abelille Skrevet 15. august 2006 #201 Del Skrevet 15. august 2006 Det burde da virkelig være lov å ha en stille og rolig nyttårsfeiring alene! Mannen og jeg har flere ganger feiret nyttårsaften hjemme med pinnekjøtt og multekrem helt alene. Og vi nyter det! Men å få forståelse fra svigermor for at man ønsker det er kanskje ikke like lett. Jeg får skylda for at mannen ikke er ofte nok hjemme (men han synes det er mer enn ofte nok). Dere får bare stå på deres. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 15. august 2006 Forfatter #202 Del Skrevet 15. august 2006 Me er aldri ofte nok på besøk hos svigers, og slik vil det nok alltid vera, uansett om me skulle finan på å reisa dit ein gong i månaden. Og familie er utruleg viktig for dei; dei synest det er heilt naturleg at familien skal samlast i alt som kan kallast høgtider, t.d. nyttår og påske. Eg har aldri hatt behov for å tilbringa alle slike dagar saman med familien, sjølv om både eg og mannen likar min familie betre enn me likar hans. Men, ja, me må jo bare stå på vårt; det blir bare psykisk slitande å ha dei her i leiligheiten over lengre tid, samtidig som dei kjem med slike krav. For å stå på sitt kan vera ganske tøft når ein får til svar at ein ikkje har omsorg for familien sin, og klare hentydingar om at mine foreldre tydelegvis ikkje bryr seg om om dei ser barna sine eller ikkje. Men nå har dei reist, og eg slappar av. Eg kjenner at denne jobbsøkesituasjonen er frustrerande. Eg veit ikkje heilt kor eg skal søka, for det er ikkje så mange som lyser ut den type stillingar som eg har mest lyst på. Difor bør eg helst ringa og forhøyra meg i aust og vest før eg sender søknader, og eg kan ikkje fordra å ringa til nokon eg ikkje kjenner og spør om det er mogleg for meg å få jobb der. Og for min del så gjer det ikkje noko om det drøyer ut litt før eg får jobb, men det er bare det at å gå her å ikkje vita gjer meg gal, og difor vil eg eigentleg at ting skal skje nå! Og så er det veldig frustrerande å få spørsmål om eg har fått jobb, og kor mange søknader eg har sendt og slikt heile tida. Grrr. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 15. august 2006 #203 Del Skrevet 15. august 2006 Kjenner til problemet, selv er jeg aldri hjemme lenge nok for foreldrene min. Holder på å gå på veggen etter 10 dager hjemme, 2 uker er virkelig maks. Men uansett hvor lenge jeg er hjemme, så har jeg ikke vært der lenge nok. Ang jobbsøknader, det er kvaliteten, ikke kvantiteten, skal du si til dem som spør om hvor mange søknader du har sendt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Gjesta Skrevet 15. august 2006 #204 Del Skrevet 15. august 2006 Kjenner til det med å få overdose av familie etter veldig kort tid...Vi har invitert pappa til å feire jul med oss, og siden han er en mildt sagt krevende person på alle måter (aller mest fordi han prater uavbrutt, og mange ting som får meg til å skjære tenner og nesten bite av meg tunga for å ikke svare spydig), kom det som en ekstra prøvelse da han sa at han I TILLEGG ville "feire" nyttår sammen med oss. Det betyr over en uke, det. Hvordan skal jeg holde ut? Jeg leter allerede etter unnskyldninger..... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 15. august 2006 Forfatter #205 Del Skrevet 15. august 2006 Det er jo både godt og litt dumt å vita at eg ikkje er den einaste som har slitsom (sviger)familie. Nå har eg stort sett fått det siste besøket ut av systemet, både ved å skriva om det her, og ved å klaga til folk rundt meg, så nå går det bra. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 16. august 2006 Forfatter #206 Del Skrevet 16. august 2006 I kveld har me hengt opp gipsplater på ein vegg på kjøkkenet, for å få ei glatt overflate i staden for ei blanding av betong, murpuss og restar av glassfiberstrie. Nå må limet tørka i eitt døgn, så kan me sparkla overgangen mellom platene, for så å grunna platene med maling, leggja strukturtapet oppå platene, og måla alle veggane i ein lys gråblå farge. Trur det skal bli fint. Frå før har me heilt enkel kvit kjøkkeninnredning, med heilt glatte dører, mørk grå benkeplate og mellomgrå glassfliser mellom benkeplate og veggskåp. I dag hadde me vegetarmoussaka til middag. Basisen var denne oppskrifta, men eg brukte ikkje aubergine eller potet, bare store mengdar squash; me hadde nemleg ein stor squash å bruka opp, og dessutan så er eg ikkje noko særleg glad i aubergine. Det vart godt. Tidlegare i dag hadde eg eit oppkutta eple, med ca. 1/2 boks cottage cheese og litt hakka mandler på toppen. Dette åt eg ofte i vinter, men eg hadde nesten gløymt at det gjekk an, og i dag var det bare fantastisk godt! Må hugsa å eta det oftare. Nam. Yess, då er mannen ferdig å støvsuga på kjøkkenet, så då må vel eg vera med og rydda resten. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 21. august 2006 Forfatter #207 Del Skrevet 21. august 2006 Me var i bursdag/innflyttingsfest på laurdag. Det var veldig koseleg! Var hos ei venninne som eg ikkje hadde sett sidan i vår, og fekk mellom anna sjå bilete frå Hong Kong, der ho og ein anna felles venninne var i juni. Elles mange kjekke, og stort sett ukjende folk. I går laga eg fromasj, med fersken og jordbær. Nam! Hadde ein kartong med kremføyte som måtte brukast opp. Me har vanlegvis ikkje fløyte ståande, men eg hadde kjøpt det til ein spesifikk middagsrett som eg skulle laga etter oppskrift, men så gløymte eg likegodt å ha oppi kremen. Så då vart han ståande, og til slutt vart det altså fromasj. Nå skal eg eigentleg skriva ein jobbsøknad, men det er jo ikkje så kjekt, så det er mogleg at eg tek ein omgang med Captain Comic II først. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 22. august 2006 Forfatter #208 Del Skrevet 22. august 2006 I går var eg på "virtuell spinning". Dvs. spinning utan instruktør, men med storskjerm som viser "løypa" (intensitetsnivå) ein syklar, og videopptak av folk som syklar i Jotunheimen. Det var heilt ok, og eg vart skikkeleg sliten, men eg sakna instruksjonar om når eg skulle sitja og stå, og når eg skulle skru belastninga opp og ned. Det er jo forsåvidt ikkje så veldig farleg, for eg gjorde jo det eg følte skulle til for at pulsen skulle følgja "intensitetskurva" på skjermen. Trur kanskje det hadde vore endå betre dersom eg hadde hatt ei pulsklokke. Men her er det kjøpestopp fram til eg får meg jobb, så eg får klara meg utan ei lita stund i alle fall. I dag har eg teke ein litt skummel telefon. *flink* Dessverre så må eg ringa om igjen på måndag, for han eg må snakka med for å få eit godt svar på om det er moglegheitar for at eg kan få jobb der, er på ferie. Men eg snakka med sjefen hans, og han sa at det kunne vera. Men han var ikkje heilt sikker på kva han som var ansvarleg for den avdelinga hadde tenkt. Så eg må altså prøva igjen på måndag. Men det skal gå fint, for det var ikkje så skummelt som eg hadde tenkt. Nå skal eg fortsetja på den søknaden eg begynte på i går. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 22. august 2006 Forfatter #209 Del Skrevet 22. august 2006 (endret) Nå begynner eg å bli rimeleg irritert på slike legg-inn-CV-og-søknad-og-vitnemål-på-nettet-søknadsskjema. Altså: Eg kan godt lasta opp søknad og CV til alle databasane dei vil at eg skal lasta det opp til. Eg kan óg fylla ut slike "skjema-CVar" på nettet dersom dei helst vil det, sjølv om mine opplysningar aldri passar inn i desse skjemaa (t.d. har eg hatt sommarjobbar og vikarjobbar på same arbeidsplass i mange korte periodar i fleire år, og då er det ikkje så lett å fylla inn når eg starta i den jobben og når eg slutta; det ville dessutan vera veldig tåpeleg å føra opp slike ting som mange individuelle jobbar, då tek jo desse jobbane rett og slett opp mykje meir plass enn dei fortener). Men når dei ber meg lasta opp vitnemål frå studia mine, og ingen filer kan vera større enn 500 kB, då blir eg frustrert! Vil dei at det skal vera leseleg eller? Vitnemålet mitt frå bachelorstudiet er på tre sider, og ettersom det er rimeleg kryptisk, så har eg laga ei forklaring som eg helst óg bør leggjast ved. Det blir fire sider til saman, og då begynner det å bli vanskeleg å få det ned i 500 kB og framleis kunna lesa karakterane... Eg kan ikkje dela det opp som fleire filer heller, for det er sjølvsagt ei grense for kor mange filer eg kan lasta opp til saman. Endret 22. august 2006 av apple Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 23. august 2006 #210 Del Skrevet 23. august 2006 Sånne webdesignere tenker ikke alltid. Eller kanskje det er oppdragsgiver som ikke tenker. Eller kanskje de rett og slett ikke skjønner. Det er ikke en mulighet å legge ut attester skikkelig på en nettside og linke til den da? Men jeg er enig med deg i at det ser mye bedre ut dersom man faktisk legger ved de tingene de vil ha. 500kB er jo ingenting, har knaptnok sett et pdf-dokument som er så lite, og ting bør jo helst være i pdf. Joddsøking er frustrerende! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 24. august 2006 Forfatter #211 Del Skrevet 24. august 2006 Har hatt eit par dagar der eg har følt meg litt utanfor, sånn fysisk sett; ikkje mykje, bare akkurat slik ein av og til kan føla seg av tungt, lummert vêr. Eg har ingenting imot dei varme dagane me har hatt så mange av i sommar, og eigentleg så likar eg óg skikkeleg regnvêr, men "tung" luft som ikkje forsvinn etter ei byge eller to har ein tendens til å føra til at eg kjenner meg litt tung i hovudet, og litt slapp. Men det får heller gå bra. Nå skal eg eta, kanskje kikerter med agurk, feta, olivenolje og balsamico? Eller eventuelt linsesuppe? Eller, dersom eg er veldig lat, eller eg finn ut at det ikkje er så veldig lenge til me skal ha middag, så blir det kanskje ein pose rett i koppen? Må uansett få i meg eind el væske, for eg har ikkje vore så flink til det i dag. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 28. august 2006 Forfatter #212 Del Skrevet 28. august 2006 Då har eg fått unnagjort ein litt skummel telefon. Nå må eg bare skriva litt om bakgrunn, utdanning og interesser, og senda til han eg snakka på tlf. med, så får han vurdera om han har anledning til å lysa ut ei stilling. Føler meg ikkje overoptimistisk, men det er jo lov å håpa... Elles så venter eg framleis på avklaring frå eit firma eg har inne ein søknad hos. Dei venta på svar frå folk med meir erfaring, og dersom ein av dei meir erfarne takka nei til dei, så var dei interesserte i meg. Dei skulle ha høyrt tilbake frå desse folka i sist veke. Eg prøvde å få tak i HR-manageren deira på tlf. i dag, men det klarte eg ikkje, så eg la igjen beskjed på svararen om at dei måtte ringa meg. Er ganske nervøs for kva dei skal sei, for eg har jo ikkje lyst å bli avvist, men eg har ei kjensle av at det er det som kjem til å skje. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 28. august 2006 #213 Del Skrevet 28. august 2006 Det var det jeg trodde, ja. Satt inne på en diskusjon, og plutselig ser jeg signaturen din. I alle fall ganske lik (bruker som heter "the Sun"). Ikke nok med at noen har et nesten likt brukernavn, nå dukker jammen signaturen din opp også. Er det rart jeg blir forvirret? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 28. august 2006 Forfatter #214 Del Skrevet 28. august 2006 Det var det jeg trodde, ja. Satt inne på en diskusjon, og plutselig ser jeg signaturen din. I alle fall ganske lik (bruker som heter "the Sun"). Ikke nok med at noen har et nesten likt brukernavn, nå dukker jammen signaturen din opp også. Er det rart jeg blir forvirret? ← Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 29. august 2006 Forfatter #215 Del Skrevet 29. august 2006 Blir så sint av å lesa trådar på Religion og Livssyn! Prøver eigentleg å halda meg langt unna det forumet, men av og til tek procrastination heilt overhand, og eg vil tydelegvis gjera kva som helst for å sleppa å jakta på jobbar... Det som irriterer meg grenselaust er ikkje-kristne som trur at alle kristne er like, og kristne som trur at deira (ofte veldig konservative) måte å sjå og gjera ting på er den einaste rette. Eg er kristen, dvs. at eg trur på Gud, og trur at Jesus var Guds son, og at han tok straffa for syndene som menneska har gjort. Eg innser at dette høyrest litt usannsynleg ut, men det gjev meg tryggleik å tru dette, og eg kan ikkje sjå at det skal ha vore noko ulempe for meg å ha denne trua, sjølv om det skulle visa seg at eg tok feil. - Eg meiner IKKJE at slik den gjennomsnittlege kristne middelklassen lever er den einaste rette måten å leva på. - Eg meiner IKKJE at bibelen er ei samling av reglar som Gud har fått nokon til å skriva ned for seg, og at menneske skal følgja desse reglane til evig tid. Kvifor må det finnast religiøse fundamentalistar? Kvifor har menneske eit så stort behov for å høyra til i ei gruppe? Eg ønsker meg eit nytt ord eg kan bruka for å identifisera mi tru utan at folk automatisk trur at eg hatar homofile og at eg trur eg er betre enn ikkje-kristne? Dessutan ønskar eg meg svigerforeldre som kan akseptera at eg ikkje hatar homofile. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 29. august 2006 #216 Del Skrevet 29. august 2006 Kan ikke gi deg nye svigerforeldre, men jeg kan gi den en ! Hvorfor finnes det religiøse fundamentalister? Hvorfor finnes det folk som kan skade andre? (Hvorfor finnes det folk som ikke forstår binært tallsystem?) Vel, der er du midt oppi "det ondes problem". Hvis Gud er god, hvorfor tillater han da det vonde som skjer? Det er mange som undrer seg på det. Skulle gjerne gitt deg et svar, men jeg har ikke funnet svaret jeg heller. Men jeg er ganske sikker på at livet blir mer interessant når vi mennesker er forskjellige. Selv med de religiøse fundamentalistene. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 29. august 2006 Forfatter #217 Del Skrevet 29. august 2006 til deg, abelille! Det er sant at det er bra at det finst ulike menneske i verda, men samtidig så er det veldig trist at religion, som burde vera ein god og betryggande faktor i folk sine liv, er grunnlag for så mange tragiske konfliktar. I kveld har mannen hjulpe meg å skriva ein mail om meg sjølv, bagrunnen min og interessene mine. Så får me sjå om den potensielle arbeidsgjevaren har lyst å lysa ut ei stilling som kan passa meg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 30. august 2006 Forfatter #218 Del Skrevet 30. august 2006 I dag har eg ringt og forhøyrt meg litt om nokre utlyste forskarstillingar. Ho eg snakka med var veldig grei, og ho meinte at bakgrunnen min var midt i blinken for hennar prosjekt! Nå har eg klart å gira meg ned litt, slik at eg kan tenka klart igjen, men eg sit framleis igjen med ei kjensle av at dette er heilt topp! Dessverre er ikkje søknadsfristen før 21. september, så eg må vera tålmodig med tanke på den vidare prosessen. Men eg skal i alle fall skriva søknad! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 30. august 2006 #219 Del Skrevet 30. august 2006 Så bra apple! Får satse på at det fører fram. Er det på universitet stillingene er utlyst eller er det i det private næringslivet? Skader ikke å søke, og om søknadene kommer tidlig tror jeg ikke det gir noe dårlig inntrykk det heller. Jeg tror kanskje at religion har fått et dårlig rykte på seg. Jeg er ikke overbevist om at det alltid er religionen man kriger om. Men det er greit å ha et skalkeskjul... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 30. august 2006 Forfatter #220 Del Skrevet 30. august 2006 Stillingane er statlege, men ikkje på universitetet. Skal sjølvsagt senda søknad med det første, og eit bra inntrykk trur eg eg har klart å gje allereide; følte i alle fall at ho eg snakka med var litt gira ho óg. Trur forresten du har rett i at det ikkje alltid er religion dei krigar om, men ein del av krigane går på ting mange kanskje innbiller seg at er religion. I dag har me trent styrke. Det gjorde veldig godt! Nakke- og skuldermusklane mine begynner å klaga dersom det går for lenge mellom kvar styrketrening, og nå var det på tide. Trur eg skal leggja meg veldig snart, og lesa litt i boka mi, før eg forhåpentlegvis sovnar godt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå