Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

I dag har eg vore hos gynekologen igjen, på syklusdag 6. Var spent før UL. Har ikkje kjent noko som helst symptom av noko slag etter at eg begynte med sprøytene, så eg var redd for at det ikkje hadde virka. Hadde kanskje trudd at eg skulle kjenna eit eller anna i eggstokkområdet.

Heldigvis hadde sprøytene virka, sjølv om eg ikkje har kjent nokon ting! :) På den eine eggstokken var det eit ganske stort egg, som gynekologen min var heilt sikker på at ville bli stort nok fram til EL. På den andre eggstokken var det to mindre egg, men gynekologen sa at også eitt eller begge av desse egga kunne bli store nok. Så han garanterte meg eitt egg, og kanskje 2 eller 3.

Eg har fått ny time på tirsdag i neste veke (om 5 dagar), når eg er på syklusdag 11. Skal fortsetja med samme dose med Gonal-f fram til då. (Så det vart nesten 2000 kr å betala for ein Gonal-f - penn i dag og). Gynekologen rekna med at egget/egga var modne enten på tirsdag eller onsdag. Eg skal innom apoteket før timen på tirsdag, og kjøpa eggløysingssprøyte, som eg tar med meg dit. Og viss egga er modne på tirsdag, så set gynekologen eggløysingssprøyta på meg då. Viss ikkje, så skulle eg gjera det sjølv dagen etter.

Etter timen i dag, begynte eg å tenka på at eg er jo berre på syklusdag 11 på tirsdag, og på syklusdag 12 onsdagen. Gynekologen min rekna jo med at det var tid for eggløysing då. Men er ikkje det litt tidleg i syklusen? Eg hadde rekna med rundt omkring syklusdag 14, eller noko sånt. Er det eit positivt tegn at EL kjem såpass tidleg i syklusen, og eit tegn på at FSH-stimuleringa virkar bra? Eller er det negativt at egget/egga modnar så fort? Og er det heilt sikkert at egga fortset å modnast like bra i dagane framover, slik at dei blir heilt modne?

Gynekologen min sa nemlig at han hadde sett hos meg før, at egga mine ofte vart modne til eit visst punkt, men ikkje lenger. Sånn at sjølv om eg får positive EL-testar fordi egget er nesten modent, så modnast ikkje den siste biten, og dermed får eg heller ingen eggløysing. Anar egentlig ikkje når gynekologen min meinar at han har sett dette hos meg før. Han har iallfall aldri sagt noko om det tidlegare. Men viss det er slik som han seier - er det då heilt sikkert at egget/egga mine kjem til å bli ordentlig modne no, ved hjelp av FSH-stimulering, når dei ikkje alltid blir det til vanlig?

Viss nokon som leser her inne har peiling på dette her, så blir eg veldig glad for svar! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Då eg tok ein sprøytedose i dag, begynte det å blø sånn rett etterpå. :( Med ein gang eg drog ut nåla, kom det masse blod ut. Eg har nok treft rett i ei blodåre, når eg stakk. Er det nokon fare for at noko av innhaldet eg sprøyta inn, kan ha kome ut igjen med blodet? :sjenert: Kanskje eit dumt spørsmål - men eg blødde faktisk ganske mykje, så eg føler meg ikkje heilt trygg.

Og så lurer eg også på når og kor ofte me bør ha samleie i dagane framover. Gynekologen min sa at det var ein sjanse for at det største egget kunne sleppa av seg sjølv, men at det mest sannsynlig ikkje skjedde før eggløysingssprøyta vart sett. Bør mannen min "spara opp" i eit par dagar eller noko, før eggløysingssprøyta skal setjast? Og kor lang tid etter at eggløysingssprøyta er sett, bør me ha samleie? Problemet er jo også at eg ikkje veit om eggløysingssprøyta skal setjast på tirsdag eller onsdag. Gløymte sjølvsagt å spørja gynekologen min om desse tinga.

Gynekologen min var positiv då eg var der i dag, og sa at han hadde stor tru på at det kom til å bli baby ut av dette. Men eg tør ikkje å håpa på nokon ting, for eg er så fryktelig redd for å bli skuffa.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå husker jeg ikke om mannen din har testet sædkvalitet og hva de testene isåfall sa. Men om han har normal kvalitet så er det ikke noe vits å spare. Da har jeg lest at det er bra å ha sex hver dag, men annenhver dag duger nok det og ;) Har han noe nedsatt kvalitet, anbefales det vel å gå for annenhver dag.

Sikkert noen andre som kan mer om dette enn meg, med dette er hva jeg synes å ha fått med meg :)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nå husker jeg ikke om mannen din har testet sædkvalitet og hva de testene isåfall sa. Men om han har normal kvalitet så er det ikke noe vits å spare. Da har jeg lest at det er bra å ha sex hver dag, men annenhver dag duger nok det og ;) Har han noe nedsatt kvalitet, anbefales det vel å gå for annenhver dag.

Sikkert noen andre som kan mer om dette enn meg, med dette er hva jeg synes å ha fått med meg :)

Forresten veldig bra at du reagerer så bra på sprøytene! Har troa på eggene dine denne måneden, jeg! :jepp:

Mannen min har testa sædkvaliteten sin, ja. Resultatet var akkurat så vidt innanfor normalen, men heilt i nedre grense. Så han har ikkje akkurat toppkvalitet, men heller ikkje så dårlig sædkvalitet at me ikkje skal kunne få klaff med naturmetoden.

Eg har vel egentlig høyrt omtrent det samme som deg. Me pleier vanlegvis å gå for annankvar dag frå mensslutt og fram til eg får positiv EL-test. Når EL-testen blir positiv, pleier me å prøva kvar dag i nokre dagar - fram til eg er heilt sikker på at eggløysinga er over. Vanskelig å vita kva som fungerer best, men det er iallfall sånn me som oftast gjer det. ;)

Ja, eg er glad for at det ser ut til at eg reagerer bra på sprøytene! :) Var veldig spent på det på forhånd, om sprøytene ville ha nokon virkning eller ikkje. Så bra at du har tru på egga mine denne syklusen! ;) Eg er veldig spent på om dette forsøket fører til at eg blir gravid. Har eit håp om det, men tør ikkje håpa for mykje. Då blir eg berre enda meir skuffa, om det ikkje går veien.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg skal til gynekologen igjen i ettermiddag, i forbindelse med FSH-stimuleringa eg er i gang med denne syklusen. Har no tatt sprøyter (Gonal-f) i 10 dagar, sidan første mensdag. Gynekologen rekna med at eitt eller fleire egg skulle vera modne enten i dag eller i morgon (var hos han for 5 dagar sidan), og at eg derfor kan setja eggløysingssprøyta. Eg er så spent på om sprøytene har virka like bra som forrige gang eg var hos gynekologen, og om eitt eller fleire egg har blitt ordentlig modne no.

Men eg lurer på ein liten ting til. I dag tidleg (CD 11) fekk eg positiv EL-test, så eg er litt redd for at egget allerede har løsna før eg kjem til gynekologen i dag. Er det dumt om det skjer, eller? :klo: Eg tenker på om kvaliteten på egget blir bedre om ein tar eggløysingssprøyta først - eller har ikkje det nokon betydning?

Dette her er både spennande og skummelt på ein gang, kjenner eg! :bond:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg sniker litt...

Positive eggløsningstester får man vel 24-48 timer før eggløsning inntreffer, og så blir den negativ igjen etter at egget er sluppet, så vidt jeg har forstått.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg sniker litt...

Positive eggløsningstester får man vel 24-48 timer før eggløsning inntreffer, og så blir den negativ igjen etter at egget er sluppet, så vidt jeg har forstått.

Å, eg håpar virkelig at egget held seg på plass til mannen min har fått sendt inn nokre soldatar i kveld! Reknar med at eggløysingssprøyta blir sett i dag, og at det fører til at egget blir ekstra godt modna før det slepper. For no VIL eg ha eit superegg altså! :Nikke:

Eg er så redd for at innsatsen eg og mannen min gjorde i går kveld ikkje er nok, om egget løsnar av seg sjølv. Planen var jo å få tatt eggløysingssprøyta før kroppen slepper egget sjølv, og eg håpar virkelig at det går! Og at mannen min også rekker å senda inn ein ladning til i kveld, før det er for seint.

Forrige gang eg tok EL-test, var i går tidleg - og då var den negativ. I verste fall ville eg ha fått positiv EL-test allerede litt utpå dagen i går, om eg hadde testa då. I så fall kan egget sleppa allerede i løpet av dagen i dag, før mannen min rekker å få sendt inn ein ladning med soldatar i kveld! :sprettoy: Håpar virkelig ikkje det skjer altså. Kryssar fingrane for at EL-testen nettopp har blitt positiv. Streken var nemlig ikkje like sterk i dag, som den pleier å vera når testen er på det sterkaste - så eg har eit håp om at me rekker det i tide, og at testen blir positiv i morgon også. Men eg fekk opp eit smilefjes på CB-testen i dag, så sikker kan eg aldri vera. Huff, dette er nesten litt for spennande! :redd: Egg, kan du vera så snill og klora deg godt fast på eggstokken ei stund til? - iallfall fram til i natt eller i morgon tidleg! :pls: Då blir eg glad! :nigo:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Krysser fingrene :pls:

Krysser fingrene jeg også :)

Håper det gikk bra i dag! :klemmer:

Tusen takk, jenter! :hug: Dåke er gode å ha. Men no er eg ganske lei meg, for å vera heilt ærlig. :grine:

Hadde time hos gynekologen kl 16 i dag. Var veldig spent på korleis det låg an, sidan eg fekk positiv EL-test i dag tidleg. På UL såg gynekologen 3 perfekte egg, som var klare til å sleppa - 2 egg på venstre eggstokk, og 1 egg på høgre eggstokk! :nigo: Eg vart så glad då, og gynekologen meinte det var veldig gode sjansar for at alle 3 egga vart befrukta, og at iallfall 1 eller 2 egg festa seg i livmora. Så han forberedte meg på tvillingar og greier.

Gynekologen sette eggløysingssprøyte på meg, sjølv om det var i seinaste laget. Han rekna med at eggløysinga ville skje innan 10-12 timar. Egentlig burde me ha samleie med ein gang me kom heim, sidan egga i teorien kunne løsna frå eggstokkane når som helst. Eg sa at det vart litt vanskelig å få det til før etter ca kl 19.30, når me hadde fått jenta vår i seng. Då svarte han at så lenge me hadde samleie innan 4-6 timar, så gjekk det heilt sikkert greit. Så då tenkte eg at det skulle gå greit om eg og mannen min hadde samleie rett etter at jenta vår var lagt i halv 8-tida i kveld. Og me klarte å få det til innan klokka var 20 i kveld, og då var det jo rett under 4 timar sidan eg var hos gynekologen.

Sånn sett burde jo alt ha vore bra no, sidan me klarte det innan "tidsfristen". Problemet er berre at eg tok ein EL-test då eg gjekk på do, rett etter at eg hadde lagt jenta vår - og den var negativ! :( Gynekologen anbefalte at eg tok ein EL-test i kveld, for å få vita om den fortsatt var positiv. For viss den var negativ igjen, så var det for seint med samleie, sa gynekologen min. :trist: Det betyr altså at egga mine har løsna frå eggstokkane ein gang mellom kl 16 og 20 i dag. Det er berre så utrulig frustrerande, at eg har ikkje ord. :sur: Kvifor kunne ikkje egga ha klort seg fast i nokre få timar til? :frustrert:

Eg spurte forresten også gynekologen min om det ikkje uansett var bra nok at me hadde samleie i går kveld, men han svarte at det vart for tidleg. Men kvifor var det for tidleg egentlig? Skjønnar det berre ikkje, for å vera heilt ærlig. Sædcellene kan jo overleva i fleire døgn der inne. Sjølv om eg har hatt FSH-stimulering denne syklusen, så kan vel likevel sædcellene overleva ei stund? Uff, skjønnar ingenting eg. No er eg berre så lei og oppgitt, at eg har lyst til å skrika høgt! :( Tenk, 3 perfekte modne egg - og så har sannsynlegvis alt gått rett i dass. :sukk:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Høres veldig rart ut det gyn sier, synes jeg. Alle steder jeg har lest sies det at det nettopp er dagen før EL som er den beste dagen. Om dere fikk dere en runde i kveld, så tror jeg ikke heller det er for sent. Egget er klart i ca et døgn, og det kan ta mindre tid enn det for svømmerene å nå frem.

Slik han snakker så virker det jo som om man må treffe på timen omtrent for å ha noen sjans, og slik er det jo ikke! Mange anbefaler jo annenhver dag gjennom hele den fruktbare perioden, og mener det dekker godt. Så jeg er helt sikker på at det ikke skal stå på innsatsen hvertfall! :klemmer:

Men husk at selv med gode egg og perfekt timet sex så er det dessverre større sannsynlighet for at det ikke klaffer enn at det gjør det. Jeg sier det ikke for å ta møtet fra deg, men for å minne deg på at det ikke trenger være at dere gjorde noe "feil" som er grunnen om det eventuelt ikke klaffet.

Jeg har fremdeles trua! :nigo:

Babystøv sendes din vei! :strix:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Høres veldig rart ut det gyn sier, synes jeg. Alle steder jeg har lest sies det at det nettopp er dagen før EL som er den beste dagen. Om dere fikk dere en runde i kveld, så tror jeg ikke heller det er for sent. Egget er klart i ca et døgn, og det kan ta mindre tid enn det for svømmerene å nå frem.

Slik han snakker så virker det jo som om man må treffe på timen omtrent for å ha noen sjans, og slik er det jo ikke! Mange anbefaler jo annenhver dag gjennom hele den fruktbare perioden, og mener det dekker godt. Så jeg er helt sikker på at det ikke skal stå på innsatsen hvertfall! :klemmer:

Men husk at selv med gode egg og perfekt timet sex så er det dessverre større sannsynlighet for at det ikke klaffer enn at det gjør det. Jeg sier det ikke for å ta møtet fra deg, men for å minne deg på at det ikke trenger være at dere gjorde noe "feil" som er grunnen om det eventuelt ikke klaffet.

Jeg har fremdeles trua! :nigo:

Babystøv sendes din vei! :strix:

Ja, eg synst også det høyrest veldig rart ut, det gynekologen min sa. Eg har som deg høyrt at samleie dagen før eggløysing er det ideelle tidspunkt, og at det heller ikkje er for seint å ha samleie den dagen egget løsnar. Det er derfor eg tenker at det kanskje er nokon andre "reglar" som gjeld ved slike forsøk som eg er i gang med (FSH-stimulering)- og at kanskje det at eg har fått eggløysingssprøyte i tillegg, også fører til at ting fungerer annleis enn ved eit naturlig forsøk uten tilførsel av kunstige hormon. :vetikke: Men som sagt, eg synst det høyrest veldig merkelig ut.

Ja, i følge gynekologen min virkar det jo som om ein kun har nokre få timar på seg til å ha samleie, på ein bestemt dag - og det får eg ikkje heilt til å stemma. Så eg må seia at eg lurer på heile greiene.

Eg er klar over at det i ein naturlig syklus er større sjanse for at ein ikkje blir gravid, som at ein blir det. Men gynekologen min meinte at me hadde gode sjansar denne gangen! Grunnen er at egga for det første blir ekstra godt modne, pga FSH-stimuleringa. I tillegg har eg 3 egg som skal løsna, i motsetning til kun 1 egg i ein vanlig syklus. Så det er absolutt større sjanse for at eg blir gravid denne gangen, sidan eg har 3 (forhåpentligvis gode, ordentlig modne) egg som løsnar, i staden for berre 1 egg, som kanskje ikkje er like bra modna. Men såklart er eg fullstendig klar over at sjansen også er stor for at eg ikkje blir gravid. Likevel kjem eg til å bli mykje meir skuffa om det ikkje klaffar denne gangen, enn eg har blitt tidlegare. Grunnen er både fordi eg veit at sjansane for å få klaff denne gangen er ganske mykje større, i tillegg til at eg har brukt mykje pengar på dette forsøket.

Kjekt at du fortsatt har trua på meg! :) Tusen takk for babystøv! :klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har jo helt rett at sjansen er større siden du vet du har tre egg, det hadde jeg glemt :) I tillegg er du jo sikker på at eggene er godt modne og av fin størrelse, så tror nok også at sjansene deres er mye høyere enn i en naturlig syklus!

Blir veldig spennende å se om et par uker!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er eg kjempeforvirra - skjønnar virkelig ingenting! :klo:

Eg tok ein ny EL-test i dag tidleg, berre for å få bekrefta at den var negativ. EL-testen var jo heilt negativ i går kveld. derfor vart eg heilt forskrekka når smilefjeset på EL-testen plutselig dukka opp. EL-testen var klart positiv igjen i dag tidleg, og streken var faktisk var sterkare enn i går tidleg då eg testa! :omg:

Eg skjønnar seriøst ingenting no. Eg spurte til og med gynekologen min i går, om egga kunne løsna til forskjellig tid, men han svarte at dei løsna omtrent samtidig. Har også lest på nettet at når eit egg løsnar, produserer det så mykje progesteron, at det er umulig for fleire egg å løsna lenge etterpå. Er det nokon som har ei forklaring på dette her? Eg skjønnar iallfall ingenting. Har aldri før opplevd at EL-testane har blitt positive igjen, etter først å ha blitt negative - men så har eg jo heller aldri før hatt meir enn 1 egg om gangen, som skal løsna. ;) Så eg håpar jo at det er mulig at slikt skjer, og at det ikkje er kroppen min som er heilt ute og kjøra. :pls:

Eg har forresten hatt masse luft i magen/laus mage, sidan i går ettermiddag. Reknar med at det har noko å gjera med eggløysinga. Så no blir vel eg og mannen min nødt til å ta ein ny runde i dag, for sikkerhets skyld - og få sendt inn nokon fleire svømmarar! ;) Eg anar jo ikkje om eggløysinga er heilt over enda, eller ikkje. Men blir det for tidleg å ha samleie allerede no igjen, når me hadde det litt før kl 20 i går kveld? Skal me heller venta til litt lenger ut på dagen/tidleg kveld? For mannen min bør vel få samla opp litt nye svømmarar først. Men så er jo problemet sjølvsagt, at då er vel eggløysinga over igjen før me kjem så langt, sånn som i går. Det vil seia, viss eitt eller fleire av egga fortsatt ikkje har løsna. Det er jo nettopp det eg ikkje har peiling på... :roll:

Og så begynte eg å tenka på ein ting til. Då eg tok Pergo etter MAen i mars, fekk eg beskjed om å koma tilbake til gynekologen så fort eg testa positivt, viss eg vart gravid igjen. For då skulle eg få progesteronstøtte, meinar eg det var han sa. For sidan eg har mista ein gang, er det vel litt auka risiko for at det kan skje igjen. Men då eg var hos gynekologen i går, sa han ingenting om at eg skulle koma tilbake om eg testa positivt. Men eg trur eg gjer det uansett, om eg skulle vera så heldig å bli gravid no - for eg vil gjerne ha progesteronstøtte, om eg kan få det. Til dåke som er i gang med prøverørsforsøk: Begynnar dåke med progesteronstøtte med ein gang eit befrukta egg har blitt sett tilbake i livmora, eller er det først etter at dåke testar positivt (om dåke blir gravide), at dåke startar med det?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Du har jo helt rett at sjansen er større siden du vet du har tre egg, det hadde jeg glemt :) I tillegg er du jo sikker på at eggene er godt modne og av fin størrelse, så tror nok også at sjansene deres er mye høyere enn i en naturlig syklus!

Blir veldig spennende å se om et par uker!

Ja, det stemmer! :) Sjansen er større både fordi eg har 3 egg, og fordi alle egga er bra modna og så store som dei skal vera. I følge gynekologen mine, er sjansane ganske mykje større for at eg blir gravid no, enn i ein naturlig syklus. Han sa til og med at viss eg vart gravid, så var det store sjansar for tvillingar. ;)

Så gjenstår det jo å sjå om me lykkast, eller ikkje. Eg er fortsatt redd for at me hadde samleie for seint i går, og at eggløysinga faktisk skjedde då, sjølv om EL-testen plutselig var positiv igjen i dag. Men fytti grisen så skuffa og lei meg eg kjem til å bli, om dette ikkje går veien. :( Eg fekk nemlig så store forhåpningar då eg såg 3 perfekte egg på UL i går. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skjønner godt du er forvirra, skjønner veldig lite av dette, jeg... :sjenert:

Sender iallfall masse babystøv! :strix:

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skjønner godt du er forvirra, skjønner veldig lite av dette, jeg... :sjenert:

Sender iallfall masse babystøv! :strix:

:klemmer:

Ikkje rart at du skjønnar lite av dette - når til og med eg som er midt oppe i dette forsøket, er totalt forvirra! :sprettoy:

Tusen takk for babystøv! :klem: Er du gravid, eller? :lur:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Var merkelige greier. Ble jo forvirra bare av å lese :gjeiper:

Men høres litt merkelig ut at kl 19:00 MÅ du ha sex, 19:10 er det for sent. Ok, litt overdrevent, men høres jo sånn ut.

Krysser fingrene for at det holdt jeg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...