Kvist Skrevet 30. januar 2010 #1 Skrevet 30. januar 2010 Vi holder akkurat på med å begynne å gi babyen vår smaksprøver på annen mat enn melk, prøver derfor å lese litt om temaet. Men stort sett all informasjon jeg finner er fra nordeuropeisk/nordisk/nordamerikask mattradisjon, og er jo derfor ganske "mild" på smak. Er det noen her som kjenner andre matkulturers vaner med å venne barna til å spise mat? Tenker mest på om det er vanlig å begynne til samme tid som her, altså ved rundt 6 måneders alder. Og hvordan man i såfall begynner, med grønnsaker? Most mat? Store biter i hånden? Spiser barna selv tidlig eller blir de matet etter fylte 1 år? Når spiser barna familiens sterkt krydrede mat? Og lages det egen mat før det eller blir hele familiens mat tilpasset så det er lett å ta av til barnet? Håper noen kan komme med innspill.
Gjest navnelapp Skrevet 30. januar 2010 #3 Skrevet 30. januar 2010 Det ein skal vere forsiktig med i byrjinga er salt. Eg lagde omtrent aldri eigen babymat, og eg kjøpte heller ikkje babymat på glas, eg tok av litt av det vi skulle ha til middag før eg salta det, og moste det i byrjinga, altså rundt 6-7 månader. Etter kvart, sånn rundt 10 månader, fekk dei det i større bitar. Det aller første var forresten poteter, gulrøtter, brokkoli og kålrabi most med litt usalta smør. Avokado skrapt med skei fekk dei og når vi hadde det i salatar eller anna. Ungane mine var (og er...) ganske sjølvhjelpte, så dei ville veldig fort byrje å ete sjølve. når dei var rundt eitt år slutta eg å ta unna usalta mat, og dei fekk det vi åt, men i små bitar som dei grov i seg sjølve. Spagetti var spesielt stas, dei kunne gå inn og ut av munnen i det uendelege. Etter kvart som dei vart betre utstyrt med tenner fekk dei stenger av rå gulrot, kålrabi eller brokkolibukettar. Paprika var og populært. Litt av poenget syns eg er å prøve igjen sjølv om eit barn avviser ein type mat ein gong. "Jeg liker det i barnehagen" sa datra til ei venninne av meg om paprika. Då likar ho det, dei har berre komt inn i ein uheldig maktkamp om maten heime som ein må kome seg ut av. Ein annan ting er å ikkje sjå på barnet med eit slikt "er-du-sikker-på-at-du-likar-dette-vennen?-blikk, då spyttar dei det heilt sikkert ut. Eg ga barnet maten, og var i nærleiken eller fortsette samtalen med mannen min ved bordet, og sjekka med sidesynet at maten ikkje gjekk i luftrøret. Elles fekk dei putte i seg på eiga hand som best dei ville.
Kvist Skrevet 30. januar 2010 Forfatter #4 Skrevet 30. januar 2010 Alt godt: Hvilken matkultur er det du snakker om nå? For det du skriver er vel gjengs måte å gjøre det på her i Norge. Er det så likt i din kultur?
Gjest navnelapp Skrevet 30. januar 2010 #5 Skrevet 30. januar 2010 hehe, min kultur på vestlandet... Sorry, eg las ikkje spørsmålet ditt godt nok. Men når eg seier at vi serverte vår mat til barna våre frå dei var eitt år så gjaldt det også framandkulturell mat, som mulligatawnysuppe, chili con carne (som vi gjerne "dempa" med rømme el.l.) og chicken korma for å nemne nokre variantar. Dei eg kjenner med kulturell bakgrunn frå kulturar utanfor den nordlege halvkula (Latin-Amerika, Afrika mest) byrja på same måte, med grønsaker og ris. Avokado er f.eks. standard babymat i Latin-Amerika. Når chilien kjem inn i maten varierer nok, ein byrjar med ris, og blandar i det sterke litt etter litt, er mi erfaring. Barn er ganske robuste, det er få kulturar der ein er så redd for å gjere feil som her i den nordeuropeiske (og eg burde vel føye til den nordamerikanske).
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå