apple Skrevet 20. juli 2006 Forfatter #181 Del Skrevet 20. juli 2006 Nå har eg ringt til dei fleste selskapa/arbeidsgjevarane som eg hadde tenkt å ringa til, og som eg har mest lyst å søka til i første omgang, så nå er det vel bare å skriva søknadene... Driv og vaskar klede og styrer litt i heimen i dag, for me skal reisa ein tur til foreldra mine i helga (laurdag-tysdag), så eg får sjå kor mykje søknadsskriving det blir... Dessutan så har mannen funne eit supergenialt program som heiter DOSBox, som emulerer DOS, slik at eg kan spela alle dei gode, gamle DOS-spela! For tida går det i Captain Comic, og eg klarer å bruka ganske så mykje tid på det. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 20. juli 2006 #182 Del Skrevet 20. juli 2006 DOS spill? Jeg må ha gått glipp av dem, jeg. Hos oss var det Commodore og morsomme spill som paperboy. Jeg prøvde en emulator for en stund siden, men det var vanskelig å spille uten joystick... Også gikk det så fort. Tror ikke det gikk så fort den gangen? (Kan være jeg som har blitt eldre og har dårligere reaksjon også) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 20. juli 2006 Forfatter #183 Del Skrevet 20. juli 2006 Me hadde aldri Commodore heime, men Paperboy finst for DOS òg. I DOSBox kan du skru farten opp og ned, så det skal vera mogleg å justera for slike ting. Men joystick blir det kanskje vanskelegare å få til... Eg var aldri spesielt god med joysticken, ettersom me altså aldri hadde verken Commodore eller Amiga. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 21. juli 2006 Forfatter #184 Del Skrevet 21. juli 2006 Fekk med meg mannen på styrketrening i går, så nå har eg sånn passe utmatta musklar. Planen for dagen er å vurdera å begynna å skriva ein søknad eller to, vaska litt meir klede, og å stikka på innvandrarsjappa og kjøpa pakistansk mango og andre freistande frukter, og ta med ein vaniljekesam eller to på veg heim. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 25. juli 2006 Forfatter #185 Del Skrevet 25. juli 2006 Heime igjen, etter ein fin tur til foreldra mine. Me har besøkt ei venninne som eg ikkje hadde sett på lenge, kost oss i sola, ete mykje god mat, gått tur til Synesvarden (liten topp på Høg-Jæren), bada i sjøen, og spelt Ticket to Ride. Eg merkar at eg har mykje meir lyst å bu på den kanten av landet som foreldra mine bur enn i Oslo. Minst av alt likar eg forureininga her, men eg har eigentleg ikkje så lyst å flytta ut av byen heller, for Austlandet er liksom ikkje mitt område. Håpar eg kan få ein jobb lenger vest etter kvart, sjølv om eg nok satsar på Oslo i første omgang. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 26. juli 2006 #186 Del Skrevet 26. juli 2006 Captain Comic hadde me òg! Eg trur det var det første plattformspelet me fekk, og det var jo rett og slett heilt fantastisk - og eg kan framleis høyre for meg musikken... Så artig! Høyrest ut som de har hatt det deilig heime! Me er heime hjå mampap no, og slappar stort sett av. Dei andre drog nett ut i ei vik på badetur, men sidan eg ikkje kan bade, og fort vert overoppheta i sola, vart me heime - så kan me vere ute og inne, i skugge og sol som det passar. Tar det stort sett med ro - les mykje, strikkar mykje, spelar litt spel, går i alle fall ein tur til dagen, et jordbær og blåbær og stikkelsbær og... Ja, har det fint :D. Håpar du kosar deg du òg, tilbake i storbyen! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 27. juli 2006 Forfatter #187 Del Skrevet 27. juli 2006 Det høyrest ganske deilig ut der du òg er, Pip. Satsar på at resten av svangerskapet går fint, og at det snart er over. I dag har eg vore på jobb. Me hadde faktisk ein del å gjera, så det gjorde ikkje noko at me var to stk i resepsjonen. I morgon skal me òg vera to ei stund, men då skal eg ut og levera visum-søknad på ein ambassade, så då må me faktisk vera to i den perioden. Håpar det blir litt å henga fingrane i elles òg; det er greitt å bruka tid på å skravla litt innimellom når det er lite å gjera, men eg er ikkje så flink til å skravla ein heil dag med ein person eg ikkje kjenner så godt, og som eg ikkje har så mykje til felles med. Eg og mannen var og trente etter jobb i dag. Det passa ganske godt, så håpar me kan få til ein ganske grei rutine på å gjera det desse to vekene eg skal jobba nå i alle fall. Nå skal eg eta jordbær! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 28. juli 2006 #188 Del Skrevet 28. juli 2006 Jeg foretrekker også at det er mye å gjøre på jobb. Ellers går tiden så ufattelig sent, og jeg HATER å kjede meg! Greit nok å sitte å skravle, men en hel dag? Enkelte er også ganske vanskelige å snakke med. (Var f.eks i bryllup for en stund siden og satt på med en kompis av brudgommen til lokalet. Før vi var kommet halvveis var jeg gått tom for spørsmål å stille, og svarene var ikke allverdens lange heller. På toppen av det hele satt jeg ved siden av han ved bordet. Det var bare pinelig stille. Jeg bruker vanligvis å kunne prate ganske mye med ukjente folk, men noen er helt umulige.) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 28. juli 2006 #189 Del Skrevet 28. juli 2006 Ha en god helg forresten! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 28. juli 2006 #190 Del Skrevet 28. juli 2006 Eg er IKKJE misunneleg på deg som jobbar om dagane, men håpar det går greit - og at du har litt meir å gjere... Enig med deg eg - det værste er når ein kjedar seg, då går tida så saaaaakte! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 28. juli 2006 Forfatter #191 Del Skrevet 28. juli 2006 til Pip og abelille Det var heilt ok på jobb i dag. Det var ikkje forferdeleg mykje å gjera på, men akkurat nok til at me ikkje vart gale. Veldig mange av dei ansette i det firmaet driv og bestiller flybillettar for tida, dei skal på den same messa/konferansen (eg anar faktisk ikkje kva dei skal på, bare kvar og når det er) heile gjengen, og alle flybestillingar går gjennom meg, så det blir litt jobb der heile tida. Skravlinga gjekk òg mykje betre enn forventa; me fann i alle fall litt å snakka om. Dessutan arbeider ho andre bare halv dag, så me måtte bare skravla eit par timar. Elles så er det ikkje så veldig varmt på kontoret, så det går heilt greitt å jobba. Dessutan så synest eg at veret er heilt ok, eg, synest ikkje det er for varmt. Og så lenge kontoret ikkje er eit drivhus så går det greitt inne òg. Dessutan har me bordvifte. Nå skal eg finna ut kva me skal ha til middag. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 31. juli 2006 Forfatter #192 Del Skrevet 31. juli 2006 Nå har eg akkurat kome heim frå jobb, og sit på det ryddige kontoret, som me brukte heile helga på å rydda! Men nå er det reint og fint her, og orden i alle papira og tidsskrifta, og pulten er nesten heilt tom! Det følest godt. Det går stort sett greitt på jobb. Kan bli litt kjedeleg innimellom, men det dukkar stort sett opp eit par utfordringar i form av å finna ut korleis eg skal gjera ting eg ikkje har gjort før, slik at eg har litt å henga fingrane i. I dag har eg t.d. bestilt hotellovernatting for sjefen og ei gruppe (ikkje vanskeleg i seg sjølv, men det bør jo helst gjerast slik som dei pleier i firmaet, spesielt med tanke på fakturering og slikt), og skrive eit invitasjonsbrev til ein som skal koma frå eit anna land og jobba i Noreg ei veke. Nå gjeld det å finna ut når mannen kjem heim frå jobb, og kva me skal ha til middag. Så skal eg vurdera å trena i kveld, men går kanskje ut ifrå at det blir utsett til i morgon. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 1. august 2006 Forfatter #193 Del Skrevet 1. august 2006 Sliten etter jobb og trening! Nå skal eg i alle fall sova, og i morgon skal eg ikkje begynna på jobb før 12, så då kan eg sova litt lenger enn vanleg. Men eg bør jo koma meg opp og fiksa ein del andre ting, mellom anna fortsetja med jobbsøking. Eg har bare søkt ein jobb til nå, men har sett at fleire aktuelle arbeidsgjevarar har "vakna til liv" igjen etter ferien denne veka, når det gjeld rekruttering. Skal prøva å få søkt ein del desse to vekene eg skal jobba i resepsjonsjobben. Men nå: SOVING! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pip Skrevet 2. august 2006 #194 Del Skrevet 2. august 2006 Du er vel på veg til jobb du no, tenkjer eg... Og her sit eg og sløvar... Lukke til med jobbsøking - det er jo spanande òg, trass alt - ikkje BERRE kjedeleg... *prøver å overbevise* Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 2. august 2006 Forfatter #195 Del Skrevet 2. august 2006 Lukke til med jobbsøking - det er jo spanande òg, trass alt - ikkje BERRE kjedeleg... *prøver å overbevise* ← Hmmm. Det er kanskje litt spanande av og til, men den spenninga sit langt inne. Eg veit at det er fantastisk gode tider for jobbsøkarar no, men eg er likevel livredd for å ikkje få noko jobb, og å enda opp med å ikkje vita kor eg skal søka, fordi eg har prøvd alle stadene eg veit om. Men av og til så tenker eg at dette kjem noko til å gå bra, og då er det litt spanande. Nå skal eg sjå EM i symjing! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 5. august 2006 Forfatter #196 Del Skrevet 5. august 2006 Eg har hatt veldig greie dagar på jobb denne veka. Neste veke blir eg stort sett åleine om resepsjonsjobben, noko som er bra; då får eg betre oversikt. I går gjekk eg ein rask tur rundt Sognsvann i 22-tida. Det var veldig fint, og freistar til gjentaking. Eg har ikkje gått den turen før, har kun vore ved Sognsvann på vinterstid, med ski. Det var dessutan veldig fint å gå såpass seint på kvelden, spesielt når det er så varmt ute. Svigers kjem på besøk til veka, og det kan vera fint tidsfordriv å ta dei med på ein slik tur, så det var greitt å ha testa ut. Men dersom dei er med så blir det nok eit vesentleg lågare tempo enn dei 40 minutta eg brukte. I dag skal eg prøva meg på å laga surdeigsbrød, og så skal me rydda skikkeleg på soverommet og i stova. Må bare vekka mannen først... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 6. august 2006 Forfatter #197 Del Skrevet 6. august 2006 Surdeigsbrødet vart veldig bra! Det vart ikkje noko rydding på soverommet, men stova ser nå veldig bra ut, og det er det viktigaste, for der skal svigers sova den neste veka. Nå må eg leggja meg, for eg skal begynna på jobb klokka 8 i morgon. Hadde forresten indisk mat i dag; det var kjempegodt! Og så var det siste dag av symje-EM i dag, men kva gjer vel det når friidretts-EM startar i morgon? *sports-idiot-TV-slave* Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
abelille Skrevet 7. august 2006 #198 Del Skrevet 7. august 2006 *sports-idiot-TV-slave* ← Da tror jeg du kommer til å gli rett inn i et hvilket som helst mannsdominert arbeidsmiljø Jeg trodde i grunnen at du var mer interessert i å gjøre sporten selv enn å se på den, jeg, men... Kos deg med svigers-besøk! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 9. august 2006 Forfatter #199 Del Skrevet 9. august 2006 Andreas Thorkildsen! Altså: Noreg ligg framleis framfor Sverige på medaljestatistikken. Det kjem nok ikkje til å vara gjennom heile meisterskapen, men det er jo gildt likevel. Ein må ta det ein får. Eg trur kanskje du har oppfatta meg som ein smule meir sporty enn eg er, abelille. Eg er faktisk veldig glad i å sjå på sport, spesielt dersom eg kan forstå (på eit teoretisk plan, vel å merka) kva som skiljer gode frå dårlegare prestasjonar i den spesifikke idretten. Og dessutan er det nesten alltid kjekt å sjå på dersom Noreg gjer det bra. Eg forstår meg t.d. ikkje så godt på spydkast, føler liksom ikkje eg kan sjå på utgangen av kastet om det blir bra eller dårleg, men det er jo kjekt og spanande å sjå på når Noreg har med ein som kan vinna. Svigers på besøk er eigentleg ganske psykisk slitsomt. I kveld er dei på vitjing i Moss, så nå er eg heilt åleine og slappar av; mannen har ikkje kome heim frå jobb, men er nok på veg heim nå. Det blir liksom litt ekstra styr å organisera mat og slikt når dei er her, for det er VELDIG vanskeleg å få utav dei når dei vil ha mat, og kva dei vil ha. Det glir liksom ikkje inn at det er det same for oss når me lagar til kveldsmat (det er ikkje eit måltid me pleier å ha til vanleg), så me lurer bare på når dei er svoltne? Når me då får til svar at det må me gjera når det passar best for oss, så veit me liksom ikkje heilt kva me skal gjera. Men det går jo greitt, det er liksom bare ein del planleggjing som det aldri er godt å vita om det blir noko av, og ikkje minst vanskeleg å forstå kva gjestene forventar. Og me kommuniserer stort sett forbi kvarandre, så det er som sagt ikkje så lett å bare spør kva dei vil og kva dei forventar. Men altså, det går heilt greitt, i alle fall til nå. Har hatt ein ganske hektsik, men fin dag på jobb i dag. Eg har kome fram til at eg likar ganske godt å jobba med å ordna ting for folk. Å ta imot telefonar, bestilla hotell og flybillettar, ordna med visum, og andre ting som folk lurer på. Trur faktisk ikkje eg hadde gått så veldig fort lei av å ha ein fast jobb med slike arbeidsoppgåver. Men eg har jo eigentleg lyst å jobba innan fagfeltet mitt, og dessutan er vel ein slik fagleg jobb mykje betre betalt enn å sitja i resepsjonen, så eg skal nok prøva å skaffa meg ein litt meir teknisk jobb. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
apple Skrevet 14. august 2006 Forfatter #200 Del Skrevet 14. august 2006 Nå har eg endeleg fått tak i HR Manager i det selskapet eg sendte søknad til i slutten av juli. Ho sa at ho hadde vidaresendt søknaden min til det aktuelle fagmiljøet før ho reiste på ferie, og at ho nå skulle kontakta dei igjen for å høyra om det kunne vera aktuelt med intervju. Så forhåpentlegvis høyrer eg frå dei denne veka. Hjelp! Elles er eg totalt psykisk utslitt etter ei veke med svigers på besøk. Det toppa seg for meg då dei sette fram "krav" om at me skulle besøka dei i nytårshelga, og då dei begynte å diskutera teologi og tydeleg meinte at me hadde "feil" teologiske behov og vanar. Me har prøvd å fortelja dei at me ikkje vil at nyttår plent skal vera ein familiedag, og at me helst ikkje vil reisa meir enn ein plass i juleferien. Me var hos dei i jula i fjor (men reiste heim igjen til Oslo like før nyttår), og kjem enten til å vera for oss sjølv eller hos mine foreldre i jula i år. Dei har sjølvsagt inga forståing for at me har lyst til å feira jul for oss sjølv av og til, og kjem nok til å rekna med at me reiser til dei i jula neste år sjølv om me skulle koma til å ikkje reisa til mine foreldre i år. Nyttår er det nok uansett ganske uaktuelt å feira hos dei, men det spørs om dei "godtek" at me sit heime og slappar av, heilt for oss sjølv, og utan å laga til noko særleg feiring, i staden for å reisa til dei og "feira" nyttår. Då blir dei vel ekstremt såra, og trur at me ikkje er glade i dei. Nå skal eg prøva å finna meg noko mat, og kanskje sjå om eg klarer å gjera litt meir jobbsøke-ting før eg skal på korpsøving i kveld. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå