Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Var merkelige greier. Ble jo forvirra bare av å lese :gjeiper:

Men høres litt merkelig ut at kl 19:00 MÅ du ha sex, 19:10 er det for sent. Ok, litt overdrevent, men høres jo sånn ut.

Krysser fingrene for at det holdt jeg :)

Ikkje det minste rart at du blir forvirra av å lesa det eg skriv her inne for tida. ;) Skjønnar jo ingenting eg heller, sjølv om det er meg det gjeld - og det jo ikkje heilt bra, for eg føler at av alle, så burde iallfall eg ha kontroll på kva som skjer. :sjenert:

Me har iallfall hatt samleie 3 dagar på rad: Dagen før EL, på EL-dagen, og dagen etter EL (viss eggløysinga skjedde i går). Og viss det ikkje er bra nok, så veit jammen ikkje eg... Som du seier, så høyrest det heilt merkelig ut at me skal vera nødt til å ha samleie i løpet av nokon få timar, for å ha nokon sjanse for å få klaff. Forstå det den som kan - eg skjønnar det ikkje!

Kryssar virkelig fingrane eg også, for at innsatsen vår har vore bra nok, og at forsøket gir meg minst ein liten spire i magen! :rodmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Ikkje rart at du skjønnar lite av dette - når til og med eg som er midt oppe i dette forsøket, er totalt forvirra! :sprettoy:

Tusen takk for babystøv! :klem: Er du gravid, eller? :lur:

:ler: Nei, bare trøtt og sliten og glemte forutsetningene for å gi babystøv. : :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:ler: Nei, bare trøtt og sliten og glemte forutsetningene for å gi babystøv. : :fnise:

Ok. :fnise:

Eg har gjort det samme før eg også, altså gløymt meg, og delt ut babystøv uten å vera gravid! :Hehe: Tenkte at det sikkert var det samme du gjorde - men eg ville berre forsikra meg om at du ikkje sendte meg babystøv av ein annan grunn. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg krysser fingrene for dere, og håper dere får to små babyer! Tvillinger er helt fantastisk! :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg krysser fingrene for dere, og håper dere får to små babyer! Tvillinger er helt fantastisk! :rodmer:

Takk for det! :klem:

Ja, eg kan tenka meg at det er fantastisk med tvillingar, sjølv om det sikkert blir litt meir å henga fingrane i, enn om ein får berre ein baby om gangen. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er eg ikkje mykje glad i kroppen min altså! :sur:

Positiv EL-test igjen, i dag tidleg! :frustrert: Dette kan jo umulig vera normalt. :sukk:

Fekk positiv EL-test om morgonen for 2 dagar sidan. Var då hos gynekologen seinare på dagen, som sa at 3 egg var heilt modne og kunne løsna frå eggstokkane når som helst. På kvelden samme dagen var jo testen negativ igjen, og eg rekna med at EL var over. Hadde også mykje luft i magen den ettermiddagen/kvelden, og kjente noko i eggstokkområdet. Så det virka jo absolutt som om eggløysinga var på gang då. Men så vart EL-testen overraskande positiv i går morges igjen, og også i dag tidleg! :sjokkert:

Finst det egentlig noko forklaring på dette her? Er det nokon som helst sjanse for at eggløysinga ikkje har skjedd enda, sjølv om gynekologen min sa for 2 dagar sidan at det sannsynligvis ville skje seinast innan 10-12 timar? Og viss eggløysinga er over, er det då mulig at det berre var tomme eggposar uten egg inni, sidan EL-testane fortsatt er positive? Evt at det er noko feil med egga? For så snart egget/egga har løsna frå eggstokkane, og eggløysinga er over, så skal jo nivået av LH i urinen synka igjen, slik at EL-testane blir negative.

Har lest om at det er mulig å få positive EL-testar når ein nærmar seg IKM, og at det kan skje viss ein er gravid. Men det går jo ikkje an å vera gravid rett etter at eggløysinga er over, før egget i det heile tatt har fått tid til å festa seg i livmora. Så det kan heller ikkje vera forklaringa på dei positive EL-testane mine. Nei, fytti grisen for ein tullekropp eg har! :( Tenker fortsatt på dei 3 perfekte og modne egga gynekologen min såg på UL på tirsdag, og så skal kroppen min ødelegga alt! :sukk:

Merkar at no har eg ikkje lenger mykje håp om at det skal bli baby i magen min av dette forsøket. Trist, men sant. :trist:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg regner nesten med at EL sprøyten gir utslag på EL testen jeg, skal se om jeg får presset inn det spm til legen når jeg er på kontroll i dag ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg regner nesten med at EL sprøyten gir utslag på EL testen jeg, skal se om jeg får presset inn det spm til legen når jeg er på kontroll i dag ;)

Å, eg håpar virkelig at du har rett i det, Pusilus! :pls: Det har eg ikkje tenkt på ein gang, at det kan vera ein mulighet. No anar eg ikkje kva EL-sprøyta innheld, men om det er noko LH i eggløysingssprøyta, så er det jo egentlig ganske logisk.

Håpar du får spurt legen din om det i dag - det hadde vore supert! :jepp: Lykke til på kontroll i dag, Pusilus. :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Pusilus: Alt tyder på at du har rett i at det er eggløysingssprøyta som er grunnen til at eg fortsatt får positive EL-testar! ;)

Eg fekk nemlig nettopp eit svar inne på SG angåande dette. Og det er visst slik at ein kan få både positive EL-testar og graviditetstestar i inntil 10 dagar etter at eggløysingssprøyta er sett! :sjokkert: Så då har eg nok endelig ei forklaring på dei positive EL-testane mine.

Ting tyder også på at det stemmer, med tanke på at EL-testen eg tok om kvelden samme dag som eggløysingssprøyta vart sett, faktisk var negativ. Då var nok eggløysinga allerede overstått, men eggløysingssprøyta hadde enda ikkje fått tid til å virka, slik at den kunne gi noko utslag på EL-testen. Det forklarer også kvifor EL-testen vart positiv igjen morgonen etter, for då hadde eggløysingssprøyta fått tid til å virka. Sånn sett var jo egentlig eggløysingssprøyta bortkasta, sidan den ikkje fekk tid til å virka før eggløysinga skjedde. Eg skulle nok ideelt sett ha vore til gynekologen dagen før, og fått sett eggløysingssprøyta då! Men eg får virkelig håpa at egga mine var av god nok kvalitet likevel, då dei løsna frå eggstokkane.

No er eg spent på om legen din kan bekrefta at eggløysingssprøyta kan gi positive EL-testar etter at eggløysinga er over - viss du får tid og mulighet til å spørja om det! ;)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finst jo fleire (iallfall 2) forskjellige eggløysingssprøyter ein kan ta. Innhaldet er vel stort sett det samme, reknar eg med - men at det er forskjellige merker? Eg har iallfall tatt den eggløysingssprøyta som heiter ovitrelle, om det har nokon betydning.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg fikk ikke spurt, men ser du har fått hjelp fra annet hold :tommel:

Det var så mye jeg skulle sagt på timen i dag at hverken legen, sykepleieren eller jeg tenkte tanken at de skulle ha samtykkeskjema :sjenert:

Godt du fikk svar av kloke damer andre plasser :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg fikk ikke spurt, men ser du har fått hjelp fra annet hold :tommel:

Det var så mye jeg skulle sagt på timen i dag at hverken legen, sykepleieren eller jeg tenkte tanken at de skulle ha samtykkeskjema :sjenert:

Godt du fikk svar av kloke damer andre plasser :Nikke:

Jammen godt at eg har fått svar allerede, ja - ellers hadde eg vore like frustrert enda! :fnise:

Kva meinar du forresten med at dei skulle ha samtykkeskjema?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

De skal ha underskrift fra både kjære og meg som bekrefter at vi begge vil de skal tine opp egget vårt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

De skal ha underskrift fra både kjære og meg som bekrefter at vi begge vil de skal tine opp egget vårt.

Ja, ok. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Usj, eg er så lei meg i dag, for eg er heilt sikker på at eg ikkje er/blir gravid denne gangen heller. :( Høyrest sikkert merkelig ut at eg allerede no kan føla meg så overbevist om at det ikkje går veien, sidan det berre er 5 dagar sidan eggløysing - men sånn er det dessverre.

Det er nemlig slik at 5 DPO er ein veldig avgjerande dag i syklusen, for min del. Begge gangane eg har blitt gravid tidlegare, så har eg kjent eit ganske kraftig stikk i livmorområdet om ettermiddagen, nøyaktig 5 dagar etter eggløysing. I løpet av den tida me har prøvd på nr 2, har eg også kjent eit slikt stikk 5 DPO 2 eller 3 gangar, uten å vera gravid. Eg er ganske overbevist om at dei gangane har egga vore befrukta, og prøvd å festa seg, uten å klara det. I alle dei andre prøveperiodane har eg ikkje kjent dette stikket verken 5 dagar etter eggløysing, eller på noko anna tidspunkt mellom eggløysing og mens. Og då har eg berre visst at eg ikkje kan vera gravid, noko som også har stemt.

I dag har eg derfor venta i spenning, og håpa på at eg skulle kjenna eitt eller fleire stikk, sidan eg faktisk har 3 egg som kunne ha blitt befrukta og festa seg. Men til min store skuffelse, så har eg ikkje kjent antydning til eit einaste lite stikk i livmorområdet. :trist:

Eg er så utrulig lei meg no, for eg berre "veit" at det ikkje blir nokon baby av dette. Denne gangen veit eg jo at eg hadde 3 perfekte og modne egg, så det burde ha vore veldig gode sjansar for å bli gravid. Det kan vel tyda på at sædkvaliteten til mannen min ikkje akkurat er noko å skryta av, for denne syklusen veit eg jo at egga mine var heilt flotte.

No prøver eg berre å innstilla meg på at det blir prøverør på oss. Orkar ikkje å gå rundt og håpa på at eg kanskje er gravid likevel, når eg føler meg så sikker på at det ikkje er tilfelle. Eg er jo klar over at eg ikkje kan gi opp alt håp, før mensen eventuelt kjem. Men for å vera heilt ærlig, så er det vel egentlig det eg har gjort allerede. :sjenert:

Uff, eg synst dette er så fryktelig urettferdig! :sur: Kvifor skal det vera så enkelt for nokon å bli gravide, mens andre må slita i årevis, og kanskje aldri få det til? Eg følte at sjansane våre var så gode denne prøveperioden, sidan eg reagerte så bra på sprøytene og hadde 3 flotte, modne egg, og dermed veldig god sjanse for å lykkast. Men neida, dengang ei! :frustrert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Innom med en :hug: til deg. Håper det har gått veien dene gangen.

Ja, eg skulle virkelig ønskja det! Men eg kjenner nok kroppen min såpass godt etter fleire år med prøving, at eg dessverre føler meg ganske overbevist om at dette ikkje går veien. :sukk:

Takk for klemmen! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Usj, for ein drittdag! :tristbla: Mensen kom dessverre i dag. Eg har visst heilt sidan 5 DPO at det ikkje har gått veien denne gangen heller, så sånn sett var det ingen overraskelse at mensen kom. Men eg er så utrulig skuffa over at eg ikkje vart gravid denne syklusen, etter vellykka sprøyteforsøk med 3 modne og fine egg. Alt burde jo liggja til rette for full klaff denne gangen, men dengang ei. :trist:

Begynner å lura på om det er mannen sine svømmarar som var hovedproblemet denne gangen, sidan eg hadde 3 perfekte modne egg som løsna frå eggstokkane samtidig. Mannen min har ikkje akkurat topp sædkvalitet. Då han tok sædprøve, fekk han dessuten ut ei sædmengde som var under normalen, sjølv om han ikkje sølte ut noko. Og eg synst også at han får ut lite sånn til vanleg, og det hender at han ikkje får ut noko sæd i det heile tatt, sjølv om har trur det sjølv, og seier at han er ferdig. :sjenert: Akkurat det bekymrar meg litt. Var ikkje sånn før. Og det er jo ikkje rart at eg ikkje blir gravid, viss det er minimalt med eller kanskje ingen sædceller som kjem ut.

Noko anna som plagar meg no, er at mensen kom 2 dagar for tidleg denne gangen. IKM er først om 2 dagar - så sjølv om mensen var forventa, så var eg absolutt ikkje forberedt på at den kom allerede i dag. I meir enn 1 år har eg hatt problem med at eg har fått tidlegare eggløysing enn før, og eg har også hatt nokre veldig korte syklusar uten eggløysing. Men lutealfasen (dagane mellom eggløysing og mens) har alltid vore lang nok, på 14 dagar. Slik har det vore kvar einaste syklus, sidan me starta prøvinga for over 2 år sidan. Men denne syklusen var lutealasen min berre på 12 dagar, for aller første gang. Det må vel bety at progesteronproduksjonen etter EL er dårligare enn før. Og kvifor skjer dette plutselig no? Lutealfasen skal jo vera stabil frå syklus til syklus.

Eg tenkte først at det kanskje kan ha noko å gjera med at eg har tatt sprøyter denne syklusen, og dermed kan ha klussa til den naturlige hormonproduksjonen i kroppen. Men eg synst ikkje det virkar heilt sannsynlig heller, med tanke på at eg kun tok sprøyter fram til eggløysing. Har ikkje tatt nokon ting etter det, så lutealfasen burde ikkje akkurat bli påvirka av sprøytene eg tok fram til eggløysing. Så då sit eg igjen med dei skumle tankane eg har hatt før, om at det er overgangsalderen som allerede er i ferd med å innhenta kroppen min. :( Det begynte jo med syklusar med for tidleg (og i nokre få tilfeller ingen) eggløysing + mindre blødningar/blødningar over færre dagar enn før, når eg har mensen. Og no i tillegg, for kort lutealfase. :( Så eg må virkelig seia at eg fryktar overgangsalderen sterkt, sjølv om verken FSH- eller AMH- prøvane eg har tatt, tyder på at eg nærmar meg nokon overgangsalder enda. Eitt eller anna er det iallfall som er heilt på styr med kroppen min, sidan eg heller ikkje klarar å bli gravid. Møkkakropp! :rasende:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innom med en :hug: Kjedelig at det ikke gikk Mirabella :sukk:

Ang lutealfasen, jeg har hatt alt fra 9-12 dager der 12 er av fåtallet og flest på 10-11. Det er ikke alltid slik at lutealfasen er på samme antall dager alltid og det sies at de fleste har et par sykluser i året uten EL.

Endret av pusilus
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innom med en :hug: Kjedelig at det ikke gikk Mirabella :sukk:

Ang lutealfasen, jeg har hatt alt fra 9-12 dager der 12 er av fåtallet og flest på 10-11. Det er ikke alltid slik at lutealfasen er på samme antall dager alltid og det sies at de fleste har et par sykluser i året uten EL.

Takk for klem! :klem: Det treng eg no, for eg er skikkelig lei meg for at det gjekk dårlig, sjølv med 3 perfekte egg og veldig gode mulighetar for å bli gravid. :trist:

Eg har høyrt at lutealfasen skal vera like lang kvar syklus, og at den kan variera med max 1 dag frå gang til gang, viss alt er normalt. Og for meg er det normalt å ha ein lutealfase på nøyaktig 14 dagar kvar einaste syklus. Og då er det noko som ikkje stemmer, når lutealfasen denne gangen plutselig er på berre 12 dagar, for det er virkelig ikkje normalt for meg. Og det er derfor eg er så redd for at det er begynnande overgangsalder som er grunnen til at eg plutselig får kortare lutealfase enn normalt. :( Trur du det er nokon som helst mulighet for at sprøytene eg tok fram til EL / evt eggløysingssprøyta, kan ha rota til den normale syklusen min på denne måten? Eg håpar veldig på det, for eg vil absolutt ikkje koma i overgangsalderen enda. :(

Har du aldri hatt lutealfase på over 12 dagar? Viss det alltid har vore slik, så er det sikkert ikkje noko krise, så lenge eit evt befrukta egg rekker å festa seg, før mensen kjem. Tar du forresten nokon hormon e.l. for å få lengre lutealfase, no når du er i gang med fryseforsøk?

Grunnen til at eg er nervøs for at min lutealfase berre er på 12 dagar denne syklusen, er som sagt fordi dette ikkje er normalt for meg. Og derfor ønskjer eg å finna ei forklaring på kva den korte lutealfasen kan koma av. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...