Gå til innhold

From flab to fab!


silverdoe

Anbefalte innlegg

Eg har vore litt slappis med å oppdatert her i det siste.. Har no bikka 31 veker, og er foreløpig 1-2 kg (alt etter dagsform) under startvekt. Gjorde eit lite byks etter Londonturen, men det gjekk heldigvis nedatt ;) Så alt i alt er eg framleis fornøgd, sjølv om eg nærmar meg faretruande nullpunktet! Eg treng ytterst få kilo ekstra, men for all del, eg skal takle det :) 

 

På dytt.no har eg kome i mål, så det vil seie at eg har holdt meg over 10000 skritt om dagen i snitt..mitt snitt er på ca 16000 :tommelsmil: I dag er fridagen min, så eg nytta anledninga til å gå ein liten tur, det vart 5 km rundt eit vatn :) Godt med litt stillhet i naturen, og få blåse reint hovudet etter all støyen i bhg ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

Eg er litt sløv med nedskriving av vekt her, ser eg :P Men eg gjekk i alle fall opp for to fredagar sidan, slik at det var berre 900 gram att til startvekt! :O Men så gjekk eg ned 400 gram forrige veke, så då har eg 1,3 kg å gå på ;) Kremt, den mjølkesjokoladen eg driv og gnafsar i meg gjer verkeleg ikkje underverker for vekta mi, altså! Trur ikkje det er dèt den stakkars jenta mi i magen treng, hehe! ;) Eg får heldigvis i meg både frukt og grønt, og eg har eit variert kosthold (med leverpostei og appelsinjuice til lunsj, for jernopptaket sin del!  :tommelsmil: ), men den sjokoladen kunne eg godt ha droppa :)

 

Dei siste dagane har det vore litt lite aktivitet også, eg har vore heime med sjukt barn. Eg som hadde tenkt å nytte fridagen min i dag til å gå anten rundt vatnet eller på ein liten fjelltur.. Då får eg håpe på greit ver til neste onsdag :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Det har blitt lite aktivitet i heimen dei siste par vekene, pga sjukdom. Vekta er framleis relativt stabil, men nærmar seg pre-gravidvekt. På fredag låg eg berre 200 gram under :P For all del, eg er forberedt på å legge på meg LITT, men alt eg ikkje legg på meg er flott! Eg treng ikkje 12-15 kg ekstra, det blir for tungt. Sånn kroppsleg så føler eg meg nokså normal, bortsett frå mykje hjertebank og eg blir nokså fort andpusten. Altså fortare enn det dårleg trente meg blir til vanleg ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hoho, då har eg passert pre-gravidvekta mi! Har framleis ca 4 veker att til termin, så eg må passe meg litt, slik at det ikkje blir f.eks. ein kg i veka :P VELDIG passande at adventstida og permisjonstida begynner samtidig! :ler: Eg klarer jo ikkje å halde meg unna sjokolade og sånn i juletida..!

Eg får prøve å halde meg i aktivitet i permisjonstida fram mot jul. I dag gjekk eg ca 3,5 km, det er jo bra til å vere meg ;) Så får eg også ta tredemølla i bruk nokre gongar, eg har framleis nokre episodar igjen i sesong 6 av SATC :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff da, 800 gram opp denne veka! Det er nok ikkje berre babyen som legg på seg (håper eg, for då blir det i så fall ein koloss! :ler: ) Ikkje mange vekene igjen no, så eg skal takle dette, men prøve å begrense det :) Eg må i alle fall prøve å begrense kosematinntaket, og prøve å halde meg greit aktivt fram mot termin. Det blir på ingen måte jogging eller fjellturar, heller gåturar ute eller på tredemølle :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne veka vart det 500 gram opp, det er jo akseptabelt :) Men eg er ca 2 kg over startvekt no, og det er framleis nesten tre veker igjen til termin, så der er muligheter for nokre kg til! Må kanskje prøve å begrense Nonstop-maulinga :ler: Permisjonslivet har starta, så eg buuuurde jo ha tida til nokre gåturar i ny og ne, for å begrense oppgangen og halde meg i form ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Opp denne veka også, så no har eg lagt på meg ca 3 kg. Det er jo ca ein heil baby det, så då bør eg ikkje legge på meg så veeeldig mykje meir. Då får eg problem med å ta det av etter fødselen :P Det er 5 dagar att til termin, men det går jo mest sannsynleg over tida, så det kan jo vere nesten to veker att..! Vi får skrive det inn på den vanlege advent/julekvota ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Då er fødselen vel overstått, og 3,5 kg ligg og søv i vogga si ;) La på meg ca 6 kg under svangerskapet, ca 4 av dei kom i desember :P Trur det var litt vatn som kom på, spesielt etter julemiddagen. Vog meg i går tidleg, då hadde eg tatt av meg 6,5 kg. Reknar med det ikkje blir så veldig mykje meir enn det, men satsar på å vege meg på fredag igjen for å sjå :)

Mannen min har begynt med trening, men eg venter litt til med det ;) Satsar på masse fine trilleturar etterkvart, må berre finne ut når eg skal våge meg ut med den splitter nye babyen ;) Sånn skikkeleg trening tek ikkje eg før i mars eller noko sånt, men trilleturar er bra det også :) Og så skal jo eg ikkje slanke meg, heller! Berre prøve å fokusere på sunt kosthold og å holde meg relativt aktiv.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vog meg fredags morgon, og då viste vekta minus 8,4kg sidan fødselen,  og minus 3,4 kg sidan før eg vart gravid. Så no har eg sjansen til å få ein god start, viss eg klarer å la ver å legge på meg! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trilla årets andre trilletur i dag, sånn no i starten tek eg berre litt korte turar. Må finne ut om ho liker å ligge i vogn, og foreløpig går det veldig bra :) I dsg vart det 2,2 km og 178 kcal :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vegedag, og minus 1 kg frå forrige fredag. Tviler på det er dei to trilleturane, eller kostholdet, som har gjort det, det er nok ettervirkninger etter fødselen. Før fødsel: (kun dei siste tala) 4,5 kg. Ei veke etter fødsel: 6,1 kg. I dag: 5,1 kg.

Eg er skikkeleg sjokolademoms for tida, så eg trur eg må ta meg ein skikkeleg detox etter helga. Vi har jo klart oss i nesten 1 år utan sjokolade, potetgull og godteri tidlegare, så det burde jo vere mogleg :) For meg så er det alt eller ingenting, eg klarer ikkje den der "kose meg med ei rad mjølkesjokolade"-greia..har eg ei plate, så et eg ei plate!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vil anbefale deg å få inn frokost i rutinen din, skikkelig frokost :) Det gjør at det søte og salte ikke frister like mye for meg. Hva med å lage smoothie kvelden før? Bare ha i kjøleskapet :) Det må jo være fint for ammingen din også. Havregrøt med forskjellig topping er en annen favoritt her. Eller rett og slett bare knekkebrød med godt pålegg og avocado, sunt fett :) Synes du er flink jeg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Den 15.1.2016 at 15.01, Uskyldenselv skrev:

Vil anbefale deg å få inn frokost i rutinen din, skikkelig frokost :) Det gjør at det søte og salte ikke frister like mye for meg. Hva med å lage smoothie kvelden før? Bare ha i kjøleskapet :) Det må jo være fint for ammingen din også. Havregrøt med forskjellig topping er en annen favoritt her. Eller rett og slett bare knekkebrød med godt pålegg og avocado, sunt fett :) Synes du er flink jeg!

Her kjem eit seint svar! :) Tusen takk for både ros og tips! :) Eg et frukost kvar dag, men nokre gongar blir det litt utpå dagen før eg får i meg det..som oftast etter bhglevering. Og smoothie er jo kjempegodt, det skal eg prøve å få laga meg oftare! :tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det går litt sånn opp og ned med vekta mi..opp denne veka, men relativt stabilt etter fødselen.

Har komt i gang med trilleturar og prøver å gå kvar dag, med mindre det er storm eller liknande :P I dag (og i går) vart det 1 time tur. Skal prøve å utvide etterkvart :) Ho liker heldigvis å ligge i vogn :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den 19.2.2016 at 19.17, Teriyaki skrev:

Bare å stå på så går det nok strålende! :)

Tusen takk, det skal eg prøve å gjere ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Forrige veke hadde vi sånn fiiin sol her, eg fekk nesten vårfølelse! Men denne veka var det tilbake til vind og sludd..kjedeleg! Syns det enten kan vere bart og tørt, eller full vinter med tørt og kaldt ver. Hatar når det er sånn mellomting, med slaps, hagl, vind, regn, frost og snø om kvarandre..

Sånn kostholdsmessig så har eg framleis litt å jobbe med, meeeen, vi har klart å kutte ut sjokolade, potetgull og godteri! Har ikkje ete det på ca 1 mnd. Og det er jo bra! Må prøve å kutte meir ned på desse substitutta, f.eks. kjeks.. Og ein annan positiv ting: vi har (også den siste månaden) klart å kutte brusdrikkinga ned til berre helgedrikking. For min del var motivasjonen det at eg trur lisjejenta reagerer på Pepsi Max, så no drikk eg det kun i helga, og det ser ut til å gå betre for ho. Så ja, to positive kostholdsendringer! ;)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg er ikkje så flink til å oppdatere :P

Har klart å halde vekta ganske stabil sidan fødselen, og det er eg fornøgd med :) Mannen min er ute i pappaperm eit par dagar i veka, så då pussar han opp i huset. No held han på med eit skikkeleg trimrom, og det gler vi oss veldig til å få ferdig! :) Då får vi flytta inn tredemølla og trimsykkelen dit, og så har vi ein skikkeleg boksesekk vi skal henge opp, vi skal kjøpe ein multigym og sette inn (HURRA! Endeleg får eg trena skikkeleg tung styrke!) og ellers har vi litt ymse trimutstyr, t.d. Bullworker, stepbenk, manualar, gymball og treningsdvd'ar..Det blir kjekt :tommelsmil:

Ellers så prøver eg å gå ein del trilletur, og det bruker å bli ca 1 time kvar gong. Målet er å auke litt og litt. Og i tillegg har eg ei rute eg går der det er ein ca 400-meters oppoverbakke der eg går så fort eg kan annankvar lyktestolpe :P Målet er å gå heile bakken så fort eg kan ;)

Og så er det dette kostholdet som eg konstant prøver å gjere bra. Etter påske sklei det litt utatt, men eg prøver å ta meg innatt, steg for steg. Eg prøver også å ha litt "porsjonskontroll"..f.eks. et eg 2 skiver til frukost i staden for 3..eit lite glas mjølk i staden for eit stort...1 potet i staden for 2..etc. Eg gjekk ned 400 gram førre veke, så kanskje det funkar?! :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

No er snart trimrommet vårt ferdig, og i går monterte vi multigymapparatet :tommelsmil: Det blir innmari fint å få kome igang med styrketrening, for det har eg sakna dei siste åra. No må vi berre sette oss ned og lage ein tidsplan for trening. Det er ikkje så lett å trene når eg er åleine med lille-M, for eg veit jo aldri heilt kor lenge ho sover.. Stort sett sover ho 2-3-4 timar når ho tek hovedluren, men plutseleg kan ho ein dag finne på å vakne etter 1 time.. Og då er det innmari kjipt å vere full av sveitte og måtte avbryte treninga. Eller dusjinga..sånn som her ein dag. AKKURAT ferdig med å ha sjampo i håret, DÅ våkna ho..jej! :P Så det spørs om det ikkje blir ein del kveldstrening, sånn at mannen kan høyre etter ho :)

Prøver å gå trilletur ca kvar dag, men denne veka har det blitt litt dårleg med det. Kostholdsmessig har vi klart å gjere nokre positive endringar, både fordi vi treng å spare peng, og spare kalorier ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I går hadde vi første treningsøkt på det nye trimrommet vårt :tommelsmil: Herleg med eit trimrom i kjellaren, åpent 24/7 og har alt vi treng! Det var spesielt godt å endeleg få trene skikkeleg styrke igjen, det har eg sakna dei siste åra. No var det riktignok ei ganske lett økt eg hadde, eg er tross alt så utrent som det nesten går an å bli, og eg må i tillegg bli kjent med styrkeapparatet for å vite kva som funker for meg og ikkje.

Det vart 38 minutt (1 episode SATC) på tredemølla med gåing, og ca 30 minutt styrke. Apparatet er slik at det ikkje har vektmagasin, men baserer seg på % av kroppsvekta. Alt ifrå 10 til 150%. Så veg ein 50 kg, kan ein starte med f.eks. 5 kg. Er ein 100 kg blir det 10  kg. Så i går køyrde eg gjennom heile kroppen på trinn 3, eg veit ikkje heilt kor mange prosent det er enda. Og det er forskjell på muskelgrupper. La oss seie at trinn 3 = 15 kg (eg anar ikkje altså). 15 kg på nedtrekk eller brystpress er kjeeeempelett, men 15 kg på biceps er kjeeeempetungt. Så eg må nok finne ut meir om kva ulike trinn eg skal bruke på dei ulike muskelgrupppene :) Gøy var det i alle fall! :D

Det vart også 1 time trilletur i går og i dag. Alle monnar drar.. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...