Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Takk for at dåke tenker på meg, jenter! :klem: Det betyr mykje for meg.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette ordner seg helt sikkert! Ikke bra å være så bekymret hele tiden, det å jo slite voldsomt på deg... :tristbla:

Hiver over en stor klem!!! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dagens UL vart dessverrre ikkje nokon positiv opplevelse. :cry3: Eg skal vera 8+4 i dag (10. mars 2011), men embryoet hadde ikkje utvikla seg i det heile tatt, sidan forrige UL for akkurat ei veke sidan. Ut frå størrelsen på embryoet, skulle eg berre ha vore 5+6 veker på vei i dag. På forrige UL meinte gynekologen at han såg hjerteaktivitet, men i dag var det ingen hjerteaktivitet å sjå. :( Embryoet var berre på 3 mm, og eg fekk bekrefta at eg har hatt ein Missed abortion, akkurat som eg har frykta.

No har eg iallfall fått bevist at eg kan stola på magefølelsen min! Skulle sjølvsagt ønskja at magefølelsen min var feil, og at alt var fint med den lille spiren i magen min. Men når det først skulle gå gale, så er eg glad for at kroppen min seier frå når noko ikkje er som det skal vera. Eg har jo hatt ein veldig dårlig magefølelse heilt sidan få dagar etter at eg testa positivt - fordi eg ikkje har hatt eit einaste graviditetssymptom, i tillegg til at eg fleire gangar har hatt menssmerter på høgre sida i mage/rygg. Sånn var det ikkje forrige gang eg var gravid, og eg har visst heile tida at noko har vore gale. Men det er likevel ein forferdelig følelse å få bekrefta at eg hadde rett, for eg har håpa i det lengste på at alt skulle gå bra, og at eg tok feil.

Men etter UL for ei veke sidan, så skjønte eg for alvor kva vei det gjekk. Så denne siste veka har eg brukt på å innstilla meg på og ta inn over meg at eg ikkje skal bli mamma i oktober likevel. Og det har egentlig vore godt å ha denne veka å "forbereda" seg på, viss det går an å seia det sånn.

Eg er berre så ubeskrivelig trist over at eg måtte oppleva dette! :trist: Eg har bekymra meg veldig mykje før eg no fekk den endelige bekreftelsen på at det ikkje er håp, og det har vore veldig slitsomt. Og eg synst det er fryktelig urettferdig at eg skal oppleva noko sånt som dette, etter å ha strevd med å bli gravid i meir enn 1 1/2 år. :sukk: Tenk om det tar evighetar å bli gravid igjen, eller om eg ikkje klarar å bli gravid igjen i det heile tatt? Og tenk om det samme skjer igjen, viss eg blir gravid på nytt? Huff, det er mange vanskelige tankar. :( Eg ønskjer meg så veldig fleire barn, og eg har så lyst til å gi jenta mi søsken! Håpar virkelig at det ordnar seg for oss til slutt, for akkurat no følest alt heilt håplaust, for å vera ærlig...

På måndag skal eg på sykehuset og få tablettar for å få ut fosteret, sidan det ikkje har kome ut av seg sjølv. Gruar meg! :( Eg har ikkje sett ein einaste bloddråpe enda, og synst egentlig det er ganske rart med tanke på at eg har eit dødt embryo der inne, og i tillegg har eg hatt menssmerter fleire gangar. Men det er vel ofte sånn det er når ein opplever ein MA. Ingen graviditetssymptom, og ingen blødning - fosteret berre sluttar å utvikla seg. Jammen glad for at eg var på tidleg UL, ellers kunne eg jo ha risikert at det ikkje vart oppdaga på lenge.

Er så lei meg for at eg ikkje får bli mamma i oktober likevel! :grine: Eg hadde venta så lenge på denne spiren, og så går det berre gale. Håpar virkelig at eg klarar å sjå framover når det går ei stund, og ikkje gje heilt opp - sjølv om det kjem til å bli kjempevanskelig. Tusen takk for all støtte og oppmuntring frå dåke damer som har vore innom dagboka mi i det siste! :klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har jo vore gjennom noko liknande nokon gonger, men veit likevel ikkje kva eg skal seia til andre som opplever det. Tenker på deg, Mirabella, og håpar du har mange rundt deg som du kan snakka med. :hug:

Endret av dreia
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette skreiv gynekologen i brevet, som eg skal ta med meg på sykehuset på måndag:

Missed abortion

SM 9.1.11, hvilket tilsvarer 8 uker + 4 dagers amenore. Ingen graviditetsfølelse. Positiv gravitest i urin den 8.2.11.

Vaginal ultralyd viser abortus retentus med intrauterin gestasjonssekk på 11 mm = 5 uker + 6 dagers svangerskapslengde. Finner et intrauterint avdødt embryo på 3 mm. Ingen hjerteaktivitet. H. ov 36 x 20 mm. Ve. ov 25 x 15 mm. Uterus 45 x 59 mm.

Vurdering: Abortus retentus. Henvises til Cytotecbehandling.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg skjønnar ein del av det som står i brevet, men ikkje alt. Er det nokon som kan hjelpa meg med å tyda desse orda?:

- Amenore

- Abortus retentus

- Intrauterin gestasjonssekk

- H. ov 36x20 mm

- Ve. ov 25x15 mm

- Uterus 45x59 mm

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Blondie65

Er så lei meg for at eg ikkje får bli mamma i oktober likevel! :grine: Eg hadde venta så lenge på denne spiren, og så går det berre gale. Håpar virkelig at eg klarar å sjå framover når det går ei stund, og ikkje gje heilt opp - sjølv om det kjem til å bli kjempevanskelig. Tusen takk for all støtte og oppmuntring frå dåke damer som har vore innom dagboka mi i det siste! :klem:

Jeg er så uendelig lei meg på dine vegner Mirabella.

Nå er det noen tøffe dager fremover før igangsettingen, og så må kroppen få roe seg igjen før det er tid for å se fremover.

Det ER en positiv ting med dette: du ble gravid! Selvsagt finnes det ingenting positivt med at du mistet.

Har stor og dyp medfølelse med deg og har tenkt masse på deg de siste dagene. Stor :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var veldig trist lesning, Mirabella :tristbla: Fælt at dette skulle skje når du endelig hadde blitt gravid etter så lang prøvetid. Jeg føler med deg, og håper du har mannen din og dine nærmeste rundt deg i tiden som kommer :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Blondie65

Eg skjønnar ein del av det som står i brevet, men ikkje alt. Er det nokon som kan hjelpa meg med å tyda desse orda?:

- Amenore

- Abortus retentus

- Intrauterin gestasjonssekk

- H. ov 36x20 mm

- Ve. ov 25 x 15 mm

- Uterus 45 x 59 mm

Har googlet litt:

Amenore = uteblitt menstruasjon

Abortus retentus = Latinsk for Missed abortion - blir vel ganske bokstavelig tilbakeholdt/uteblitt abort

Intrauterin = i livmor (uterus = livmor, intra = inne i)

Gestasjonssekk = den sekken fostervannet befinner seg i

Ve. ov = venstre eggstokk

H. ov = høyre eggstokk

Uterus = livmor

Endret av Blondie65
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har googla litt, og har komme fram til følgande betydningar:

- Amenore - manglande mens (sikkert at du ikkje har hatt mens pga. graviditet :vetikke: )

- Abortus retentus - missed abortion, i motsetning til "abortus spontaneus"

- Intrauterin gestasjonssekk - intrauterin = i livmor, gestasjon = "ord som leilighetsvis brukes for å betegne graviditet" (sikkert fostersekk i livmora :vetikke: )

Dei siste er kanskje mål på eggstokkane (høgre og venstre ovarie) og livmora? :klo:

Håpar du blei litt klokare. :kose:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så trist Mirabella :tristbla:

Ord blir fattige, men vit at jeg tenker på deg. :kose:

Vet at det er utrolig tungt og vondt nå. Ta vare på hverandre.

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg har jo vore gjennom noko liknande nokon gonger, men veit likevel ikkje kva eg skal seia til andre som opplever det. Tenker på deg, Mirabella, og håpar du har mange rundt deg som du kan snakka med. :hug:

Takk for at du bryr deg! :klemmer:

Jeg er så uendelig lei meg på dine vegner Mirabella.

Nå er det noen tøffe dager fremover før igangsettingen, og så må kroppen få roe seg igjen før det er tid for å se fremover.

Det ER en positiv ting med dette: du ble gravid! Selvsagt finnes det ingenting positivt med at du mistet.

Har stor og dyp medfølelse med deg og har tenkt masse på deg de siste dagene. Stor :klem:

Takk for at du tenker på meg! :klemmer:

Ja, klart det er positivt at eg vart gravid! Men eg har igjen begynt å bekymra meg for om dårlig eggkvalitet er grunnen til at det tok så lang tid før eg endelig vart gravid, og at eg mista når eg først vart gravid. For tenk om pergoen har gjort at eit egg som egentlig var av for dårlig kvalitet, har modnast ekstra, og dermed blitt befrukta? Huff, blir heilt stressa når eg begynner å tenka på sånne ting. :sjenert:

Dette var veldig trist lesning, Mirabella :tristbla: Fælt at dette skulle skje når du endelig hadde blitt gravid etter så lang prøvetid. Jeg føler med deg, og håper du har mannen din og dine nærmeste rundt deg i tiden som kommer :klem:

Takk for omtanken! :klemmer:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har googlet litt:Amenore = uteblitt menstruasjon Abortus retentus = Latinsk for Missed abortion - blir vel ganske bokstavelig tilbakeholdt/uteblitt abortIntrauterin = i livmor (uterus = livmor, intra = inne i)Gestasjonssekk = den sekken fostervannet befinner seg iVe. ov = venstre eggstokkH. ov = høyre eggstokkUterus = livmor

Eg har googla litt, og har komme fram til følgande betydningar:- Amenore - manglande mens (sikkert at du ikkje har hatt mens pga. graviditet :vetikke: )- Abortus retentus - missed abortion, i motsetning til "abortus spontaneus"- Intrauterin gestasjonssekk - intrauterin = i livmor, gestasjon = "ord som leilighetsvis brukes for å betegne graviditet" (sikkert fostersekk i livmora :vetikke: )Dei siste er kanskje mål på eggstokkane (høgre og venstre ovarie) og livmora? :klo:Håpar du blei litt klokare. :kose:

Tusen takk for forklaringar, begge to. :klem: Eg vart absolutt litt klokare, ja!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Dette var trist lesning. :troest:

Takk for trøsteklem! :klem:

Så trist Mirabella :tristbla:

Ord blir fattige, men vit at jeg tenker på deg. :kose:

Vet at det er utrolig tungt og vondt nå. Ta vare på hverandre.

:klem:

Godt å vita at du tenker på meg. Sender ein klem tilbake til deg! :klem:

Så trist, Mirabella... Det var ikke sånn det skulle bli :(

Sender støttende tanker :klemmer:

Takk for det! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har heldigvis hatt ei travel helg, så eg har hatt lite tid til å tenka på det som har skjedd. Egentlig følest det heile ganske uvirkelig, for eg har ingen smerter og ingen blødningar!

Men i går kveld då eg hadde lagt meg, fekk eg ikkje sova. Og då begynte eg sjølvsagt å tenka på at eg har mista den sterkt etterlengta spiren min, og at eg må gjennom ein abort etter helga. :trist: Følte meg heilt dårlig, og det føltest som om eg nesten ikkje fekk pusta, når eg tenkte på det. :( Tenkte at noko så fælt som dette, nektar eg å gå gjennom. Eg vil jo berre ha oktoberbabyen min, for eg har venta så lenge på å bli mamma igjen - men no blir det ikkje noko av! :grine:

Gruar meg så veldig til i morgon! Er så redd for at eg skal blø veldig mykje, og få sterke smerter. :( Og berre tanken på at eg blør ut det som skulle ha blitt babyen min, gjer det heile enda verre. :grine: Smertene ein har under ein fødsel er nok mange gangar verre enn det eg skal gjennom no - men då endar ein jo opp med å få verdens vakraste baby i armane sine, og dermed blir smertene ganske ubetydelige. Men no kjem eg berre til å få blødningar og smerter, uten at det kjem noko positivt ut av det. For noko dritt!!! :sur:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff dette er bare så grusomt :tristbla: Jeg får fysisk vondt av å tenke på at du må gjennom dette. Håper virkelig du slipper unna de største fysiske smertene i morgen Mirabella :troest:

Sender noen ekstra tanker din vei :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...