silvius Skrevet 31. august 2006 #3121 Del Skrevet 31. august 2006 32 veker!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 31. august 2006 Forfatter #3122 Del Skrevet 31. august 2006 Tenk, eg gløymte heilt å for 32 veker! - Har vore sååå opptatt med flyttinga heile dagen at eg reint har gløymt heile vekeskifte... Tusen takk til alle som har vore innom og heia og hoppa for flyttedagen vår. og til allesaman! Eg fann tilfeldigvis eit usikra nettverk som me hacka oss innpå, så derfor har eg fått internett i nyhuset allereie.. Me har fått inn senga, kvitevarene, nokre bord og stolar og ein del ting på kjøkenet, så no er det mogleg å bu her. I morgon satsar me på å få henta resten av alle tinga vore i boden og i garasjen til svigers, så kan me bruka helga og neste veke på å koma i orden. Herleg altså! Bror min kom me Titus frå langferien på landet også i dag, så no koooooosar me oss i nye huset. Heile den vesle familien! :-D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
silvius Skrevet 31. august 2006 #3123 Del Skrevet 31. august 2006 Så gøy at dåke allerede kan sova der!! Kos dåke masse i det nye huset!!! Natta- Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 1. september 2006 Forfatter #3124 Del Skrevet 1. september 2006 på silvius! No skal eg til fysioterapeut! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 1. september 2006 Forfatter #3125 Del Skrevet 1. september 2006 Ja, då var nok ein flyttedag på hell, og no er nettet permanent her. Verre med fjernsynssignala, dei er nesten heilt fråverande her "oppunder fjell".. Me prøver å få oss kabel-tv, men så seier kabel-selskapa at det er utelukka å byggja ut her. Så då prøver me å få til noko anna. Foreløpig ser me film. Indiana Jones og den hellige gral eller noko i den duren... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
~Capricorn~ Skrevet 1. september 2006 #3126 Del Skrevet 1. september 2006 Bare innom med en god helg Må ikke slite deg ut i dette flytte-styret da, vennen Og en film kan være like bra eller bedre enn mye av det som sendes på tv.. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 2. september 2006 Forfatter #3127 Del Skrevet 2. september 2006 Sit her og glippar med augene. Katten har endeleg stilna. Ho held det gåande heile natta no etter at me har flytta inn i nyehuset. Veit ikkje kva det er som går av ho, men ho er heilt hyper og berre mjauar og mjauar. Spring frå ein stad til ein annan. Kjem ikkje når me ropar på ho. Er heilt merkeleg med andre ord. Klokka litt over fire var det nok for min del. Då stod eg opp for å sjå om ho stilna, slik at mannen fekk seg litt søvn i det minste. Ikkje nødvendig at begge ligg vakne og irriterar seg. Men det vart ikkje betre av at eg stod opp. Mannen stod opp også. Han var litt engsteleg for at naboane skulle verta plaga av bråket til Titus. Så me benka oss i sofaene, sette på film på fjernsynet og eg fann pc'en. Mannen tok katten på fanget for å sjå om ho roa seg. Ho roa seg i eit kvarter før ho begynte å åle seg rundt på fanget der ho vart halden fast. Han slepte henne ned og ho fauk rundt og berre majua. Me overhørte henne ei stund, før eg fann ut at eg skulle prøve å kose litt med henne. Same som hos mannen - ho var roleg ei lita stund, heilt til ho vart rastlaus igjen. Så eg slepte henne ned og ho tok heilt av. Me overhørte. Etter ein halvtimes tid - føltes iallefall sånn - vart ho heilt stille. Og etter det har ho vore stille. Ho er nok sliten, trur eg. Men rart er det. Nokon som veit kva grunnen kan vera til denne nattevåken henar? Når natta går mot dag finn ho seg ein plass og ligg der. Heile dagen. Heilt stille. Inga eting og ingen dobesøk. Er litt bekymra for "babyen" min. I går tissa ho i senga. Rett på magen min tissa ho. Akkurat som at ho er sjalu på Småtten allereie. Eg veit jo ikkje om ho veit at det er nokon inni magen min endo då, men det viser jo godt at eg er gravid, og eg skiller vel gjerne ut litt andre ting frå kroppen enn vanlegvis, og slike ting sensar jo dyra mykje lettare enn oss menneske. Rare, søte pusen. Håpar ho tilpassar seg dette nye huset snart. Eg orkar ikkje mange fleire av desse korte nettene no. Får då vera måte på nattevåk - eg har jo heile vinteren framfor meg med nattevåk. Unødvendig at katten skal få oss til å tjuvstarte... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Saeria Skrevet 2. september 2006 #3128 Del Skrevet 2. september 2006 Det er ikke så uvanlig at puser er slik når de har flyttet til nytt hjem. Vår var ganske lik. De skal vel sjekke alt, høre om det er andre puser der og prøve å bli kjent og føle seg trygg på det nye stedet. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 2. september 2006 Forfatter #3129 Del Skrevet 2. september 2006 Godt å vite. Blir jo heilt sånn overbeskyttande og hysterinsk pusemamma her eg.. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest gjesta Skrevet 2. september 2006 #3130 Del Skrevet 2. september 2006 ÅÅå søte pusen vil ha oppmerksomhet ser det ut som... God helg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 2. september 2006 Forfatter #3131 Del Skrevet 2. september 2006 Ja, ser sånn ut... God helg til deg også! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 3. september 2006 #3132 Del Skrevet 3. september 2006 Så kjekt det er å høre at dere begynner å komme i orden i nyehuset Og tenk, nå er det ikke lenge igjen før småtten kommer ut heller, 32 uker allerede! Tida går fort! Kos dere! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 3. september 2006 Forfatter #3133 Del Skrevet 3. september 2006 til Malama! Då fekk eg skyssa Silivus til busstasjonen. Ho var innom her på besøk. Kjempekjekt! Ho hjelpte til å få dei siste kartongane i hus, så no har me alt samla under vårt eige tak. No treng me berre å få oppvaskemaskina tilkobla, sånn at me kan få vaska opp alt me har flytta i avispapir. Men det er ikkje så lett som det høyres ut til, for det er noko ein ikkje har lov å gjera sjølv lengre, så vidt me har forstått. Så då må me ha røyrleggar til å gjera det for oss. Ja - greit nok det, me bestilte ein røyrleggar frå Bergen VVS førre mandag som skulle komma hit. Han hadde det travelt, men skulle klare å komme innom på fredag. Flott, tenkte me, då er det i orden. Fredag kom, og alle dei andre avtalane me hadde gjort kom og gjekk. Utanom rørleggaren. Eg ringde han og spurte når han kom. Han sa til meg at det var umulig for han å koma likevel. Og sa at han kunne heller kome over helga. Eg sa at det ikkje var aktuelt for oss å gå heile helga utan oppvaskemaskin, så han hadde det med å hald sin del av avtalen me hadde inngått. Då sa han berre at "avtaler er til for å endres." Dette utsagnet kunne eg jo ikkje heilt sei at eg var enig i, så eg sa at over helga var ikkje aktuelt. Då sa han at han skulle komma fredag, men visste ikkje heilt når. Greit det, sa eg. For eg skulle jo vera her utover ettermiddagen og kvelden. Då klokka var fire ringde eg han igjen og spurte han kor langt han var komt i løypa, og om det var lenge til han kom. Då sa han at det var heilt uaktuelt å koma fredag likevel og drog same regla om at avtalar var til for å endras. Han kunne koma over helga. Eg sa igjen at det ikkje gjorde noko for meg om han kom litt seinare. Han snakka om at han ikkje var overmenneskeleg og at det var kome noko i vegen. Altså, det er greit at ting kjem opp uventa, så sant eg som kunde får beskjed om dette på skapeleg vis. Eg likar ikkje sure og frekke folk som trass alt skal gjera ei teneste som eg skal betala for. Men så foreslo han å koma på lørdag i staden for, noko som var betre enn over helga, men likevel ikkje det me i utgangspunktet var enige om. Så eg godtok det - om enn litt motvillig. Lørdag, altså dagen etter, kom, men ingen rørleggar. Eg syns eg hadde ringt nok dei to gongane dagen før, og kjente at eg var rimeleg oppgitt og sur og irritert på heile rørleggar-typen, så mannen tok på seg å ringja for å spørja kor det vart av han. Han ringde først det nummeret som eg ringde dagen før. No høyrer det med i historia at eg måtte ringja sikkert ti gongar tilsaman for å få snakka med denne karen to gongar. Så han svarte heller ikkje denne gongen når mannen ringde. Me fann eit døgn-service-nummer som me prøvde. Og der var det svar med ein gong. Då presterte karen å sei til mannen min at rørleggaren hadde kome med eit generøst tilbod om å bruka laurdagen sin på å koma til oss, noko eg surt hadde avvist. Det var jo aldri tema i det heile tatt. Greit - eg var litt irritert på han som hadde LOVA å komma, for så å bryta avtalen TO gongar. Det kan jo gjera alle og einkvar opprørt og sur. Men eg har då aldri avlyst nokon avtale! Men dette meinte altså mannen. Som skal vera i eit serviceyrke. Så sur og vanskeleg som han var. Mannen min prøvde å diskutere saka, og sa at eg hadde då aldri avluyst nokon avtale. Midt i setninga hans, la rørleggar-mannen på! Fy, så frekt! Mannen min vart mildt sagt sur, og for fyrste gong i sitt liv skreiv han ein sinna sms til ein slik tenesteytar. Han skreiv til han at han aldri har opplevd maken til manglande service frå nokon som faktisk lever av å ha kundar! Som svar fekk han at han måtte snakka med kona si om at eg hadde brote avtalen som me hadde. (noko eg altså IKKJE gjorde) Mannen min skreiv tilbake at viss han skulle velja kven han skulle tru på, om det var kona si eller ein som legg på når han forsøkte å diskutera ei sak, så var det ikkje stort val. Så høyrte me altså ikkje meir frå karen. Og me har ikkje fått installert oppvaskemaskina vår. Så no vaskar me opp det aller nødvendigaste for hand, og har både stova og kjøkkenet fyllt til randa med kassar... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 3. september 2006 Forfatter #3134 Del Skrevet 3. september 2006 Moralen er: Ikkje bruk Bergen VVS Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Saeria Skrevet 3. september 2006 #3135 Del Skrevet 3. september 2006 Fy flate for en eledig service!!! Nå vet jeg hvem vi ikke skal bruke om vi trenger en rørlegger. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Septima Skrevet 4. september 2006 #3136 Del Skrevet 4. september 2006 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Havfrua Skrevet 4. september 2006 #3137 Del Skrevet 4. september 2006 Hei Linn3c. Så morro at dere er på plass i det nye huset allerede. Det tar jo litt tid å få alle tingene på plass, men nå er dere jo ihvertfall under riktig tak. Slitsomt at Titus ikke har funnet roen enda men det går seg sikkert til. Det kan jo være at hun blir litt forvirret av å bli flyttet på enda en gang.... :klø: Makan til elendig service fra rørleggeren. Håper dere får tak i en annen rørlegger kjapt til å installere oppvaskmaskina deres. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
~Capricorn~ Skrevet 4. september 2006 #3138 Del Skrevet 4. september 2006 Er det mulig å yte så dårlig service?? Helt utrolig.. Håper dere finner en annen som er hyggelig og hjelpsom, og som kan komme så fort som mulig da. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 4. september 2006 #3139 Del Skrevet 4. september 2006 Hvor i all verden komplisert skal det være å montere deres oppvaskmaskin da? Er det ikke opplegg for det? For å bare stikke inn kontakta, stikke ut-vannet på ut-vannkoblinga og skru inn-vann-koblinga på innvann-krana (med gjerne litt gjengeteip, og be pent om at det ikke lekker) det er det absolutt ikke noe problem å gjøre selv. Men man bør ha ei tang til å skru igjen med da. Vi har nå brukt nesten en uke på å ordne vår, men det er ene og alene pga dette kjøleskapet med isbitmaskin, det skulle også kobles til vannet, og siden der bare var et vannuttak måtte vi ha på en "T-kobling" som spiltter det, og da måtte i brruke MANGE meter gjengeteip og et par ekstra deler for å få det tett. Det pipla ut vann her og der nemlig... Men dette også var noe vi kunne gjøre selv altså, uten rørlegger, selv om vi var litt frustrerte da det atter en gang kom frem en dråpe vann etter et par timer, og det bare var å begynne på nytt... Et par ganger planla vi å ringe en rørlegger, men "prøve en gang til" og "gå innom rørleggerbutikken og høre om de har noen forslag" (her kom de ekstra delene opp, og DA gikk det) og vi klarte det da i det minste selv. Og det er slett ikke ulovlig. Spørreskjema vi fikk med maksina hadde spm om hvem som monterte den, vi, kjente eller rørlegger, og om det ikke var lov å gjøre selv hadde de da ikke spurt om det. Ingen rørlegger har reagert det minste da vi sa hva vi trengte og hva vi skulle gjøre heller. Vi spurte om vi måtte ha rørlegger til kjøleskapet, for det sa selgeren at han hadde hatt, men rørleggeren svarte bare "nei, det der klarer dere helt fint selv, dere trenger bare en t-kobling" (som dessverre ikke ble innkjøpt der og da, det var pappa som bare stakk innom og spurte en rørlegger mens vi var en annen plass, travle dager mens de var her) Men selvsagt, om der ikke er opplegg til vann, så er det jo litt mer avansert da. Da trenger man rørlegger. Fortrinnsvi en rørlegger som MØTER OPP! Forferdelig å høre om hvordan de behandler dere, det er ikke noe særlig til service nei. Skerpings! Håper det ordner seg snart! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 4. september 2006 Forfatter #3140 Del Skrevet 4. september 2006 Fy flate for en eledig service!!! Nå vet jeg hvem vi ikke skal bruke om vi trenger en rørlegger. ← Bra, då har det iallefall vore til noko godt! ← Hei Linn3c. Så morro at dere er på plass i det nye huset allerede. Det tar jo litt tid å få alle tingene på plass, men nå er dere jo ihvertfall under riktig tak. Slitsomt at Titus ikke har funnet roen enda men det går seg sikkert til. Det kan jo være at hun blir litt forvirret av å bli flyttet på enda en gang.... :klø: Makan til elendig service fra rørleggeren. Håper dere får tak i en annen rørlegger kjapt til å installere oppvaskmaskina deres. ← Hei Havfrua! Long time, no see. Det blir berre betre og betre her no. Godt å vera under eige tak igjen, og ikkje føle at ein går oppå nokon heile tida. Me begynner å få ting meir og meir på plass, og salong-delen av stova er vel stort sett ferdig. Manglar berre litt bilder på veggane. Titus har forøvrig roa seg ein heil del dei siste dagane. Me har sove heile natta i to netter no. Ho mjauar litt på dagtid, mest for oppmerksomhet, trur eg. Men det er heilt iorden at ho mjauar på dagtid, så lenge me får kvilt på natta. Men no har me jo fått alle kassane inn i huset, så no kjenner ho nok igjen mange av dei luktene me hadde i leiligheten vår. Rørleggaren var ille ja. Me har bestilt ein annan i dag som kjem om nokre dagar. Alle dei andre mannen min snakka med hadde to og tre veker venting. Er det mulig å yte så dårlig service?? Helt utrolig.. Håper dere finner en annen som er hyggelig og hjelpsom, og som kan komme så fort som mulig da. ← Ja, som eg skreiv til Havfrua, så ventar me ein om eit par dagar. Hvor i all verden komplisert skal det være å montere deres oppvaskmaskin da? Er det ikke opplegg for det? For å bare stikke inn kontakta, stikke ut-vannet på ut-vannkoblinga og skru inn-vann-koblinga på innvann-krana (med gjerne litt gjengeteip, og be pent om at det ikke lekker) det er det absolutt ikke noe problem å gjøre selv. Men man bør ha ei tang til å skru igjen med da. Vi har nå brukt nesten en uke på å ordne vår, men det er ene og alene pga dette kjøleskapet med isbitmaskin, det skulle også kobles til vannet, og siden der bare var et vannuttak måtte vi ha på en "T-kobling" som spiltter det, og da måtte i brruke MANGE meter gjengeteip og et par ekstra deler for å få det tett. Det pipla ut vann her og der nemlig... Men dette også var noe vi kunne gjøre selv altså, uten rørlegger, selv om vi var litt frustrerte da det atter en gang kom frem en dråpe vann etter et par timer, og det bare var å begynne på nytt... Et par ganger planla vi å ringe en rørlegger, men "prøve en gang til" og "gå innom rørleggerbutikken og høre om de har noen forslag" (her kom de ekstra delene opp, og DA gikk det) og vi klarte det da i det minste selv. Og det er slett ikke ulovlig. Spørreskjema vi fikk med maksina hadde spm om hvem som monterte den, vi, kjente eller rørlegger, og om det ikke var lov å gjøre selv hadde de da ikke spurt om det. Ingen rørlegger har reagert det minste da vi sa hva vi trengte og hva vi skulle gjøre heller. Vi spurte om vi måtte ha rørlegger til kjøleskapet, for det sa selgeren at han hadde hatt, men rørleggeren svarte bare "nei, det der klarer dere helt fint selv, dere trenger bare en t-kobling" (som dessverre ikke ble innkjøpt der og da, det var pappa som bare stakk innom og spurte en rørlegger mens vi var en annen plass, travle dager mens de var her) Men selvsagt, om der ikke er opplegg til vann, så er det jo litt mer avansert da. Da trenger man rørlegger. Fortrinnsvi en rørlegger som MØTER OPP! Forferdelig å høre om hvordan de behandler dere, det er ikke noe særlig til service nei. Skerpings! Håper det ordner seg snart! ← Ja, me håpar også at det ordnar seg snar, og at rørleggaren som me har bestilt no, møter opp. Men det mannen min har høyrt og lese er at me ikkje får ei krone av forsikringsselskapet viss det skulle bli lekkasje etter at me monterer den sjølve. Har de høyrt med dei om det er lov? For det er ei relativt ny lov dette, trur eg. ------- Og så: Magebilde for 32+2: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg