Gå til innhold

Near to you.


Adelaide

Anbefalte innlegg

Soundtrack:

Treng ein stad der eg kan skrive, og få ut det som er i tankane mine for tida. Treng ein stad å berre skrive utan å tenke så veldig på korleis det skal høyrast ut eller oppfattast. Ein stad der eg samtidig kan få feedback. Kom over dette forumet, og håper at dette kan vere staden der eg kan gjere nettopp dette. Skriving er god terapi, og det har letta hjarta mi mange gongar å få ting ned og satt litt i system. Er litt skummelt at andre skal lese det eg skriv, men la gå.

1 månad til eg er ferdig på høgskulen, 3 månadar til eg leverer bachelor oppgåva mi og kan seie meg ferdig utdanna og klar for å ta fatt på nye mål. Men viktigst av alt: 4 månadar til eg kan setje meg på eit fly til min kjære som bur 3 flyreiser over eit døgn vekke frå meg. 4 månadar til eg endeleg kan vera i hans armar igjen, og eg kjenner at eg får klump i halsen berre av å skrive det.

Hadde eg berre kunna visst kva som skjer etter at eg reiser igjen. Korleis skal det då gå?

Eg skulle vell ideelt sett ha forelska meg i ein som bur i Norge, som det er lett å etablere seg med, som eg kan få ein familie med, som eg kan elska utan alle dei bitre tårene som vert felt fordi at alt skal vera så vanskelig. Tid og avstand, det er blitt ord eg verkeleg hatar.

Hovudet mitt stressa, køyrer på høygir om dagen. Tenker og prøver å finne løysingar. Klarar ikkje slå meg til ro med dei månadane eg har foran meg, og det eg har å gle meg til i nær framtid. For kva kjem etterpå, kor lenge skal me klare der på denne måten. Det vert tredje gongen at eg reiser ned no, på halvanna år, der eg har tilbragt eit år saman med han. Men no er eg ferdig med skule, og eg har eit studielån som prikkar meg på skuldra og seier: BETAL!!! Eg kan ikkje halde fram med å reise som eg har gjort til no, eg lyt finna meg ein jobb.

Nei, eg veit verkeleg ikkje nokon ting om kva som skjer eit år fram i tid med meg og deg, og det skjer i hjarta mitt når eg ser folk rundt meg etablerer seg, reiser på ferie saman, møter foreldrene til ein anna. opplever alle små dagligdagse ting saman, og eg vil så gjerne dette for meg og han og. Samtidig er eg så glad for at eg har han, og vil aldri gje slepp på han. vil ikkje det.

Kanskje eg berre må senke skuldrene, og tenke at det som skjer det skjer ? Skal eg overlate kjærleiken til tilfeldigheten på den måten ? Kan eg risikere det ? Har eg noko val ?[ :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjest Stachtari83

Vet saa altfor godt hvordan du har det.... Min forlovede i Hellas er jo egentlig ikke SAA lang unna, men jobben hans gjör det vanskelig for ham aa komme hit, og jeg sliter med mitt her (NAV vet virkelig aa gjöre livet surt for folk...) Har bestemt meg for aa flytte ned dit neste aar, saa faar vi ta resten som det kommer. Nekter aa gi opp!

Kan jeg spörre hvor din bor hen...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra hverandre tid er aldri gøy. Typen er i marinen så han kan bli borte i måneder av gangen - er kjipt å vente. Håper det hjelper deg å skrive det ned :) ♥♥♥♥♥♥

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...