Luremegpå Skrevet 27. mai 2011 #701 Del Skrevet 27. mai 2011 Positiv EL-test i dag (25. mai), på CD14. Så syklusen min ser ut til å vera i orden på det området iallfall, med EL til normal tid, uten Pergo. Før eg vart gravid i februar, hadde eg hatt mange månader med EL allerede på CD12/CD13, og det synst eg var litt for tidleg. Problemet er berre at det er andre ting, som ikkje er som dei skal vera. Forrige syklus blødde eg litt kvar dag i ei heil veke, frå og med første dag med positiv EL-test. Denne syklusen har eg blødd litt kvar einaste dag så langt. Mensen var vel heilt over etter 7 dagar. Og allerede dagen etter, kom det blankt slim med blod i. Det har fortsett å koma litt blod kvar dag, enten inni blankt slim, eller som svakt rosafarga utflod. I dag då eg fekk positiv EL-test, kom det ganske mykje EL-slim, som var heilt rødt! Det var ein god del meir enn det har vore dei andre dagane. Og i ettermiddag kom det igjen ein god del rødt slim. Uff, eg blir så utrulig redd! Det er nesten 2 veker til eg har time hos gynekolog, og eg skjønnar ikkje korleis eg skal halda ut å venta så lenge. Eg som aldri før nokon sinne har blødd mellom menstruasjonane - og no blør eg kvar dag! Og sidan eg har blødd meir i dag, så har eg også blitt enda meir redd. Dumme kroppen min, som heile tida finner på noko nytt tull, som gjer meg så redd og bekymra! Dette orkar eg ikkje lenger. Alle dei bekymringane eg har hatt, sidan me starta prøvinga igjen sommaren 2009. Skal det virkelig aldri ta slutt? Gå på legevakten og si det sånn det er! Du skal ikke gå rundt å ha det sånn nstakkars deg! God klem!! 1 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 29. mai 2011 Forfatter #702 Del Skrevet 29. mai 2011 Uff, ikke godt å gå rundt og være så bekymret. Du får ikke time tidligere hos gynekologen hvis du ringer og forklarer, eller? Nei, det er noko dritt! Men no har eg heldigvis ikkje sett blod på 2 dagar, så då får eg prøva å halda ut fram til gynekologtimen om litt over 1 veke. Takk! Gå på legevakten og si det sånn det er! Du skal ikke gå rundt å ha det sånn nstakkars deg! God klem!! No blør eg som sagt ikkje for øyeblikket. Så om det held seg sånn, så ventar eg til eg har time hos gynekolog på Volvat. Men begynnar eg å blø igjen før den tid, så kan det godt henda at eg tar ein tur på legevakten, ja. For det er absolutt ikkje noko kjekt å gå rundt og vera så bekymra, nei. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 29. mai 2011 Forfatter #703 Del Skrevet 29. mai 2011 (endret) Som eg skreiv tidlegare, så fekk eg positiv EL-test på CD14 (25. mai). Dagen etter (26.mai) på CD15, var EL-testen også positiv. Så då er iallfall syklusen min i orden akkurat på det området, men EL til perfekt tid, uten at eg har tatt Pergo. Og det er jo bra! Håpar virkelig at det fortset slik, for eg vil ikkje tilbake til EL på CD12/13, som eg har hatt sidan august i fjor. Det var kun når eg brukte Pergo, at eg fekk EL til normal tid. Men så er det dei forbaska blødningane utenom mensen, som eg har vore plaga med både denne og forrige syklus. Denne syklusen såg eg blod kvar einaste dag, til eg var over EL. Og det toppa seg første dagen eg fekk positiv EL-test, då det kom ganske masse slim som var heilt rødt av blod. Ikkje noko kjekt. Heldigvis har eg ikkje sett antydning til blod verken i dag eller i går, og det er eg veldig glad for! Håpar og ber om at det fortset slik, og at eg ikkje ser meir blod før mensen kjem. Det bør vera heilt slutt på slike blødningar heretter, for eg blir så livredd når det skjer! Så får me sjå kva gynekologen seier, når eg skal dit. Kryssar alt eg har for at alt ser normalt ut, og at ingenting er gale. Endret 29. mai 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Blondie65 Skrevet 29. mai 2011 #704 Del Skrevet 29. mai 2011 Pass på å få målt jern og sånt også. Det er ikke sunt å blø så mye - så få det undersøkt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. juni 2011 Forfatter #705 Del Skrevet 1. juni 2011 (endret) Pass på å få målt jern og sånt også. Det er ikke sunt å blø så mye - så få det undersøkt. Eg har heldigvis ikkje sett ein dråpe blod, sidan rett etter EL! Håpar virkelig at blødningane er over for godt no, og at alt ser fint ut på UL måndag i neste veke! Trur ikkje det har noko for seg å få målt jern. Som sagt så blør eg ikkje lenger. Og når eg blødde, så var det på langt nær så mykje som når eg har mensen. Det var berre det at eg synst det var mykje blod, med tanke på at mensen var over, og eg egentlig ikkje skulle ha blødd i det heile tatt! Men eg må seia at eg er veldig spent på om blødningane kjem tilbake neste syklus. Eg har jo blødd utenom mensen delar av syklusen, både denne og forrige syklus. Og det vil eg ikkje ha meir av heretter, for eg blir jo så forferdelig redd av sånt! Endret 1. juni 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 6. juni 2011 Forfatter #706 Del Skrevet 6. juni 2011 I dag hadde eg endelig gynekologtime, pga blødningane eg har hatt utenom mensen, i begge syklusane etter MAen i mars. Heldigvis har eg ikkje sett blod sidan eg hadde EL denne syklusen (ventar mensen om få dagar). Men eg var veldig nervøs likevel, sidan eg har blødd ein del tidlegare i syklusen, og i forrige syklus. Snakka først med gynekologen, og fortalte om blødningane. Så fekk eg innvendig UL, for å få undersøkt eggstokkar og livmor. Alt såg heldigvis kjempefint ut! Gynekologen kunne garantera meg at det ikkje var kreft, så det trengte eg ikkje å tenka på ein gang. Ho sa at det nok var hormonkluss etter MAen, og at det var ganske vanlig. Ho sa også at eg ikkje trengte å bekymra meg for at blødningane var ein tegn på overgangsalder, sidan hormonprøvane eg tok for kort tid sidan, var heilt normale. Eg spurte om ho kunne ta ein celleprøve. Men det hadde eg visst tatt for ikkje så mange månader sidan, så det meinte ho at ikkje var nødvendig. Gynekologen sa at det kunne henda at blødningane kom til å vara ei stund, men det kunne også normalisera seg igjen fort. Ho sa at det fanst noko ein kunne ta, for å stoppa slike mellomblødningar - men det var ikkje noko alternativ for meg som prøvde å bli gravid, fordi det hemma eggløysinga. Men ho meinte at når eg begynte på ein ny Pergokur, så kunne det gjera at blødningane vart mindre/ga seg heilt. Gynekologen kunne også sjå at eg hadde hatt eggløysing på venstre side denne syklusen, og det var litt artig å få vita! Då har eg hatt EL denne syklusen iallfall, til tross for blødningane - og det er jo veldig bra! No skal eg berre slappa av, og prøva å ikkje bekymra meg meir. Må jo berre stola på at gynekologen veit kva ho snakkar om, og at eg ikkje treng å bekymra meg over blødningane. Så kryssar eg fingrane for at eg slepper slike mellomblødningar heretter! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 11. juni 2011 Forfatter #707 Del Skrevet 11. juni 2011 (endret) I går (10. juni) kom mensen, som forventa. Mannen min var jo vekke når eg hadde EL, så det var uansett ingen sjanse for at eg kunne vera gravid denne syklusen. Heldigvis var lutealfasen min akkurat så lang som den pleier å vera, denne gangen. Og med EL på CD 15, så var det sånn sett ein perfekt syklus. Fekk jo til og med bekrefta at eg hadde hatt EL, då eg var hos gynekologen, og at den hadde skjedd frå venstre eggstokk. Det einaste som ikkje var bra med denne og forrige syklus, var blødningane mine utenom menstrusajonen. Håpar virkelig at eg slepper å oppleva det fleire gangar! Det som er skikkelig kjipt, er at mannen min kjem til å vera på jobb i Nordsjøen, også neste gang eg har EL! Eg har rekna meg fram til at han kjem til å reisa på jobb eit par dagar før eg har EL. Det er berre så utrulig typisk! Me kjem sjølvsagt til å gjera ein innsats i dagane før mannen min reiser på jobb, men det spørs om svømmarane overlever i fleire dagar før egget slepper. Så eg har ikkje store forhåpningar desse syklusen heller, dessverre. Lurer på når eg får begynt på Pergo igjen. EL kjem jo alltid når mannen min er vekke, og då er det ikkje mykje vits i å ta ein ny Pergokur. Endret 11. juni 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nótt Skrevet 12. juni 2011 #708 Del Skrevet 12. juni 2011 Så utrolig kjipt at han er borte ved hver EL nå. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Marikke Skrevet 12. juni 2011 #709 Del Skrevet 12. juni 2011 Deilig med beroligende ord fra gynekologen! Ja, det er bare å hoppe i høyet før mannen drar. De små svømmerne kan finne på å klare seg noen dager. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
kokkos Skrevet 19. juni 2011 #710 Del Skrevet 19. juni 2011 Jeg stemmer i med at det er håp for svømmerne om det er snakk om et par dager, det var hvertfall slik mitt barn ble til En graf En graf til Hilsen en tilfeldig leser som ramlet innom Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 20. juni 2011 Forfatter #711 Del Skrevet 20. juni 2011 Så utrolig kjipt at han er borte ved hver EL nå. Ja, det er det! Deilig med beroligende ord fra gynekologen! Ja, det er bare å hoppe i høyet før mannen drar. De små svømmerne kan finne på å klare seg noen dager. Ja, eg var veldig glad og letta etter gynekologtimen! Mannen min måtte reisa ut i dag, 2 dagar før tida. Så då skulle det jo egentlig ikkje vera noko som helst håp for denne prøveperioden. Men så fekk eg plutselig positiv EL-test allerede i dag! Men eg er ikkje glad for det altså, for det er altfor tidleg. Så då er det nok ikkje noko håp likevel... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 20. juni 2011 Forfatter #712 Del Skrevet 20. juni 2011 Jeg stemmer i med at det er håp for svømmerne om det er snakk om et par dager, det var hvertfall slik mitt barn ble til En graf En graf til Hilsen en tilfeldig leser som ramlet innom Ja, det hadde nok vore eit lite håp om me hadde gjort ein innsats tirsdag kveld, og eg hadde fått EL torsdag eller fredag, slik eg rekna med at eg skulle få. Det er ho tydelig ut frå grafane at det er mykje viktigare å prøva i dagane før EL + EL-dagen, enn dagen etter EL, for då er det allerede for seint. Men no vart plutselig alt annleis! For det første måtte mannnen min reisa på jobb 2 dagar før tida, i tillegg til at eg fekk eggløysing i dag, som var altfor tidleg. Så sjølv om me koste oss i går kveld, så er det nok ikkje håp likevel, dessverre. For det er nok ikkje mykje til kvalitetsegg som slepper denne syklusen, nei... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 20. juni 2011 Forfatter #713 Del Skrevet 20. juni 2011 (endret) Huff, no er eg så frustrert over kroppen min - igjen! Etter aborten i mars, har eg fram til no fått EL på CD14/CD15. Og eg har vore så glad for det, sidan eg før aborten ofte hadde for tidleg EL, og til og med eit par korte syklusar heilt uten EL. Dette syklustullet begynte i august i fjor. Før den tid hadde eg alltid EL mellom CD14 og CD18/19. Aldri tidlegare enn CD14, det skjedde ikkje. Og eg håpte liksom på at ting hadde gått tilbake til normalen igjen no, og at eg kom til å fortsetja å få EL til normal tid, slik eg har fått i dei andre syklusane etter aborten. Men dengang ei! For det første har eg også denne syklusen blødd etter at mensen var over, og er absolutt ikkje noko glad for det - sjølv om gynekologen har lova meg at det ikkje er noko alvorlig gale. Det er jo uansett noko som ikkje stemmer, når det er slik. Mensen varte i akkurat 7 dagar, slik den har gjort i begge dei andre syklusane etter aborten. Men på CD8, dagen etter at mensen var over, så kom det litt blodig slim, og det har det gjort kvar dag sidan. I går reagerte eg på at det kom ganske mykje EL-slim, og det var heilt rødfarga av blod. Akkurat slik var det den første dagen eg fekk positiv EL-test forrige syklus. Men eg tok ingen EL-test likevel, for eg trudde ikkje det var nokon mulighet for at den kunne vera positiv, sidan eg berre var på CD10. I dag tidleg kom det også ganske mykje EL-slim, med blod i. Tok ein EL-test i dag, på CD11 (20. juni), og den var positiv! Og sidan eg hadde så mykje blodig EL-slim i går og, i tillegg til at eg som oftast får positiv EL-test 2 dagar på rad, så trur eg nok ganske sikkert at EL-testen ville ha blitt positiv i går også, om eg hadde tatt ein test då. No i kveld har eg også hatt ganske sterke menssmerter på høgre side, som eg reknar med er EL-smerter. Og det kan jo stemma bra, med tanke på at eg på UL fekk bekrefta at eg hadde EL på venstre side forrige syklus. Men fytti grisen, det er jo altfor tidleg å få EL allerede på CD11! Som sagt, så måtte mannen min reisa på jobb i Nordsjøen i dag, 2 dagar før tida. Så egentlig skulle jo alt håp ha vore ute denne prøveperioden, sidan eg rekna med å få EL enten på torsdag eller fredag. Men så kom plutselig EL heilt overraskande allerede i dag! Men eg er absolutt ikkje glad for det. For det kan ikkje akkurat vera noko kvalitetsegg som løsnar, når det er så tidleg i syklusen. Egget kan jo umulig vera ordentlig modent! Virkar som om eg har EL, sidan eg kjenner smerter på høgre side i magen i dag. Men det hjelper liksom så lite, viss egget ikkje har fått tid til å modnast skikkelig. Eg og mannen min i går kveld. Så viss egget hadde vore skikkelig modent, så ville me jo absolutt hatt ein sjanse for klaff denne gangen! Men eg føler meg temmelig sikker på at egget er av elendig kvalitet, sidan det løsna mange dagar for tidleg. No sit eg berre her og fryktar at neste syklus blir ein veldig kort syklus heilt uten EL, med tanke på kva som skjer no. Trur nok Pergoen må fram neste syklus uansett, for å prøva å forhindra at det skjer. Endret 20. juni 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 20. juni 2011 #714 Del Skrevet 20. juni 2011 Vil bare gi deg en god Mirabella. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 21. juni 2011 Forfatter #715 Del Skrevet 21. juni 2011 (endret) Vil bare gi deg en god Mirabella. Takk! I dag tidleg var det berre litt EL-slim, med ganske lite blod i. Eg har ikkje sett noko meir til verken EL-slim eller blod seinare i dag. Har heller ikkje kjent noko meir til EL-smertene, som eg hadde i går ettermiddag/kveld. Likevel var EL-testen positiv i dag igjen (21. juni), på CD12! Forstår ingenting no, eg! Veit jo ikkje om eg har hatt EL i det heile tatt denne syklusen, sidan eg fekk positive EL-testar så tidleg i syklusen. Det pleier aldri å vera noko bra tegn. Det einaste som likevel kan tyda på at eg har hatt EL, er at eg hadde ganske sterke menssmerter/EL-smerter i går, og det er ganske sjelden at eg har slike smerter i det heile tatt rundt EL. Men viss eg har hatt EL, så må vel eggløysinga ha skjedd i går? Det var jo då eg hadde masse blodig EL-slim + EL-smerter. I dag var det jo minimalt med EL-slim, og kun i dag tidleg - og ingen EL-smerter. Men kvifor fekk eg då positiv EL-test i dag tidleg? Det burde eg vel ikkje ha fått, viss eg hadde EL i går kveld? Nei huff, eg blir berre meir og meir forvirra og oppgitt over denne kroppen min. Kvifor kan ikkje berre kroppen min fungera som den skal, slik den gjorde forrige gang me var prøvarar? Endret 21. juni 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 7. juli 2011 Forfatter #716 Del Skrevet 7. juli 2011 (endret) Mensen kom for 2 dagar sidan (5. juli). Og det stemmer med at eg hadde EL så tidleg som CD11 denne syklusen! Forferdelig frustrerande at kroppen min begynnar å tulla igjen, med altfor tidleg EL. No fryktar eg at det ikkje er lenge før eg får ein ny syklus heilt uten EL. I tillegg er eg sjølvsagt også veldig lei meg og oppgitt over at mensen kom denne gangen også. Hadde håpa at den innsatsen me gjorde dagen før EL, skulle vera nok. Hadde eit håp om at eg hadde ein bra EL denne syklusen, sjølv om den kom så tidleg - sidan eg hadde tydelige EL-smerter, noko eg aldri pleier å ha. Men dengang ei! Denne syklusen var det planen å ta dobbel pergokur. Men no har eg heller tenkt å prøva på ein enkel kur. Grunnen er at mannen min kjem til å vera vekke på jobb neste syklus, når eg har EL. Og då følar eg at det er bortkasta å ta dobbel kur denne syklusen, sidan dobbel pergokur virkar både i den syklusen ein tar kuren, og i syklusen etter. Det var jo i pausemånaden etter min 2. pergokur, at eg vart gravid forrige gang. Og sidan enkel pergokur kun virkar den syklusen ein tar kuren, så prøver eg på det denne gangen. Så får eg berre kryssa fingrane for at ein enkel pergokur er nok til å gi meg ordentlig EL, til normal tid i syklusen. Eg har jo kun tatt doble kurar før, så eg anar ikkje om enkel pergokur funkar på meg. Så har eg time hos gynekolog i slutten av denne månaden, og håpar då på at me blir henvist vidare til IVF! Har egentlig lyst til å reisa til Hausken-klinikken i Haugesund, i staden for å måtta venta i månadsvis på å få koma i gang med IVF gjennom det offentlige. Men mannen min synst ikkje det er verdt å betala masse ekstra pengar på å få IVF privat, sjølv om eg prøver å få han til å forstå at det hastar litt, pga alderen min! Eg har også planar om å kontakta den gynekologen igjen, som eg var til etter aborten i mars. Han sa nemlig at han hadde ein plan for meg, blant anna trur eg han ville at eg skulle prøva Femar. Så det er godt mulig at eg bestiller ein time hos han igjen snart. Han ville at eg skulle koma heilt i starten av ein syklus, slik at han kunne følgja meg gjennom ein heil syklus. No har me forresten vore prøvarar i omtrent akkurat 2 år, og det er trist å tenka på! Hadde virkelig ikkje forestilt meg at det skulle bli så vanskelig, då me optimistiske starta prøvinga på nr 2 sommaren 2009. Endret 7. juli 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Marikke Skrevet 8. juli 2011 #717 Del Skrevet 8. juli 2011 Bare innom en snartur og oppdaterer meg litt. Håper du får de svarene du ønsker deg om henvisning til IVF! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 8. juli 2011 Forfatter #718 Del Skrevet 8. juli 2011 (endret) Bare innom en snartur og oppdaterer meg litt. Håper du får de svarene du ønsker deg om henvisning til IVF! Ja, får virkelig håpa at me får henvisning til IVF. Føler snart at det er vårt einaste håp no, etter 2 års resultatlaus prøving. I dag har eg tatt mi første pergopille denne syklusen, på CD4. Så får me sjå om ein enkel pergokur er nok til å gi meg ordentlig eggløysing, til riktig tid i syklusen. Endret 8. juli 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Pasjonsblomst Skrevet 12. juli 2011 #719 Del Skrevet 12. juli 2011 Hei Mirabella Kjedelig at det ikke funker helt etter planen.. Høres ut som det passer greit med pergo og evnt IVF. Men klart det er HÅP! Den perfekte babyen deres tar bare litt lang tid å lage.. Jeg har troa på dere! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 19. juli 2011 Forfatter #720 Del Skrevet 19. juli 2011 (endret) Hei Mirabella Kjedelig at det ikke funker helt etter planen.. Høres ut som det passer greit med pergo og evnt IVF. Men klart det er HÅP! Den perfekte babyen deres tar bare litt lang tid å lage.. Jeg har troa på dere! Ja, no nærmar gynekologtimen seg. Håpar virkelig at me får henvisning til IVF, for no orkar eg ikkje meir av denne prøvinga månad etter månad, uten at eg får baby i magen. Eg er iallfall glad for at eg fortsatt har ein enkel og ein dobbel pergokur på lur, i mellomtida. Ikkje noko kjekt når ting ikkje går etter planen, nei! Bra at du har trua på oss iallfall, når eg begynnar å mista trua sjølv. For joda, det er nok fortsatt håp. Men pga alderen min, føler eg at sjansane blir mindre og mindre for kvar månad som går. Eg blir 35 år seinare i år, og eg veit jo at fruktbarheten går drastisk nedover, når ein har nådd den alderen. Men me SKAL klara å laga den perfekte babyen til slutt likevel, ikkje sant? Endret 19. juli 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå