Gå til innhold

Så var vi fire!


Hermione

Anbefalte innlegg

Kan ikkje vente til fredag. Må ha ein test NO :sur:

Mannen meiner sjølvsagt at det er tull å kjøpe ny no og at eg heller bør vente nokre dagar. Han har jo rett, men det drit eg i :lol:

Var nettopp og sjekka nettbanken og såg at eg har 304 kroner på konto. Vi klarer vel å overleve på det vi har i frysen og kjøleskapet til fredag, så då kan eg vel

gå på apoteket og kjøpe meg ein test? :sjenert:

Trur eg gjer det når Malin våknar. Og så kan eg teste i morgon tidlig.

Gjekk ganske greit i barnehagen i dag. I begynnelsen var ho veldig klengete og sutrete, men etterkvart tødde ho opp litt og hadde det ganske kjekt. Det var burdagsfeiring i dag, så ho fekk is og nonstop. Nonstop likar ho tydeligvis ikkje, for dei kom berre ut igjen :legrine:

Det var eit par ting eg ikkje var heilt fornøgd med:

-Primærkontakten til Malin som tok i mot oss i dag, skal slutte på fredag :icon_neutral: . Ho virka veldig grei, og Malin fekk etterkvart ganske god kontakt med ho. Men det er jo liten vits i at Malin blir knytta til ho no når ho ikkje er der på mandag?

-Det begynte ein ny assistent der i går som skal bli den nye primærkontakten til Malin. Dette er ein mann på litt over 40 år (trur eg), har aldri jobba i barnehage før, men har jobba i SFO. Han har heller ikkje eigne barn. Er gift med ei frå Thailand. Og då kjem jo fordommane mine mot sånne som skaffar seg postordre-bruder fram med ein gang :roll:. I tillegg stamma han litt og har ufrivllige gryntelydar heile tida. Sikkert ein mild form for Tourette. Eg har ingenting i mot folk som stammar altså, men eg trur kanskje det gjer at Malin blir litt ekstra utrygg. Malin er i utgangspunktet livredd alle andre menn enn pappaen, så det er ikkje ideelt at ho har ein mannlig primærkontakt no i starten. Eg er veldig glad for at det jobbar ein mann på avdelinga slik at ho blir vant til menn, men eg trur det er best at ho har ein kvinnelig primærkontakt til ho har blitt litt meir husvarm. I løpet av dei timane vi var der snakka han til Malin to gangar, men då berre rygga ho bakover og ropte "mamma!" . Ho kjem aldri til å gå med på at han skal bytte bleie på ho eller kle på ho. Då blir det garantert hyling og skriking :(

Eg skal ha ein samtale med ho som er avdelingsleder i morgon. Då trur eg at eg skal ta det opp på ein forsiktig måte. Eg må forklare at Malin er livredd menn (anar ikkje kvifor), og at det er viktig at denne mannlige assistenten nærmar seg veldig langsomt og forsiktig i starten. Ikkje bytte bleie på ho eller ta ho på fanget før ho er klar for det. Og så må eg be om at ho får ein anna primærkontakt i tillegg til han iallefall dei første vekene. Hatar å ta opp sånt... :sjenert: . Og så er eg så redd for at det skal bli tatt ille opp. Har jo ikkje noko i mot at han jobbar der, heller tvert i mot, men er så redd for at Malin skal komme skeivt ut og bli utrygg no i starten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Jeg hadde løøøøpt ut og kjøpt test, du er jammen meg tålmodig må jeg innrømme! Håper uansett du finner ut av det, og er du ikke gravid har du jo plenty av tid til å få det til.

Når det gjelder om det eventuelt er urettferdig om du får til på første forsøk, så er jo livet urettferdig. Akkurat som det er urettferdig at du fikk totalruptur etter fødselen, mens andre kan sykle dagen etter på. Så ta med deg det du kan få! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tok endå ein test i går, eg :plystre:

Apoteket hadde berre Quick Respons, så då blei det den. Fekk ein svaaaaaak strek etter 4 minutt. Gjekk nesten ikkje an å sjå den, men den var der. Så då er eg vel gravid, då?

Klarar liksom ikkje å slå meg heilt til ro med det før eg får ein skikkelig strek.

Skal teste på nytt i morgon. Dersom eg er gravid har eg sikkert testa litt tidlig i forhold til eggløsning. Kanskje eg hadde sein eggløsning denne syklusen. Eg er jo 3 dagar over forventa mens no dersom eg reknar med 28 dagers syklus, så eg syns eigentlig at streken burde vore meir tydelig. Og kvifor i all verden blei den første testen positiv og dei to neste negativ? Dersom eg ikkje får skikkelig strek i morgon begynner eg å lure på om det her er ein sånn pinglegraviditet som endar med MA. Har jo ikkje fått noko graviditetssymptom heller. Bortsett frå at mensen ikkje har komt, då :roll:

Malin er forresten aleine i barnehagen akkurat no :icon_neutral:

Ho hylskreik då eg gjekk :tristbla: Eg hadde mest lyst til å springe tilbake og løfte ho opp, men svelgte klumpen i halsen og gjekk. Ringte 15 minutt etter at eg hadde gått, og då hadde ho det heilt fint. Skal gå og hente ho når ho har ete lunsj med dei andre ungane. I morgon skal ho sove der. Er veldig spent på korleis det kjem til å gå. 9 ungar som skal sove samtidig i eit lite rom!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så spennende med den graviditetstesten :hoppe:

En strek er jo en strek sies det jo. Blir spennende å se hvordan resultatet blir i morgen, men jeg tar sjansen på å gratulere likevel jeg :)

Er jo ikke uvanlig å ikke ha graviditetssymptomer heller.

Skjønner at det ikke var noe gøy å forlate Malina ja :klem:

Spennende med overnatting ja.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjekk ikkje så bra i barnehagen i dag likevel :tristbla:

Først skreik ho jo som sagt då eg gjekk, men roa seg igjen. Etter det hadde

det gått fint ca ein halv time, men så skulle dei ha samlingsstund. Og det blei litt

for masse for Malin. Plutselig skulle alle barn og voksne vere ilag i eit lite rom og så blei det litt mykje ståk og bråk når alle skulle sette seg. Så då begynte ho å grine og ropte på mamma igjen :grine:

Dei klarte ikkje å roe ho, så avdelingslederen og den mannlige assistenten som er primærkontakten hennas tok ho med inn i eit anna rom. Der klarte ho til slutt å slutte å grine. Men så skulle alle sammen sette seg rundt bordet og ete etterpå, og då begynte det igjen :(

Då eg kom for å hente ho høyrte eg ho heilt ut på parkeringsplassen. Vi satt litt i garderoben og prata med avdelingslederen før vi gjekk og då kjente eg at tårene pressa på mens avdelingslederen fortalte kva som hadde skjedd. Stakkars lille jenta mi! Ho er ikkje vant til så mange folk på ein gang. Det blei nok litt for voldsomt for ho.

Ho satt på fanget mitt og hiksta og hadde store problem med å slutte å grine. Men det kom seg då vi kom oss ut og ho fekk disse litt før vi gjekk heim igjen.

No er eg litt i tvil om eg skal la ho vere der så lenge som eg hadde tenkt i morgon.

Eg hadde tenkt å levere ho ca 9.30, gå på jobb og la mannen hente ho når ho våknar etter luren sin ca kl 14. Men ho er nok kanskje ikkje heilt klar for å sove der endå.....Eg får diskutere det med avdelingslederen i morgon når eg kjem og eventuelt ringe jobben og seie at eg ikkje kjem likevel.

Yamaha: Ho skal ikkje overnatte i barnehagen, altså ;) . Det hadde eg aldri gått med på etter 2-3 dagar i barnehagen. Foreløbig har ho ikkje overnatta hos bestemora eingang. Men det må ho gjere snart. Eg og mannen har absolutt godt av litt aleinetid, og det hadde sikkert gått heilt fint. Er berre eg som er litt pysete :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:hoppe: Så spennende!!!! Håper det er en skikkelig graviditet og bare litt dårlige tester !!!!!

Satser på skikkelig sterk strek om et par dager!

Høres ikke morsomt ut med tilvenningen til barnehagen :klem: Håper det går seg til og at hun snart stortrives med alle de andre barna!

God helg!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Yamaha: Ho skal ikkje overnatte i barnehagen, altså ;)

Nei, ser jo det nå. Leste feil isted jeg :)

Dumt at det ikke gikk bra i barnehagen da :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ny test i dag: Fremdeles svak strek, men eg trur den er sterkare enn i går! :hoppe:

Så då går det iallefall rette vegen! Var ei stund redd for at hcg-produksjonen var på veg nedover sidan eg først fekk positiv test og deretter negativ. Men no trur eg ikkje det er tilfelle. Trur likevel eg venter til over helga med å flytte dagboka over på graviditetsbøker. På mandag kjøper eg meg ein Clearblue :sjenert: . Likte ikkje desse Quick Response testane. Tar jo evigheiter før streken kjem fram, jo! Men Clearblue kjem den jo med ein gang. Har iallefall gjort det før når eg har vore gravid.

Har faktisk begynt å bli kvalm :kvalm: Men det er jo ein smule tidlig med svangerskapskvalme når ein er 4+3, så det er mulig det berre er fordi eg er nervøs for korleis det kjem til å gå med Malin i barnehagen i dag.

Kjekt at du hilser på , bizzy! Jørgen har blitt så stor! Syns han lignar litt på deg, eg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer Hermione :hoppe:

så gøy!

Når jeg tok den andre testen med Clearblue (ikke den digitale), så kom krysset frem nesten før kontrollstreken :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag fekk eg endelig klart og tydelig kryss med god, gammaldags Clearblue! :hoppe:

Teststreken var sterkare enn kontrollstreken, så no er eg ikkje i tvil lengre :-D

Og i dag har det gått veldig bra med Malin i barnehagen. Pappaen leverte, og det blei litt skriking, men ho roa seg fort etter at han hadde gått. Då eg kom og henta ho var ho ikkje spesielt ivrig på å bli med heim. Ho satt ute og koste seg i solveggen med frukt :hjerte:

Fredag gjekk det skikkelig dårlig då eg leverte ho. Etter å ha sagt hade gjekk eg opp på kontoret til ho som er pedagogisk leder for å ha foreldresamtale. Hadde skikkelig klump i magen, for ho skreik sånn. Og då eg gjekk ned etter 20 minutt skreik ho fremdeles :tristbla: . Eg fant ut at det var best å snike seg ut uten at ho såg meg. Ikkje kjekt å gå frå barnehagen når eg høyrte at ho skreik heilt til eg runda svingen 50 meter borti vegen..... Men det gjekk heldigvis bedre etterkvart, og ho sovna uten problemer då det var sovetid.

Og i dag gjekk det som sagt bedre :icon_smile: Trur ho kjem til å stortrivast i barnehagen når ho berre blir litt bedre kjent med ungane og dei som jobbar der.

Då trur eg at eg flyttar denne dagboka over på graviditetsdagbøker :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så bra at det ikke er noen tvil lenger :hoppe:

Velkommen etter i graviditetsdagbøkene :)

Så bra at det ser ut til at det går bedre i barnehagen med Malin da :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Tusen takk for gratulasjonar, alle sammen!

I dag er eg faktisk 5+2 allerede :danse: Merkar ikkje så mykje til graviditeten endå, bortsett frå litt kvalme innimellom. Bestilte time til første svangerskapskontroll i dag. Fekk time 11.september. Då er eg 8+6. Syns det er greit å ta kontrollen akkurat då sidan eg var omtrent 8 veker gravid då eg hadde MA i første svangerskap (Blei oppdaga i veke 10). Legen min har UL-apparat, så då får eg sjå om det er liv. Veldig greit, syns eg!

Er forresten ganske problematisk å få bestille legetime når ein deler kontor med

nokon som helst ikkje skal vite at eg er gravid heilt endå :icon_neutral:

Måtte avbryte eit par forsøk fordi ho plutselig kom inn døra :plystre:

Det blir litt problematisk å fortelle det på jobben denne gangen. Sjefen er nemlig i utlandet og kjem ikkje tilbake før til neste sommar! Så då må eg enten sende ein mail eller ringe. Syns eigentlig det er mest fair å ta sånt ansikt til ansikt. Litt feigt å sende mail :sjenert: Skal treffe han på eit seminar når eg er ca 9 veker på veg, men eg syns liksom det er litt tidlig å fortelle det allerede då. Trur ikkje han blir så veldig glad for at eg skal ut i permisjon før han kjem tilbake. Men han er ein grei kar, så det går sikkert greit likevel ;)

Neste veke er det blåtur på jobben, og eg lurar veldig på korleis eg skal klare å unngå alkohol uten at nokon blir mistenksomme. Hadde tenkt å ta med alkoholfri vin på vanlig vinflaske, men no viser det seg at det ikkje er lov til å ha med medbrakt drikke der vi skal :sur:

To veker etter skal eg på endå ein fest med jobben der det blir servert alkohol til middagen og så er det 3-dagers seminar ei veke etter der igjen. Nok ein gang garantert mykje alkohol i omløp.

Ellers går det bedre, og bedre med Malin i barnehagen :-D

Ho skrik litt når eg går, og vil ikkje vinke i vinduet, men etter 2 minutt er alt greit

igjen. I følge personalet pratar ho ikkje så mykje om dagen, men når pappaen kjem for å hente ho pratar ho som ein foss og skal vise han alle leikane og senga ho søv i. Så dei ser jo at ho kan prate viss ho vil. Reknar med at ho blir litt meir pratsom når ho blir kjent med ungane og dei som jobbar der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer så mye med graviditeten! Så hyggelig at det klaffet så kjapt. Og litt skummelt også, det skjønner jeg. :klem: Kjenner godt til det med å snakke i telefonen; på jobben min sitter vi i åpent landskap, og jeg endte til slutt opp med å snakke i telefonen på do og i garderoben :ler:

Enig med deg i at det er greit å få sjekket med UL med en gang, uke 8 er passe tid. Dette er jo kjempe spennende Hermione! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...