Mirabella76 Skrevet 11. juli 2008 Forfatter #681 Del Skrevet 11. juli 2008 (endret) God ferie! Takk for det! Gledar meg masse til sommarferie! :-D God ferie! :-D Lykke til med giftinga Takk skal du ha! Ser fram til både ferie og bryllup! 23 uker!! Ferie!! :juhu: Snart bryllup!!! GOD FERIE!!!! Håper du får litt finvær!! 23 veker er supert! Synst vekene går veldig fort for tida! Ja, og ferie og bryllup må også hoppast for såklart! Grattis med 23 uker. Og skal dere endelig gifte dere nå da? Tusen takk! Ja, no skal me endeleg gifta oss! :juhu: Bryllupsdagboka mi er aktiv igjen, og den store dagen er lørdag 26.07.2008! Endret 11. juli 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
@nea Skrevet 11. juli 2008 #682 Del Skrevet 11. juli 2008 Ååh, heldiggrisen som har ferie! Gleder meg til det er min tur! litt for 23 uker Håper du får ei fin helg Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 11. juli 2008 Forfatter #683 Del Skrevet 11. juli 2008 Ååh, heldiggrisen som har ferie! Gleder meg til det er min tur! litt for 23 uker Håper du får ei fin helg Ja, det er herlig å tenka på at eg har ferie no! :-D Tenk, over 4 veker til eg skal på jobb igjen. Du kan berre gleda deg, ja. Takk for 23 vekers-hopping! Riktig god helg til deg og! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 11. juli 2008 #684 Del Skrevet 11. juli 2008 Gratulerer med bryllup, ferie og 23 uker! (I tilfeldig rekkefølge. ) Når du skal på jobb igjen, er det jo allerede 27 uker, og da er det så godt som 3. trimester. Tiden går veldig fort! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 11. juli 2008 Forfatter #685 Del Skrevet 11. juli 2008 (endret) Gratulerer med bryllup, ferie og 23 uker! (I tilfeldig rekkefølge. ) Når du skal på jobb igjen, er det jo allerede 27 uker, og da er det så godt som 3. trimester. Tiden går veldig fort! Tusen takk for det! Ja, tenk at eg er 27 veker når eg skal tilbake på jobb igjen. Heilt rart å tenka på! Tida går veldig fort ja, det er det iallfall ingen som helst tvil om. Endret 11. juli 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. juli 2008 Forfatter #686 Del Skrevet 12. juli 2008 I dag tidleg då eg våkna og låg på rygg og studerte magen min, såg den igjen ut som ein "fjelltopp". Forrige gang magen såg slik ut, var også om morgonen. Vanlegvis flatar magen min mykje meir ut, når eg ligg på ryggen. Fortsatt er det høgaste punktet på magen både når eg ligg og når eg står, nokre cm under navlen. Og babyen sparkar fortsatt berre langt nede i magen. Det høgaste eg har kjent spark, er vel ca 3-4 cm under navlen - og vanlegvis sparkar lillejenta enda lenger nede. Dei aller feste gangane kjenner eg sparka rett over skambeinet, eller litt lenger oppe. Så jenta trivest tydeligvis der nede. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest imli Skrevet 12. juli 2008 #687 Del Skrevet 12. juli 2008 Så flott at dere skal gifte dere. Dette har du venta lenge på. Lykke til! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. juli 2008 Forfatter #688 Del Skrevet 12. juli 2008 Så flott at dere skal gifte dere. Dette har du venta lenge på. Lykke til! Takk for det, imli! Ja, eg har venta lenge på at kjæresten min skal bli klar for både bryllup og barn - og no er jo begge delar på gang, så eg er kjempeglad! :-D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. juli 2008 Forfatter #689 Del Skrevet 12. juli 2008 (endret) Ja, så er eg heime igjen etter ein travel dag! Har vore rundt omkring i forskjellige butikkar og handla og sett i dag. Merkar at eg blir fortare sliten av slikt, no når eg er gravid. Så det var godt å koma heim, og setja seg i sofaen med PCen. Eg var først ein tur innom Reflex, for å bytta nokre klede som eg kjøpte rett etter at eg hadde vore på ultralyd. Hadde kjøpt i størrelse 50, fordi eg trudde det var for nyfødte - men størrelse 50 er jo for premature babyar, har eg funne ut etterkvart. Og sidan me heilt sikkert kjem til å få ein lang baby, fordi både eg og kjæresten min er veldig høge - så kjem babyklede i størrelse 50 garantert ikkje til å passa. Eg fekk heldigvis bytta i noko anna i størrelse 56. Etterpå tok eg turen til Foto Knudsen, for å henta nokre bilder som eg hadde levert til framkalling. Eg bestilte bilda over nettet, så er litt stolt over at eg fekk det til heilt på eiga hand. Eg laga meg ein konto på Foto Knudsen, overførte bilda frå PCen min over dit, og sendte dei til framkalling. Det var jo egentlig veldig enkelt! Trur eg har hatt digitalkameraet mitt heilt sidan 2003, og har hatt alle bilda liggjande inne på PCen heilt til no. Så det var jammen på tide at eg fekk framkalt litt bilder - og meir skal det bli, no når eg har funne ut kor enkelt det er! Har lyst til å få sett bilda i album, før babyen kjem - så kan me begynna å framkalla babybilda allerede i november! Eg er litt sånn som må gjera ting i rett rekkefølgje, for å ha orden og oversikt. Og derfor er det greit å vera oppdatert med dei gamle bilda, når me får eit lite gull å ta masse bilder av, som skal setjast i album. Gledar meg sånn til å laga babyalbum til veslejenta vår! Ja, det var visst handleturen min eg egentlig snakka om her! Lett for å spora av litt. Det neste eg gjorde, var iallfall å reisa til Barnas Hus. Har ikkje vore der før, så eg var litt spent på kva dei hadde av babyutstyr der. Såg litt på vogner. Har egentlig bestemt meg for vogn for lenge sidan, men det var litt kjekt å sjå på forskjellige vogner likevel. Og så såg eg på bilstolar, og trur nok eg veit kva me endar opp med der og! Men slike storinnkjøp ventar me litt med enda, tenker eg. Det er jo enda ei stund igjen til november. Men det er skummelt å senda meg inn i slike butikkar, for eg tar jo heilt av! Føst så handla eg meir babyklede på Reflex, då eg var der - det var ikkje heilt slik at eg berre bytta det eg allerede hadde kjøpt i ein annan størrelse. Og så handla eg enda meir babyklede på Barnas Hus. Og som om ikkje det var nok, så gjekk eg innom forskjellige butikkar på eit storsenter etterpå - og jammen meg så handla eg enda litt meir babyklede der og! Fytti grisen, det er nesten pinlig! Eg klarar berre ikkje å la vera... Fram til eg var på ultralyd var eg veldig flink, og kjøpte ingenting til babyen. Men etter UL der me fekk sjå at alt var bra med den vesle jenta i magen min, så har eg følt meg meir og meir trygg på at dette skal gå bra. Og dermed "tør" eg også begynna å handla litt til babyjenta vår kjem! Eg har jo drøymt om å bli mamma heile livet, og har alltid sikla etter å få kjøpa søte babyklede til min eigen baby. Og når eg no endelig kan gjera det for aller første gang i mitt liv, i ein alder av 31 år - så følest det heilt herlig! Eg får heilt kick av å gå rundt og sjå på og handla inn søte jentebabyklede til mi eiga veslejente, som skal koma i november. Det er så fantastisk å tenka på at eg skal bli mamma, og eg gledar meg så ufattelig mykje! Trøstar meg med at eg fortsatt har klart å venta med innkjøp av større ting, som vogn, bilstol, seng, stellebord m.m. Eg er vel litt flink som har klart å venta med det foreløpig? Det siste eg gjorde før eg reiste heim igjen, var å ta ein tur innom Ikea for å kjøpa flatpakka kassar/øskjer til eg skal flytta. Flyttar ut frå leiligheten min innan 1. september, og tenkte å prøva å begynna å pakka så smått i god tid på forhånd. Og då er det greit å ha flyttekassane på plass! No skal eg berre slappa av framfor TV og PCen resten av kvelden, tenkte eg! Endret 12. juli 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Lilith Skrevet 12. juli 2008 #690 Del Skrevet 12. juli 2008 Er absolutt lov til å ta av litt mht babyinnkjøp! Babyalbum gleder jeg meg også til å lage! Må få meg sånn konto på nettet, jeg også. Det var enkelt, altså? *skeptisk* Gratulerer med giftemål, forresten! Ha en fin lørdagskveld! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. juli 2008 Forfatter #691 Del Skrevet 12. juli 2008 Er absolutt lov til å ta av litt mht babyinnkjøp! Babyalbum gleder jeg meg også til å lage! Må få meg sånn konto på nettet, jeg også. Det var enkelt, altså? *skeptisk* Gratulerer med giftemål, forresten! Ha en fin lørdagskveld! Ja, det må nesten vera lov til å ta litt av med babyinnkjøp, no når eg er over halvveis i svangerskapet! Det er iallfall det eg velger å seia til meg sjølv. Jammen godt at eg har klart å motstå trangen til å starta innkjøpa, heilt til etter at me var på ultralyd. Eg har jo klødd i fingrane etter å kjøpa babyklede til min eigen lille baby, i mange år allerede. Tenk om eg rett og slett ikkje hadde klart å motstå fristelsen til å starta innkjøpa allerede før eg vart gravid? Då hadde eg vel klart å fylt opp heile leiligheten min med babyutstyr for lenge sidan. Babyalbum er faktisk det einaste eg kjøpte før eg vart gravid! Kom over eit veldig fint babyalbum, og var redd eg ikkje skulle finna eit like fint album seinare. Så eg sikra meg like godt det albumet først som sist. På det tidspunktet rekna eg med at eg og kjæresten min skulle starta prøvinga om ikkje så altfor lenge - og no sit eg endeleg her med mage, og ein sprell levande liten jentebaby i magen min! Ja, det var faktisk overraskande enkelt å levera inn bilder til framkalling over nettet! Og eg er definitivt ikkje noko teknisk av meg, berre så det er sagt. Du lagar deg ein konto på http://www.fotoknudsen.no Der inne står det alt du skal gjera, steg for steg. Både korleis du skal overføra bilda til kontoen din, frå PCen - og korleis du går fram når du skal bestilla bilder til framkalling. Ikkje noko vanskeleg i det heile tatt, eg lovar det! Tusen takk for gratulasjon! :-D Gledar meg masse til me skal gifta oss! Berre 2 veker igjen no!!! Eg har hatt ein fin lørdagskveld, ja - og det håpar eg du og har hatt! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Ilja** Skrevet 12. juli 2008 #692 Del Skrevet 12. juli 2008 Heihei, Mirabella! Jeg har sett deg rundt i diverse dagbøker, og tenkte jeg skulle inn og hilse på . Jeg meldte meg faktisk nettopp inn i tempeklubben på SG basert på anbefalingene dine i noen av prøverdagbøkene :rosasmil: Det blir morsomt og lærerikt å diskutere charter med andre som temper. Koselig å lese at det ikke bare er baby, men også bryllup på gang for dere :rødme: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. juli 2008 Forfatter #693 Del Skrevet 13. juli 2008 Heihei, Mirabella! Jeg har sett deg rundt i diverse dagbøker, og tenkte jeg skulle inn og hilse på . Jeg meldte meg faktisk nettopp inn i tempeklubben på SG basert på anbefalingene dine i noen av prøverdagbøkene :rosasmil: Det blir morsomt og lærerikt å diskutere charter med andre som temper. Koselig å lese at det ikke bare er baby, men også bryllup på gang for dere :rødme: Hei Ilja**, og velkommen til graviditetsdagboka mi! Synst det er like kjekt eg, kvar gang det er nye personar som tittar innom dagbøkene mine. Så utrulig artig å høyra at du har meldt deg inn i tempeklubben på SG, pga mine anbefalingar! Eg trur absolutt ikkje du vil angra, for det er ein kjempefin plass å vera. Du lærer utrulig mykje om syklusen din, og får svar på alt du måtte lura på angåande tempinga og tolking av tempekurvane dine. Og så blir du jo kjent med andre temparar, og det er kjekt å også kunne følgja andre fram mot positiv test! Håpar du vil trivast like godt der inne som det eg gjorde! Eg var heilt grønn då eg starta tempinga, og hadde tusen spørsmål. Men jammen lærte eg mykje etterkvart. Lykke til med tempinga! Ja, det er kjempekoseleg med både baby og bryllup på gang samtidig! Gledar meg sånn til me blir ein ordentlig, liten familie på 3! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Ella* Skrevet 13. juli 2008 #694 Del Skrevet 13. juli 2008 Kos deg med babyshopping du, Mirabella Er jo det som er meningen Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Knøttet Skrevet 13. juli 2008 #695 Del Skrevet 13. juli 2008 Gratulerer så mye med bryllupsplanene! Det blir spennende :-D Har dere satt en dato enda? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 13. juli 2008 #696 Del Skrevet 13. juli 2008 (endret) Hvilke størrelser kjøper du da? Vi har kjøpt en del, fått en del, og fått noen av mine gamle babyklær. Syns det er vanskelig å kjøpe rett størrelse, spesielt siden vi nok kommer til å få ganske masse i gaver sånn etterhvert også. Men vet jo ikke i hvilke størrelser man får klær... Vet man kan bytte, men det er vel litt vanskelig nå som en del er på salg? Kjøpte iallfall en del på Lindex i går, da kjøpte vi i 68. En del av det vi har fått er i 56. Aner ikke hvor stor babyen blir, jeg var pitteliten, men regner vel med en gjennomsnittsbaby. Har vel en pyjamas og noe i 50 også. Har planer om å ikke kjøpe så mye mer klær frem til fødselen, og heller se det an da hva vi trenger, men det er ikke så lett nei! Syns også det er vanskelig å vite hvilken klær man trenger, hvor mye skal babyen ha på seg liksom? Er jo november, men han skal jo ikke akkurat være så mye ute første tiden. :klø: Endret 13. juli 2008 av Scheherazade Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. juli 2008 Forfatter #697 Del Skrevet 13. juli 2008 Kos deg med babyshopping du, Mirabella Er jo det som er meningen Ja, eg kosar meg veldig med babyshoppinga! Kanskje litt for mykje, sidan eg ikkje klarar å begrensa meg. Gratulerer så mye med bryllupsplanene! Det blir spennende :-D Har dere satt en dato enda? Tusen takk for det, Knøttet! Jada, dato er bestemt! Me giftar oss lørdag 26. juli 2008! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. juli 2008 Forfatter #698 Del Skrevet 13. juli 2008 (endret) Hvilke størrelser kjøper du da? Vi har kjøpt en del, fått en del, og fått noen av mine gamle babyklær. Syns det er vanskelig å kjøpe rett størrelse, spesielt siden vi nok kommer til å få ganske masse i gaver sånn etterhvert også. Men vet jo ikke i hvilke størrelser man får klær... Vet man kan bytte, men det er vel litt vanskelig nå som en del er på salg? Kjøpte iallfall en del på Lindex i går, da kjøpte vi i 68. En del av det vi har fått er i 56. Aner ikke hvor stor babyen blir, jeg var pitteliten, men regner vel med en gjennomsnittsbaby. Har vel en pyjamas og noe i 50 også. Har planer om å ikke kjøpe så mye mer klær frem til fødselen, og heller se det an da hva vi trenger, men det er ikke så lett nei! Syns også det er vanskelig å vite hvilken klær man trenger, hvor mye skal babyen ha på seg liksom? Er jo november, men han skal jo ikke akkurat være så mye ute første tiden. :klø: Tja, eg har kjøpt klede i litt forskjellige størrelsar. Starta med å kjøpa noko i størrelse 50, fordi eg trudde at det var til nyfødt. Så fann eg ut at det var til premature barn, men eg fekk heldigvis bytta det i størrelse 56! Eg veit at størrelse 50 kan passa heilt i starten på babyar født til termin, som er litt små ved fødselen. Men sidan både eg og kjæresten min er veldig høge, så får me heilt sikkert eit langt barn - og då er størrelse 50 heilt sikkert for lite! Så dei minste babykleda eg har kjøpt, er i størrelse 56 - som er til nyfødt. Og så har eg også kjøpt ein del klede i størrelse 62 og 68. Og eit par klesplagg i størrelse 72. Har kjøpt mest bodyar og pysjamaser og heile drakter. Ja, og så sokkar. Og så har eg kjøpt nokre strømpebukser, og eit par søte kjolar. Ja, og nokre huer har eg også kjøpt. Har forresten planar om å laga meg ei liste over kva babytøy eg har i ulike størrelsar, slik at eg får ein oversikt over kva eg har, og kva eg manglar. Eg skal også få ein del babyklede, av søstera mi. Ho seier at ho har aller mest klede i størrelse 56 og 62. Det er visst desse størrelsane som er mest vanlege å få av andre, så ho råda meg til å kjøpa minst mulig klede i desse to størrelsane! Eg kjem nok ikkje til å ta babyen ut heilt med det første, viss det er veldig kaldt. Men om det ikkje er minusgrader, så kjem eg nok til å trilla ein tur etter ganske kort tid. Men sidan det er november, er det sikkert lurt å ha på ull. Eg har sett sånt mjuke og godt ullundertøy i ein del butikkar (prinseull/prinsesseull), som dei har i heile drakter til babyar. Det tenker eg kan vera lurt å ha på babyen, og så kanskje ein slags dress utanpå, eller evt tjukk strikkegenser + bukse. Og gode, varme sokkar og hue. Og så ligg jo babyen i ein pose i vogna, eller har dyne på seg - så eg trur nok babyen vil få det varmt nok då! Og så er det såklart viktig å kjenna etter jevnleg når ein er ute med babyen, om han/ho er varm eller kald - og kle på/av babyen etter behov. Eg har høyrt nokon seia at du ikkje skal ta på babyen meir klede enn det du ville ha tatt på deg sjølv, for å føla deg passelig varm. Så det er vel berre til å kjenna etter på temperaturen, enten ein er ute eller inne - og som sagt kjenna på babyen med jevne mellomrom, for å finna ut om han/ho er varm eller kald. Endret 13. juli 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 13. juli 2008 #699 Del Skrevet 13. juli 2008 Nå har jeg kommet til et stadie hvor jeg syns det snart er helt greit å begynne å kjøpe de større tingene også....en må jo tross alt få delt det opp litt sånn økonomisk sett også!!! Så fra nå av følger jeg med på tilbud og greier, og kommer til å "slå til" da jeg ser f.eks den bilstolen jeg vil ha til en god pris. Skulle man virkelig være så uheldig at det går gæli nå, så får man jo uansett solgt det igjen...!!! Når det gjelder størrelser; Str 50 er IKKE prematur, det er nyfødt!!! Riktignok, får man en skikkelig lang og stor unge så er det ikke sikkert man får bruk for denne størrelsen i det hele tatt, men i de fleste tilfeller får man vel brukt denne størrelsen opp mot en måneds tid.. Jeg regner med at de fleste gaver og sånn som man får er klær i str 62 og 68, og kommer derfor å styre unna å kjøpe noe særlig i akkurat disse størrelsene. Kommer til å handle bitte litt i str 50, og litt mer i str 56. Men skal prøve å begrense mengden..... De vokser jo så fort ut av en størrelse til den neste!!! Hvilken vogn og bilsete har du bestemt deg for, forresten? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. juli 2008 Forfatter #700 Del Skrevet 13. juli 2008 (endret) Nå har jeg kommet til et stadie hvor jeg syns det snart er helt greit å begynne å kjøpe de større tingene også....en må jo tross alt få delt det opp litt sånn økonomisk sett også!!! Så fra nå av følger jeg med på tilbud og greier, og kommer til å "slå til" da jeg ser f.eks den bilstolen jeg vil ha til en god pris. Skulle man virkelig være så uheldig at det går gæli nå, så får man jo uansett solgt det igjen...!!! Når det gjelder størrelser; Str 50 er IKKE prematur, det er nyfødt!!! Riktignok, får man en skikkelig lang og stor unge så er det ikke sikkert man får bruk for denne størrelsen i det hele tatt, men i de fleste tilfeller får man vel brukt denne størrelsen opp mot en måneds tid.. Jeg regner med at de fleste gaver og sånn som man får er klær i str 62 og 68, og kommer derfor å styre unna å kjøpe noe særlig i akkurat disse størrelsene. Kommer til å handle bitte litt i str 50, og litt mer i str 56. Men skal prøve å begrense mengden..... De vokser jo så fort ut av en størrelse til den neste!!! Hvilken vogn og bilsete har du bestemt deg for, forresten? Er snart på det stadiet eg også no, at det begynnar å bli greit å kjøpa dei store tinga etterkvart! Kanskje eg og kjæresten min kjem til å ta ein del slike innkjøp i løpet av ferien? Men det blir isåfall etter bryllupet. Eg hadde siste dag på jobb før ferien på fredag, og skal ha ferie fram til midten av august. Så det hadde jo vore litt kjekt å fått unna ein del slike innkjøp før eg begynnar på jobb igjen. Men kjæresten min vil helst venta lengst mulig med slike storinnkjøp til babyen, så det spørs om han er med på tanken... Eg har spurt i fleire butikkar om størrelse 50 er for premature barn, og har fått ja til svar - og at størrelse 56 er til nyfødt. Det var på Reflex eg kjøpte nokre klesplagg i størrelse 50, som eg bytta. Og ho eg spurte der, sa at joda, det stemte at størrelse 50 var prematur. Så eg gjekk for å finna noko anna i størrelse 56, og stod og leita på eit stativ. Då kom ho dama forbi, og sa at det kun var klede til premature babyar på det stativet. Og då oppdaga eg at alle kleda på stativet var i størrelse 50! Og andre eg veit om som har hatt nokre klesplagg i størrelse 50, og har fått barn til termin med gjennomsnittleg fødselsvekt - har sagt at kleda i størrelse 50 berre passa i ei vekes tid, før dei måtte gå over til størrelse 56. Men eg skal såklart ikkje garantera noko som helst, for eg er ingen ekspert. Når det gjeld vogn, har eg bestemt meg for ei svart og rød Bugaboo Cameleon! Ein viktig grunn til det, er at vogna har stor bagdel - og eg reknar med å få ein lang unge. Litt kjedelig om ein kjøper vogn med liten bag, og så veks ungen ut av den etter kort tid. Ein annan viktig grunn til vognvalget, er at vogna er veldig lett, og blir liten samanlagt. Dermed kan eg også få vogna inn i min lille bil, og den er lett å løfta ut og inn av bilen. Andre fordelar, er at ein kan velga om ein vil ha ungen vendt mot seg, eller frå seg. Og så er vogna kjempegod å kjøra! Og så synst eg vogna er fin, såklart. Det får ikkje hjelpa at kjæresten min ikkje synst vogna er noko fint. Han har sagt at eg skal få bestemma vogn. Eg synst også vogna såg litt spesiell ut første gangen eg såg den, men no synst eg den er kjempefin. Bilstol er eg ikkje 100% sikker på enda, men eg trur nok det blir Maxi Cosi! Den bilstolen skal visst vera lett, og har kome bra ut på testar. Ein annan fordel er at denne bilstolen kan festast direkte på vogna, slik at ein kan ha bilstolen festa på hjula, i staden for bagdelen. Tenker det kan vera greit når me f.eks berre skal ein kjapp tur på butikken, i staden for å dra med seg heile bagen. Då klikkar ein berre bilstolen ut av bilsetet, og set den direkte på hjula. Har du bestemt deg for vogn og bilsete enda, eller? Endret 13. juli 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå