apple Skrevet 31. august 2006 Forfatter #221 Skrevet 31. august 2006 Eg har fått innkalling til intervju på ein jobb som eg ikkje veit om eg vil ha. Eg er eigentleg veldig glad fordi dei vil ha meg til intervju, men er livredd for å koma der og framstå som ein komplett idiot som ikkje er kvalifisert til jobben i det heile. Veit at det ikkje kan bli så galt som det, men poenget er at det er ein programmeringsjobb, og eg har ikkje spesielt god tru på mine programmeringseigenskapar. Men eg gjorde det faktisk bra i alle programmeringsfaga eg hadde på universitetet, det er bare eit par år sidan, og eg har null erfaring med programmering frå andre situasjonar enn innleveringar på skulen. Får prøva å trena meg opp litt igjen, intervjuet er ikkje før om to veker. For eg kan det eigentleg, eg er bare totalt ute av trening, og har lite erfaring. Heldigvis jobbar mannen som programmerar, så eg har i alle fall ein bra ressurs der. Men eg må innrømma at denne jobben aldri såg ut som draumejobben. Eg søkte rett og slett fordi programmeringa går mykje på sikkerhet, som er mitt fagfelt. Men eg har lyst på den forskarjobben eg snakka om i går, og eg er livredd for å få jobbtilbod frå andre stader, som eg må svara på før eg veit om eg får forskarjobben. Men heilt ærleg: eg treng intervjutrening, for eg har aldri vore på intervju før. Og ettersom eg ikkje er ein typisk programmerar så er det jo ikkje ein veldig stor sjanse for at eg får jobben uansett. Det mest positive her: Mannen sa for ei stund sidan at eg kunne kjøpa eitt par sko for kvart intervju eg fekk. Dette var for at eg skulle vera motivert til å i det heile tatt søka på jobbar. Og sjølv om det første intervjuet kom på ein jobb eg ikkje har veldig store forhåpningar til, så er eit intervju eit intervju, og eg skal ut og kjøpa sko.
abelille Skrevet 31. august 2006 #222 Skrevet 31. august 2006 apple, når du er kalt inn til intervju er det allerede avgjort AT du er kvalifisert. Det vet de at du er. Nå vil de bare vite om du er det beste kandidaten. (Tror du noen av guttene i klassen din hadde lurt på om de var kvalifiserte?) Nå må du bare bruke et par uker på å pense tankene inn på rett spor, for de kommer til å merke det dersom du ikke vil å ha jobben. Forresten, det er ikke uvanlig at man går til et intervju og ikke egentlig vil ha den, men er kjempetent når man får høre litt mer om den. Uansett kan du se på den som et springbrett videre. (Og om du får jobben før du får drømmejobben, så er det jo bare å si opp)
apple Skrevet 31. august 2006 Forfatter #223 Skrevet 31. august 2006 Og om du får jobben før du får drømmejobben, så er det jo bare å si opp ← Det er det far kallar å brenna bruer... Men det er kanskje ikkje så farleg å brenna bruer til eit selskap eg ikkje trur eg har behov for å søka jobb i seinare? Nå har eg kjøpt sko, nemleg desse, bare i svart. Eg er veldig nøgd, og tenkte til og med at det er sko eg kan bruka på intervju! Har og kjøpt inn ein del andre småting som eg trong, og for å få tak i alt dette enda eg opp med å gå frå Majorstuen til Oslo City. Er litt sliten nå, men det gjer jo bare godt. Nå skal eg gå og laga smoothie av nye, norske eple (saftige, men litt sure), banan og isbitar. Trur det blir godt.
apple Skrevet 4. september 2006 Forfatter #224 Skrevet 4. september 2006 I går hadde eg ein fin sykkeltur langs Alna-elva, i pøsande regn. Det var veldig forfriskande! Brukte heldigvis mannen sin sykkel (han har terrengsykkel, eg har hybrid), for eg sykla på smale grusstigar store delar av turen. Kjekt! Elles så laga me falafel til middag i går, ved hjelp av "instant falafel", som eg fann på innvandrarsjappa me pleier å handla på. Det var malte kikerter og krydder, som me tilsette vatn og egg. Men det smakte ikkje godt! Vart veldig skuffa, og plutseleg vart salaten hovudrett i middagen; eg klarte ikkje å eta opp mine falafel ein gong. Og eg som er kjempeglad i falafel! Skuffa! Får prøva å laga sjølv neste gong. Det er bare det at me ikkje har stavmiksar for tida, så då må eg mosa ertene for hand, og det verkar litt stress. Men det er jo betre å gjera det enn å eta det søppelet me prøvde oss på i går. Fekk heldigvis gjennomført eit betre matprosjekt óg i går, nemleg sitrongras-is. Laga basert på ei oppskrift eg har prøvd før, men som eg syntest vart veldig tung og lite frisk. Det er ei trasisjonell gelato-oppskrift, der ein blandar varm mjølk med piska egg og sukker, og varmer opp til det tjuknar. I tillegg skulle ein røra inn kremfløte til slutt, i følge oppskrifta. Men eg rørte inn yoghurt naturell i staden for fløte, og det vart mykje betre! Men konsistensen vart noko rar, litt kornete på ein måte. Og eg er heilt sikker på at egg- og mjølkeblandinga ikkje skilde seg under/etter oppvarminga. Men det var ikkje så farleg, for det smakte veldig godt! I dag har me trent styrke rett før mannen gjekk på jobb. Eg gjekk heim frå treningssenteret etterpå, så då fekk eg 50 min. moderat kondisjonstrening i tillegg. Nøgd. Nå held eg på å skriva søknad på forskarstillinga eg har veldig lyst på. Føler at det er litt vanskeleg, for det er "så mykje som står på spel" når eg søker på ein jobb eg verkeleg har lyst på. Men det går framover, og eg trur det skal bli ein ok søknad til slutt.
apple Skrevet 6. september 2006 Forfatter #225 Skrevet 6. september 2006 Heime frå trening. Trente styrke og gjekk heim i dag óg. Tenkte eg skulle vera smart og gå innom ein matbutikk på veg heim, for å kjøpa karbonadedeig til hamburgarane me skal ha til middag i dag. Men dei var faktisk utsolgt for karbonadedeig! Så eg må vel ta meg ein tur ut og handla seinare i dag. Skreiv ferdig søknaden til forskarstillinga i går. Nå gjenstår å lesa gjennom eit par gonger til, og å senda saman med vitnemål og CV. Må bare slappa av litt først.
abelille Skrevet 6. september 2006 #226 Skrevet 6. september 2006 Bare innom med en før jeg reiser på ferie. Lykke til med jobbsøking!
apple Skrevet 7. september 2006 Forfatter #227 Skrevet 7. september 2006 til abelille! I dag har eg jobba med programmering; tenkte eg skulle prøva å friska opp litt kunnskapar før eg skal på intervju for ein programmeringsjobb på onsdag... Elles har eg hatt vafler til lunsj i dag! Vafler med speltmjøl, og med kesam og syltetøy på. Må jo nyta at eg kan finna på slike rare innfall når eg går heime heile dagen... Nå kjem snart mannen heim, og så skal me laga dei burgarane det ikkje vart noko av i går.
apple Skrevet 8. september 2006 Forfatter #228 Skrevet 8. september 2006 Litt før 9 i dag tidleg kom mannen inn på soverommet og sa: "Tekstmelding frå HZ." HZ er HR-manager i det firmaet der eg hadde ein teknisk sommarjobb i fjor, og eg har arbeidd i resepsjonen når dei har behov for folk. Eg var sånn halv-vaken, og vurderte først om dette var eit dårleg triks for å få meg til å stå opp. Men eg fekk faktisk melding frå HZ litt før 9, med spørsmål om eg kunne jobba i resepsjonen frå 10 til 14. Festleg. Eg har fått beskjed kort tid på førehand før, men aldri så lite som ein time. Men eg hadde jo ikkje noko betre å ta meg til, og likar godt å treffa folka i det firmaet, så eg ringde tilbake til HZ, framleis halvvegs i ørska, og sa at eg kom så fort eg kunne. Det vart dessutan til at eg var på jobb til 16, ikkje bare til 14, men det er jo bare bra. På veg heim frå jobb kjøpte eg ei lilla skjorte på H&M, som eg kan ha på meg på jobbintervjuet på onsdag. Skjorta var nok ikkje heilt min fasong, for eg prøvde tre ulike storleikar, og alle passa forsåvidt, men dei gjorde ulike delar av meg mindre flatterande. Men det var ikkje så gale, det var vel eigentleg bare skulderpartiet som var problematisk; alle tre storleikane sat fint i livet, og det er viktigast. Og eg har jo ikkje store mengder pengar å bruka på klede nå, så då vart det ei passe grei skjorte. Eg kjøpte den største storleiken, for dei andre var litt tronge over brystet, og det såg litt porno ut. Den storleiken eg enda opp med fekk meg til å sjå litt flatbrysta ut, men eg følte det var betre. På veg til jobb bladde eg gjennom jobbannonsar i Teknisk Ukeblad, og såg plutseleg at dei som sa at dei skulle vurdera om dei skulle lysa ut ei stilling eg kunne søka på, hadde gjort det. Litt rart at dei ikkje har ringt meg og sagt ifrå, men det er ikkje så viktig. Nå kan eg i alle fall søka på ei stilling eg har veldig lyst på på denne arbeidsplassen! Snakka óg med ein av dei eg arbeidde for i fjor sommar i lunsjen i dag, og han har gode kontaktar der denne stillinga er lyst ut, og han anbefalte meg å jobba der, og anbefalte meg óg å bruka han som referanse. Mål for helga: Skriva søknad. Og kanskje programmera litt til for å vera litt betre førebudd til intervjuet på onsdag; intervjuet til ein jobb eg får mindre og mindre lyst på når det dukkar opp andre, meir interessante jobbar heile tida. men eg finn vel ut meir om eg har lyst på jobben eller ikkje når eg er på intervju.
apple Skrevet 9. september 2006 Forfatter #229 Skrevet 9. september 2006 I dag har eg vore flink og fått gjot ein del oppussingsarbeid på kjøkkenet. Først fekk eg gjort ferdig pussinga etter skjøytsparkling av gipsplater, før eg grunna gipsplatene (ein kortvegg) med eit strok maling. Så malte eg første stroket på ca. halvparten av resten av kjøkkenveggane. Nå i kveld har me hengt opp strukturtapet på gipsplateveggen. Reknar med å mala første strok på det som manglar i løpet av veka, og det er mogleg at eg bare smell til og tek strok nr. to same dagen, for malina turkar på eit par timar. Likar forresten fargen me valde ut veldig godt. Det er ein lys blågrå farge. Elles har me kvit kjøkkeninnredning med lange stålhandtak, mørk gråmelert benkeplate, og litt lysare grå glassfliser mellom benk og veggskåp. Synest det vert veldig fint. Nøgd. Passe sliten nå, det blir vel snart leggjetid tenker eg.
apple Skrevet 11. september 2006 Forfatter #230 Skrevet 11. september 2006 I dag har eg trent styrke og gått heim igjen. Likar den kombinasjonen, og då får eg vel bare utnytta den tida eg faktisk har moglegheit til å gjera det; eg kan jo ikkje trena om morgonen, og gå heim etterpå dersom eg jobbar... Fekk gjort ferdig malejobben på kjøkkenet i går, så nå har alle veggane strukturtapet, og same, lyseblå farge. Vart veldig nøgd. Rommet verkar lysare og lettare, og eg blir glad av fargen. I dag har eg levert søknad på den stillinga eg såg utlyst i TU på fredag. Har veldig lyst på den jobben, men nå bør eg vel kanskje konsentrera meg om den jobben eg skal på intervju for på onsdag, og heller tenkja på dei andre jobbane eg har lyst på etter det. Uansett så følest det i alle fall som om det går veldig framover i jobbsøkinga, og nå tenker eg at eg trur det kjem til å gå bra, og at eg har gode sjansar for å få jobbtilbod frå alle dei tre jobbane eg har inne søknader på akkurat nå, sjølv om det framleis er for tidleg å sei om eg får intervju på to av dei.
apple Skrevet 12. september 2006 Forfatter #231 Skrevet 12. september 2006 Nå har eg vore og gitt blod; eg hadde med meg utdrag av årsrapporten til det firmaet eg skal på intervju hos i morgon som lesestoff. Trur eg har fått litt meir innsikt i korleis firmaet er bygd opp, or korleis dei tenker business, og det gjer meg litt tryggare, sjølv om det er ei 100 % teknisk stilling eg skal intervjuast for. Nå er planen å prøva å finna gode svar på "typiske" intervjuspørsmål, og kanskje å gå gjennom kva eg trur dei forventar at eg kan fagleg sett. Og så bør eg vel kanskje skriva nokre gode notater som eg kan lesa over i kveld, og eventuelt bruka til å besvara spørsmål på intervjuet dersom det skulle passa seg. Eg anar ikkje kva som kjem til å skje, for eg har aldri vore på intervju før! Men ulike firma gjer vel dette på ulike måtar uansett, så det er likegreitt å ikkje forventa at det skal vera slik som det har vore andre stader.
apple Skrevet 15. september 2006 Forfatter #232 Skrevet 15. september 2006 I dag har eg kjøpt ny telefon, nemleg ein raud Siemens AL21. Eg mista den gamle telefonen min i ei mugge med vatn for ca. ei veke sidan, og etter det har han bare fungert dårlegare og dårlegare... Eg skrudde han av for at han skulle få turka i fred i eit døgn, men det var ikkje godt nok. Difor ny telefon. Har traska rundt i Oslo og prøvd å finna ein telefon eg likte, noko som ikkje var enkelt. Det som irriterer meg mest er at kvar butikk har eit ganske lite utval, så ein må gå innom mange butikkar for å få skikkeleg oversikt. Kan jo handla på nettet, men når eg treng telefon nå, og ikkje om tre dagar, så er det betre å kjøpa i ein butikk. Til slutt enda eg opp på Space World, som ligg i nærleiken av Oslo City, og der hadde dei eit veldig bra utval! Så då fekk eg sjå ganske mange modellar eg ikkje hadde sett på andre butikkar, og følte at eg fekk gjort eit meir informert val av telefon. Var på intervju på onsdag. Det gjekk greitt nok, men eg trur dei fekk inntrykk av at eg ikkje er veldig glad i å programmera, og at eg er litt usikker på mine evner til å programmera. Ettersom jobben viste seg å vera stort sett ein rein programmeringsjobb så er eg kanskje ikkje den beste kandidaten deira... Men eg har ikkje så veldig lyst på jobben heller. I alle fall ikkje dersom eg er aktuell for dei to andre jobbane eg har søkt på. *Håpe*
apple Skrevet 18. september 2006 Forfatter #233 Skrevet 18. september 2006 SYKKELEN MIN VART STOLEN I GÅR!
apple Skrevet 18. september 2006 Forfatter #234 Skrevet 18. september 2006 I dag lot eg meg lura til å spela piccolo på korpsøving, og nå har eg fått med meg piccoloen heim for å øva (noko som definitivt må til dersom eg skal fortsetja å spela det ). Veit ikkje heilt kva eg synest om det, for eg likar mykje betre å spela vanleg fløyte, men piccolo er jo litt kult i enkelte tilfelle. Eg skal uansett ikkje spela det så mykje, for me har ein annan person som speler det fast; dette er bare fordi det er to piccolostemmar på eit stykke me fekk, og fordi det kan vera kult med to piccoloar på eit par marsjar.
abelille Skrevet 27. september 2006 #235 Skrevet 27. september 2006 Jeg er endelig tilbake fra ferie! Og her har det skjedd litt av hvert. Du vet at fordelen med internett er at man i ro og mak kan sitte hjemme og finne ut hvilken telefon man vil ha, og så gå ut i en butikk å kjøpe akkurat den man vil ha. For meg er spesifikasjonene viktigere enn utseende Ellers altså, jeg later i alle fall som det Jeg må si at jeg synes det er litt godt at det er flere som ikke har fått til å tørke telefonen sin. Da min ble fuktig hørtes det ut som om alle bare la den til tørk litt, også virket det fint igjen. Jeg stekte til og med min telefon uten at det hjalp! Hvordan har det gått med intervju og jobbsøking?
apple Skrevet 2. oktober 2006 Forfatter #236 Skrevet 2. oktober 2006 til abelille! Eg trur kanskje eg har ein pause i dagbokskriving. Det har i alle fall freista veldig lite i det siste. Men ei lita oppdatering har eg då alltids motivasjon til Når det gjeld telefonen så likar eg han mykje betre nå, etter at eg har vorte van med han. Og problemet var vel eigentleg at eg ikkje hadde tid til å sitja heime i ro og mak og leita etter telefonar på nettet, for den gamle telefonen streika så fort at eg helst måtte ha ny telefon på dagen dersom eg skulle kunna motta telefonar. Og å kunna motta telefonar er ganske praktisk når ein driv med jobbsøking... Og dei tinga som irriterer meg med telefonen er slike ting ein ikkje kan finna ut ved å lesa spesifikasjonar. Det eg er ute etter er eit ok menysystem, ok ringetonar osb. Menysystemet får eg sjeldan ein skikkeleg forsmak på på nettet, og heller ikkje ringetonane. Menysystemet er forresten mykje betre på den nye telefonen enn på den gamle. Ringetonane på den nye er ubrukelege. Det viktigaste er uansett å kunna bruka telefonen som ein telefon, dvs ringa og SMS, og det går heilt fint. Så då er det greitt. På jobbfronten så går det sakte framover. Hadde eit intervju på fredag, som gjekk bra. Håpar på eit par intervju til i løpet av månaden. Så får eg sjå kva som skjer.
abelille Skrevet 2. oktober 2006 #237 Skrevet 2. oktober 2006 Ringetoner? :klø: Det finner man og laster ned på nettet vel? Eller bruker en mp3-sang dersom mobilen takler det. (Jeg har endelig skiftet ut andungen kvakk-kvakk). Og bakgrunnsbilder og litt av hvert kan man laste ned fra nettet nå. (Vet ikke om de har sånt for din mobil, men for min var det massevis av morsomme ting.) Men enig med deg at det er greit å ha en mobil når man er midt i jobbsøking. Egentlig ellers også, jeg måtte finne fram min gamle-gamle da min gikk i stykker. Det var trasig det. Særlig siden jeg bruker kaleder, og den ikke gikk an å synkronisere med maskina. Glemte at jeg skulle gjøre, jo!
apple Skrevet 2. oktober 2006 Forfatter #238 Skrevet 2. oktober 2006 Altså, av ein eller annan grunn får eg ikkje GPRS til å fungera. Eg brukar Chess, og når eg skal registrera meg på nettet for å få GPRS-innstillingane mine, så blir eg bedt om å velja den telefonen eg har, men Chess veit tydelegvis ikkje om min telefon. Og eg har ikkje kabel som eg kan bruka til å kopla telefonen til PCen, så det blir litt vanskeleg å lasta ned ringetonar frå nettet. Men dei som er på telefonen frå før er ok nok, bare at eg likte den eg hadde på den gamle telefonen. Fekk telefon litt utpå dagen i dag, med spørsmål om eg kunne koma på intervju på forskarjobben eg har søkt på. Det ville eg sjølvsagt, så nå kan eg kanskje bli forskar. Då er det bare ein jobb eg ikkje har høyrt tilbake frå, og der gjekk søknadsfristen ut i går, så eg gjev dei litt tid endå... Trur det skal ordna seg med jobb nå. Håpar det.
abelille Skrevet 3. oktober 2006 #239 Skrevet 3. oktober 2006 Krysser fingrene for jobbintervjuet! Det blir enda fler sko nå da? Ang GPRS innstillinger, så tror jeg at du også kan sjekke inne hos netcom siden chess bruker netcom sitt nett. Har hørt om flere som ikke har fått med kabel når de kjøper telefon. Trodde det var standardutstyr nå for tiden, jeg. Hvordan skal man ellers synkronisere telefonen liksom (ja, bluetooth er jo et alternativ, men ikke alle maskiner som har det).
apple Skrevet 3. oktober 2006 Forfatter #240 Skrevet 3. oktober 2006 Det blir nok kanskje meir sko etter kvart, men eg har heilt frivilleg bestemt at eg kunne kjøpa billett til Chess-forestilling i Oslo Spektrum i staden for eitt av skopara. Eg likar ABBA, og eg likar musicalar, og eg har hatt lyst til å sjå Chess lenge. Så når Chess blir sett opp i Oslo den hausten eg ikkje har flust med pengar, så gjeld det å finna gode grunnar til å kjøpa billett likevel... Gler meg i alle fall veldig til forestilling i november!
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå