Gå til innhold

Så var vi fire!


Fremhevede innlegg

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Hei Kipa :vinke:

I går var eg både hos jordmor og på UL på Volvat.

Jordmorkontrollen gjekk heilt fint. Har merkelig nok ikkje gått opp meir

enn 1 kg i jula. Var sikker på at det var minst 5. Ser jaffal sånn ut på magen.

Den har virkelig eksplodert i størrelse! Mange som blir overraska når eg seier

at eg fremdeles har 3 mnd igjen til termin. Men eg er veldig liten (1.62), så då blir magen gjerne litt større.

Blodtrykk og urin var heilt topp, og SF-målet ligg rett under den røde streken. Så sjølv om eg ser svær ut er ikkje livmora større enn normalt.

Var kjekt å sjå nurket på UL igjen og. Hovedgrunnen til at eg var der var for å få vite kjønn, men eg ville og ha vekstestimering for å sjå om babyen blir like stor som Malin, eller kanskje større :hår:

Gynekologen klarte ikkje å sjå kjønnet 100% sikkert, men ho trur det er ei jente. Ho såg inn mellom beina frå baksida, og kunne ikkje sjå noko pung. Men det kunne jo vere at den var trekt såpass godt opp foran at det ikkje gjekk an å sjå den bakfra ;)

Utifra vekstestimeringa har babyen litt større hode enn gjennomsnittet, er litt lengre og litt slankare. Så det blir ein lang tynn sak med stort hode, akkurat som Malin var. Ho var ikkje tynn så veldig lenge etter at ho kom ut, men dei første dagane var ho lang og tynn. Sidan eg fremdeles har plager etter totalrupturen ved forrige fødsel meinte ho at eg kanskje burde ta keisersnitt. Sjansen for at eg skulle revne denne gangen og var ganske stor sidan vevet er mindre tøyelig no når det allerede er eit arr der. Eg får høyre kva dei seier på KK når eg skal på samtale der om nokre veker.

Gjest Mayamor
Skrevet

Er så glad for at du får skikkelig oppfølging, vennen. :klem:

Har jente følelse på deg jeg... ;)

Skrevet
Er så glad for at du får skikkelig oppfølging, vennen. :klem:

Har jente følelse på deg jeg... ;)

Helt enig med Mayamor på begge punkter!!!

Vis kal forresten bestille oss tur til bergen snart! Blir vel en weekendtur, skal nemlig i 40 årslag 10 feb. Hadde vært utrolig bra om bergensgjengen kunne treffes en dag f.eks på fridays :hoppe:

Håper du har en finfin Fredag og ønsker deg en flott helg!

:klem1:

Skrevet

Heisan Mayamor og bizzy! Hadde vore veldig kjekt med eit treff rundt 10.februar!

Eg gløymte forresten heilt å skrive sist at vi har bestilt oss tur til Mallorca i september! :hoppe: Det er jo leeeeeenge til, men deilig å ha noko å sjå fram til no når det er så bedritent vær i Bergen. Dei to siste dagane har heldigvis vore ok, og eg merkar faktisk både fysisk og psykisk at alt er mykje lettare! :icon_smile:

Malin skulle overnatte hos Bestemor(mora til mannen) for første gang i helga. Vi burde kanskje gjort dette for lenge sidan, men det har berre ikkje blitt til at vi har fått prøvd det. Bestemor har vore barnevakt mange gangar hos oss, men då har vi alltid komt heim i løpet av natta. Men no måtte vi prøve, for neste helg skal eg og mannen til Oslo i dobbel 30-års dag. Var veldig spent på korleis det kom til å gå, men trudde vel eigentlig at det kom til å gå bra. Eg ringte 19.45, og då hadde ho nettopp lagt seg heilt uten problemer. Eg pusta letta ut og gleda meg til å sove heile natta og ikkje minst sove lenge dagen etter. Men klokka 21 ringte Bestemor. Då var Malin heilt hysterisk og hadde grene ei stund. Ho slutta å skrike då ho høyrte stemmen min i telefonen, men ho hiksta sånn at ho ikkje klarte å snakke :tristbla: Etter å ha snakka litt med Bestemor blei vi einige om at ho skulle vente til å ho hadde roa seg og så prøve å legge ho igjen. Men ein halv time seinare ringte ho og sa at det her ikkje kom til å gå, så det var nok best at vi kom og henta ho. Då vi kom var ho sjølvsagt i topp-humør igjen og prata og lo. Sovna med ein gang vi kom heim igjen. No får eg litt vondt i magen av å tenke på neste helg. Vi har blitt einige om at Bestemor skal komme og bu i vår leiligheit i staden for at Malin skal vere der. Forhåpentligvis går det litt bedre. Håpar at opplevelsen denne helga ikkje har ført til at det blir skriking når vi skal seie hade neste helg. Fleire gangar på veg heim frå Bestemor og i går sa ho "Isse sove Bætemo. Bare sove hjemme mamma pappa".

Malin har forresten plutselig blitt veldig veslevoksen siste veka. Merkar veldig at ho tar etter meg. Viss ho spør meg om noko, og eg svarer, får eg tilbake: "Otei, mamma". Og viss eg f.eks ser eit bilde av Postman Pat i eit blad og seier det til ho, svarar ho "Det e helt jittig, mamma!". Og så merkar eg at ho brukar ein del voksne ord og uttrykk når ho leikar at ho snakkar i telefonen. Utrulig morsomt å høyre på. :ler:

  • 2 uker senere...
Skrevet

Det gjekk kjempefint med barnevakt i helga! Tydeligvis ikkje noko problem så lenge

ho får vere heime med leikane sine og sove i si eiga seng.

Malin hadde sovna på fanget til bestemor då vi kom heim søndag. Gjensynsgleda var stor då eg løfta ho opp og vekte ho, og det varma godt i mammahjertet :hjerter_rundt:

Det skjer utrulig mykje med språket for tida. I løpet av den siste veka har ho gått frå å kalle seg sjølv "Maije" til å seie heilt klart og tydelig "Malin". I tillegg har ho slutta å omtale seg sjølv i tredje person. No seier ho "Vent på meg", "Jeg vil ha...." osv. Skjønnar ikkje heilt kvifor ho seier Jeg(jei), for både eg og pappaen seier eg. Men det er vel bøker og Barne-TV som har skylda. Reknar med at det går over til "eg" snart.

Og så sa ho navnet mitt for første gang på mandag! Ho har sagt navnet til pappaen lenge, men mitt har ho nekta å seie. Pappaen heiter ganske ofte "Pappa xxxx", mens eg berre heiter mamma. Trur forklaringa ligg i at eg bruker navn når eg snakkar til pappaen mens han stort sett seier "du" eller mamma til meg. Eg vil jo ikkje at ho skal begynne å kalle meg ved navn, men syns det er litt moro at ho har fått med seg at eg har eit navn.

Er forresten fryktelig lei av å vere gravid for tida. Er 28+4 i dag trur eg, så det er leeenge igjen. Merkar at eg blir veldig fort sliten no og er mindre tålmodig i forhold til Malin. Skal ikkje så mykje til før eg hever stemmen og kjeftar på ho :tristbla: .

I tillegg har kvalmen komt tilbake dei siste dagane. Er kvalm om morningen, før middag og om kvelden. For ikkje å snakke om halsbrann som øydelegg nattesøvnen og vondt bekken :frustrert:

Skal på kontroll hos lege neste veke, så då skal eg kvinne meg opp til å be om 25 % eller 30% sjukemelding. Håpar at litt kortare arbeidsdagar skal føre til at eg har meir overskudd på ettermiddag/kveld.

Skrevet

Æsj, dumme kvalme som kommer tilbake allerede!! :frustrert: Min venta i hvertfall til uke 33 den..men det er noe dritt! :sur:

Håper du får sykemelding, og at ting blir litt lettere snart..

:klem:

  • 2 uker senere...
Skrevet

Bare innom med et lite :vinke: Kjipt at du har blitt kvalm, det suger :sur: Det er det jeg gruer meg mest til hvis jeg skulle bli gravid igjen. :tristbla: Får håpe det går over.

Bra du får oppfølging hos jordmor da, og at de seriøst vurderer keisersnitt. Så har du i hvert fall muligheten.

Utrolig morsomt å lese om språkutviklingen! Jeg gleder meg skikkelig til tuppa mi begynner med det. Så får vi satse på at østlands-jei'en er på vei ut! :ler:

  • 2 uker senere...
  • 3 uker senere...
Skrevet (endret)

Då har eg endelig vore på såkalt fødselssamtale på KK, og det gjekk over all forventning! På forhånd var eg ganske nervøs for å komme til ein travel lege som berre ville avfeie mine bekymringar og putte meg i "hysterisk-gravid-kvinne-båsen", men legen vi var hos var heilt fantastisk. Eg var der inne i over 1,5 time!

Jordmora mi tipsa meg på forhånd om at det var viktig at eg fokuserte på at det ikkje er sjølve fødselen eg er redd for, men eventuelle permanente skader dersom eg skulle få ein ny ruptur. Eg hadde skrive eit brev om dette som eg leverte til legen då eg kom inn. Etter å ha lest det sa han at det var utrulig bra skrive og at han var heilt einig med meg i alt som stod der. Då følte eg at minst 5 kg letta frå skuldrane mine.

Han sa at han hadde studert partogrammet mitt frå forrige fødsel og kalte det "eit sorgens kapittel". Sjølv om eg var førstegangsfødande skal ikkje fødselen ta så lang tid (2,5 døgn). Eg låg over 12 timar med 3-4 cm opning og rier med 5 minutters mellomrom som tydeligvis ikkje hadde noko effekt. Det var først når vatnet blei tatt og eg fekk drupp at opningen blei større. Dersom eg hadde vore på Føden og han hadde hatt vakt ville han ha grepe inn på eit mykje tidligare tidspunkt for å få fortgang i fødselen.

Når opningsfasen varer så lenge som dette blir mor, livmor og barn utslitt og risikoen for at eg treng hjelp i form av tang eller sugekopp for å få ut babyen er stor. I tillegg blir underlivet svært hovent slik at det skal lite til før det rivnar. Dessutan fant han ut at klippet som legen satte då han skulle sette inn tanga hadde feil vinkel og gjekk for mykje rett bakover mot endetarmen. Dermed hadde eg full score på alle risikofaktorar for totalruptur. Og då gjekk det som det gjekk.

Eg kvalifiserer for planlagt keisersnitt, men det var opp til meg å bestemme om eg vil ha det. 10% får infeksjonar etter planlagt keisersnitt i Bergen, liggetida blir lengre og det tar lengre tid å komme seg etter fødselen.

Alternativ 2 er at eg lar fødselen starte av seg sjølv og så konverterer vi til keisersnitt dersom eg får like treig framgang som sist. Han ringte til sjefen, fekk fullmakt til å love meg dette og skreiv det inn i journalen min. I tillegg skreiv han at eg SKAL på Føden, eg SKAL ha erfaren jordmor og eg skal ikkje klippast. Han kan ikkje love meg at eg ikkje rivnar sjølv om fødselen blir normal, men dersom eg rivnar og plagene i etterkant blir verre enn i dag, kan dei operere. 80% blir bedre eller heilt bra etter ein slik operasjon. 20% merkar ingen bedring eller blir verre.

Så no må eg gå i tenkeboksen og finne ut kva eg vil. Eigentlig syns eg at eg må velge mellom to onder, men akkurat no heller eg mest mot alternativ 2. Føler at eg blei høyrt og at eg vil bli bedre ivaretatt ved neste fødsel. Men eg skal tenke på det litt til.

Legen tok forresten ultralyd for å sjå kor stor babyen har blitt, og då fekk han eit veldig bra bilde mellom beina på babyen. Såg tydelige kjønnslepper og ingen tissefant. Så det er nok ei lillesøster der inne! Størrelsen var heilt ok. Litt over snittet, men innanfor 75 percentilen. Så ho blir nok på størrelse med Malin.

Endret av Hermione
Skrevet

Så godt for deg å få prate med en så forståelsesfull og proff lege!! Skjønner at du gruer deg mtp forrige fødsel, men bra det hjalp litt med denne samtalen i hvertfall!

:klem:

Gjest Mayamor
Skrevet

Så utrolig godt at du fikk en lege som tok deg på alvor. :klappe:

Alt er skrevet ned i journalen, det er en trygghet for deg.

Jeg vet ærlig talt ikke hva jeg ville valgt dersom jeg var deg. Personlig ville jeg gjort det jeg kunne får å unngå keisersnitt, men jeg har ikke samme fødselshistorien som hva du har. Fordelen med planlagt keisersnitt er at det er forutsigbart i henhold til når babyen blir født. Kjenner mange som har tatt keisersnitt, men bare en hvor det ble infeksjon. Så prosentvis føler jo jeg at det er liten risiko for infeksjon, men der vet KK mer enn meg.

Ikke lett, men flott at du har et valg. :klem:

:hjerte: En liten jente... :legrine:

Tenkt på navn?

Klem fra Mayamor

Skrevet

Takk for helsing, Kipa og Mayamor!

No har eg bestemt meg for å prøve vaginal fødsel, og har ringt og gitt beskjed til KK. Får håpe at eg ikkje kjem til å angre på dette..... :forvirra:

Har begynt å tenke litt på navn, men syns det er endå vanskeligare denne gangen. Sist gang klarte vi etter mykje diskusjon å komme fram til 3 navn som begge kunne akseptere. Eit av dei har ei veninnne "stjelt" i mellomtida, og Malin har vi jo brukt. Då gjenstår det berre eit som eigentlig er litt for likt Malin. Så vi får sjå. Må tenke litt til på det.

Malin er skikkelig sjuk i dag. Har eigentlig hangla heile helga, men i dag har ho høg feber, masse snørr og stygg hoste. I tillegg er ho veldig var for lys. Vil helst ha solbriller på inne :klø: Får håpe at ho er litt bedre i morgon. Mannen har vore heime i dag, så i morgon er det min tur. Litt godt med ein heime-dag, men eigentlig har eg ikkje tid. Berre to arbeidsveker igjen før permisjonen startar og masse eg skulle ha gjort meg ferdig med.

Kjøpte meg bladet Gravid i dag, og der stod det ein artikkel om ruptur under fødsel. Det stod om eit forskningsprosjekt der dei testa ut ein finsk metode for å redusere rifter under fødselen. Kanskje eg skal ta med meg bladet neste gang eg skal til jordmor slik at eg kan høyre kva ho syns om denne metoden og om ho veit kva det går ut på. Eg reagerte litt på at det stod at klipping kunne redusere risikoen for totalruptur. I mitt tilfelle var det jo motsatt :klø: Legen eg var hos på KK var heilt i mot klipping og meinte det kun skulle brukast dersom det var absolutt nødvendig (f.eks ved tang eller vakum) pga dei problema enkelte kvinner fekk i ettertid.

Gjest Mayamor
Skrevet

Fikk nettopp sms fra Hermione:

Er innlagt på obsposten med vannavgang. Har ingen rier enda. Siden eg berre er i veke 35 vil dei avvente litt før dei setter meg i gang. Men eg må vere her sidan hodet ikkje er festa og pga fare for infeksjon.

Krysser fingrene for alt går helt som planlagt. :hoppe::legrine::klem:

Skrevet

OI Oi..tenker masse på deg!! :klem:

Skrevet

Håper alt går bra med dere Hermione. Tenker masse på deg.

Fint at du er blitt tatt på alvor på KK og at alt ligger til rette for en bedre fødselsopplevelse denne gangen.

Klem herfra

Skrevet

:hoppe: ååååh så spennende!!

nå håper jeg Mayamor holder oss oppdatert altså!!!

:klem: til deg Hermione!!

Gjest Mayamor
Skrevet

Hadde ikke internetttilgang i går/natt/morges, så derfor kommer melding som jeg fikk i morges nå:

Etter 3 modningspillar var eg sikker på at eg kom til å få riar i natt, men eg har sove godt heile natta. Håper det er såpass modent der nede at dei kan sette drypp etter legevisitten kl. 09.00.

Tar tid dette, men det er nå godt du får sove. :klappe:

Er spent som bare det. :hoppe:

Gjest Mayamor
Skrevet

Fikk ny sms nå:

Nesten ikkje anntydning til modning, så det ble ikkje drypp! Har fått dobbel dose modningspille og så skal dei gjere ny vurdering kl. 15.00. No er eg møkk lei. Livmora mi er rett og slett ufattelig treig i oppfattelsen. Den forstår ikkje at vatnet har gått og det er på tide å føde.

Tror her er en stk vordene mamma som er temmelig lei ja. :troest:

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...