Gå til innhold

Ysera: ICSI - over 40


Ysera

Anbefalte innlegg

21 timer siden, Ysera skrev:

Tusen takk for dei støttande ordan @Chickenwings85 og @Mirabella76!! Det hjelp godt på slik at eg fekk summa meg litt og tenka på det positive: eg er faktisk rugar, og så langt som me er komt denne gongen har me aldri komt tidlegare (i alle fall som me er klar over sjølve). ;) Men eg må sei at eg fortsatt vinglar felt mellom håp og "skuffelse for det eg føler er eit mislykka forsøk". Ser likheita til din forrige situasjon @Mirabella76 og håper at det samme skjer her.

Men det er vel derfor ein seier at desse vekene er dei verste då det er denne perioden ein febrilsk leitar etter symptom og sitt på nåler fordi ingen veit sikkert før ein sitt der med enten ein positiv eller negativ test i handa. :) Eg har uansett lovt meg sjølv at eg ikkje skal testa før testdagen, men me får sjå kor lang tid det går og eg bryt det løftet til meg sjølv. ;) skal i alle fall prøva.

Uansett har eg klart å begrava meg sjølv i arbeid på jobben i går, vart berre litt vanskelig då ein av mine kollegaer kom innom med sin vetle nye baby. Då hadde eg problem med å halda tårene tilbake, klarte meg, men det var på grensa. Er ikkje fyrste gongen eg har det slik nei, og eg tenker de damer veit akkurat kva det er eg snakkar om. Godt at me har kvarandre og ikkje er åleine i dette. Takk og lov for dykk damer her inne! Eg veit søren ikkje kva eg hadde gjort utan dekan: gått på veggen kanskje? ;)

Ja, dette forsøket ditt har heilt klart store likhetar med mitt siste forsøk, der eg vart gravid. :Nikke: No manglar berre den positive graviditetstesten. :tommelopp:

Ja, det er godt med andre som forstår korleis det er, og som går gjennom eller har vore gjennom det samme som ein sjølv. :jepp: Glad for at eg hadde dagbok her inne, når eg gjekk gjennom det samme som du gjer no. Det er gull verdt med støtte, og andre som heiar på deg og har trua på deg, når ein sjølv er pessimistisk og i ferd med å mista håpet. 

Eg har vore gravid 5 gangar. Har 3 jenter, og har mista tidleg to gangar. Eg har alltid pleid å kjenna bittelitt symptom før eg har testa positivt. Litt stikkingar berre, ikkje noko meir enn det. Men på det siste forsøket mitt kjente eg absolutt ingenting! Og med tanke på at eg i tillegg hadde fått sett inn to egg av middels kvalitet, så såg eg ikkje poenget med å testa tidleg. Eg tok til slutt ein test dagen før testdag, men det var berre for å få ein endeleg bekreftelse på at eg ikkje var gravid, sånn at eg kunne slutta på medisinane (Lutinus). For pakken var tom, og eg gadd ikkje å bruka pengar på å kjøpa ein ny pakke, når eg var så sikker på at eg ikkje var gravid. Når testen vart positiv, var eg sikker på at det var ein feil med testen. Så eg trudde ikkje på at eg var gravid før dagen etter når eg tok ein ny test, og den og var positiv. ;)

Så manglande symptom treng ikkje å bety at du ikkje er gravid. Dette siste svangerskapet hadde eg ikkje eit einaste graviditetssymptom tidleg i graviditeten. Merka egentlig ingenting før eg begynte å kjenna spark, og magen vart større. :biggrin: Når eg var gravid med dei to andre jentene mine, var det mest plagsomme symptomet kvalme og oppkast, ca frå veke 7 til veke 12 i svangerskapet. Dette siste svangerskapet var eg ikkje kvalm ein einaste dag! :smilbla: 

Så du får prøva å ikkje leita etter symptom, for det treng på ingen måte å bety at du ikkje er gravid, sjølv om du ikkje kjenner noko. Eg veit at det ikkje er lett, for eg har sjølv leita som ein gal etter symptom i rugetida. :sjenert: Men klarar du å la vera, og prøver å tenka på og vera opptatt med andre ting, så trur eg vekene fram mot testing blir lettare å koma gjennom. 

Ikkje så lett å halda tårene tilbake når andre kjem og viser fram sine nyfødte babyar. Når me prøvde på nr 2, fekk eine broren min og sambuaren to barn i løpet av den tida me var prøvarar, før me fekk nr. 2. Hugsar eg hadde dårlig samvittighet når dei fortalte at dei skulle ha nr. 2 allerede, og eg ikkje klarte å vera glad på deira vegne i det heile tatt. Det føltest berre så utrulig urettferdig, og eg begynte nesten å grina når dei fortalte nyheten når heile familien var samla. Heldigvis vart eg gravid nokre månader før babyen deira vart født, så eg klarte heldigvis å vera glad den dagen eg vart tante igjen. :hjerte:

Håpar du har mykje å vera opptatt med dei neste vekene, sånn at tida går så fort som mogleg. :smilbla: Eg sender deg mange gode tankar, og kryssar fingrane for deg! :klem1:

Endret av Mirabella76
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Dei to siste dagane har vore utruleg travle på jobb! :bond: Men, det har så langt heldigvis holdt meg opptatt. Men i dag tok nysgjerrigheita over og eg kraup til korset.... :sjokk: Eg ringte til Hausken.... Berre for å faktisk finna ut av kvaliteten på egga som dei sette inn. Eg vart jo berre heilt satt ut på torsdag og gløymde å spørja om fleire ting, så no berre samla eg opp alt eg kunne hugse på at eg måtte spørra om når eg fyrst ringte dei. ;) 

Eg fekk veta at det faktisk var bra kvalitet på begge egga, dei var berre ikkje excellent, men good. så då får eg fortsetta å kryssa fingrane for at dette er eit eller to GULLegg!! Eg har faktisk komt fram til at det faktisk ikkje hadde gjort noko om det vart to, sjølv om eg er litt redd for eventuelle komplikasjonar det kan føra til. MEN uansett er det ikkje opp til meg ;) no må eg berre smøra meg med tolmodigheit og la naturen gå sin gang. Har jo faktisk ikkje noko valg der. ;) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så bra du valgte å ringe til klinikken. Av og til er det bare det som skal til for å klare å bli litt mer beroliget :) 

Jepp, nå er det bare å vente og se, ingenting man kan gjøre fra eller til uansett. Tålmodigheten lenge leve ;) 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 22.3.2018 den 18.55, Chickenwings85 skrev:

Hvordan går det med deg i dag da du? :)

 

Hei igjen. Sorry for eit lite fråver her i gården, har faktisk vert uten nett. Men her går det etter forholda greit, har endå ikkje fått mensen men har heller ikkje turt å teste endå. Er så innmari redd for endå ein negativ test! Pluss at biligtestane ikkje kom før eg skulle reise på "før-påskeferie" og eg kan liksom ikkje rettferdiggjera å testa kvar dag med testar frå apoteket. :) Dei testane er ikkje særleg billige ;)

Men uansett, eg tenker då at sidan eg ikkje har mogelegheit no for å kjøpa ein test heller før på mandag, så må eg jo venta til seinast mandag.... eg har faktisk ikkje noko val. ;) og når eg har venta så lenge, så skal eg no klara ein dag til, trur faktisk ikkje eg kjem til å tørra å testa før på tirsdag. Sånn som eg føler meg no kan det faktisk vera eg ikkje tør å testa då ein gong. Hausken er uansett stengd i heile påsken, så eg får ikkje tak i dei før på tirsdag 3 april for å gi dei resultatet.

Eg er framleis veldig ambivalent, den eine dagen trur eg at eg faktisk er gravid medan eg den neste dagen trur at eg snart får mensen. Ikkje enkelt dette.

Oppå det heile så har eg nokre dagar ein haug av symptomar, og andre dagar har eg ikkje noko særleg. Eg har hatt kvalme/følt meg uggen, eg et oftare enn vanleg, men i mykje mindre porsjonar, eg er fortsatt stuptrøtt og i natt til i dag presterte eg å faktisk sova i 10 timar og faktisk føla meg utkvilt då eg vakna. ;)  Men uansett, når eg har "klart" å ikkje testa endå tenker eg at eg klarer å venta desse få dagane som er att. Rettelse: ikkje turt å testa. ;) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe, så flaks at det tok tid med billgtestene da, så unngikk du å bli like gal som meg i disse tider. Haha, det er ikke "bare bare" å teste tidlig. Når du tester på mandag, så vet du i hvertfall at svaret er riktig. 

Åh, blir skikkelig spennende på mandag da. Ja, for oss begge egentlig. LYKKE TIL med testen :) Gleder meg til oppdatering fra deg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så spennande med litt symptom, som forhåpentligvis er graviditetssymptom! :duskedame: Masse lykke til med testing på mandag eller tirsdag. :tommel: Det blir nok både spennande og skummelt på ein gang, vil eg tru. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 24.3.2018 den 21.18, Chickenwings85 skrev:

Hehe, så flaks at det tok tid med billgtestene da, så unngikk du å bli like gal som meg i disse tider. Haha, det er ikke "bare bare" å teste tidlig. Når du tester på mandag, så vet du i hvertfall at svaret er riktig. 

Åh, blir skikkelig spennende på mandag da. Ja, for oss begge egentlig. LYKKE TIL med testen :) Gleder meg til oppdatering fra deg :)

Ja, utruleg greit at det tok tid ;) vart vel gal nok av alle symptoma som kunne komma av både graviditet og Lutinusen,MEN det viste seg at eg faktisk er gravid!! :nordvesta: No håper eg berre di oppdatering viser sterkare strek!!!! Det MÅ berre skje!!

21 timer siden, Mirabella76 skrev:

Så spennande med litt symptom, som forhåpentligvis er graviditetssymptom! :duskedame: Masse lykke til med testing på mandag eller tirsdag. :tommel: Det blir nok både spennande og skummelt på ein gang, vil eg tru. 

Takk Mirabella! Her vart det visst heilt samme historien som for deg ;) :rodmer: Eg klarte ikkje venta lenger, for i natt sprang eg på do i eit sett mellom klokka 01:00 og 04:30, så då eg kom på jobb i dag tidleg så måtte eg berre kjøpa ein test!! ;)

20180326_092946.jpg

Endret av Ysera
  • Liker 6
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 minutter siden, blomst12 skrev:

Åååå:):) gratulerer så masse!!!!!!:):):)

Tusen takk!! Veit faktisk ikkje heilt kor eg skal gjera av meg! ;) Er og redd for at det skal gå alt for fort over, men det er vel berre å kryssa fingrane for at alt går fint framover! :nori::bolledeig:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Oioioi. Å det på første forsøk?! Gratulerer!!! ❤️🤩🙏🏼

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 minutter siden, Chickenwings85 skrev:

Oioioi. Å det på første forsøk?! Gratulerer!!! ❤️🤩🙏🏼

Tusen takk!! :klem: Ja, eg er heilt himmelfallen! :bond: Hadde sjølv ikkje trudd at det skulle klaffa på fyrste forsøk!! DENNE GONGEN går det rette vegen for oss begge to!!! Eg heier masse på deg!!!!

Eg er fortsatt litt skeptisk til at det liksom skulle gå så fint og enkelt, så no har vel meir inntatt ei haldning der eg vil venta og sjå ETTER me har vert på ultralyd. Er nemlig redd for å mista. Systera mi mista den fyrste men fekk nummer to no i fjor (nesten 2 veker for tidleg). Så eg får smøra meg med tolmodigheit og berre håpa at alt går bra.

Endret av Ysera
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sisti

Snublet tilfeldigvis over dagboka di nå, og ble bare mer og mer spent etterhvert som jeg leste gjennom. Flaks at jeg fikk "svaret" også nå, da. :ler: Gratulerer så mye! Fantastisk! 

Hvor mange dpo er du? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

20 minutter siden, Sisti skrev:

Snublet tilfeldigvis over dagboka di nå, og ble bare mer og mer spent etterhvert som jeg leste gjennom. Flaks at jeg fikk "svaret" også nå, da. :ler: Gratulerer så mye! Fantastisk! 

Hvor mange dpo er du? 

Tusen takk! Ja, det har vert ein del opp- og nedturar i denna PP ;) det er ikkje tvil om det! I dag er eg 14 dpo ;) Det er heilt utruleg, eg klarer ikkje å slutta å smila. :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har det på samme måte. Klare ikke slutte å smile jeg heller, det er helt uvirkelig, men likevel dritskummelt. Spesielt når jeg mistet i sommer. Nedturen ble så vanvittig stor da jeg var på TUL og det ikke var noen hjertebank å høre. Å jeg kjenner at jeg ikke klarer å gå gjennom det samme igjen. 

Men hallo, samtidig må vi jo være glade! Vi er jo ett skritt nærmere å få en liten baby :hjerte: Men ja, gleder meg veldig til å få overstått TUL. 

Tenk det, desemberbaby på oss begge! :nordvesta:

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Ysera skrev:

Takk Mirabella! Her vart det visst heilt samme historien som for deg ;) :rodmer: Eg klarte ikkje venta lenger, for i natt sprang eg på do i eit sett mellom klokka 01:00 og 04:30, så då eg kom på jobb i dag tidleg så måtte eg berre kjøpa ein test!! ;)

20180326_092946.jpg

Hurra, så fantastiske nyhetar, Ysera! :hoppe: :hoppendeglad:

Ja, der ser du! To egg som ikkje er av topp kvalitet, kan lett bli lykkeoppskrifta. :biggrin: Dei 4 egga av topp kvalitet, som eg fekk først fekk sett inn, ga meg ingen baby i magen. Men to egg av litt dårligare kvalitet inn, og vips så var eg gravid! :jepp: Og no ser det ut til at du er like heldig. :rodmer:

Det blir spennande å sjå om det er ein eller to der inne. :lur: Å, så utrulig spennande dette er! Gratulerer så utrulig mykje med din aller første positive graviditetstest! :strix: Kryssar fingrane for at du får sjå eitt eller to bankande hjerter på tidleg UL. :hjerte:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

23 minutter siden, QBee skrev:

Oioioi :nordvesta: også 2-3 uker da, hvor mange DPO? Tenk hvis det er to!

Gratulerer så mye!

Ja, stusset jeg også. Er ikke det rart at det står 2-3 uker på vei når du er 14dpo? Tydeligvis masse hcg da eller? :) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, QBee skrev:

Oioioi :nordvesta: også 2-3 uker da, hvor mange DPO? Tenk hvis det er to!

Gratulerer så mye!

Det lurte eg og litt på, trudde nemlig sidan det er på dagen 2 veker siden egguthentinga at det kanskje var litt mye med 2-3 uker på veg. 

1 time siden, Chickenwings85 skrev:

Ja, stusset jeg også. Er ikke det rart at det står 2-3 uker på vei når du er 14dpo? Tydeligvis masse hcg da eller? :) 

Ja, eg vart veldig i stuss sjølv og, men har ingen peiling på hcg og mengde, eg meiner: det er jo aller fyrste gong i mitt liv at eg ser det resultatet på ein test!!! :bond: litt skremmande?? ja, men VELDIG kjekt?? HELL'S YEAH!! :bolledeig: 

Gubben kommenterte det og: "2-3, men det er jo knapt 2 veker sidan egguthentinga, kva kan det bety?" :fnise: Så eg svarte at det har eg ingen peiling på, men at det kunne jo vera at det var to der inne ;) 

50 minutter siden, QBee skrev:

Mener 2-3 uker er over 200 i HCG.

OK? Men kva betyr det?? At det to?? eller berre ein?? Oj, oj, kjenner eg blir litt skremt, men veldig glad om det er tilfellet! :nori:

Endret av Ysera
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...