Gå til innhold

Eg skal bli mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Kanskje det er nyren babyen har sparket i? Det sliter jeg litt med iallfall til tider, hjelper litt å dytte litt i babyen. Nyren er jo omtrent der du har vondt, og jeg kjenner veldig godt at det er nyren som er problemet her iallfall, fordi jeg har hatt mye problemer med ene nyren tidligere, og vet hvordan det vondtet kjenner ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Kanskje det er nyren babyen har sparket i? Det sliter jeg litt med iallfall til tider, hjelper litt å dytte litt i babyen. Nyren er jo omtrent der du har vondt, og jeg kjenner veldig godt at det er nyren som er problemet her iallfall, fordi jeg har hatt mye problemer med ene nyren tidligere, og vet hvordan det vondtet kjenner ut.

Hmmm, ja det kan sikkert henda at det er nyra babyen har sparka i / leie og trykt mot. Det var ein øm og ubehagelig vond følelse, akkurat som menssmerter. Er det slik nyreplagene dine kjennest ut, eller?

Heldigvis er desse magesmertene vekke no! :-D Dei ga seg utpå ettermiddagen i dag, samtidig med at babyen begynte å sparka midt i magen, i staden for nede på høgre side. Så eg trur nok sjansane er store for at det er babyen som har trykt mot eitt eller anna (nyre, nerver e.l.), og at det er det som har forårsaka magesmertene.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag håpar eg at me får gjort unna mesteparten av flyttinga! Eg har iallfall fått pakka alle tinga mine i kassar og bossekkar, så då begynnar det å nærma seg. Har brukt dei to siste dagane på pakking, så skal eg få hjelp med flytting og bæring, for eg vil ikkje løfta tunge ting no når eg er gravid.

Etter at me har fått flytta alle tinga mine til leiligheten til mannen min, gjenstår berre utvasking av den gamle leiligheten min. Trur kanskje eg ventar med det til neste helg, for eg begynnar på jobb igjen i morgon. Og då blir det lange nok dagar! Eg må uansett ikkje vera ute av leiligheten før 1. september, så eg har fortsatt god tid på meg.

Kan ikkje akkurat seia at eg gledar meg til å begynna på jobb igjen i morgon. Er spent på om eg klarar å jobba 100% i tida framover, eller om eg må få litt sjukemelding. No har eg hatt 4 veker ferie, så det begynnar jo å bli ei stund sidan eg har vore på jobb! Rart å tenka på at det berre blir litt over 2 månader med jobbing, før eg skal ut i permisjon! :sjokkert: Har rekna ut at permisjonen min startar 20. oktober. Men sidan denne datoen er ein måndag, blir min siste dag på jobb fredag 17. oktober - og det er jammen ikkje så lenge til! Gledar meg veldig til eit heilt år med permisjon, saman med veslejenta mi. :hjertesmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til med flyttinga! :)

Takk for det! :)

No har me nesten fått flytta alt saman! :jepp: Er berre nokre få ting igjen, som mannen min og broren hans skal ta i morgon. Og så skal dei kjøra dei gamle møblane og den gamle TVen min på søppelfyllingen. Og då gjenstår det berre å vaska ut av leiligheten! Får sjå om eg gjer det i løpet av veka, eller om eg ventar til helga. Eg begynnar på jobb igjen i morgon, så det er litt avhengig av kor sliten eg er etter jobb om dagane. Skal bli godt å koma i orden i leiligheten til mannen min, for no er alt berre eit einaste stort kaos - med kassar i stablar, og bossekkar overalt, som er fylt med alt mulig rart. :fnise: Utrulig kor masse ting eg har klart å samla opp, i løpet av dei åra eg har budd i den vesle leiligheten.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så deilig at magesmertene er borte da Mirabella76.

Er deilig å flytte når man eneldig er kommet i orden og slikt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så deilig at magesmertene er borte da Mirabella76.

Er deilig å flytte når man eneldig er kommet i orden og slikt.

Ja, eg er så glad for at magesmertene ga seg - for eg begynte å bli litt bekymra når dei varte så lenge.

Tar nok litt tid før me kjem skikkelig i orden enda, men det skal bli kjempegodt når alt er på plass. Gledar meg veldig til å bu saman med mannen min. :jepp: Og snart kan me begynna å gjera klart til babyen kjem i november. :hjertesmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, unner deg ikke flytting. Synes det er pes uten like. men så er det jo noe bra som venter i enden av flytteprosessen da ;)

Eneste fordelen med flytting er at man får kastet masse skrap og rot og det er jo litt deilig!

Flott at magesmertene er borte :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er det lenge siden jeg har vært.

Gratulerer såå mye som nygift, er glad det går rette veien for dere :)

Kan tenke meg dere gleder dere til å få baby i hus :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, unner deg ikke flytting. Synes det er pes uten like. men så er det jo noe bra som venter i enden av flytteprosessen da ;)

Eneste fordelen med flytting er at man får kastet masse skrap og rot og det er jo litt deilig!

Flott at magesmertene er borte :)

Det er eit styr med flytting ja, spesielt no når eg er gravid - men eg har heldigvis fått mykje hjelp. :) Eg har berre pakka, og flytta lette ting. Så har andre tatt seg av flyttinga av alt det som er for tungt for meg å løfta. I går henta me dei aller siste tinga frå den gamle leiligheten min, så no er alt endeleg i hus! Det er kun nedvasking av leiligheten som gjenstår, og det tenker eg at eg tar til helga.

Er iallfall veldig godt å endeleg vera på plass i leiligheten der eg og mannen min skal bu, saman med den vesle babyjenta vår som kjem i november! :hjertesmil: Eg stressar ikkje med å pakka ut og få ting på plass med ein gang, det tar me litt etter litt. Så blir det nok veldig bra til slutt. :jepp:

Herlig at magesmertene forsvant igjen! Heldigvis har eg ikkje kjent noko meir til smertene.

Her er det lenge siden jeg har vært.

Gratulerer såå mye som nygift, er glad det går rette veien for dere :)

Kan tenke meg dere gleder dere til å få baby i hus :)

Ja, det begynnar å bli ei stund sidan du var her inne no - så veldig kjekt at du tittar innom! :)

Tusen takk for gratulasjon! :klemmer: Det følest herlig å vera nygift, og me gledar oss kjempemasse til å få vår eigen lille baby! :hjerter_rundt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det blir jammen lange og travle dagar, no når eg har begynt på jobb igjen! Var veldig spent på korleis det skulle bli å begynna på jobb etter å ha hatt 4 veker ferie, men det har heldigvis gått greit. :) Og no er det berre ein jobbdag igjen, før det er helg! :Nikke: Eg prøver å vera flink og ikkje løfta på ungar og stressa for mykje no når eg er gravid, og eg har blitt flinkare enn før. Men når det er travelt, så gløymer eg meg litt - og då kjenner eg det i rygg og mage. Så eg må nok prøva å vera enda litt flinkare, sjølv om det ikkje er så lett i den jobben eg har. Blir iallfall spennande å sjå om eg klarar å jobba i 100% stilling fram til permisjonen startar, eller om eg må få litt sjukemelding etterkvart.

Har tenkt litt på kva eg vil gjera etter permisjonen - og eg har vel egentlig bestemt meg for at eg ikkje vil gå tilbake til å jobba i barnehage, med 1-3 - åringar. I den jobben eg har no, går det altfor mykje tid med til rutinearbeid (stell/bleiebytting, mating, legging, av-/påkledning o.l.). Og eg orkar ikkje tanken på å styra med små ungar heile dagen på jobb, i tillegg til at eg har ein liten baby heime. Det blir nok av slikt arbeid med veslejenta når eg blir mamma, og då er det greit å kunne gjera noko heilt anna når eg er på jobb!

Eit alternativ er jo såklart å jobba med større barn i barnehage. Det har eg gjort før, og trivest godt med det! Men eg må innrømma at det eg har aller mest lyst til, er å jobba som lærar på småskuletrinnet. :) Eg er jo utdanna førskulelærar - men eg har tatt vidareutdanning for ein del år sidan, slik at eg også kan jobba som lærar i 1. - 4. klasse. I tillegg har eg tatt vidareutdanning i spesialpedagogikk. Problemet er berre at det er heilt umulig for førskulelærarar (iallfall her i Bergen), å få jobb i skulen. :sur: Det synst eg er skikkelig dårlig, for då er jo den vidareutdanninga eg har tatt heilt bortkasta. Det irriterar meg skikkelig at nyutdanna allmennlærarar uten erfaring, går framfor førskulelærarar med vidareutdanning og mange års ansinnitet, når det gjeld å få jobb i skulen. Og eg ante ikkje at det var slik, då eg tok utdanning!

Eg har seriøst vurdert å ta ein del fag på høgskulen, for å få godkjent allmennlærarutdanning. Men eg synst det er noko dritt om eg må gjera det, når eg allerede har den vidareutdanninga eg treng, for å kunne jobba som lærar på småskuletrinnet. I tillegg kostar det pengar å vera student, og ikkje ha inntekt. Og eg har meir enn nok studielån frå før... Dessuten trur eg det kan bli slitsomt å vera student, når eg har små barn. Men det er kanskje minst like slitsomt å vera småbarnsmamma, og i full jobb? Nei, eg veit jammen ikkje kva eg skal gjera. Har iallfall tenkt å bruka permisjonstida til å tenka nøye gjennom kva eg vil. Kven veit, kanskje eg blir student igjen frå neste haust av? ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke lett det der med utdanning... Men hvis du vil jobbe i skoleverket (og er sikker på det) vil jeg nok anbefale deg å ta de fagene du trenger. Bedre å ta noen fag over et par år enn å gå å ønske deg en annen jobb resten av livet.

Eller så må du flytte fra Bergen :)

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ikke lett det der med utdanning... Men hvis du vil jobbe i skoleverket (og er sikker på det) vil jeg nok anbefale deg å ta de fagene du trenger. Bedre å ta noen fag over et par år enn å gå å ønske deg en annen jobb resten av livet.

Eller så må du flytte fra Bergen :)

:klem:

Du har nok rett i at det er den beste løysninga! Så eg blir nok nødt til å ta dei faga som er nødvendig for å få godkjent allmennlærarutdanning - for eg har ingen planar om å flytta frå vestlandet. Det er berre så irriterande at det skal vera nødvendig, når eg allerede har den vidareutdanninga som trengs for å kunne jobba som lærar på småskuletrinnet. :(

For ja, eg ønskjer virkelig å jobba som lærar på småskuletrinnet. :jepp: Eg synst det virkar kjempespennande. Har tidlegare vore med å leda førskulegruppa i barnehagen (5-6 - åringane), der me hadde eit opplegg som minnar veldig om det elevane gjer i første klasse på skulen - og det synst eg var utrulig kjekt! Men det var berre ein dag i veka - dei andre dagane jobba eg på vanleg avdeling, med barn frå 1-6 år. Og då me lærte om begynnaropplæring i norsk og matematikk, då eg tok vidareutdanninga (PAPS 1+2) - så synst eg det var utrulig interessant! Det same var praksisen me hadde på småskuletrinnet.

Jo lenger tid det går, jo meir ønskjer eg å jobba som lærar - i staden for som førskulelærar. Og då er det heilt sant som du seier, at det er bedre å bruka nokon år til på meir utdanning, enn å gå rundt og ønskja seg ein annan jobb resten av livet. Det er ikkje det at eg ikkje trivest med å jobba i barnehage altså, for det gjer eg! Det er berre det at eg ønskjer noko nytt, etter fleire år som førskulelærar i barnehage. Og så må eg jo innrømma at eg etterkvart har gått litt lei av alt rutinearbeidet som følgjer med det å jobba med heilt små barn - og eg tippar at eg vil bli enda meir lei av det, no når eg snart får eigne barn.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvor mange fag er det du mangler da? Eller kanskje lettere, hvor mange år er det snakk om? Det er vel lettere å få jobb i bergen nå enn for noen år siden, men du har nok rett i at allmennlærere går foran.

Angående studier og små barn kommer det jo veldig an på hvordan du studerer. :) For meg hadde det vært mye enklere enn i jobb, jeg leser best på egen hånd, får ikke så mye ut av forelesninger og så videre. Mulig at allmennlærer har mer obligatorisk undervisning, men likevel bli vel dagene mer fleksibel, på godt og vondt. Du må jo nemlig klare å prioritere studier selv om du har barn!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvor mange fag er det du mangler da? Eller kanskje lettere, hvor mange år er det snakk om? Det er vel lettere å få jobb i bergen nå enn for noen år siden, men du har nok rett i at allmennlærere går foran.

Angående studier og små barn kommer det jo veldig an på hvordan du studerer. :) For meg hadde det vært mye enklere enn i jobb, jeg leser best på egen hånd, får ikke så mye ut av forelesninger og så videre. Mulig at allmennlærer har mer obligatorisk undervisning, men likevel bli vel dagene mer fleksibel, på godt og vondt. Du må jo nemlig klare å prioritere studier selv om du har barn!

Eg veit ikkje kor mange fag eg manglar, for å få godkjent allmennlærarutdanning. Det einaste eg veit, er at eg har meir enn nok pedagogikk frå før, så det slepper eg iallfall meir av! Eg har jo også hatt fag som norsk, matematikk, naturfag osv. på førskulelærarutdanninga. Men det er jo eit heilt anna pensum enn på allmennlærarutdanninga, så eg veit ikkje om det blir godkjent. Og så treng eg også fordjupning i nokre undervisningsfag, som eg ikkje har. Allmennlærarutdanninga er jo på 4 år. Men kor mange år dei faga eg manglar vil tilsvara, det anar eg faktisk ikkje. Må nesten kontakta høgskulen, og få sjekka det opp.

Ja, det er vel kanskje lettare å få jobb som lærar i Bergen no, enn for nokre år sidan. Men det hjelper så lite, når til og med nyutdanna allmennlærarar blir prioritert framfor førskulelærarar med relevant vidareutdanning. Då reform 97 kom, og 6-åringane skulle inn i skulen - vart det lett for førskulelærarar å få jobb som lærarar i 1. klasse. Men etter nokre år fann allmennlærarane ut at dei kunne takla 6-åringane sjølv, og dermed vart det dessverre slutt på at skulane ville ha førskulelærarar i 1. klasse. Ja, eg veit til og med om fleire førskulelærarar med masse erfaring, som fekk jobb i skulen i 97, jobba som lærarar i mange år - men som kom tilbake til barnehagen igjen, rett og slett fordi dei ikkje fekk jobb i skulen lenger. Så det skal tydelegvis ikkje vera enkelt for oss førskulelærarar å få jobb i skulen!

Eg lærer også best av å lesa på eiga hand. Men samtidig synst eg forelesingar kan vera nyttige, og eg er altfor pliktoppfyllande til å skulka unna undervisninga. Dersom ein tar fag på høgskulen, er det ganske mykje av både felles forelesingar, og vanleg klasseromsundervisning - og ein del av det er obligatorisk. Men eg veit at ein del studiar og fag går an å ta nettbasert. Då har ein kun nokre helgesamlingar innimellom, ellers studerer ein på eiga hand. Oppgåver o.l. som skal leverast til bestemte tidsfristar, sender ein til høgskulen på mail. Det einaste negative med slike nettbaserte studiar, er at det kostar ganske masse pengar - i motsetning til om ein studerer på vanleg måte, for då er det gratis.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

:danser: I dag har eg endeleg passert 28 veker! :danser:

Ja, dette er virkelig ei magisk grense! Tenk, no er jenta i magen min så stor at det er ca 80% sjansen for at ho vil overleva, om ho skulle bli født no! :juhu:

Veldig rart å tenka på at eg no går inn i tredje og siste trimester av svangerskapet! :-D

Eg er så glad i den lille jenta i magen min, og gledar meg sånn til å få treffa henne! :hjertesmil:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Våkna i natt av krampar i beina. :( Har ikkje hatt det tidlegare i svangerskapet, men i natt kom det altså for fullt! Først hadde eg berre krampe heilt nederst i begge føttene. Då eg strekte ut beina, gjekk krampane over i den eine foten. Men i den andre foten spredde krampane seg oppover leggen, og etterkvart heilt opp i låret. Etter kvart var heile foten min full av kraftig krampe. Det var kjempevondt!

Ingenting hjelpte, så til slutt måte eg reisa meg opp av senga. Først då eg stod oppreist på golvet med foten strekt heilt ut, kjente eg at krampane begynte å gi seg. Men det tok fortsatt ei stund før det var heilt over.

Eg har aldri hatt så kraftige krampar før - og dei få gangane eg har hatt det tidlegare, har det stort sett berre vore heilt nede i foten. Har jo høyrt at det er ganske vanleg å vera plaga med leggkrampar i svangerskapet, men eg håpar virkelig ikkje at eg kjem til å bli mykje plaga med dette framover. Har lest at magnesiumtilskudd kan hjelpa mot leggkrampar - men har dette eg egentlig noko for seg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:danser: I dag har eg endeleg passert 28 veker! :danser:

Ja, dette er virkelig ei magisk grense! Tenk, no er jenta i magen min så stor at det er ca 80% sjansen for at ho vil overleva, om ho skulle bli født no! :juhu:

Veldig rart å tenka på at eg no går inn i tredje og siste trimester av svangerskapet! :-D

Eg er så glad i den lille jenta i magen min, og gledar meg sånn til å få treffa henne! :hjertesmil:

:hoppe: :hoppe: :hoppe: 28 UKER :hoppe: :hoppe: :hoppe:

Nå går de siste ukene fort vettu, eller ukene frem til du går ut i permisjon iallefall. Utrolig hvor treigt de siste tre ukene gikk, synes jeg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hoppe: :hoppe: :hoppe: 28 UKER :hoppe: :hoppe: :hoppe:

Nå går de siste ukene fort vettu, eller ukene frem til du går ut i permisjon iallefall. Utrolig hvor treigt de siste tre ukene gikk, synes jeg!

Ja, det følest herlig å vera inne i siste tredjedel av graviditeten! :hoppe:

Vil nok tru du har rett i at dei siste vekene fram til permisjonen kjem til å gå fort. :jepp: Men når permisjonen startar er ein vel så utåmodig etter å få babyen ut, at det er derfor dei siste vekene går så seint. Og så blir det vel tungt og slitsomt å gå gravid på slutten, vil eg tru - når ungen ligg og trykker og pressar overalt. Får berre håpa at eg ikkje går 14 dagar på overtid, slik som mora mi gjorde då ho venta meg!

Har som sagt funne ut at permisjonen min startar 20. oktober. Men sidan det er ein måndag, og eg alltid har fri i helgene - blir min siste dag på jobb fredag 17. oktober! Og det er jo ikkje meir enn litt over 2 månader til! :-D

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...