Wanita Skrevet 30. april 2012 #1041 Del Skrevet 30. april 2012 så utrolig gøy Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 1. mai 2012 #1042 Del Skrevet 1. mai 2012 for litt kvalme og dårlig matlyst (ikke ofte det blir gjort ) Når er neste ul? *teflonhjerne* Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. mai 2012 Forfatter #1043 Del Skrevet 1. mai 2012 (endret) Så koselig å lese her inne Solskinnshistoriene som det er så mange av er det beste jeg vet med dette forumet Ja, det er absolutt koseligare å vera her inne no, enn for berre ei veke sidan! Får berre kryssa fingrane for at dette også blir ein av solskinnshistoriane her inne! Føler meg langt frå trygg på dette går bra enda. Hei. Jeg har hamstret inn med frukt jeg og,meloner! Du kan få. kvalmen min.jeg er sengeliggende hele dagen nesten! GLAD på dine vegne for at dette bare går bedre og bedre! Hva sier mannen din oppi alt dette? GOD NATT Burde ha hamstra inn litt frukt eg også. Jo friskare, jo bedre! Har berre 2 epler igjen i kjøleskapet, og ingen annan frukt. Krise! Frukt er omtrent det einaste eg har lyst på av mat, for tida. Ventar med å eta heilt til eg er kjempesulten, fordi det rett og slett ikkje fristar med mat. Kanskje derfor eg blir kvalm innimellom, fordi eg ventar for lenge med å eta? Håpar virkelig dette går veien, ja! No får berre kvalmen bli verandre, så eg ikkje blir like bekymra igjen som eg var dei 2 første vekene etter at eg testa positivt. Mannen min hadde vel også gitt opp håpet om at dette kunne gå bra, etter at eg hadde klart å overbevisa han om at dette var ein ny MA. Så eg trur rett og slett ikkje at han har tatt det heilt inn over seg at alt såg fint ut på UL i forrige veke, og at kvalmen har kome hos meg. Trur nok han er avventande fram til neste UL, akkurat som meg. Høyrest slitsomt ut å vera sengeliggjande pga kvalmen. Håpar du snart føler deg bedre! Ser ikkje for meg korleis eg skulle ha klart meg, om eg var sengeliggjande pga kvalme no. Eg har nemlig vore åleine med jenta mi i 3 veker, for mannen min har vore på jobb i Nordsjøen. Heldigvis kjem han heim igjen i morgon kveld! så utrolig gøy Ja, får berre håpa det går bra heile veien fram! for litt kvalme og dårlig matlyst (ikke ofte det blir gjort ) Når er neste ul? *teflonhjerne* Ja, eg tar gjerne i mot alle graviditetssymptom - både heilt nye, og meir av dei eg allerede har litt av frå før! Skreiv her inne i går kveld, at eg hadde følt meg kvalm og brekka meg om kvelden. Og det var ikkje over med det! Då eg skulle gå og leggja meg, vart eg plutselig kjempekvalm. Og ikkje nok med det, eg spydde fleire gangar!!! Må seia at eg vart litt overraska over at eg har begynt å kasta opp allerede, når eg berre er 7 veker på vei. Då eg var gravid med jenta mi, trur eg at eg kasta opp for første gang då eg var ca 9 veker på vei. Men eg tar det som eit bra tegn, så eg skal ikkje klaga. Neste UL er tirsdag 8. mai. Gynekologen sa at eg skulle få time til ny kontroll om 2 veker, men det blir berre 12 dagar etter første UL. Blir uansett veldig spennande og skummelt! Endret 1. mai 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 2. mai 2012 #1044 Del Skrevet 2. mai 2012 Under en uke igjen Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 2. mai 2012 Forfatter #1045 Del Skrevet 2. mai 2012 (endret) Under en uke igjen Ja, tida går fort! I dag har eg egentlig ikkje følt meg noko uggen eller kvalm i det heile tatt, og då blir eg litt bekymra med ein gang, merkar eg. Får berre håpa at kvalmen er tilbake igjen snart! Eg har også kjent bittelitt vondt i magen. Kjennest ikkje heilt ut som dei menssmertene eg har hatt tidlegare, men det kjennest ikkje heilt ulikt ut heller. Usj, kvifor kan ikkje dei ordentlige graviditetssymptoma koma for fullt, sånn at eg slepper å bekymra meg? Endret 2. mai 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 2. mai 2012 #1046 Del Skrevet 2. mai 2012 Her har eg dotte av for ei stund sidan - lite KG-aktiv for tida. Og så kjem eg inn til slike gode nyheter! Håper virkelig at dette held heile vegen. Men eg veit så altfor godt kor slitsomt det er å gå rundt og uroa seg for om ting er bra eller ikkje. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 2. mai 2012 #1047 Del Skrevet 2. mai 2012 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 3. mai 2012 #1048 Del Skrevet 3. mai 2012 Hurra for gode nyheter! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 7. mai 2012 Forfatter #1049 Del Skrevet 7. mai 2012 Her har eg dotte av for ei stund sidan - lite KG-aktiv for tida. Og så kjem eg inn til slike gode nyheter! Håper virkelig at dette held heile vegen. Men eg veit så altfor godt kor slitsomt det er å gå rundt og uroa seg for om ting er bra eller ikkje. Kjekt at du er innom etter gammalt, dreia! Håpar virkelig dei gode nyhetane blir verande gode, ja! Første trimester er ganske slitsomt og fullt av bekymringar - og ekstra mykje denne gangen, sidan eg opplevde ein MA i fjor då eg vart gravid. Klarar berre ikkje å slappa av og nyta graviditeten, for eg er så redd for at det går gale igjen. Takk for klem. Hurra for gode nyheter! Ja, la oss håpa at det fortsatt er like gode nyheter etter neste UL! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nótt Skrevet 7. mai 2012 #1050 Del Skrevet 7. mai 2012 Når er det neste UL er? Er det i morgen alt??? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 7. mai 2012 Forfatter #1051 Del Skrevet 7. mai 2012 (endret) I morgon er det tid for ny UL, og eg gruar meg så forferdelig! Før forrige UL var eg jo 99,9% sikker på at det hadde gått gale. Denne gangen føler eg at det er omtrent like stor sjanse for at eg får ein positiv beskjed på UL i morgon, som at eg får ein negativ beskjed. Eg veit rett og slett ikkje kva eg trur. Eg har lite graviditetssymptom, noko eg ser på som eit dårlig tegn. Men eg har heller ingen menssmerter eller andre tydelige tegn på at noko har gått gale - og det er jo positivt. Derfor veit eg rett og slett ikkje kva eg kan forventa meg på UL i morgon, og det følest skummelt. Før forrige UL hadde eg ingen forhåpningar om at det kunne gå bra. Det var ein mykje større overraskelse å få vita at alt såg fint ut, enn om legen hadde sagt at han ikkje såg noko liv. Denne gangen har eg absolutt førhåpningar om at spiren min fortsatt har det bra, men det gjer alt så mykje skumlare! For nedturen kjem til å bli enda større om noko er gale no, sidan eg allerede har fått sett eit bankande hjerte på forrige UL. Eg kjem til å bli fullstendig knust om det ikkje er liv lenger. Men eg får berre håpa alt eg kan, og kryssa fingrar og tær for at spiren min fortsatt har det bra! Denne ULen blir 12 dagar etter forrige UL. I dagane etter første UL, følte eg meg ganske uggen om dagane, og eg brekte meg, og kasta til og med opp fleire gangar den eine kvelden. Men så følte eg at desse graviditetssymptoma nesten forsvant. Har egentlig følt meg heilt fin i ganske mange dagar, og har vore bekymra pga det. Men i dag føler eg meg plutselig heilt elendig, på ein måte eg ikkje har kjent før. For det første har eg vore uggen/småkvalm heile dagen. Og med ein gang eg kom på jobb i dag, følte eg meg i tillegg heilt matt. Orka nesten ikkje å stå oppreist, og sånn var det heile dagen på jobb. Eg hadde seinvakt i dag, så eg fekk sova lenge i natt. Så det er ikkje fordi eg er trøtt. Føler meg ikkje så matt lenger no, etter at eg har kome heim og fått slappa av. Men eg er fortsatt småkvalm. Då eg var på do i ettermiddag, merka eg at eg også var litt dårlig i magen. Så eg begynnar nesten å lura på om det kan vera noko omgangs-/magesjuke eg har fått, og at det ikkje er graviditetssymptom likevel. Men eg veit ikkje om nokon som har hatt noko slikt i det siste, så eg synst det virkar litt rart. Eitt eller anna er det iallfall med meg i dag, som gjer at eg føler meg heilt slapp og uggen. Får berre håpa at det er ekte graviditetsymptom, og ikkje noko anna! Endret 7. mai 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 7. mai 2012 Forfatter #1052 Del Skrevet 7. mai 2012 Når er det neste UL er? Er det i morgen alt??? Ja, det stemmer nok det! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Frida* Skrevet 7. mai 2012 #1053 Del Skrevet 7. mai 2012 Du må ha all slags lukka te i måro. Eg kryssar fingrar og bein for at spira di framleis har det godt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Kommode Skrevet 7. mai 2012 #1054 Del Skrevet 7. mai 2012 Lykke til i morgen! Jeg skal tenke på deg Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Blondie65 Skrevet 7. mai 2012 #1055 Del Skrevet 7. mai 2012 Du får ha massevis av lykke til i morgen. Du vet allerede alt om at bekymring ikke forandrer noe og alt det der ... Jeg forstår imidlertid veldig godt at når en ikke våger glede seg eller er redd for resultatet så reserverer man seg og kvir seg. Mange har gjort det før. En ting vil jeg imidlertid si: ingen graviditeter er like - verken forløp, symptomer eller noe som helst. En kollega hadde et svangerskap fra helvete (spydde i timesvis på do på jobb 9 måneder i strekk) og så hadde hun et der hun knapt merket at hun var gravid. Så mangel på symptom betyr bare at ... det mangler symptom. Så jeg velger å si tvi-tvi! Og tenker på deg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 7. mai 2012 #1056 Del Skrevet 7. mai 2012 Lykke til Mirabella Håper det er positive nyheter i morgen også Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nótt Skrevet 7. mai 2012 #1057 Del Skrevet 7. mai 2012 Lykke til i morgen. Skal tenke masse på deg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 7. mai 2012 Forfatter #1058 Del Skrevet 7. mai 2012 Uff, no vart eg plutselig så ekstremt kvalm, at eg kasta opp fleire gangar. Dette bør berre vera eit ordentlig graviditetssymptom altså!!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 7. mai 2012 Forfatter #1059 Del Skrevet 7. mai 2012 Du må ha all slags lukka te i måro. Eg kryssar fingrar og bein for at spira di framleis har det godt. Takk for det, Frida! Lykke til i morgen! Jeg skal tenke på deg Takk skal du ha, Kommode! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 7. mai 2012 Forfatter #1060 Del Skrevet 7. mai 2012 (endret) Du får ha massevis av lykke til i morgen. Du vet allerede alt om at bekymring ikke forandrer noe og alt det der ... Jeg forstår imidlertid veldig godt at når en ikke våger glede seg eller er redd for resultatet så reserverer man seg og kvir seg. Mange har gjort det før. En ting vil jeg imidlertid si: ingen graviditeter er like - verken forløp, symptomer eller noe som helst. En kollega hadde et svangerskap fra helvete (spydde i timesvis på do på jobb 9 måneder i strekk) og så hadde hun et der hun knapt merket at hun var gravid. Så mangel på symptom betyr bare at ... det mangler symptom. Så jeg velger å si tvi-tvi! Og tenker på deg. Takk for det, Blondie! Eg har allerede erfart at ikkje alle svangerskap treng å vera like. Blant anna trudde eg at eg ikkje kunne vera gravid uten at eg kjente stikkingar i magen med jevne mellomrom, heilt frå egget festa seg. Det har eg nemlig kjent begge dei to andre gangane eg har vore gravid (også då eg mista tidleg). Men denne gangen har eg ikkje kjent slike stikkingar i magen i det heile tatt, faktisk ikkje ein einaste gang! Likevel fekk eg sjå eit bankande hjerte på UL, då eg var 6 veker på vei. Så eg skal aldri meir seia at eg veit at eg ikkje er gravid, sjølv om eg ikkje kjenner slike stikkingar i magen. Håpar berre at spiren min fortset å veksa og utvikla seg som den skal, sjølv om symptoma er annleis enn dei andre gangane eg har vore gravid! Endret 7. mai 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå