Rskre Skrevet 14. oktober 2012 #1 Del Skrevet 14. oktober 2012 Der ingen skulle tru at nokon kunne bu Fysioterapeuten Sisco og datamannen Karl Viggo Waldersløv fekk nok av kø og stress i hovudstaden. Dei selde alt dei åtte og slo seg ned på ein einsleg, brattlendt gard i Vågå. Og her nyt dei livet i fulle drag. Fysioterapeuten tek likevel imot folk som har godt av massasje og varme bad, og datamannen hjelper ungdommen så dei kan bu heime medan dei studerer. http://tv.nrk.no/ser...0506/18-03-2007 Fantastisk natur Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
AnonymBruker Skrevet 14. oktober 2012 #2 Del Skrevet 14. oktober 2012 Er du Rune Øygard? Hvor mye Vågå-reklame skal du bedrive? Anonym poster: 767b4a2edbe32c0331d9d66494b1f58f 1 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Rskre Skrevet 14. oktober 2012 Forfatter #3 Del Skrevet 14. oktober 2012 Er du Rune Øygard? Hvor mye Vågå-reklame skal du bedrive? Anonym poster: 767b4a2edbe32c0331d9d66494b1f58f Nei, korleis det? Eg har ikkje skrive så mykje om Vågå, har eg? Det er jamvel den venaste staden i Noreg, så litt ålmenn opplysing skadar ikkje. Eit nytt og betre liv Ho er fysioterapeut og dreiv eit stort helsesenter i Asker, der klientane hasta inn til rask behandling og fór ut att like stressa som dei kom. Han var datamann i Oslo, og kveld og morgon sat han fast i endelause bilkøar på veg til og frå jobb. Det var ikkje slik dei hadde tenkt seg livet. For fire- fem år sidan braut ekteparet Sisco og Karl Viggo Waldersløw opp, tok farvel med institutt og bilkøar og kampen mot klokka og søkte ro og fred på eit veglaust, avfolka småbruk oppe i lia høgt over Vågåvatnet i Ottadalen. Ei knøtt lita tømmerstove mellom urd og stein, utan straum og innlagt vatn, var det som møtte dei då dei hadde baska seg opp den bratte råsa med sekk på ryggen. Men der hadde folket tent til livets opphald, ved å mjølke eit par - tre geiter, ved å yste ost, brenne tjøre og lage river og selje det dei hadde å by fram. Og folket på Heggerusten hadde funne meining med det dei gjorde. Så primitivt ønskte dei nye busetjarane ikkje å leve. For pengane dei hadde fått ved å selje hus og institutt, bygde dei veg, dei bora etter vatn, og dei utvida husa, men slik at dei gamle tømmerstovene vart ståande som eit hjarte i det nye tunet. Tanken til Sisco var at ho skulle gjere minst mogleg. Ho skulle vere heime, halde seg langt unna bil og butikk og gate og berre nyte naturen. Ho skulle ande inn rein luft ved å gå lange turar i skog og li. Etter kvart kom ho likevel til at noko av kunnskapen ho sat inne med, måtte komme andre til nytte, og gradvis tok ho til å byggje opp eit slags helsesenter der oppe i ura, eit annleis helsesenter. Ho bad eldre menneske i dalen til seg og gav verkande kroppar massasje og lækjande bad, og etterpå delte dei tid og erfaring over ein kopp te. Ingen brydde seg om klokka. Yngre menneske fekk også sine tilbod. Ein kveld i veka samlast dei til yoga i nyestova på Heggerusten, og etterpå sessar dei seg rundt eit bord som bognar av sunn, grøn mat. Karl Viggo har arbeidet sitt i Lom og må framleis freiste pendlarlivet. Men på vegen til og frå arbeidsplassen møter han ikkje fleire bilar enn han kan telje på ei hand, og han veit på minuttet når han vil vere heime eller framme. Arbeidet går ut på å rettleie ungdommar som vil bu og studere heime framfor å reise til eit universitet eller ein høgskule. I dataalderen lèt det seg gjere, så sant dei har ein datakyndig med stor kompetanse til å hjelpe seg. Med sine opplevingar av storbylivet synest datamannen Karl Viggo at arbeidet er meir enn meinigsfylt. Nybyggjarane på Heggerusten har fått eit nytt og betre liv. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hoppetaujenta Skrevet 27. mars 2023 #4 Del Skrevet 27. mars 2023 (endret) Jeg har sett en ny reprise med disse to flotte menneskene oppi lia, men finner dem ikke noe sted i dag. Gromplassen er visst solgt for lenge siden, men noen spor etter Sisco og Karl Viggo Waldersløw kan jeg ikke finne. Kanskje noen andre kan hjelpe? Stedet er visst Vågå. Endret 27. mars 2023 av Hoppetaujenta Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå