsfri i dag! :) Var så godt å få sova lenge, og sleppa å stressa avgårde på jobb tidleg om morgonen. Blir nok også mykje lettare å koma seg opp tidleg om morgonane framover, no når eg får ein dag midt i veka der eg får kvilt ut og slappa av.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det høres fint ut med en dag hjemme midt i uka.. nyt den!!! Og lykke til videre.... :klemmer:

Ein fridag midt i veka blir nok fint, ja. :) Skal absolutt nyta den!

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var jammen hardt nok å stå opp i dag tidleg og koma meg avgårde på jobb, sjølv om eg hadde fri i går - så eg er jammen glad for at eg har fått ein dag i veka med sjukemelding!

Det er som oftast litt ubehagelig når eg skal snu meg frå den eine til den andre sida om natta, fordi magen begynnar å bli stor og tung. Men i natt då eg skulle snu meg, så fekk eg skikkelig vondt i magen. Det varte i nokre minutt, før det ga seg. Lurer sånn på kva det kan ha vore. Kan det ha vore ein kynnar kanskje? Pleier aldri å få vondt når eg har kynnarar, eg pleier ikkje eingang å merka at eg har det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmm... Kynnere skal jo ikke være vondt, så da skal det jo egentlig ikke ha vært en kynner du hadde... :sjenert: Aner ikke hva det kunne være, jeg gitt.. Men jeg har funnet ut at det er mange rare, forvirrende, overraskende og noen ganger litt skremmende ting som skjer i løpet av den siste delen av svangerskapet.. Så er sikkert ikke noe å bekymre seg over! ;) Kanskje jenta di hadde sparka såpass hardt at du var øm og støl etter det...? :vetikke:

Inne på "Snart mamma" er det fleire i terminklubben min som har vonde kynnarar. Så det går nok an! Men det kan godt henda at det var babyen som vart liggjande å pressa mot eitt eller anna der inne, då eg snudde meg i senga - og at det var grunnen til at det var vondt. Ikkje veit eg. :vetikke: Har heldigvis ikkje kjent noko meir til det, så eg satsar på at magesmertene var heilt ufarlige.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fytti grisen, for ein slitsom dag eg har hatt på jobb i dag! Fullstendig kaotisk, og berre styr og stress heile dagen. :dåne: Eg er så lykkelig for at det er helg no, og for at eg snart skal gå ut i permisjon! :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg får også vondt i magen ved brå bevegelser og snuing i sengen, har lært meg til å ta det litt rolig. Tror bare det strekker seg eller noe slikt.

Jeg var også helt gåen etter jobb i går, men nå har jeg sovet i elleve timer! Merker spesielt at fredagen er slitsom, men nå er det jo ikke så mange fredager igjen. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje du kunne trengt litt mer sykemelding du også...? 40% eller kanskje 50%?

Hadde ikkje akkurat gjort noko med litt meir sjukemelding! Men eg føler jo at det går greit å jobba 4 dagar i veka, når eg no har fått ein fridag midt i veka.

Dagen i går var ufattelig slitsom, det synst også alle dei andre eg jobbar saman med. Me var enige om at det var ein skikkelig møkkadag! Ho eine eg jobbar med sa då ho skulle gå heim frå jobb i går, at ho ikkje ville seia "Takk for i dag", for det hadde ikkje vore nokon kjekk dag. Derfor sa ho berre "God helg!" då ho gjekk. ;)

Men eg innrømmer likevel at eg har mindre tålmodighet med ungane i barnehagen, no når eg er på slutten av svangerskapet. Føler at eg blir fortare sliten og irritert enn før. No er det heldigvis berre 4 veker igjen på jobb, før permisjonen startar - så eg håpar at dei siste vekene med jobb går greit.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Jeg får også vondt i magen ved brå bevegelser og snuing i sengen, har lært meg til å ta det litt rolig. Tror bare det strekker seg eller noe slikt.

Jeg var også helt gåen etter jobb i går, men nå har jeg sovet i elleve timer! Merker spesielt at fredagen er slitsom, men nå er det jo ikke så mange fredager igjen. :)

Eg snur meg alltid veldig forsiktig i senga, så magesmertene kjem iallfall ikkje av brå bevegelsar. Men som du seier, kan nok smertene heilt sikkert koma av at noko strekker seg der inne, når eg snur meg. Magen min ser forresten veldig rar ut når eg ligg på sida, synst eg. Den siger ned mot madrassa på den sida eg ligg på, og heile magen ligg der som ein tung klump. Og på den sida av magen som ligg opp, stikker hoftebeinet ut, og det er ingen gravidmage på den sida - for heile magen ligg på andre sida, som ein tung sekk ned mot madrassa. :sjenert: Er det andre som har ein slik rar fasong på magen når dei ligg på sida, eller er det berre meg? Skulle tru at eg hadde null magemusklar, sidan magen ikkje klarar å halda seg på plass når eg ligg på sida. Når eg ligg på ryggen, sit oppreist, eller står, så er magen min fin og jevn - og lik på begge sider. Mystisk!

Den siste tida synst eg det har blitt meir slitsomt å liggja i senga om nettene. Det at eg må opp og gå på do i løpet av natta, er jo ikkje noko nytt. Men eg føler at det generelt blir meir og meir ubehagelig å finna ein god liggjestilling. I natt fekk eg igjen magesmerter, når eg skifta stilling i senga - altså snudde meg frå den eine til den andre sida. Når eg snur meg frå frå venstre til høgre side, er det berre litt ubehagelig. Men kvar gang eg snur meg frå høgre til venstre side, så får eg skikkelig vondt i magen. :( Smertene varer vel i ca 1/2 min, og så er det bra igjen. Det er sannsynlegvis ungen som trykker mot eitt eller anna der inne i det eg snur meg, men det er litt guffent synst eg. Eg har ikkje magesmerter mens eg snur meg over på sida, men smertene kjem akkurat når eg har snudd meg heilt rundt.

Då eg våkna i dag tidleg, hadde eg dessuten veldig vondt i den foten og låret på den sida eg låg på. Hadde sikkert leie for lenge på same sida, slik at beinet hadde kome i press. Sette meg opp senga, for eg skulle stå opp - og då vart magen min heilt knallhard. :sprettoy: Fekk altså ein kraftig kynnar, og magen min var veldig hard ganske lenge. Kynnaren var ikkje vond, men eg likar ikkje å ha kynnarar for det...

Uff, dette vart visst mykje klaging! Formen min er jo egentlig veldig bra fortsatt, men enkelte dagar er eg berre litt ekstra sliten og lei - og då tåler eg slike plager dårlegare enn til vanleg. Og så merkar eg at eg blir i dårleg humør av å ha plager som eg ikkje veit kva kjem av, rett og slett fordi eg ikkje føler meg sikker på om det er ufarlege og vanlege plager, eller ikkje. Eg har jo aldri vore gravid før, så det er vanskeleg å vita kva som er normalt og ikkje! Og sånne dagar som i dag, så klarar eg ikkje å gleda meg ordentlig over at eg snart skal bli mamma - for eg tenker berre på alt som fortsatt kan gå gale enda. Slitsomt med sånne dagar. :( Håpar morgondagen blir bedre!

Må ikkje slita deg heilt ut på jobb, du heller. Du må ikkje vera redd for å be om litt sjukemelding, om du føler at du treng det. Det er ikkje verdt å slita seg heilt ut før fødselen! Du skal jo ha energi og overskudd til å ta deg av ein liten baby etterpå også. No får me iallfall prøva å slappa av og kosa oss i helga både eg og du, og ikkje tenka på jobb! Sov lenge i dag eg og, og det gjorde godt. :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjedelig med dårlige dager! :( Det er nok sånn, tror jeg, spesielt mot slutten. Man er usikker, kanskje litt sliten av magen som begynner å bli stor, hormoner er i spill, man er forventingsfull og mer sårbar. Er ikke rart at du en dag innimellom må få ut litt! :troest:

Når det gjelder kynnere trenger du IKKE å bekymre deg! :jepp: Det er helt vanlig, og noe alle har i varierende grad. Noen merker at man har dem, andre merker det ikke. Hittil har ikke du merket at du har hatt kynnerne, og da skjønner jeg at du syns det er utrivelig når du plutselig begynner å kjenne dem. Men husk på at du nærmer deg fødselen med stormskritt, og at det derfor er helt normalt at kroppen forbereder seg ennå mer! Derav - kynnere. Ingen fare så lenge det ikke begynner å komme mange, mange ganger i timen, og er så kraftige at det gjør skikkelig vondt. DA skal du begynne å reagere og ringe føden for undersøkelse.

Ikke noe rart om magen din legger som en sekk ned på madrassen da du ligger på sida!! Tenk, du har jo en baby som har passert 2kg inni der! :jepp: Kan ikke forlange at magemusklene dine skal holde henne på plass.

Når du hadde vondt i låret da du våknet i dag, kan det ha med bekkenet ditt å gjøre. Jeg er mørbanka i hele hofta og låret hver eneste morgen.. :sjenert: Bytter på å ligge på ene og andre sida på nettene, men noen ganger blir det tydeligvis for lenge på den ene sida i forhold til andre.

Håper du slår deg til ro og at du får det bedre! :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men eg innrømmer likevel at eg har mindre tålmodighet med ungane i barnehagen, no når eg er på slutten av svangerskapet. Føler at eg blir fortare sliten og irritert enn før. No er det heldigvis berre 4 veker igjen på jobb, før permisjonen startar - så eg håpar at dei siste vekene med jobb går greit.

Jeg er faktisk mye mer utålmodig allerede jeg.. Liker det ikke noe særlig og føler at det blir litt mye gnåling fra min side enkelte dager på jobb. Heldigvis sa en kollega av meg at det ikke var sikkert at ungene oppfatta det, at jeg var mer sensitiv på det selv. Får håpe det da...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjedelig med dårlige dager! :( Det er nok sånn, tror jeg, spesielt mot slutten. Man er usikker, kanskje litt sliten av magen som begynner å bli stor, hormoner er i spill, man er forventingsfull og mer sårbar. Er ikke rart at du en dag innimellom må få ut litt! :troest:

Når det gjelder kynnere trenger du IKKE å bekymre deg! :jepp: Det er helt vanlig, og noe alle har i varierende grad. Noen merker at man har dem, andre merker det ikke. Hittil har ikke du merket at du har hatt kynnerne, og da skjønner jeg at du syns det er utrivelig når du plutselig begynner å kjenne dem. Men husk på at du nærmer deg fødselen med stormskritt, og at det derfor er helt normalt at kroppen forbereder seg ennå mer! Derav - kynnere. Ingen fare så lenge det ikke begynner å komme mange, mange ganger i timen, og er så kraftige at det gjør skikkelig vondt. DA skal du begynne å reagere og ringe føden for undersøkelse.

Ikke noe rart om magen din legger som en sekk ned på madrassen da du ligger på sida!! Tenk, du har jo en baby som har passert 2kg inni der! :jepp: Kan ikke forlange at magemusklene dine skal holde henne på plass.

Når du hadde vondt i låret da du våknet i dag, kan det ha med bekkenet ditt å gjøre. Jeg er mørbanka i hele hofta og låret hver eneste morgen.. :sjenert: Bytter på å ligge på ene og andre sida på nettene, men noen ganger blir det tydeligvis for lenge på den ene sida i forhold til andre.

Håper du slår deg til ro og at du får det bedre! :hug:

Ja, det er kjedeleg med sånne dagar. :( Men eg får trøsta meg med at dei fleste dagane er både humøret og formen bedre enn i dag! Og så hjelper det jo å tenka på at eg nærmar meg termin, og snart skal få helsa på veslejenta i magen min - same kor uvirkelig det høyrest ut. ;)

Det er nok ingen fare med kynnarar nei, så lenge dei ikkje er vonde og ikkje kjem veldig tett. Eg synst berre det er litt ubehagelig når magen plutselig blir så hard og stram innimellom, sidan eg ikkje har lagt merke til det før.

Det er vel kanskje ikkje så unaturlig at magemusklane ikkje klarar å halda magen på plass når eg ligg på sida, sidan babyen begynnar å bli så stor. Men er det vanleg at det er slik, eller er det mange som har strame nok magemusklar til at magen ikkje synker ned, sjølv når dei ligg på sida?

Trur du at det var bekkenet mitt som var grunnen til at eg hadde så vondt i låret og hofta, når eg våkna i dag tidleg? Har ikkje tenkt på at det kunne vera bekkensmerter. Smertene forsvant gradvis når eg snudde meg over på andre sida, så dei kom nok av at eg hadde leie for lenge på same sida.

Kryssar fingrane for ein bedre dag i morgon, ja! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...