Hermione Skrevet 20. november 2006 Forfatter #101 Skrevet 20. november 2006 F..... så dårlig eg er på å oppdatere denne boka. Skjerpings! Kjempekjekt at dåkke er innom, ny dag, Mayamor og Kipa! Eg vil veldig gjerne treffast, ny dag! Såg i meta si dagbok at du foreslo 8.desember. Trur den datoen passar fint for meg. Helga etter har mannen disputas, så då kan eg ikkje. Er litt smånervøs i skrivande stund. Skal på ordinær ultralyd om litt over ein time. Veit jo at det er liten sannsynlighet for at dei skal finne noko feil, men sjansen er jo der. No før helga fekk ei veninne av meg vite at hennas 2 mnd gamle sønn har kreft på begge augene . Og då blir eg litt ekstra nervøs. Dette er ein type kreft som oppstår enten pga ein mutasjon i svangerskapet eller fordi barnet arver mutasjonen frå far/mor. Heldigvis overlever dei fleste, men det er ganske stor sjanse for at han får nedsatt syn eller blir heilt blind. I tillegg har han aukt sjanse for å få andre krefttypar seinare i livet. I den lille kommunen eg kjem i frå er det faktisk 4 stk som er like gamle som meg pluss/minus eit år som har fått barn med medfødte misdannelser siste 3 åra. Føler at det er russisk rulett å få barn. Nesten sånn at eg tenker at dersom det går bra denne gangen skal eg gi meg mens leiken er god. Men eg har jo innerst inne lyst på tre barn..... Ellers har vi hatt lynnedslag i helga. Vi var ikkje heime, og hadde sjølvsagt ikkje vore smarte nok til å dra ut kontakten på TV, telefon og PC'ar før vi reiste. Den nye LCD TV'en overlevde heldigvis. Men både telefonen og to PC'ar gjekk med. Reknar med å få igjen litt på forsikringa, men det er eigenandel på 3000 kr Endå godt at det ikkje begynte å brenne....
Gjest Mayamor Skrevet 20. november 2006 #103 Skrevet 20. november 2006 (endret) Lynet skapte trøbbel her og. Hva sa de om prognosene for denne babyen til venninnen din da? At barn blir syke er eksrta forferdelig; de har ikke kommet igang med noe liksom. Å få barn er russisk rulett det; Samme som alt annet egentlig. Vi vet ikke hvor godt vi har det før noe skjer endten med andre eller en selv Men snart blir det glemt eller iallefall trengt langt bak igjen. Det kalles overlevelsesinnstinkt. Men er spent på ultralyd. Håper du oppdaterer det snart... Fredag 6 desember passer fint for meg å treffes. Hadde vært kjekt. Klem fra Mayamor Endret 20. november 2006 av Mayamor
Hermione Skrevet 21. november 2006 Forfatter #104 Skrevet 21. november 2006 Alt bra på UL! :-D Men jordmora hadde store problemer med å få målt det ho skulle fordi knøttet låg så sammenkrølla. Etter mykje om og men kom ho fram til at hjerne, hjerte, magesekk, urinblære, nyrer og ryggrad såg ok ut og at det muligens var ei jente. Men kjønn var ho veldig usikker på. Terminen blei flytta frå 17./19.april til 23.april. Litt irriterande å bli flytta den vegen, men eg hadde eigentlig ein mistanke om at det kom til å skje sidan det tok så lang tid før eg fekk skikkelig positiv graviditetstest. Jordmora blei litt snurt på oss fordi mannen syns Ul-seansen såg ut som ei dårlig TV-sending frå 60-tallet. Og så var ho litt oppgitt over meg fordi eg ikkje klarte å sjå kjønnsleppene ho prøvde å vise meg Eg nevnte såvidt at eg gjerne ville snakke med ein gynekolog når det nærma seg fødsel sidan eg hadde tangforløsning og totalruptur sist. Eg nevnte ikkje ordet keisersnitt, men eg såg at ho skjønte det med ein gang og at ho blei meget skeptisk. Fekk beskjed om å ta det opp med jordmor på helsestasjonen eller fastlegen og få dei til å skrive ei henvisning. Men det var slett ikkje sikkert at eg fekk noko samtale, for det var ikkje alle som fekk det. Det var opp til gynekologen å vurdere om det var nødvendig. Og dette sa ho uten å ha lest om min forrige fødsel i det heile tatt. Då blei eg litt sur. Men jordmora eg går til kontroll hos var mykje meir positiv til at eg skulle få oppfølging på KK, så eg trur ho fiksar det for meg uansett. Mayamor: Sønnen til veninna mi har fått gode prognoser. I ein artikkel om denne krefftypen i tidsskriftet for den norske legeforening står det at 95% overlever: http://www.tidsskriftet.no/pls/lts/pa_lt.v..._SEKS_ID=958945 Men dei har som sagt aukt sjanse for å utvikle andre krefttypar seinare i livet. Faktisk 26% sjanse for å få kreft i løpet av dei første 40 åra. I tillegg er det vanlig at svulstane på auga kjem tilbake fleire gangar før barnet fyller 6 år. I nokre tilfeller må dei fjerne auget og sette inn glassauge. Får håpe han slepp det.
ny dag Skrevet 23. november 2006 #105 Skrevet 23. november 2006 Heisann, endelig var du innom her igjen. Så flott at ultralyden gikk helt fint. At alt ser bra ut. Spennende med snarlig disputas for mannen din. Han jobber vel med å forberede prøveforelesningen nå da eller? Fredag 8 des. går nok sikkert greit for meg å treffes. Har mailet med Meta om det. Men må ta et lite forbehold for mannen har operert kneet i dag og jeg vet ikek enda hvor lang restituering han trenger.. for å kunne være alene hjemme med Ingvild (kunne løfte og sånn). Så kan vi ikke prøve å satse på å treffes den fredagen? Jeg foreslår i byen - på kafe? Hva med Bocca (2 etg. på ganle Maxime)? Nydag
Gjest Mayamor Skrevet 26. november 2006 #106 Skrevet 26. november 2006 Jeg blir gjerne med fredag 8 dersom det blir noe av. Håper det går bra med babyen til venninnen din. Snakk med jordmoren du går fast til og ikke bry deg om de på KK. Synes de er greie så lenge alt er greit liksom... Irriterende å bli satt til senere termin - men babyen kommer når den kommer... Klem fra Mayamor
ny dag Skrevet 26. november 2006 #107 Skrevet 26. november 2006 Heisann, vi satser på å treffes den 8-ende desember kl. 20.00 PÅ Bocca, 2 etg. (gamle Maxime)? (Eller er det bedre på Fridays?) For min del er det pittelitt usikkert om jeg kan komme - men satser på det. Håper du kan Klem
ny dag Skrevet 1. desember 2006 #108 Skrevet 1. desember 2006 Kommer du på treff på fredag kveld? Håper det. Jeg har foreslått Bocca, men kan godt treffes andre steder for min del. Nydag
ny dag Skrevet 6. desember 2006 #109 Skrevet 6. desember 2006 Gleder meg til å treffe deg på fredag, Bocca i åttetiden
Hermione Skrevet 7. desember 2006 Forfatter #111 Skrevet 7. desember 2006 Blir kjekt å treffe alle sammen igjen Er litt sliten for tida, så vi får håpe at eg ikkje sovnar ved bordet Vi vraka den gamle bulkete konebilen min forrige veke, så no må eg ta buss til og frå jobb. Dersom eg skal klare 8 timers arbeidsdag og samtidig rekke å hente Malin i barnehagen må eg gå heimanifrå seinast 06.15 :hår: Sovnar på sofaen klokka 21 kvar kveld. Har ikkje fått begynt å vaske og pynte til jul endå og har kun kjøpt 2 julepresangar. Heldigvis skal vi feire julafta hos søstra til mannen, så det er ikkje så nøye om det blir litt sånn halvgjort. Pepperkaker har vi i allefall bakt! Men vi har spist opp halvparten, så eg trur vi må bake ein gang til
Gjest Mayamor Skrevet 12. desember 2006 #112 Skrevet 12. desember 2006 Takk for sist. Har det blitt bilkjøp da?
Hermione Skrevet 19. desember 2006 Forfatter #114 Skrevet 19. desember 2006 Heisan Bizzy og Mayamor! Har nok ikkje blitt noko bil på meg endå. Holdt på å kjøpe ein forrige veke, men så var det ein anna som og var interessert, og dermed blei det ein liten budkrig. Bilen var ganske gammal (93 modell Toyota Corolla), så eg trakk meg ganske fort ut. Kan ikkje betale masse pengar for ein så gammal bil. Angrar kanskje bittelitt på det no, for akkurat no er det ingen aktuelle bilar på finn.no. Så det blir nok ikkje bil på meg før over nyttår. No gledar eg meg veldig til ferie. Har vore forkjøla i to veker no og er rimelig sliten. Burde sjølvsagt tatt nokre dagar heime for å komme meg skikkelig på beina igjen, men har ikkje samvittigheit til det. Er så masse som skal gjerast på jobb. Og viss eg hadde vore heime hadde eg nok sikkert begynt å vaske i staden for å slappe av. 5 dagar til jul og eg har ikkje fått vaska eller pynta i det heile tatt endå Syns det berre er stress med jul, eg! Har ikkje fått julestemning i det heile tatt. Men no har eg iallefall berre 1 julepresang igjen og julekorta er posta. Så då gjenstår det å vaske, pynte og bake kvite kakemenn. Trur Malin skjønnar litt av jula i år. Ho går stadig og snakkar om at ho skal få osang(=presang) til jul. Og så snakkar ho masse om nissen som flyr oppi lufta. Det første ho seier når ho våknar om morningen er at ho skal opne "Ole Bum olender" og spise "olade". Lurar på korleis det går 1.juledag når det ikkje er fleire luker å opne :icon_neutral: Ellers har Malin blitt veldig flink til å synge i det siste! Tidligare har ho for det meste berre gjort handbevegelsar mens eg syng, uten å opne munnen. Men no syng ho som berre det! Går mest i Kaptein Sabeltann, men også julesangar, En elefant kom marsjerende og Bæ, Bæ lille lam. Nå ho først begynner på Kaptein Sabeltann kan ho holde på i evigheiter. Litt slitsomt, for ho kan berre ei linje : Hiv og hoi! Nat er tatten mår! Den gjentar ho hundre gangar. Innimellom kjem det litt bruddstykker ala Aptein sabetann......fali mann jolig......hunde år! I morgon er det jordmorkontroll. Er ein plass mellom 22 og 23 veker no. Syns det er så vanskelig å holde styr på det etter at terminen blei flytta 5 dagar. På kontrollen i morgon skal vi snakke om forrige fødsel. Er litt spent på det. Litt redd for at ho skal bagatellisere heile greia når ho les journalen.
Gjest Mayamor Skrevet 19. desember 2006 #115 Skrevet 19. desember 2006 Malin og Andreas kan danne kor de da... Julen og kommer og julen går - alt ordner seg til slutt og stemingen kommer den når julen ringes inn og du ser Malins spente fjes...
Kipa Skrevet 31. desember 2006 #117 Skrevet 31. desember 2006 Alle gode ønsker for 2007, og håper alt er bra med deg og din lille spire
ny dag Skrevet 31. desember 2006 #118 Skrevet 31. desember 2006 Hiv og hoi!!! - det er det Ingvild synger på også Godt nytt år!
Hermione Skrevet 4. januar 2007 Forfatter #119 Skrevet 4. januar 2007 Då var jula over for denne gang! Deilig med litt fri frå jobb, men det blei ikkje så mykje tid til å slappe av og samle opp energi som eg hadde tenkt. Julafta var vi hos søstra til mannen. Vi var 4 ungar og 6 voksne, så det var vanvittig mykje presangar å pakke opp. På slutten var alle leie, så då gikk det veldig fort i svingane. Papiret blei flerra av alle pakkane og eg hadde store problemer med å følge med på kven Malin fekk alle presangane av. Svogeren til mannen var julenisse, men Malin likte ikkje det noko særlig. Ville hverken hilse på nissen eller ta i mot presang frå han. Han var "tummel" :icon_smile: Malin fekk masse fine presangar, men favorittane var FisherPrice GeoTrax toget ho fekk av oss og ein doktorkoffert som ho fekk av ei veninnne av meg. Og så to bøker: "Jeg vil også ha et søsken" og "Lillesøster på legevakten". Når vi skal lese Lillesøster-boka utstyrer ho seg med stetoskop, sprøyte, plaster og gips på armen før ho kryp opp på fanget mitt. Det er veldig viktig at alt utstyret er på plass! 1.juledag var vi i to julebesøk og var vekke frå 10 om morningen til 8 om kvelden. Totalt utslitt då vi kom heim. 2.juledag hadde vi familien til mannen på middagsbesøk hos oss, og så reiste vi til min heimplass 3.juledag. Der har eg jo altfor mange som eg føler eg må treffe når eg ein sjelden gang er heime, så det blei litt stress der og. For ein gangs skyld rakk eg å treffe dei viktigaste, så eg reiste tilbake til Bergen 1. Nyttårsdag uten dårlig samvittighet. I går var Malin endelig på 2 års-kontroll på helsestasjonen. Ho er 2 år og 4 mnd no, så det var på tide. Malin er litt sjenert av seg første halvtimen når ho treffer ukjente, så ho var ikkje så interessert i å snakke med helsesøstra. Men vi fekk no lokka ut av ho eit par ord på slutten. Malin er jo ikkje akkurat tidlig med snakkinga, men det har utvikla seg veldig det siste halvåret. No snakkar ho i setningar på 4-5 ord heile tida og har eit stort ordforråd. Skarre r'en er og på plass. I alle fall der den kjem sist i orda. Ho manglar ein del lydar, f.eks k og g. Men dette var ikkje noko å bekymre seg for endå i følge helsesøstra. Og så fekk Malin skryt for at ho er så flink til å pusle puslespill . Veldig bra finmotorikk. Og så er ho laaaaang! 95 cm. Eg trudde ho berre var 90. Vekta var heilt fin i forhold til lengda: 14,5 kg. Har slitt veldig med bekkenet i går og i dag. Gruar meg kvar gang eg skal reise meg frå kontorstolen. Trur det er asfalt-trakkinga som tar knekken på meg. Må få meg ein bil! Ellers kjenner eg masse liv no og magen har blitt stor! Trur eg må leite opp bilder frå forrige svangerskap for å sjå kor stor eg var då ved 25 veker.
Gjest Mayamor Skrevet 4. januar 2007 #120 Skrevet 4. januar 2007 Fin, lang jente. Godt nyttår, Hermione.
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå