Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

Minus 600 gram denne veka, men eg har gått litt opp og ned dei siste vekene, så det er ikkje noko å skryte av :P Har i alle fall fått trena to gongar denne veka, og skal trene i kveld også. I tillegg har eg gått nokre trilleturar, og klipt plenen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Ned 600 gram forrige veke, opp 300 gram denne veka. Skal ikkje skryte på meg at det er musklane som veg meir enn feitt etc. ;) Det er nok meg sjølv eg har å skylde på ;) Vi har blitt ganske mykje flinkare med kostholdet, men det er framleis ting å rette på! Eg er f.eks flink til å nase etter kokesjokolade og liknande..!

Men endringane vi HAR gjort, dei er positive! Mykje av grunnen til endringane er pga helse, men vi har også økonomiske grunner, altså at vi må spare..så det vi har gjort, er:

  • I staden for å kjøpe 1 4-pk Pepsi Max (til meg) og 1 4-pk Coca Cola (til mannen) kvar helg, så gir vi oss sjølv lov til å drikke ei flaske brus kvar laurdag (og evt søndag, om det er igjen frå laurdagen). I alle fall ikkje meir enn 1,5 liter kvar helg, og det startar på laurdagskvelden, til tacoen. Vi kjøper hovudsakleg på tilbud, f.eks. no når det var 8 Pepsi Max for 99 kr på Obs. Så tek vi 2 kvar helg, og vips har vi spart maaaasse peng :) (1,5 liter kvar helg er bra til å vere oss, altså! :ler: ) Vi drikk difor mykje meir vatn i løpet av veka, som eigentleg er kjempegodt!
  • Vi kjøper X-tra vaniljeisen frå Coop i staden for Diplom-is eller Sørlandsis. Den er 3 liter, koster 25 kr (i motsetning til 2 liter og 40 kr), og pga den er basert meir på mjølk i staden for fløyte, så er der littegranne færre kaloriar i den. Og vi har blitt flinkare til å ikkje ete heile boksa på ein kveld ;)
  • Vi planlegger handlinga vår, kjøper kun det som står på lista, handlar ein gong i veka, har kutta alt sånn kjeks/lefser/unødvendig godteri, og har klart å kutte summen med 300-500 kr kvar veke.
  • I staden for 3 plater mjølkesjokolade kvar veke, så kjøper eg ein liten pose smågodt kvar helg. Det som skulle vere til overs, kastar eg søndagskvelden. Men det er sjeldan noko er til overs :P
  • Vi et popcorn i staden for potetgull i helgene.
  • Eg har begynt å bake brød i staden for å kjøpe. Då sparer vi masse peng :tommelsmil: Bakar ca 4 brød i veka.
  • Og så trenar vi mandag, onsdag og fredagskvelden. Spesielt fredagskvelden er gunstig mtp trening, for då unngår vi å sette oss i sofaen og starte helga med snacks og liknande. Masse kcal spart!

Det er litt av det vi har gjort. Ein ok start, i alle fall :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Ned 100 gram forrige veke, så her må det framleis jobbast! Prøver å vere aktiv kvar dag, f.eks. med trilletur, og så blir det treningar mandagar, onsdagar og fredagar. Men ikkje forrige fredag, då var det personalavslutning på jobb :) Og så må eg framleis jobbe med kostholdet, eg har eit voldsomt søtsug til tider! Blir det for ille, tek eg meg f.eks. eit glas O'boy, men det er rein viljestyrke som gjer at eg ikkje spurter til butikken og kjøper 15 sjokolader! :ler:

Fekk trena i går, 45 minutt på tredemølle, nokre minutt boksing på boksesekken + ca 25 minutt styrketrening :) I dag vart det 1 time trilletur :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne veka vart det ned 800 gram :tommelsmil: Godt fornøgd med det :) Er berre spent på om eg går OPP 400 gram neste veke :P Det er så typisk meg...

Treninga på onsdag vart noko amputert, pga vondt i magen. Brukte 50 minutt på å fullføre 28 minutt (etter 28 minutt gjekk eg tvekroka på tredemølla og orka ikkje meir, etter to pauser a 10 minutt på do :P ), så det vart med det.. I dag er det fullt køyr igjen :) 30 minutt tredemølle, litt boksing og ca 25 minutt styrketrening :tommelsmil: Ein LITT sunnare fredagskveld enn tidlegare, då vi sat med is, brus og potetgull og såg film ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne veka har gått bra sånn treningsmessig, så eg håper vekta ikkje viser altfor ille tal i morgon. Må framleis jobbe med småeting, men eg blir stadig flinkare. Eg et ein skikkeleg stor frukost, sånn den held lenge, for eg er ikkje alltid like flink å ta meg tida til å ete iløpet av dagen..

Uansett, denne veka trena vi mandag og onsdag (og skal trene i morgon kveld), og i tillegg auka eg eitt trinn på styrke. Det vil seie at på nokre øvelser tek eg no 60%, og på nokre øvelser 40%. På tredemølla aukar eg sakte, men sikkert, 0,1 km/t i veka. Eg går framleis, joggar ikkje. Det tek ikkje eg før eg er ferdig med 10 veker og har auka 1 km/t :)

Eg har også gått trilletur eit par gongar i løpet av veka. Det ideelle ville vore kvar dag, men det er ikkje alltid det passar seg slik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vegedag i dag, og det var som forventa litt opp. 200 gram. Ikkje så ille som frykta. Det var jo jonsok i går, så då drog vi fram bålpanna (det var vårt jonsokbål i år :P )og grilla til middag, og brukte vaffeljernet som høyrer til, og laga vaflar til dessert  :) Veldig godt, men det vart eit tungt måltid dagen før veging ;) I kveld blir det trening igjen, det blir bra! :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Fredag viste vekta minus heile 100 gram - fantastisk! :P Det er litt sånn "hit eit steg, og dit eit steg"..  Men så lenge vekta går meir ned enn opp, så er eg fornøgd. Det var i alle fall ei bra veke sånn treningsmessig, men har framleis litt å jobbe med når det gjeld kosthold. Måltida er ok, men det er mellom måltida eg slit..då går eg og nasar etter godteri og sånn, og heldigvis har vi lite av det i hus for tida!

I dag blir det ca 1 time trilletur, pluss trening i kveld :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Oppdaterte ikkje forrige veke, ser eg..då var det minus 100 gram. Denne veka var det heldigvis litt meir, minus 600 gram. Vi har vore flinke og trena dei dagane vi skal, i tillegg har eg gått ca 1 time trilletur kvar dag denne veka. Kostholdet har også vore ok, det er alltid noko å ta tak i såklart, og eg har vore innmari godtesjuk (og saltsjuk!), men det har gått ganske bra :)

No blir det ferie, så eg er spent på korleis det går. Treninga trur eg vi skal klare å halde oss til, men eg veit ikkje om eg får gått like mykje trilletur.. og så er det såklart kostholdet når vi skal ut på tur og sånn..

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Då var ferien over og kvardagen tilbake. Det vart som forventa lite trilleturar i ferien, fordi vi dreiv med oppussing og sånn. Så då var det ikkje alltid det passa å gå ut. Men eg har gått 1 time både i går og i dag :) Treninga klarte vi å gjennomføre, men vi tok ei pause då vi var ute på tur. Så dei to siste veke vart det ikkje noko anna trening enn trasking i familieparkar etc ;) Men mandag hadde vi første økt etter ferien, og det blir ei ny økt i dag :tommelsmil: Vi gjer det slik at på mandagar og fredagar er det 30 min tredemølle og 30 min styrke, og på onsdagar er det kun 60 min tredemølle. Foreløpig funkar det greit, og eg får sett masse filmar og seriar på dvd ;)

Vekta klarte eg å halde nokså stabil i ferien, sjølv om det vart litt av kvart av godteri og brus då vi var på tur. No er vi tilbake i gamle vaner, og håper at det etterkvart skal gå nedover på vekta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det vart ikkje trening i går kveld, fordi lille-M våkna og ville ha pupp idet det var min tur (så då vart det så seint, klokka vart over 22.30), eg hadde litt vondt i magen, og så var eg innmari trøytt fordi det vart så seint. Så då gjekk eg heller ein ekstra lang tur i dag :tommelsmil: Det vart 8,7 km og 689 kcal, så det er eg godt fornøgd med :) Gjekk i ca 2 timar, opp til eit vatn, rundt og nedatt. Bra til å vere meg, sjølv om det er heilt normale trilleturar for alle andre ;) Men altså, på 2 timar gjekk eg ca 9 km...i OL spring herrane maraton på samme tid! :ler: Eg har LITT å jobbe mot! :ler:

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opp 300 gram denne veka, det heng nok litt igjen frå ferien ;) Har holdt vekta ganske stabil i ferien, noko som nesten er ein sensasjon, eg bruker alltid å legge på meg fleire kg :P I dag blir det ein trilletur på ca 3 km for å hente guten i bhg, og så blir det 30 minutt tredemølle og 30 minutt styrke i kveld :tommelsmil: 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Baaaah, opp opp opp! :-S Har trena denne veka, og gått nokre trilleturar, men det er tydeleg at det ikkje er nok. Visstnok kjem kiloa av mat og gramma av trening, så eg må jobbe masse meir med kostholdet! Eg vurderer krom for søthungeren, for å sjå om det kan hjelpe meg inn på rett spor. Og så trur eg at eg må bli endå flinkare til å ete etter klokka, sånn at eg ikkje gløymer å ete. For då blir eg enda meir godtesjuk, og et sikkert for mykje til middag pga svolten. No har eg ete to skiver med makrell i tomat til frukost, og så får eg prøve å ete meg ei skive til når lillemor skal ha maten sin etter luren :) 

Og så blir det trening i kveld, og ein trilletur neste gong ho skal sove :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Veka har starta bra, sånn treningsmessig..gjekk trilletur rundt vatnet i dag, ca 8,7 km og 700 kcal. Og så skal eg trene no etterpå, 30 minutt tredemølle og 30 minutt styrke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Då var dagens trening gjennomført. 38 minutt på tredemølle og ca 30 minutt styrketrening. Etter 10 veker med kun gåing på tredemølla (auka 0,1 km/t kvar veke) så prøvde eg meg i dag på å JOGGE på mølla! Fann fram eit "Jogg samanhengande i 30 minutter på 10 veker"-program av Jill Jahrmann som eg tenkte å prøve. Første veke startar med jogg 5, gå 5 i 30 minutt (pluss 5 min oppv. og 3 min nedtr.). Og eg klarte det! Det er så smått utruleg ;) Eg har ikkje jogga på leeeeenge, så eg er spent på fortsettelsen :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flink du er. :) Du har ikke tenkt på å melde deg på et livsstilkurs enten på nett eller vanlig kurs? Så får du kanskje noen tips og råd med tanke på kostholdet. 

Evt. Kan du jo begynne å telle kalorier en periode bare for å bevisstgjøre deg selv på hva alt inneholder?  Det går litt tregt i starten, men så går det lettere etter hvert. :)

Du har jo litt sånn jojo-tendenser, så kunne kanskje vært greit å prøve noe nytt?  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kosthold er mer utslagsgivende enn trening når det gjelder vektreduksjon ☺ veldig mange drar nytte av høyere proteininntak fordi det metter bedre slik at en ender opp med å spise mindre totalsett. Har mange kunder på diett.  Og de går aldri sultne for si i det slik.  Det handle om å finne mettende og næringsrik mat. Kanskje noe å hente for deg her? :-) 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Den 30.8.2016 at 7.51, Teriyaki skrev:

Så flink du er. :) Du har ikke tenkt på å melde deg på et livsstilkurs enten på nett eller vanlig kurs? Så får du kanskje noen tips og råd med tanke på kostholdet. 

Evt. Kan du jo begynne å telle kalorier en periode bare for å bevisstgjøre deg selv på hva alt inneholder?  Det går litt tregt i starten, men så går det lettere etter hvert. :)

Du har jo litt sånn jojo-tendenser, så kunne kanskje vært greit å prøve noe nytt?  

Tusen takk, og takk for tips også :) Eg er litt skeptisk til sånne kurs, i alle fall "live"..for då kan folk sjå kva eg veg! :ler: Eg veit jo eigentleg kva som er feil, og det er godtesuget mitt! :S No har eg kjøpt krom, for å sjå om det kan hjelpe på suget... Eg har vurdert f.eks. VG sin vektklubb, men det er det med tid og kapasitet da, både til å lage til og notere alt mogleg.. Men ei privat notatbok kunne eg jo hatt, og skrive ned. Det er nok mykje ubevisst småeting ute og går!

Jojo ja..that's me! Huff.. :P

Den 30.8.2016 at 7.58, Lill3My skrev:

Kosthold er mer utslagsgivende enn trening når det gjelder vektreduksjon ☺ veldig mange drar nytte av høyere proteininntak fordi det metter bedre slik at en ender opp med å spise mindre totalsett. Har mange kunder på diett.  Og de går aldri sultne for si i det slik.  Det handle om å finne mettende og næringsrik mat. Kanskje noe å hente for deg her? :-) 

Det var det eg også trudde, at kosthold utgjer meir på vekta enn trening..og det er lett å sjå kvar mitt problem er ;) Takk for tips! Eg trur eg må bli flinkare til faste måltid, og ein middag som metter godt pga protein (og ikkje feitt :P )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vekta var det samme som forrige veke (greit nok, i det minste ikkje OPP da..). Har vore litt dårleg med lange trilleturar denne veka, pga begynnande hauststormar og masse regn, men det har blitt nokre få til og frå butikken og sånt. Onsdagstreninga vart skikkeleg amputert..både fordi det er Vikings kl 22, og fordi lille-M våkna for pupp etter 13 minutt på tredemølla.. Jej.. Håper på 38 minutt i dag, sånn at  eg får gjennomført veke 1 av løpeprogrammet mitt :)

Ellers så har eg spandert på meg ei boks kromtablettar, i håp om at godtesuget skal tuktast litt. Og eg har vore veldig flink og ikkje kjøpt noko godteri dei gongane eg har vore innom butikken. Har vi det ikkje i hus, så går det som oftast veldig greit. Men viss det er i hus, då slit eg litt (masse). Så eg håper tablettane tek luven av det verste suget, sånn eg slepp å gå og kjenne på det heile tida. Og så kan jo det også hjelpe å ete litt meir regelmessig såklart. Frukost kl 8/9 og middag kl 18, då er det lurt med noko i mellom ;) Tipper at litt av godtesuget rett og slett kan kome av at eg enten er tørst eller svolten.

Jaja, god helg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Synes du er flink jeg, det ser jo ut som det går mer NED enn det går OPP! :) 

Last ned lifesum appen! Trenger strengt tatt ikke notere ned ALT du spiser men det er faktisk mye vi spiser som vi tror inneholder lite kalorier men så viser det seg at det er en kaloribombe:fnise: Det er ganske morsomt å notere ned det man er nysgjerrig på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 5.9.2016 at 20.33, DreamFitMom skrev:

Hei! Synes du er flink jeg, det ser jo ut som det går mer NED enn det går OPP! :) 

Last ned lifesum appen! Trenger strengt tatt ikke notere ned ALT du spiser men det er faktisk mye vi spiser som vi tror inneholder lite kalorier men så viser det seg at det er en kaloribombe:fnise: Det er ganske morsomt å notere ned det man er nysgjerrig på.

Koster den noko? Eg trur mange (meg sjølv inkludert!) vil få ein oppvekker ved å notere ned alt ein et! :fnise:

Det går nok ned til at det held seg stabilt, men den store vektoppgangen uteblir! Og det er kostholdet mitt..eg er altfor svak mentalt, og går på smell etter smell. Og eg trur at "den lille biten der betyr ingenting", men vips, så var alt oppete! :daane: Men treninga mi har eg fått orden på, og det er eg kjempefornøgd med! :jepp::tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...