Gå til innhold

Så var vi fire!


Hermione

Anbefalte innlegg

No nærmar mannen sin ferie seg slutten og vi har hatt nesten tre veker med regn, regn og atter regn.... :regn:

Hadde eit par fine dagar hos mamma, men det var alt.

Men vi har no fått gjort ein del likevel! Maiken har bada to gangar i basseng. Sånn varmt terapibad på 33 grader. Ho storkoste seg!

Og så har vi vore i Akvariet og på Vannkanten. Fekk med oss ein liten strandtur hos mamma den eine dagen med fint vær.

Ellers har vi holdt oss i nærheten av huset. Malin held nemlig på med bleiseslutt no og nektar å gå på do andre plassar enn heime! I alle fall sålenge ho ikkje har doringen. Dersom den er med kan ho muligens la seg overtale. No har ho gått uten bleie på dagtid i to veker og på den tida har ho berre tissa seg ut tre gangar! Men ho gir ikkje beskjed når ho må på do. Sjølv om vi ser tydelig at ho må tisse seier ho gjerne nei når vi spør. Men når vi setter ho på do kjem det tiss med ein gang, så det er tydelig at ho går og holder seg. Så foreløbig er det vi som styrer når ho skal gå på do, men håpar jo at ho skal begynne å seie i fra sjølv snart. Er litt spent på korleis det kjem til å gå når ho begynner i barnehagen igjen 6.august. Spørs om dei klarar å få med seg at ho må tisse i og med at ho ikkje seier noko. Dei kan jo ikkje gå og stirre på ho heile tida! Kanskje vi må innføre faste dotider, f.eks at dei setter ho på do 3-4 gangar for dagen.

Maiken har plutselig begynt å våkne på natta for å få pupp igjen. Ho som sov så godt om natta! Eg skraut vel litt for mykje då eg var heime uten å banke i bordet. Trur det er litt slunkent i puppane for tida. Var innom helsestasjonen og veide ho for eit par dagar sidan, og då hadde ho nesten ikkje godt opp i vekt sidan barselgruppa 3.juli. Så no gir eg ho litt MME på flaske om kvelden i håp om at ho skal sove bedre om natta og at vekta skal gå litt meir opp.

Ellers har ho oppdaga føttene sine! Med ein gang ho får av bleia på stellebordet bøyer ho dei opp og tar tak i dei med hendene sine. Ho gurglar og smilar masse og har blitt veldig flink til å holde leikar. Er nok ei stund til ho begynner å rulle endå. Malin rulla ikkje før ho var 6 mnd, så eg har ikkje begynt å vente på det heilt endå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

I går rulla Maiken frå rygg til mage to gangar! Begge gangane låg ho under babygymmen og brukte det eine beinet på babygymmen til å sparke fra på. Så det var kanskje litt juks. Ho blei liggande oppå armen begge gangane og såg heilt forvirra og hjelpelaus ut :fnise:

Malin hadde sin første dag på stor avdeling i barnehagen i går. Det gjekk forbausande bra. Hadde trudd at ho skulle vere litt sjenert og tilbakeholden, så eg hadde planlagt å bli der ein times tid. Men ho begynte å leike med ein gang, så det var ikkje nødvendig. Det einaste som var litt dumt er at ho nektar å gå på do der, så eg måtte ta på ho bleie. Litt synd sidan ho har klar seg uten i tre veker! Men vi prøver igjen om nokre dagar når ho har blitt husvarm på den nye avdelinga.

Ellers har eg fått i oppgave å vere forlover for ei god veninne! Hadde ikkje trudd at ho kom til å spørre meg, så eg blei litt overraska og vettskremt først, men ein takkar jo ikkje nei til eit slikt oppdrag! Så no må eg planlegge utdrikningslag og holde tale. Heldigvis er det ikkje før neste sommar, så eg har god tid.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

koselig å oppdatere seg litt her inne!

Flink Malin er som går uten bleie, så lenge de voksne er med på det så er det fint å passe på å gå på do etter 2 timer gjennom dagen..og hvertfall etter måltider.

Og flinke Maiken som har rulla rundt! :klappe:

Noe nytt om Malin i fht kiss-kidd?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisan Kipa!

Ikkje noko nytt angåande kiss-kid. Ventar fremdeles på time hos fysioterapeut. Men eg er litt mindre bekymra no. Syns ho har blitt veldig mykje flinkare motorisk i løpet av sommaren. No kan ho f.eks gå opp trappa uten å holde seg i rekkverket, kan hoppe og tør å rutsje på rutsjebana uten problem. Men ho spring fremdeles rart, så eg er spent på kva fysioterapeuten seier.

Malin har heilt slutta med bleie på dagtid no! :hoppe:

Er ikkje redd for å gå på do i barnehagen lengre og har ikkje hatt eit einaste uhell der. I følge personalet er ho veldig flink til å gi beskjed sjølv når ho må på do. Det gjer ho ikkje heime.

Her om dagen hadde ho til og med prøvd å gå på do sjølv uten å gi beskjed først, men ho fekk ikkje av seg buksa, så ho ropte på dei mens ho stod inne på do :-D

I går fekk vi brev i posten om at vi har fått barnehageplass til Maiken! Så no har vi ein ting mindre å bekymre oss for. Plassen er ledig frå 17.desember, men vi skal ikkje begynne å bruke den før i mars. Treng heldigvis ikkje å betale før vi skal begynne å bruke plassen! Dette er ein heilt ny barnehage ca 500 meter frå der vi bur. Aller helst vil vi jo ha Malin og Maiken i samme barnehage, så vi skal fortsette å stå på venteliste i Malin sin barnehage. Reknar med at vi får plass der frå august 2008. Litt dumt å først venne Maiken til ein barnehage og så plassere ho i ein ny ein når ho har funne seg godt til rette der, men eg trur det skal gå greit. Mykje kjekkare både for ho og oss at ho er i samme barnehage som Malin!

I dag er Maiken litt pjusk. Forkjøla og litt feber. Vil helst berre ligge på fanget og sløve med halvopne auge. Stakkars liten :hjerte: . Heilt grusomt vær i Bergen i dag. Regnar noko heilt vanvittig og blåser. Så vi blir nok inne! Mannen kjem heim litt tidlig sånn at eg slepp å ta med meg pjuske-Maiken ut når eg skal hente Malin.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

I går var Maiken på 5 mnd kontroll! Ho er no 6880 gram og 65,5 cm. Ho har ikkje vokst så mykje dei siste 2 mnd. Vekta har flata ut såpass at ho har droppa ned på kurva under. Rekna ut at ho har gått opp ca 90 gram for veka i snitt dei siste 8 vekene. Men eigentlig er det litt meir dei første fire vekene og ca 75 g dei siste fire vekene. Eg var nemlig innom helsestasjonen for fire veker sidan og vegde ho på vekta på venterommet og ho har gått opp 300 gram sidan då. Ho har også begynt å våkne 1-2 gangar om natta for å få pupp, så det er tydelig at ho har behov for litt meir enn melk no!

Kjøpte maisgrøt i dag og ga ho ei smaksprøve, men det falt ikkje i smak :riste: . Prøver igjen i morgon. Trur kanskje det var ein dårlig dag å begynne på sidan ho har litt feber og er utilpass etter vaksinen. Får eventuelt kjøpe risgrøt viss ho fortsatt spyttar ut igjen. Ho var jo god og rund rett før sommaren og har fortsatt litt å gå på, så det er absolutt ikkje krise om vi brukar litt tid på å venne ho til grøt.

Håpar feberen er vekk i morgon, for då skal vi på babysang! Begynte forrige veke og det var veldig koselig. Det er i regi av menigheten i bydelen min, så eg var i utgangspunktet litt skeptisk. Eg er ikkje kristen sjølv, nemlig. Men det var heldigvis kun to kristne sangar, så eg overlevde. Det einaste eg sleit litt med var "Hvem har skapt alle blomstene". Måtte virkelig ta meg sammen for å klare å peike opp i lufta og synge "Jo Gud i himmelen". Men det gjekk!

Har hatt eit lite tilbakesteg med Malin og dogåing. No tissar ho seg ut omtrent kvar dag i barnehagen. I dag hadde ho gjort det to gangar til og med! Er litt frustrert, men håpar det snart snur igjen. Ho var jo så flink i begynnelsen! Hadde håpt ho skulle vere heilt tørr når vi skal til Mallorca om to veker, men ser ikkje sånn ut no. Trur vi må ta på ho bleie på flyet for sikkerhets skyld.

Viss det blir Mallorca-tur då......Fetteren til Malin har fått vannkoppar i løpet av natta og vi var der mange timar i går. Så det er godt mulig at Malin har blitt smitta. Inkubasjonstida er 10-21 dagar, så då heng sydenturen i ein tynn tråd. Vi får ikkje vere med flyet viss ho har vannkoppar :roll:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Heisann,

jeg kom hjem fra Mallorca i helgen. Vi (jeg, Ingvild og mamma) var en uke på Port Pollenca. Helt nydelig. Hvor skal dere bo?

Er det til helgen dere drar? Angående vannkopper så skjønner jeg at du er bekymret. Jeg bekymret meg for det samme. Har et vennepar med flere barn som alle har hatt vannkopper i sommer. De dro imidlertid på ferie til utlandet selvom, men fly..

Og det gikk greit. Utslettet var særlig tydelig på den minste av dem, men ingen snakket til dem i flykøen...

Så det der går sikkert greit.

Når det gjelder uhellene til Malin i barnehagen, har de sammenheng med at hun er ute og leker i regnet? Eller skjer de innendørs? Ingvild har hatt noen få uhell med tissing i barnehagen, og da har de skjedd når hun har lekt ute i regnet... sittet i dammer osv. I de situasjonene er det ikke så lett å holde seg dersom barnehagepersonalet ikke har vært flinke til å spørre/få henne til å tisse før hun går ut og leker...

Håper ellers dere hadde en fin 3 års dag for Malin.

Klem herfra

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei ny dag! :vinke:

Vi skal til Cala Bona. Det er på den kystlinja som ligg mot sør-øst.

Gledar meg! Foreløbig har ikkje vannkoppane dukka opp heller, så vi får tru det går bra.

Dei siste par dagane har det gått bra med Malin i barnehagen. Ingen uhell. Men forrige veke hadde ho ein dag der ho tissa seg ut tre gangar! :dåne: To av gangane var ute. Dei seier at dei tar ho med på do før dei går ut, men det er ikkje alltid det kjem noko.

Dei fleste uhella utendørs skjer når ho har regnbukse eller dress på. Trur rett og slett at ho har det så kjekt at ho utsetter dobesøket til ho ikkje klarar å holde seg lengre. Dersom ho er i skogen og leikar er det et stykke å gå for å komme seg på do og. Og så tenker ho kanskje at det ikkje gjer noko om ho tissar seg sidan ingen kan sjå det når ho har regnbuksa på :roll:

Har prøvd å snakke med ho om det og har spurt kvifor ho ikkje gir beskjed til dei voksne når ho må på do, men då ser ho berre oppgitt på meg og seier "Det er bare sånn, mamma! Det e en sånn tulle-tiss det her. Den bare tissar hele tida" :fnise:

Det går seg vel til etterkvart. Tar ikkje på ho bleie igjen no uansett. Bortsett frå på flyet til Mallorca. Då tar eg ikkje sjansen på noko anna.

Ellers hadde vi ei fin feiring av Malin sin 3-års dag! Hadde selskap helga før sidan mannen skulle til Tyskland på sjølve dagen. Ho fekk leikekjøkken og litt ekstra togskinner til Geo-Trax toget sitt av oss. Og så fekk ho ein del brettspill, klær og litt leikar.

På sjølve bursdagen hadde ho med muffins og is i barnehagen og fekk krone og tegning av alle ungane i barnehagen. Og så åt eg og ho litt snop til Barne TV. Ikkje noko volsom feiring den dagen, altså.

Eg spurte forsiktig om ho kanskje skulle slutte med smokk no når ho var blitt så stor, og det var ho heilt einig i! Sprang inn i senga og henta alle smokkane og ga dei til meg. Sovna heilt fint uten smokk om kvelden, men våkna og var rasande sint midt på natta. Då SKULLE ho ha den. Eg orka ikkje noko kamp sidan eg var aleine med ungane, så ho fekk ein. Neste natt sov ho heilt uten, og det har ho gjort kvar natt etterpå. Smokkane skal vi sende til Kaptein Sabeltann :)

Maiken er i topp humør for tida. Ligg på golvet mange timar for dagen og rullar rundt. Ruller både frå rygg til mage og frå mage til rygg uten problemer no. Og så søv ho godt om natta. Ho får ca ein halv porsjon grøt kvar kveld, men ellers går det i pupp.

I dag skal vi på babysang! Og så skal vi møte ei frå nybaktmamma.com etterpå. Ho har ei jente som er like gammal som Maiken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Endelig fem minutt til overs så eg kan få oppdatert her! Spørs om eg rekk det før Maiken blir lei av å leike med ballongar....

Sydentur:

Kom heim frå Mallorca for snart ei veke sidan. Hadde ein veldig fin tur! Litt overskya eit par dagar, men varmt likevel. Temperaturen låg på 25-28 grader. Første gangen eg var på Sunwing Resort og det var jammen ein litt anna standard enn eg er vant til i sydlige strøk! Vi hadde inclusive, så vi kunne ete så mykje vi ville av frokostbuffè, lunsjbuffè og middagsbuffè. Eg er jo liksom på slankeren, så eg måtte begrense meg bittelitt. Men så klarte eg sjølvsagt å få halsbetennelse og ørebetennelse halvvegs ut i veka, så då begrensa matinntaket seg av seg sjølv. Klarte ikkje å svelge noko særlig anna enn melk, karamellpudding og yoghurt. Var heldigvis lege på hotellet, så det var lett å få tak i antibiotika, men eg syns den virka heller dårlig. Var ferdig med kuren på tirsdag, og i dag har eg vondt i halsen og det eine øret igjen :kjefte:

Trur nok vi kjem til å reise på Sunwing Resort neste gang vi skal til sydlige strøk og. Utrulig barnevennlig opplegg! Masse forskjellige basseng og Miniland med mange forskjellige aktivitetar. Og så var det show og minidisco kvar kveld. Men sydenferie med barn er noko heilt anna enn sydenferie uten barn. Var ikkje mange minutt eg fekk til å slappe av på solsenga! Og så måtte eg stort sett sitte i skyggen sålenge Maiken var våken sidan ho ikkje kan få så masse sol på seg. Men eg fekk no litt farge likevel!

Malin:

Malin har no slutta heilt med bleie både på dagen og natta. Nattbleien ba ho sjølv om å få kutte ute for to dagar sidan. Foreløpig har det gått heilt fint! Ho føler seg veldig stor for tida.

I går hadde eg dekke på middagsbordet med voksenfat til meg og pappaen og Peter Rabbit-fat til ho. Då kom ho med fatet under armen og såg veldig oppgitt på meg: ” Eg er jo kjempestor no. Då må eg ha voksenfat!”. Og i dag tidlig ville ho ikkje ha på klærne eg hadde funne fram til ho. ”Vil ha sånne kjempestore klær som du har mamma. Eg er jo stor no!”. Varer vel ikkje lenge før eg får beskjed om å fjerne Teletubbies-sengesettet og.

Denne veka var ho endelig hos fysioterapaut får å sjekke ut den litt merkelige springinga og motorikken ellers og. Limer inn det eg skreiv på eit anna forum for å spare litt tid:

Viste seg at det skulle ta litt tid før vi fekk time hos fysioterapeut, men dei siste 2 mnd har det skjedd så masse at omtrent alle bekymringane mine er som blåst bort. No har ho lært seg å hoppe, kan gå i trapper uten å holde seg og går opp og ned av fortauskantar så lett som ingenting. Og så rasar ho avgårde på trehjulsykkelen. Men ho er fremdeles veldig forsiktig av seg. Tørr feks ikkje å hoppe ned frå nederste trappetrinn. Ho har veldig lyst, men feigar ut i siste sekund og trakkar ned i staden for. Og så er ho fremdeles stiv i hoftene når ho spring.

Mandag denne veka var vi endelig hos fysioterapeut. Først gjorde ho ein del testar for å sjekke finmotorikken. Der er Malin veldig flink, så det var ho med på med ein gang. Men når fysioterapeuten ba ho om å gjere litt meir fysiske ting som å hoppe, balansere, stå på eit bein osv vegra ho seg. Antageligvis fordi ho er usikker på om ho får det til. Ho likar ikkje å gjere ting som ho ikkje er sikker på at ho klarer. Men etter litt lokking og luring og tull og tøys gjekk det greit. Ho klarer ikkje å stå på eit bein og ville ikkje hoppe ned frå ein ca 30 cm høg benk. Men ho klarte fint å balansere på ein strek på golvet og hoppe opp og ned, rulle rundt når ho låg på golvet og eit par andre øvelsar. Ta i mot ball som blir kasta klarte ho ikkje, men ho kastar ballen greit sjølv. Og så klatra ho nesten til toppen i ribbeveggen! Har aldri sett ho klatre noko særlig før, så då blei eg rimelig overraska. Etter å ha observert ho ei stund og undersøkt nakke og bekken og bøyd og tøyd litt sa fysioterapeuten at ho ikkje trudde at det var KISS-KIDD.

Grunnen til at ho virkar stiv når ho spring er rett og slett at ho er litt for mjuk og mobil i ledda. Så då prøver ho å stive av kroppen for at det ikkje skal bli så vinglete. Ho har ikkje hypermobile ledd, men det var ikkje så langt frå. Og så er ho plattfot og har litt innovervendte bein, men ikkje verre enn at ho kom til å vokse det av seg. Fysioterapeuten anbefalte at vi meldte ho på barneturn pluss turar i skog og mark for å trene opp musklane i overkroppen. Då vil det bli meir stabilt og ho får meir kontroll over ledda. Og så sa ho noko som eg eigentlig har tenkt litt på sjølv og: Sidan ho er så flink med finmotoriske ting (puslespill, maling, bygge med klossar, leike i sandkassa osv) velger ho heller det enn fysiske ting. Dermed kjem ho inn i ein vond sirkel der ho ikkje får trent på det ho burde. Så vi må prøve å aktivisere ho litt meir i staden for å la ho få velge sjølv heile tida.

Fysioterapauten sa at ho låg bittelitt etter ein gjennomsnittlig 3-åring og at ho virkar litt vinglete og "lealaus", men ho var heilt sikker på at ho ville ta det igjen dersom vi gjekk litt aktivt inn for å trene på ting. Og så ville ho observere ho i barnehagen og ein dag for å sjå korleis ho er saman med andre barn. Eigentlig trur eg ikkje det er nødvendig, men ho kan no få lov til det viss ho har lyst. Trur ikkje Malin har noko i mot det i alle fall, for ho syns det var så kjekt å leike med damen at ho ikkje ville gå då vi skulle heim :-)

Maiken:

Rullar rundt over heile golvet og er blid som ei sol omtrent heile dagen. Var på 6 mnd kontroll på onsdag. Den siste mnd har ho gått opp frå 6880 gram til 7030 gram. Ikkje så mykje å skryte av akkurat! Er i ferd med å droppe ned endå ei vektskurve, så eg blei anbefalt å begynne med eit grøtmåltid til. Så no får ho to grøtmåltid pluss litt smaksprøver av middagsmat.

Meg sjølv:

Har gått ned 4,5 kg sidan 28.august! Veldig stolt! Har no 6 kg igjen til målet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Heisann,

kjekt at dere koste dere på sydentur. Hørtes litt ut som samme opplegg som vi var på i mars -med mye moro for barna. Da ble imidlertid også Ingvild syk, med både lungebetennelse og ørebetennelse. Følte hele hotellet var sykt. Spesielt i ørene, noe som jeg i ettertid har fåttvite er ganske vanlig dersom man bader i basseng i syden. For lite eller for mye klor, ofte det første får skylden. Tenk så mange som bader i bassengene... blæh--- så da vi var på Mallorca i september så ble det bare badet en gang i bassenget, resten på stranden, og vi holdt oss friske alle sammen. Så bassengbading kan ha vært en grunn til at du ble syk, men selvfølgelig er det ikke sikkert. Kjedelig er det ihvertfall uansett grunn. Og mye å gjøre er det alltid med (små) barn. . Aldri "solefred" å få. Men så er jo de små så utrolig skjønne å se på og være med også da. Det finnes ikke mye gøyere enn å bade og kose seg.

Godt at Malin trolig ikke er noe Kiss-Kid barn.

Gode nyheter. Håper trening vil hjelpe. Hørtes ut som gode råd fra fysioterapeuten.

Ingvild har alltdi vært flink motorisk, både grov og finmotorisk, så vi har ikke hatt noe problemer der. Men jeg tror ikke det er uvanlig at treåringer sliter med å gå i tereng o.l. I den bhg. som Ingvild går i har ihvertfall vi fått beskjed om at flertallet av treåringene må trene på gå tur i ulendt terreng, skog og mark. På turer er det vanlig at flere faller mye og gråter og vil bæres.

Ingvild er heldigvis ikke en av dem.

Tror at vi i dette tilfellet har vært heldig og at vi ikke kan skryte på oss at vi har vært sååå flinke til å gå tur med henne. Men litt har det blitt. Noen turer til ustaoset/Geilo og litt på fjellene her i Bergen. Og hun elsker det å gå på tursti. Vil helst ikke gå på vei /grussti - men oppover fjell/turstier det synes hun er gøy. Også elsker hun å klatre(hun hopper faktisk ut av bhg. i vår, fra et tre...).

Ellers så har vi gått på gym/turn med henne siden januar, og de har vært veldig bra. Merker hun lærer mye av det.

Vi går på noe som heter Gymlek, som er et barn-foreldreparti. De trener bl.a. på det å hinke, rulle, stompe kompen, klatre i ribbevegg m.m.

Kan anbefales. Flere indrettslag her vi bor har slikt tilbud,og jeg tror ikke det er for sent å melde seg på for høstsemesteret.

Synes fremdeles det hadde vært fint å treffes. Kan se om vi kan få det til i oktober..

Ellers, fikk barna vannkopper eller?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen, ny dag!

Kan godt vere at det var bassenget som gjorde at eg blei sjuk, men då burde virkelig Malin og ha blitt sjuk! Ho budde jo omtrent oppi der! Men ho har kanskje litt bedre immunforsvar enn meg. Begge ungane unngjekk forresten vannkoppane!

Eg måtte gjennom to kurar med antibiotika før eg var kvitt halsbetennelsen min. Tok siste tablett på tirsdag.

Fysioterapeuten anbefalte sånn Gymleik som du nevnte. Dei har det på den barneskulen som ligg nærmast oss, men vi tenkte vi skulle vente til januar. No går ho nemlig på svømmekurs for 2-4 åringar ein gang for veka. Syns det blir litt mykje med aktivitetar to dagar. Ho er jo ganske sliten når ho kjem heim frå barnehagen. Vi får heller prøve å vere flinke til å gå turar i skog og mark i helgene fram mot jul! Prøvde oss helga etter besøket hos fysioterapeuten, men det gjekk heller dårlig. Allerede då vi gjekk ut av bilen begynte ho å mase om å sitte på skuldrane til pappaen. Berre sutring og klaging heile vegen og pappaen måtte bære ho store delar av tida. Om kvelden fekk ho feber og blei forkjøla, så eg reknar med at det var derfor ho var så sur tidligare på dagen. I følge dei ansatte i barnehagen er ho i alle fall ikkje sånn når ho går tur med dei! Men ho har veldig god tid, då. Stoppar og skal undersøke alt mulig, så det tar tid!

Hadde vore veldig kjekt om du kunne komme innom ein kveld! Vi er stortsett heime kvar kveld. Ungane legg seg mellom 19.30 og 20.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

heisann,

bra at de ikke fikk vannkopper...ihvertfall siden dere var på ferie,

Og godt at du endelig er kvitt halsbetennelsen.

Jeg kommer gjerne på besøk.

Nå er jeg nimidlertid ikke helt i form, men lett feber og tett nese.. så jeg er hjemme fra jobb i dag. Men når jeg er frisk igjen så tar jeg kontakt.

Klem herfra

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

God bedring, ny dag! :klem:

Dersom du skulle komme deg fort er torsdag denne veka ein god dag. Mannen er nemlig på Voss med jobben frå torsdag til fredag, så det hadde vore kjekt med litt selskap!

Akkurat no for 30 sekund sidan lærte Maiken ein ny lyd! Frå å ha sagt "rrrrrrrø" og "ææææææ" i mange mnd seier ho no plutselig "dæ-dæ" og "da-da" ! :hjerter_rundt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen,

takk for det.

Og ja jeg er såpass bra i dag at jeg har vært på jobb -men i morgen kan jeg desverre ikke komme til deg. Skal på seminar på instituttet 16-19 og ut på middag med dem etterpå.

Skal prøve å få det til neste uke.

Ha en fin uke videre.

klem, nydag

Lenke til kommentar
Del på andre sider

er det ikke herlig med sånne nye lyder!! :rødme:

- mye som skjer nå, og like moro med alle framskritt! :jepp:

Ha en god kveld!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei igjen Kipa og ny dag!

I dag skal vi på babysang. Og så skal vi på kafè med ei anna mamma som har ei jente født i mars. Har nesten blitt fast at vi går på kafè kvar torsdag. Veldig koselig jente/dame som eg har møtt via nybaktmamma.com.

Mannen har reist til Voss med jobben og skal kose seg på hotell, så i dag er eg aleinemor. Syns det er litt stress, så eg er glad for at det berre er for eit døgn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann,

ble syk igjen jeg fredagen og var ute stemme noen dager.

Skjer noen ganger etter at jeg har vært forkjølet at jeg ikke kan snakke. Virkelig kjipt for en som liker så godt å snakke som jeg.

Men nå er jeg bra igjen, og lurte på om vi kan avtale en kveld jeg kan stikke bortom. I morgen kan jeg ikke, for da skal jeg treffe en annen venninne av meg som også har fått barn i år (og som har rukket å bli snart fem måneder). Maiken har jo rukket å bli enda større så nå haster det med å få se henne.. :jepp:

Men forstår selvfølgelig godt at du helst ønsker at jeg skal komme etter at barna er lagt. Håper bare jeg kan få smugtitte litt på dem.

Passer det at jeg kommer til deg en kveld neste uke?

Tirsdag er eneste dag jeg ikke kan.

Send gjerne en sms til meg hvis du vil ha kjapt svar fra meg.. men jeg skal sjekke her inne også :kaffe:

Klem herfra

Endret av ny dag
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei på deg, ny dag!

Tirsdag er den einaste dagen som ikkje passar for meg og. Då skal eg svømme, nemlig. Prøver å begynne eit nytt og bedre liv med litt trening. Får sjå kor lenge det varer... :sjenert:

Mandag passar veldig bra f.eks! Då skal mannen på trening i åtte-tida. Ungane legg seg mellom 19.30 og 20, så viss du kjem litt før 19.30 rekk du å hilse på dei før dei legg seg. Må i alle fall få lagt Malin før mannen går på trening, eller så blir det berre pes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Herregud for ei pyton natt :eeeh:

Hadde besøk av ny dag i går kveld og det var veldig koselig! Akkurat då ho skulle gå våkna Maiken. Hender ofte at ho gjer det, så tenkte ikkje så nøye over det. Som oftast er det nok å vugge ho litt, men av og til må ho ha litt pupp før ho sovnar igjen. Mannen vugga ho mens eg sa hade til ny dag. Men det viste seg at det ikkje skulle bli så lett å få ho til å sovne igjen. Ho hadde nemlig plutselig blitt veldig forkjøla. Heilt potte tett. Ho var jo heilt fin då ho la seg eit par timar tidligare, så eg skjønnar ikkje korleis ho kunne bli så forkjøla på den korte tida. Prøvde å gå litt fram og tilbake med ho i mørket på soverommet mens eg sang, men ho hylte berre høgare og høgare. Trur ho fekk litt panikk fordi ho ikkje klarte å puste gjennom nesa. Og pupp skulle ho IKKJE ha, det var i alle fall sikkert! Prøvde mange gangar, men då berre auka ho volumet på hylinga. Til slutt måtte eg ta ho inn i lyset i stua, og då roa ho seg etterkvart. Prøvde å gi ho pupp igjen då vi la oss ei stund seinare, men ikkje søren om ho skulle ha, og ho skulle i alle fall ikkje ligge i si seng. Og når eg ga ho litt saltvatn i nesa fikk ho panikk igjen. Skreik og skreik. Fekk ho til slutt til å sovne i mi seng i 01-tida og la ho forsiktig over i senga. Ein time seinare våkna ho igjen med eit hyl og så var det på'an igjen. Skulle ikkje ha pupp då heller. Etter ein times tid roa ho seg, men i fem-tida begynte det igjen.

Så eg er ein smule trøtt i dag.

No er ho heldigvis blid og fornøgd etter å ha sove i to timar, men fremdeles veldig snørrete og litt varm i toppen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...