@nea Skrevet 29. juli 2008 #741 Del Skrevet 29. juli 2008 Gratulerer så mye som nygift! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
jente 79 Skrevet 29. juli 2008 #742 Del Skrevet 29. juli 2008 GRATULERER SÅ MYE SOM NYGIFT Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 2. august 2008 Forfatter #743 Del Skrevet 2. august 2008 (endret) God ferie da og masse lykke til på lørdag Det er en fantastisk følelse å gifte seg med den man elsker over alt på jord, dere kommer sikkert til å få en fantastisk dag. Tusen takk for det! Me har hatt ein fantastisk flott ferie - og ja, det føltest herlig å endeleg få gifta seg med den mannen eg elskar! God tur og lykke til med bryllup. Må dere kose dere masse Takk skal du ha! Me har kost oss kjempemasse, og den store dagen vår vart heilt perfekt! God tur og masse masse lykke til! Mange takk for det! God tur, kos dere masse og LYKKE TIL på lørdag!!! Gleder meg til oppdattering om bryllupet!!! Tusen takk for det! Oppdatering kjem snart. Endret 2. august 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 2. august 2008 Forfatter #744 Del Skrevet 2. august 2008 (endret) Åj, så du gifter deg på lørdag?! :-D :juhu: Masse, masse lykke til! Mange takk for det! Me hadde ein super dag! Snart er du gift! Lykke til, ønsker dere en herlig dag! Takk skal du ha! Ja, no er eg faktisk gift! Tenker på deg i dag!!! Vet ikke klokkeslettet, men nå er du kanskje gift, eller dere driver på akkurat nå, eller det er like før? I dag blir dere mann og kone! GRATULERER!!! Tusen takk for gratulasjon! Når du skreiv dette innlegget, var det like før! Vielsen starta kl. 13.00, lørdag 26. juli. Nå er dere sikkert mann og kone. Gratulerer så masse!!!!! Mange takk for gratulasjon! Ja, på dette tidspunktet hadde me vore mann og kone i nokre timar allerede! Endret 2. august 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 2. august 2008 Forfatter #745 Del Skrevet 2. august 2008 Ja gratulerer fra meg også! Takk skal du ha for gratulasjon! Gratulerer så mye! Tusen takk for gratulasjon! Gratulerer kjempemye! Mange takk for gratulasjon! GRATULERER Takk skal du ha for gratulasjon! Gratulerer så mye som nygift! Mange takk for gratulasjon! GRATULERER SÅ MYE SOM NYGIFT Tusen takk for gratulasjon! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 2. august 2008 Forfatter #746 Del Skrevet 2. august 2008 Ja, då er me heime igjen som nygifte! Me har hatt ein fantastisk flott ferie, og bryllupet vårt vart heilt perfekt! Det å få gifta seg med mannen eg elskar, var ein heilt uforglemmelig opplevelse. :love: Eg kjem til å hugsa denne flotte dagen for resten av livet! Eg skal koma med rapport frå den store dagen litt seinare, når eg har bedre tid. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 2. august 2008 Forfatter #747 Del Skrevet 2. august 2008 Ja, og så må eg jo få lov til å hoppa, jubla og dansa litt for at eg har passert både 25 og 26 veker, mens me har vore vekke! :juhu: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 2. august 2008 #748 Del Skrevet 2. august 2008 Velkommen hjem, og gratulerer igjen!! Har familie og venner fått vite at dere har giftet dere, eller? Hvordan tok de det?! *spent* Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 2. august 2008 #749 Del Skrevet 2. august 2008 Gratulerer fra meg også! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Cloudberry Skrevet 2. august 2008 #750 Del Skrevet 2. august 2008 GRATULERER med både det ene og det andre. Gleder meg til bryllupsoppdatering jeg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest imli Skrevet 3. august 2008 #751 Del Skrevet 3. august 2008 Gratulerer som nygift Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 3. august 2008 Forfatter #752 Del Skrevet 3. august 2008 Velkommen hjem, og gratulerer igjen!! Har familie og venner fått vite at dere har giftet dere, eller? Hvordan tok de det?! *spent* Tusen takk enda ein gang, Monica85! Familie og vennar har nok fått vita at me har gifta oss, ja. Eg skal skriva meir om det i bryllupsoppdateringa! Gratulerer fra meg også! Tusen takk for det! GRATULERER med både det ene og det andre. Gleder meg til bryllupsoppdatering jeg! Takk skal du ha! Bryllupsoppdatering kjem seinare i dag, om eg får tid. Gratulerer som nygift Mange takk for det! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 3. august 2008 Forfatter #753 Del Skrevet 3. august 2008 (endret) BRYLLUPSRAPPORT Ja, her kjem ei oppdatering frå bryllupet vårt, 26. juli 2008! Me kom til Gøteborg onsdag kveld, og låg to netter på eit heilt ok hotell. Me hadde avtale med både prest, frisør og fotograf torsdag/fredag, som alle haldt til rett i nærheten av hotellet. Kjempegreit! Frå fredag til søndag budde me på eit anna hotell, på ein stor suite i øverste etasje. Der var det fantastisk flott! Det beste hotellrommet eg har budd på nokonsinne. Dei på hotellet visste at me skulle gifta oss, så det stod eit fat med frukt og hjertesjokolade + ei vinflaske til oss på hotellrommet, då me kom dit. Og begge dagane me var der, fekk me eit glas kvar med ei lita konjakkflaske og hjertesjokolade oppi. Min kjære tok seg såklart av drikkevarene, sidan eg er gravid. Veldig koseleg at me fekk litt ekstra oppvartning på hotellet! Då me våkna lørdags morgon, var eg kjempespent og litt nervøs. Den store dagen vår var endeleg her! Sola skinte frå skyfri himmel, og det var rundt 30 grader! Eg var livredd for at me skulle gløyma noko viktig, og måtte forsikra meg om at min kjære hugsa ringane (for dei fekk han ansvar for). Så tok eg taxi til frisøren, eg hadde time der kl. 9 om morgonen. Frisøren var kjempegrei og flink, og brukte lang tid på å setja opp håret mitt, slik at det skulle bli perfekt. Eg sat hos frisøren i over 3 timar! I mellomtida var min kjære på hotellrommet og tok på seg smokingen, før han tok taxi til blomsterbutikken for å henta brudebuketten, og kom så vidare for å henta meg hos frisøren. Så skulle eg ha på meg brudekjolen før me gjekk frå frisøren, og jammen tok det tid før eg var heilt klar. Sjølv om sjømannskyrja låg rett ved frisøren, slik at me kunne gå opp dit, så var det såvidt me rakk å vera der til kl. 13.00, då me skulle gifta oss. I tillegg klarte me å gløyma brudebuketten hos frisøren, slik at kjæresten min måtte ned igjen dit og henta den. Kjente at eg var litt småstressa då, men det gjekk heldigvis bra. Me hadde dagen før avtalt med presten korleis vielsen skulle foregå, så me var heldigvis litt forberedt. Og sjølv om kyrkja var nesten tom for folk, så merka eg at eg var litt nervøs då organisten starta å spela, og me skulle gå inn i kyrkja. Stemningen var absolutt spesiell! Det var kun oss to, presten, organisten, ei som jobba i kyrkja og fotografen, som var til stades under vielsen. Litt rart å ikkje ha familiane våre der, men det vart ein kjempefin vielse likevel! Presten var flink, og ho haldt ein fin tale til oss. Alt foregjekk slik det gjer under ein vanleg vielse i kyrkja. Fotografen tok litt bilder av oss undervegs. Det føltest herlig å svara JA, og vita at no var eg gift med min kjære! Etter vielsen var det tid for fotografering. Fotograferinga foregjekk i hagen utanfor sjømannskyrkja, og fotografen tok masse fine bilder av oss. Etterpå fekk me vaflar, og kaffi/saft inne i kyrkja. Dei hadde dekka eit bord til oss, der me sat ei stund og åt, prata og koste oss - og me fekk gratulasjonar av presten og dei andre som hadde vore til stades under vielsen. Så gjekk turen tilbake til hotellet, der me gjorde oss klare til spabehandling! :-D Me hadde bestilt time dagen før, så no skulle me berre kosa oss og slappa av. Både eg og kjæresten min fekk først peeling, og huden føltest veldig glatt og mjuk etterpå. Så fekk me massasje. Eg fekk mjuk massasje, sidan eg er gavid. Fekk liggja på ei gravidmadrass, med hol til magen min. Veldig greit. Kjæresten min fekk hard massasje, så han kjente det godt etterpå. Me var begge to veldig fornøyde med behandlinga - det var herlig og avslappande. Etter litt kos og avslapping på hotellet etterpå, gjekk me på restaurant og åt god mat. Kjæresten min åt biff av beste sort, og han sa at det kanskje var den beste biffen han nokon gang hadde ete. Eg åt kalvekjøtt med tilbehør, og det var også kjempegodt! Så bestilte me god dessert etterpå, og koste oss veldig. Då me kom tilbake til hotellrommet, sende me bilder av oss som nygifte, til familie og vennar! Me hadde nemlig fått fotografen til å ta bilde av oss med mobilen til kjæresten min, etter vielsen. Og bildet vart overraskande klart og fint! Me synst det var artigare å senda bilde av oss, enn å senda tekstmeldingar eller ringa rundt til folk og fortelja at me hadde gifta oss. Etter at bildet vart sendt rundt til mange, venta me i spenning på reaksjonane. Alle vart kjempeglade over den store nyheten! Dei fleste hadde nok hatt litt mistankar om at me skulle gifta oss før babyen kom, men dei trudde ikkje at me skulle gifta oss no i ferien. Så dei var nok ganske overraska, ja - og ikkje minst veldig glade. Etter ein del telefonsamtalar med familie og vennar, tok me eit herlig varmt bad i lag! Det var eit stort badekar på hotellrommet, med god plass til oss begge to. Herlig! Ja, og så fann me sengene våre - og kost oss slik ein skal gjera på bryllupsnatta. Den store dagen vår vart heilt perfekt, og minst like bra som eg hadde håpa på! :love: Eg kjem til å hugsa denne fantastiske dagen for resten av livet! Det følest kjempefint vera gift med den mannen eg elskar. Dagen etter at me hadde gifta oss, gjekk turen vidare sørover i Sverige. Me var ei natt på eit motell, men reiste derfrå igjen. Strendene var ikkje så fine som me hadde trudd, og vatnet var fullt av algar. Så me reiste til ein annan plass, og fekk oss eit flott hotellrom på eit kysthotell som låg rett ved stranda. Me var der i to netter, og koste oss veldig. Om dagen låg me på stranda. Me bada og solte oss, og hadde det flott. Stranda var kjempefin, og vatnet var heldigvis reint. Om kvelden bada me i bassenget på hotellet. Det var vanleg svømmebasseng, boblebad m.m., som gjestane på hotellet fekk bruka gratis. Om kveldane sat me på uterestauranten på hotellet, og koste oss med god mat og drikke. Me hadde nokon flotte og avslappande dagar, og det var akkurat som å vera i syden! Me har hatt sol og mellom 25 og 30 grader kvar einaste dag, når me har vore på ferie. Det kunne ikkje ha vore bedre! Før me reiste heim igjen, var me på besøk hos ein kollega av mannen min (Tenk, no kan eg kalla min kjære for mannen min!), som bur litt nord for Gøteborg. Det var koseleg! Me kom heim igjen fredags kveld, og lørdag kom regnet! Så finveret haldt seg akkurat til med var heime igjen. No har eg ei veke igjen med fri, før eg skal på jobb! Og den veka skal gå med til å besøka familie, og å pakka og flytta. For no skal eg endeleg få flytta saman med min kjære! Endret 3. august 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Knøttet Skrevet 3. august 2008 #754 Del Skrevet 3. august 2008 Bryllupet og reisen hørtes kjempeflott ut! :-D Nyt tiden som nygift, det er en herlig tid Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Ilja** Skrevet 3. august 2008 #755 Del Skrevet 3. august 2008 Gratulerer så mye, Mirabella! Det hørtes ut som dere har hatt en flott dag Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Cloudberry Skrevet 3. august 2008 #756 Del Skrevet 3. august 2008 For en flott dag Bryllup helt etter min smak.. Faktisk, sånn vil jeg også gifte meg (bortsett fra at kirke er uaktuelt) Men samboer'n er så redd min pappa blir sur på han hvis vi gjør det i hemmelighet. Kjipesamboer'n Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest imli Skrevet 3. august 2008 #757 Del Skrevet 3. august 2008 Høres ut som dere hadde det fint! Men jeg trodde det var sånn at man måtte ha forlovere til stede jeg? :klø: Hva sa familiene da, ble de overraska? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 3. august 2008 Forfatter #758 Del Skrevet 3. august 2008 Bryllupet og reisen hørtes kjempeflott ut! :-D Nyt tiden som nygift, det er en herlig tid Ja, både bryllupet og resten av ferien vår var heilt perfekt! Eg nyter virkelig tida som nygift - det er herlig å vera gift med mannen eg elskar og ventar barn med. Gratulerer så mye, Mirabella! Det hørtes ut som dere har hatt en flott dag Tusen takk for det, Ilja**! Dagen var kjempeflott, ja! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Cerise Skrevet 3. august 2008 #759 Del Skrevet 3. august 2008 Gratulerer så masse som nygift Mirabella! Høres ut som om du og mannen har hatt det utrolig fint, og skjønner godt at det er deilig at dere endelig er gift. Lenge siden jeg har lagt igjen spor her, men har vært innom og lest titt og ofte. Så koselig å lese om bebisen i magen og alt! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 3. august 2008 Forfatter #760 Del Skrevet 3. august 2008 (endret) For en flott dag Bryllup helt etter min smak.. Faktisk, sånn vil jeg også gifte meg (bortsett fra at kirke er uaktuelt) Men samboer'n er så redd min pappa blir sur på han hvis vi gjør det i hemmelighet. Kjipesamboer'n Det var min kjære som insisterte på at me skulle gifta oss på den måten! Eg hadde egentleg sett for meg at me hadde den nærmaste familien + forlovarar til stades, og at me hadde ein liten bryllupsfest. Men når me først gjorde det slik me gjorde det, så kunne det ikkje ha blitt ein bedre dag! Dagen vart heilt fantastisk, og eg og kjæresten min kjem til å hugsa denne flotte dagen for resten av livet. Det kan absolutt anbefalast! Familiane våre vart kjempeglade for å få vita at me hadde gifta oss, og eg trur ingen vart skuffa over at me ikkje hadde nokon ordinær bryllupsfest! Det viktigaste er jo at dei som giftar seg gjer det på den måten dei sjølv føler er riktig for dei - så blir nok familien like glade uansett, vil eg tru. Høres ut som dere hadde det fint! Men jeg trodde det var sånn at man måtte ha forlovere til stede jeg? :klø: Hva sa familiene da, ble de overraska? Neida, forlovarane trengte ikkje å vera til stades under vielsen! Forlovarane våre måtte berre skriva under på forlovererklæringa som me sendte inn til folkeregisteret på forhånd. Kyrkja stilte med to vitner, som skreiv under på at me var gift etter at vielsen var over - og det var organisten + ei dame som jobba i sjømannskyrkja. Familiane våre vart overraska over at me gifta oss no i ferien - for dei hadde trudd at me berre skulle på ein vanleg ferietur til Sverige. Men det var ikkje akkurat nokon stor overraskelse at me gifta oss før babyen kom, for det hadde familiane våre rekna med at me skulle gjera. Så det at me gifta oss var nok som forventa - men at det skulle skje når me var på ferietur til Sverige, hadde nok ingen rekna med! Endret 3. august 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå